Dikt om ei mor, og dikt om alle mødre!

Mor i Teaterparken i Bergen, sommaren 2014, foto Ivar Jørdre

23. januar 2024 er gjeburtsdagen til mor. Signy ville ha fylt 102 år i år. Mor døydde på Granvin Sjuke- og aldersheim, 12. april 2020. Sorga mi var stor og saknet mitt er stort enno og vil alltid vera det. Far min, Sjur, døydde 8. mai 2008. Saknet etter han er altid hjå meg også og vil alltid vera det. Slik er livet, det tek slutt ei gong. Likevel, MINNENE er der, det gjeld å pleie og nære dei så godt ein kan med varme tankar. Minnene ligg i «arkiva våre», ein tek dei fram når ein treng dei, dei ligg der som gullkorn i hugen! I denne bloggposten presenterar eg fleire dikt om mor og om mødre i det heile.

I samband med at eg bloggar denne «minneposten» no på dødsdagen hennar, vil eg sende solidariske og varme kjensler til alle dei som har mista sine kjære i Koronapandemien i Noreg og elles i verda. Mor mi døydde ein «naturleg død», men alle dei som ikkje gjorde det i det siste året gjer meg uendeleg trist og forbanna. Sint først og fremst på grunn av det økonomiske globale systemet me lever i, som gjer det mogleg å spreie eit virus kloden rundt så raskt som det har gjort. Eg er redd verda «trampar» vidare i same økonomiske spor, etter pandemien. Eg håpte eg tok feil! Eg tok diverre ikkje feil

Trist fordi ein slik pandemi er klasserelatert (ikkje minst når det gjeld kven av fattige eller rike land som får vaksine først og mest). Viruset kjenner ikkje skilnad på rik og fattig, nei, men kven er det som døyr flest og åleine og utan hjelp til lindring eller redning? Svaret gjev vel seg sjølv.. Som Palestina-ven ville mor sikkert vridd seg i smerte om ho hadde opplevd dei meir enn 6 månader med drap og folkeord på sivile palestinarar i Gaza-krigen, utført av eit hemnlyste apartheid-Israel. Og dobbelmoralen i vestlege land/USA til ikkje å stoppe galskapen. Denne urettvisa veit eg mor ville ha kjent på også. Ho sa til meg mange gonger: «Da e fælt med denne uretten mange stader, du Ivar»!

Mor til minne!

Ivar Jørdre

Mor, oljemåleri på lerret, 60 x 40 cm, 2015, Ivar Jørdre

———————————————

Ei lite sedla (jenta)

Eit lite, men stort menneskje
er gjenge ut av tida no
Ut av livet, ut av verda

Men, ikkje ut av minna
Ikkje ut av røynsla
Ikkje ut av kjærleiken

Kjærleiken til ei lite sedla
er fasttømra i bankande hjarta
er hamra inn i hugen som gull

Minnene ligg i arkivskuffene mine
Dei hentast ut i ein morgonraud
av glede, av å ha kjent deg

Tårer av glede vert til stjernestøv
som glitrar i haustmørke av sorg
Men, våren kjem att, på ny og på ny
Og, der er du!

Ivar Jørdre
——————————————-

Stilt

Det er so stilt etter deg, mor
Det er so einsamt etter deg
Det er nesten som fuglane teier litt

Den saknalege latteren din, mor
Den saknalege gode røysta di
Det er som om universet kitlar litt

Står tida stille etter deg, mor?
Nei, tida går og går, det er sårt
Men, gleda om deg, gjer tårer godt
Dei ler i meg og deg, lenge, mor

Ivar Jørdre

Mor på «Den blå steinen» i Bergen, sommaren 2014, foto Ivar Jørdre

Mor og dotter mi Arina, Hagahaugen, Voss, april 2015. Foto Ivar Jørdre

Lengsel

Ho kom til meg ei morgon

fortalde noko og for sin veg

Ho kom att neste kveld

ho tok seg god tid denne gongen

Lengselen, det var noko

ho ville meg

Lengselen fortalde om

sin eigen lengsel

Eg forstod kva ho meinte

Lengselen var i meg gjennom natta

og sat med meg til frukost

Etter deg

Saknet etter deg

er som ein dråpe frå universet

som kjem til meg kvar dag

og vatnar mitt sinn

med deg

Bortanfor alt

Ein stad ligg lengtet og ventar

det ventar på meg kvar dag

Lengtet er som ei gamal kone

med skreppa si med mjøl og salt

som skal til sauene sine på fjellet

Ho gjev dei og går heim att

for så å kome att ein annan dag

Ho kjem att gong etter gong

til sine kjære sauer, gjev dei og går

Ho kjem og går, i sine merkelege

melankolske klede

Både med og utan finstasen på

helsar ho deg og smiler

Du forstår ikkje kvifor

vil ho deg vel?

Trist står du der og ventar på henne

nokre gonger kjem ho brått på deg

andre gonger langsamt snikande

Ein dag kom ho ikkje som venta

du undra deg kva som var hendt

Men du trengte ikkje undre lenge

Ho såg inn kjøkenglaset neste morgon

Du sokk attende i stolen, trøytt

Så hugsa du, kor du lengta, det var dagar

ho ikkje kom og var hjå deg

Du fekk ikkje fred før ho kom

Då smilte også du, litt, når ho kom

Saknet tok du i mot som sauene tok i mot

den gamle kona med mjøl og salt

Henda dine

Henda dine har gjort so mangt,
henda dine har arbeidt so mykje,
henda dine har vore so mjuke

Henda dine har bore meg som liten,
henda dine har verna meg frå fare,
henda dine har gjort meg til menneske

Henda dine er eit langt liv,
henda dine er noko vakkert ljosande,
henda dine er dei såraste og venaste i verda
Henda dine helsar meg som stjernor i mørke

«Det hev ei rose sprunge» (ein av favorittmelodiane til mor)


Nydikting:
Det hev ei smerte sprunge
Det hev mange tankar kome
om det menneske ein saknar mest

Nær er du, langt borte er du
Her er du, der er du
I mitt sinn er du både og

Det hev ikkje sorgen letta
Det hev ingen trøyst i sikte
Ein lyt berre bygge seg eit slott

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, samfunn og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Dikt om ei mor, og dikt om alle mødre!

  1. Kjell Henriksbø seier:

    Eg likar svært godt dikta dine. Godt å lese dei. Eg er treg med å hente biletet mitt, men no skal eg ta meg ein tur til deg i mai. Først skal eg ei veke på hytta. Klem frå Kjell 😊

  2. Daniel Ducrocq seier:

    Du verden! For en hyllest og for en kjærlighets erklæring til sin mor!

    Vakkert skrevet Ivar!

    Daniel Ducrocq

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.