Libya – og den katastrofale imperialismen med NOREG som best i klassen

Libya var den best utvikla velferdsstaten i Afrika, den muslimske verda, ja, til og med var landet betre i arbeid, utdanning og helse enn mange «vestlege» og rikare land. Men det var før 2011!

Ny rapport: Rein kvitvasking av Noreg si deltaking i Libya-krigen

Eit utval leia av tidlegare utanriksminister Jan Petersen frå Høgre har laga Rapporten om Norges krigsdeltakelse i Libya. I rapporten kjem det ingenting fram om konsekvensane av den omfattande norske bombinga, at norsk UD hemmeleg saman med NATO-landa USA, Storbritannia og Frankrike arbeidde for regimeskifte og at mange islamistiske opprørsgrupper var NATO sine allierte på bakken. Det kjem fram at denne endringa frå den opprinnelege FN-resolusjonen (resolusjon 1973) som såkalla «humanitær intervensjon» til regimeskifte opperasjon fann stad, og at Noreg fint visste om det. Dette vart imellomtid lite problematisert frå norsk side, seier utvalet, som meinar mangelen på skriftlige kilder har gjort det vanskelig å vurdere dette. Her kunne utvalet fint ha brukt meir muntlege vitneutsagn. I høve eventuelle brot på folkeretten og Genevekonvensjonen mot angrepskrig frå norske styresmakter si side, står det ingenting om. Nei, denne rapporten kan etter min meining ikkje sjåast på som anna enn ei kvitvasking.

Raudt var det einaste partiet som var imot den norske operasjonen i Libya. Bjørnar Moxnes kallar krigen i Libya for ei katastrofe, og meinar at Stortinget må beklage til det libyske folk. JA, DET ER DET MINSTE ME SOM NASJON MÅ GJERA! Moxnes seier også at – Det er intet mindre enn en skandale at norske myndigheter ikke informerte om kriging for regimeskifte, slik rapporten sier myndighetene kjente til.

«Et av hovedfunnene i rapporten er at norske myndigheter hadde i liten grad en egen, selvstendig forståelse av situasjonen i Libya før den endelige beslutningen om å gå inn i konflikten ble truffet», skriv nrk.no. Det er utruleg i seg sjølv at eit land som vurderar å ga til noko så alvorleg som krig har så dårleg informasjon i førkant. Til NRK seier Petersen at norske styresmakter baserte seg på FN sitt sikkerheitsråd si vurdering av situasjonen i landet. Det kan dei umogeleg ha gjort i andre fase av krigen for då bomba Noreg «så det song i skyene», og det var regimeskifte dei då var ute etter. Ingenting tilsa då att libyske styresmakter var i ferd med å massakrera sitt eige folk heller. Forhandlingar vart prøvd å få til, men Vesten og NATO sa nei.

– Vi har ikke vært en granskingskommisjon. Målet har vært å trekke lærdom og bidra til en offentlig opplyst debatt, seier Petersen til pressa. NEI, ein granskingskommisjon ville ikkje norske styresmakter som oppdragsgjevarar ha vilja hatt i alle tilfelle. Det hadde nok vorte for «risky». MEN, faktadebatt skal den godaste Petersen få! Her er mitt bidrag:

NATO si bombing av Libya – ei krigsforbryting

Eit rystande og sterkt døme på kva eit NATO-land som Noreg si deltaking i «out of area» strategien til NATO, er sjølvsagt bombinga av Libya i 2011 (eit anna dømer bombinga av Serbia i 1999).  Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort! Når stormakta USA med «vesle-imperialisten» Noreg på slep endrar intensjon «over natta» utan nokon debatt i det heile i landet sitt «demokratiske palass» Stortinget, vert forsvarsdoktrina vår: Frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.

I DETALJAR GJEKK KRIGSDELTAKINGA FØRE SEG OMLAG SLIK OG RESULTATA DERETTER: Norske F-16-fly slEpTE 588 bomber over Libya. Nato slepte i alt 7642 bomber over Libya frå mars til oktober 2011. Omlag 30.000 menneske reknast å ha vorte drept under borgarkrigen. Det er framleis hemmeleg kva bombene trefte. NATO og det norske Forsvarsdepartementet nektar å frigjera dokument om bombinga. Med andre ord: Kor mange sivile, stridande og militære som vart drept og skada av Noregs og NATOs bomber? Norges og NATOs bombing førte til at dei mange opprørsgruppene i Libya vann og at heile maktbalansen i Nord-Afrika vart endra. Landet har sidan vore i intern kaos der opprørarane slåst seg i mellom, det er ei utruleg svak «sentralregjering» utan makt og Libya er ein fristad for al-Qaida grupper og IS. Menneskesmuglarar opererar fritt og ein stor del av flyktningane som kjem til Europa reiser gjennom Libya.

Det var einigheit i Stortinget om Noregs krigføring. Sagt med andre ord: Partileiarane vart kontakta av dåverande utanriksminister Gahr Støre for godkjenning av norsk deltaking og det var omlag ingen diskusjon om saka. Etter at han sjølv snudde på «helen» frå motstand til posisjon for bombing, etter FNs Sikkerheitsråd sin resolusjon 1973. Noregs innsats i byrjinga bygde i noko grad på at Libyas dåverende leiar, Muammar Gaddafi, skulle ha brukt flyvåpenet mot eigne sivile. Dette har seinare vist seg grunn til å setje store spørsmålstegn om han brukte flyvåpenet slik.

Ein FN-resolusjon med støtte frå Den arabiske liga ga eit visst grunnlag for intervensjon. Men støtta var ikke så einstemmig som ein kanskje hadde inntrykk av, fordi mange land – arabiske og andre – avstod frå å stemme. Og flere av dei som støtta resolusjonen, ønska at forhandlingar skulle vore prøvd i større grad før bombinga byrja. I denne tida tilbaud Gaddafi våpenkvile, men USA, Noreg og andre vestland brydde seg ikkje om det. Det er mykje truleg at «bombealliansen» allereie hadde bestemt seg for eit regimeskifte.

NATO BOMBAR

Bombene sleptest laus og trefte både militære og sivile. Berre 25 prosent av dei norske bombetoktene var planlagt på førehand, slik at pilotane visste på førehand kva dei skulle bombe. I dei andre tilfella fann piloten ut bombemåla der og då. Dette i høve til engasjementsreglane som dei kallast. Det kom ingen klarering frå komandolinene, så pilotane fekk eit fullstendig uansvarleg stort ansvar.

“Det er stygge ting du ofte ser,” sa ein av pilotane. Særleg i debriefingen, altså då ein ser det etterpå på større skjerm med fleire detaljar. NATOs pilotar bomba også i tettbygde områder. “Det bør ikke være en overraskelse for noen som driver i denne bransjen at det går med liv på bakken når du dropper bomber,” sa ein av pilotane.

Afrikanske forhandlarar kom med eit «vegkart for fred» under borgarkrigen. Gaddafi godtok det, NATO sa nei, ingen politisk fredsløysing var aktuell. Og bombingen heldt fram. – Gaddafi hadde støtte frå deler av folket. “Norske bomber stoppet fredsforsøket i Libya,” sa piloten til NRK.

To norske fly bomba Gaddafi sin residens i Tripoli. Ifølge libyske nyhendebyrå vart tre menneske drept og 45 skada, blant dei fleire barn. Usanske journalistar rapporterte at det ikkje var nokon militære installasjonar i nærleiken av bombenedslaga. Danske fly bomba huset kor Gaddafi oppheldt seg. Hans yngste son og tre barnebarn vart drept. Dåverande utanriksminister Gahr Støre sa dette utrulege: “At sivile blir drept, er noe vi må beklage hver gang.” Med andre ord, at ein ikkje kan beklage sjølve bombinga.

Noreg heldt sterkt på at bombinga ikkje var for å få til regime-endring, men på å verne sivile. At ein bomba Gaddafi sin residens og gjekk inn i kampsituasjonar og støtta opprørarane, hadde visst ikkje noko med det å gjera. Slik virkar logikken til NATO og deira villige frå Noreg.

Jacob Zuma frå Sør-Afrika krevde at den Internasjonale straffedomstolen måtte undersøkje NATOs og Noregs krigsinnsats om moglege krigsforbrytingar, og fordi “vi hadde bombet i stykker meglingsforsøket til Den afrikanske union”. Dette fekk han sjølvsagt ingen til å høyre på i den Internasjonale straffedomstolen i Haag, heller. I sluttfasen omdefinerte NATO ei rekkje openbare sivile mål til militære mål. I dag er Libya ein «failed state» der kaos rådar. Er det slik vestmaktene og USA helst såg utfallet. Ein kan absolutt mistenke dei for det når ein ser kor lite som er gjort etter krigen.

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Afrika, Imperialism, Imperialisme, Our global world, Politic&Society, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Libya – og den katastrofale imperialismen med NOREG som best i klassen

  1. Olav seier:

    Så rett så rett Ivar Jørdre. Jeg snakket med en som jobbet med olje i Libya for mange år siden. Gadaffi var trett av at landet han elsket ble plyndret av «grådiggutta». Han bestemte seg for å Nasjonalisere oljeutvinningen. Han ville bruke pengene på Libya og dets innbyggere. Han gav beskjed til alle som arbeidet i oljeindustien om at dette ville skje og tilbød de som ville at de kunne få arbeide for Libya. Ca 50% av utenlandske oljearbeidere forlot jobben. Hva skjedde så? Jo, så kom Lockerbie katastrofen-så kom demoniseringen av Gadaffi i media. Men Libya utviklet seg til det bedre på alle måter. Gratis utdanning-kvinner kjørte bil-bygget et fantastisk vanningsanlegg i ørkenen forå nevne bare litt. Han fortalte at Gadaffi hadde samlet en mengde gull-han ville samle hele Afrika om et felles pengeprosjekt som gjorde at de ble i stand til å løsrive seg fra petrodollaren. Det var her mannen Jagland gav fredsprisen ble bedt om å knekke Libya. «We Came, We Saw, He Died»! sa den «sjarmerende» damen til Bill. Jonas mente at vi må regne med å drepe 70tusen sivile for «den gode sak»-at det går med noen barn må man regne med og selvfølgelig passe på og beklage som «ansvarlig» politiker. Jeg er dypt skamfull over å ikke ha kunnet hindre dette massemordet. (som jeg forsto det var at Jens og Jonas bestemte dette etter en mobilsamtale fra Obama uten og spørre Stortinget. («Thanks for the pisprize guys-bli med å massakrere Libyerne så vi får innført demonkrati!») Det ble stemt i ettertid(?) så vidt jeg husker.
    Vi i Norge «får lov å bruke2% av oljeinntektene i eget land?» Hva skjer? Hvem gir en slik generøs tillatelse? Det går opp for meg at Norge er styrt av noen helt andre. Erna´s tenketank som hun fikk pris av for å ha sponset med noen millioner? Takkt Ivar for at du vekker meg fra Grandiosaen og Tacoen. Jeg skulle så gjerne tatt på meg Gul vest. Men jeg får ingen i med meg. De orker ikke. Magen er full og Nrk og tv 2 er for dem meningsdannende. De sliter meg ned i sofaen igjen. «Ta av deg den gule vesten for F…. hvis ikke juler vi deg opp!»
    Det renner meg i hu noe jeg hørte om en adferdsforsker som gjorde følgende forsøk:
    Han puttet 5 aper i et stort bur. Høyt oppe på toppen ab buret plaserer han en diger klase bananer. Langt unna rekkevidden til apene. Under bananene plasserte han en stige.

    Apene fikk raskt øye på bananene og en av dem begynte straks å klatre opp etter bananene. Mens han klatrer tar forskeren og spyler den klatrende apen med iskaldt vann-så spyler han hver og en av de andre apene.

    Apen på stigen faller ned. Og alle fem blir sittende fortumlet på bakken en lang stund-våt kald og forvirret. Men snart blir fristelsen for stor-og en annen av apene begynner og klatre etter bananene. Igjen spyler han den klatrende apen. Og så hver og en av de andre. Det samme scenario gjentar seg. Da den tredje apen forsøker seg på stigen angriper de andre apene ham, drar han ned av stigen og rundjuler ham. De vil unngå den iskalde spruten.

    Så tar han ut en av apene og erstatter den med en ny ape uten erfaring fra de tidligere hendelser. Når den får se bananene begynner han naivt og klatre opp stigen. De andre apene drar han ned og banker ham.

    Og her blir det interessant. Forskeren tar ut en av de opprinnelige apene og erstatter den med en ny ape uten erfaring. Igjen begynner den nye apen og klatre. De andre apene river han ned og juler ham-inkludert den apen som aldri hadde blitt spylt.
    Påslutten av eksperimentet var ingen av de opprinnelige apene tilbake, men på tross av at ingen av dem hadde opplevet å bli spylt våt og kald hadde alle lært at de ikke skulle prøve seg bananene!
    Metaforen kan overføres til jobbsituasjon : Til tross for formaningen fra ledelsen til å være nyskapende og samarbeidsvillig, blir heldt kaldt vann i blodet på folk og deres ideer når noen prøver noe nytt. Eller det som kanskje verre er- de ansatte motsetter seg nyskapning og innovasjon. Og tillært hjeøpeløshet sprer seg i organisasjonen/firmaet/gruppen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.