The blogger

Kort dokument frå eit liv!

foto-mafioso gravensis strindbergensis

Eg er fødd og oppvaksen på ein mindre vestlandsgard i 1960, nærare sagt i kommunen Granvin i Hardanger. Her gjekk eg mine første steg, som det heiter. Sjølv om eg er fødd med muskelsvinn, er det bokstaveleg tala. Eg gjekk frå 2 års-alderen til omlag 8. Frå omlag 10 års alder har eg brukt rullestol. Min type muskelatrofi er av grad 3 – den mest venlege!

Muskelatrofi (ein type muskelsvinn) har med mangel på stimulans av muskelcellene å gjere. Impulsane som kjem frå hjernen går gjennom sentralnervesystemet og til musklane, noko det gjer hjå alle skapningar. Hjå t.d. folk med muskelatrofi hender sjølvsagt det same, men grunna genfeil i overføringscellene i sentralnervesystemet får ikkje alltid muskelcellene dei impulsane dei skal ha, og bygger seg ikkje opp på nytt. Eit «brot på linja» kan ein seie.

Muskelsvinn generelt har ingenting med lammingar å gjere, førleiken er som hjå andre. Eg brukar å forklåre det slik at min fysiske kropp er som «din» på alle måtar, men med det unntaket at musklane mine ikkje trenar seg opp ved trening, vanleg kroppsleg bruk, osb. Likevel kan musklane haldast ved like ved t.d. fysioterapi, men dei kan ikkje kome opp frå det stadiet dei til einkvar tid er kome ned på. Med andre ord er muskelsvinngruppene progressive i ulik fart etter kva type ein har.

I tidlege tenår flytta eg heimanfrå og til ein sentralinstitusjon for funksjonshemma, Linde Internatskule på Nøtterøy. Her budde eg alle mine tenår. Skulegangen gjekk føre seg på ulike skular i Nøtterøy/Tønsberg-området: ungdomskule, yrkesskule, osb. Denne tildels brå overgangen frå ei lita vestlandsbygd til ein institusjon var i byrjinga som å skifte gallakse, inn i ei heilt ny «verd». Samstundes gjorde det noko med meg og som etterkvart gjorde at eg fekk ei sterk sjølvtru og sjølvstende, det var truleg eit resultat av at eg måtte, også. Med det meiner eg det å verte «tøff» å ta at i eit til tider hardt institusjonsmiljø, med terging av medbuarar og stramme institusjonsreglar, osb. OG av det vart ein/eg sjølvstendig vil eg tru!

Det å reise og det å oppleve andre kulturar og folk vart tidleg ein viktig del av mitt liv. Allereie i 1984 prøvde eg mitt første større forsøk på å oppleve noko utanfor Noreg sine grenser. Då byrja eg på Den reisande folkehøgskule på Hornsjø og deltok på u-landskurset. Eit kurs som skulle vare eit år, noko som ikkje gjekk. Grunna usemje mellom elevar og skulen vart kurset tidleg oppløyst, men me fekk med oss ein tre vekers busstur i Europa.

Då vart dei neste prosjekta meir vellukka: Eg var medlem av Sosialistisk Ungdom (SU) og deltok på Verdsungdomsfestivalen i Moskva 1985. Det same gjorde eg i 1989 i Pyongyang (Nord-Korea), også med SU.

I desember 1985 deltok eg på Marcha por la paz en Centro-America (Fredsmarsjen i Mellom-Amerika), kanskje noko av det mest spennande eg har vore med på, «Marsjen» varte i seks veker (eg var med i fire) og skulle gå frå Panama i sør til Mexico i nord. Ikkje alle landa ville ta imot oss, men det er ei anna historie.

Når eg forstod at eg kunne reise over lange avstandar med fly åleine, opna det seg veldige mogelegheiter. Å få hjelp på/av eit fly er noko dei fleste flyselskap står for, så det er ikkje noko problem, men å få så pass hjelp til det mest naudsynte på sjølve ferda, av flypersonalet eller i visse høve av medpassasjerar, gjer at det vert reelt mogeleg. Noko som har ført til at eg har reist fleire gonger til Latin-Amerika åleine.

Spesielt til Indonesia har eg reist på denne måten. Av i alt fjortan gonger har eg reist åtte gonger åleine til det store øyriket i Søraust-Asia, der eg sidan tidleg nittital har hatt indonesiske vener eg har vitja og fått praktisk hjelp frå. Eg har også ei vakse adoptivdotter frå Java. Italia er også eit særs ofte vitja land, men dit har eg alltid reist med vener/hjelparar, av ein eller annan grunn.

Som eg har sagt i fleire føredrag eg har hatt om det å reise, er det mange måtar å gjere det på. Ein reiser fysisk ein reiser psykisk, ein reiser materielt ein reiser immaterielt, i draume, i fantasien, kort, langt, osb. Det gjeld oss alle! Det ligg sannsynlegvis djupt i oss menneske, trongen til å reise frå noko, oppleve eitkvart uvanleg, for så å kome attende som endra reflekterande vesen, ELLER som skrytevesen som berre vil fortelje kor fantastisk ein var sjølv og kor utruleg ein meistra kvar tenkjeleg og utenkjeleg situasjon ein hamna i. Kanskje noko av kvart er nærast mennesketypen. Ein mennesketype som reiser både i det indre og det ytre, i draume og i det «verkelege» liv. I tillegg må det nemnast menneske uavhengig av synleg fysisk rørslehemming eller ikkje, som av ulike grunnar ikkje torer å ta steget fullt ut i å reise fysisk. Dei hemmar seg sjølv ofte ved tanke på farar, mangel på eit faste mønster, fare for plutselege uana hendingar, o.l.

Etter at romsonden Voyager I, etter starten i 1977, no er på veg ut av vårt solsystem og ut i det store intergallaktiske ukjente rom, liknar det på mange av mine reiser. Dei har vore reiser ut i det ukjente, men utforska etterkvart og funne interessante og rike for mitt liv og som viktige element i min kunst.

CV:

I over 25 år har eg måla og teikna, og hatt utstillingar i Tønsberg, Bergen, Kristiansund, Tolfa (Italia), Yogyakarta (Indonesia).

Utdanning: Tønsberg Yrkesskule (Malerlinja), Bergen Tegne og Maleskole. Ulike kurs og prosjekt.

Universitetsutdanning: Kunsthistorie Mellomfag, Religionshistorie Grunnfag, Italiensk Grunnfag, Antikkens kultur Grunnfag, Arkeologi Hovudfag 2006. I 2009 byrja eg på ein Bachelor grad i Kultur- og religionsvitskap som vart avslutta i 2014.

Er aktiv medlem i partiet Raudt, Latin-Amerika Gruppa i Bergen. Også medlem i Attac, Palestinakomiteen og Støttekomiteen for Vest-Sahara.

Har arbeidt på Bergen Bymuseum frå 2006 til 2009.

The blogger

Short document from a life!

I am born and grown up on a small farm on the Western part of Norway in 1960. The commune is called Granvin in the area Hardanger, by the Hardangerfjord.. Here I walked my first steps, as one says. Although I was born with Muscular Atrophy, it is literary speaking: I walked from 2 years of age until about 8. From about 10 years of age, I have been using wheelchair. My type of Muscular Atrophy is grade 3 – the most friendly one!

Muscular Atrophy has to do with a lack of stimulation of muscle cells. The impulses who comes from the brain goes through the central nerve system to the muscles, which they do in every species. The same happens of course with people who have Muscular Atrophy, but because of gene error in the transmission cells in the central nerve system, the muscle cells does not always get the impulses they need and does not rebuild themselves. One can call it a “fracture on the line”.

Muscular Atrophy in general has nothing to do with paralysis. The sensitivity is just equal to others. I use to explain it that my physical body is like “yours” in every possible ways, but with the exception that my muscles does not train themselves up, usual bodily practice, etc. Still the muscles can be maintained by f. ex. physiotherapy, but they cannot come back to the level they at any time have come “down” to. In other words, the different groups of muscle atrophy are “progressive” in different speed depending on what type one have.

To travel and to experience other cultures and people was early an important part of my life. Already in 1984 I took my first main step to experience something outside Norway’s borders. I began on The Tvind International School in Norway and participated in a course on learning and travelling to developing countries. The course where supposed to last 1 year, but it did not. Disagreements between students and the school dissolved the course early, but we had one bus trip to Europe.

The next projects was obviously more successful: I was a member of Socialist Youth (SU) and I participated in The World Youth Festival in Moscov1985. I did the same in 1989 in Pyongyang (North Korea), also as a member of SU.

In December 1985 I participated in La marcha por la paz en Centro-America (The peace march in Central-America), maybe some of the most exciting things I have ever been on, “The March” lasted for six weeks (I was there in four) was supposed to go from Panama in the south to Mexico in the north. Not all countries would receive us, but that is another story.

When I realised that I could travel alone over long distances with airplane, it opened up vast opportunities. To get help on/off an airplane is something most companies provide, so that is not a problem, but to get as much help as possible for the most necessary things on the journey itself, by the staff on board or in certain cases by the fellow passengers, makes it realistic. Something that has resulted in that I have travelled many times to Latin America alone.

Especially to Indonesia I have travelled in this way. In the total of fourteen times travelling I have travelled eight times to this big archipelago in Southeast Asia, where I since the early nineties have had Indonesian friends from who I have visited and received practical help. I have also an adult adoptive daughter from Java. Italia is a very often visited country, but there I have always travelled with friends/assistants, of some reason or another.

As I have said in several lectures I have had about travelling, there are many ways in which to do it. One travels physical one travels psychic, one travels material one travels immaterial, in fantasy, short, long, etc. It happens to us all! Probably this lays deep inside us humans. The need to travel from something, experience something unusual, and then come back as changed reflecting creatures, OR as vaunting creatures just to tell how fantastic one was and how incredible oneself master every thinkable and unthinkable situation brought into. Perhaps some of each are closest to the human type. A human type travels both in the inner and in the outer, in dreams and in the “real” life. In addition it have to be mentioned people irrespective of visible physical handicap or not, who for different reasons do not dare to take the fully necessary step to travel physical. They often restrain themselves with thoughts of danger, lack of predictability, the danger of sudden unexpected events, and so on.

The spacecraft Voyager I, after takeoff in 1977, who is now out of our solar system and out in the huge unknown inter stellar space, is in many ways similar to my journeys. They have also been journeys out in the unknown, but explored eventually and found interesting and rich for my life and as important elements in my art.
CV:

For over 25 years I have been painting and drawing, and had exebitions in Tønsberg, Bergen, Kristiansund (Norway), Tolfa (Italia), Yogyakarta (Indonesia).

Education: Tønsberg Professional School (Painting), Bergen Art School. Different course and project.

University: Bachelor Art history, Basic course Science of religion, Basic course Italian language , Basic course Antique culture, Master Archaeology 2006. In 2009 I started a Bachelor degree in Culture and Science of religion, and finished in 2014.

I am an active member of The Red Party, Latin-America Group in Bergen. Also member of Attac, The Palestine Committee og Support Committee for Western Sahara.

I have worked at Bergen City Museum from 2006 to 2009.

7 Responses to The blogger

  1. Terje Alnes seier:

    Fantastisk å lese at du har tatt steget ut i den store verden, aleine i rullestol! Interessant lesning, og det viser vel at de fleste begrensninger sitter inne i hodet vårt. Lykke til videre på ferden!

    • ivarjordre seier:

      Takk for kommentaren. Ja, det er nok mest inne i hovuda til menneska at grensene for ulike ting ligg, slik som å ta steget ut i det litt ukjende. Det gjeld nok mykje også når det gjeld å ta stilling til saker og ikkje minst det å handle for t.d. å få endring. Noko eg er veldig oppteken av som sosialist, som du sikkert har forstått ved å lese bloggen.

  2. Hei Ivar. Takk for at jeg fikk lese litt i bloggen din. Som ihuga kvinnelig antifascist har jeg mildt sagt hatt noen tøffe tak de siste årene, men dine historier ga meg litt mer håp om løsning.

    Mvh- «en litt sånn drivd fra vettet av nazisvina»- autodidakt- ord-kunstnerinne ~ Linda (all lykke)

    PS: Jeg er så hacked og cracked av gudene- veit- hvem så e- postkontoen virker ikke. Ikke får jeg laget ny(-e) heller da alt jeg eier og har av teknologisk utstyr konstant redirectes og herjes med av wow- spillende og globale cloud- computer- opererende fascistiske krefter konstant- just mentioning it)

  3. Terje seier:

    I mangel på noe annet sted å poste dette:

    Kjempebra leserinnlegg i BT på søndag, ang. privatisering/gjenkommunalisering av helsetjenerster i Bergen kommune! Du bør høyt opp på Rødt-lista til neste kommunevalg!

    • ivarjordre seier:

      Takk for tilliten! Det er stormtroppane for privatisering på alle kantar som må stoppast. Og Bergen kommune har enno ikkje forstått poenget om kor gale det går i privatisering av helsetenester. Ja, kanskje eg skal prøve meg som kommunepolitikar att?

      • ivarjordre seier:

        Det er lenge sidan eg skreiv svaret over. For dei som vil vite det, stod eg på 8. plass for Raudt Bergen ved kommunevalet i september. Men stod for langt nede til å kome i bystyret, sjølvsagt. Likevel – kampen for sosialisme og ein rettferdig by held fram!

        Tidlegare i sommar hadde eg saman med Solbjørg Marjala dette innlegget i BT:

        Effektivise­ringsdyret bit seg i halen

        Konkurranseutsetjing av helse- og omsorgssektoren har vore eit oppheita politisk tema lenge, også i Bergen. Her har eit blå-svart byråd i snart 12 år prøvd alt dei har kunna i å få oss borgarar til å forstå at profittbaserte tenester er til vårt eige beste, for brukarar, tilsette og kommunekassa. Men er dei det?

        Ein omfattande Fafo-rapport frå 2013 fortel at av brukarar svarar litt over halvparten at dei vil føretrekkje kommunal heimesjukepleie eller sjukeheimsplass.
        Dagens byråd frontar privatisering, men vil ha «litt kommune» ved å ta kommunalt tilsette attende i nokre omsorgstenester som heimesjukepleie.
        Etter mange år med innstrammingar og privatiseringar prøver dei å redde stumpane. Ikkje dermed sagt at dette er ei ny trend i kommunen, det er ikkje eit ideologiskifte me snakkar om!

        Heimehjelp- og heimesjukepleietenestene har lenge vore på anbod, og mange private selskap har «levert» arbeidskraft til kommunen. Kommunal tilsettingsstopp har det lenge vore. Ivar er sjølv avhengig av desse tenestene, m.a. nattpatrulje, for å leve eit aktivt liv.

        Raudt krev attende heimehjelptenesta, stoppeklokkeomsorgen må ta slutt og fleire tilsette i heimesjukeplleien. MEN det kostar pengar! I staden er me, både brukarar og tilsette framleis eit kommunalt «effektiviseringsdyr» som bit seg sjølv i halen. No er eigedomskatten motvillig innført att av ein finansbyråd frå Frp. Pengar kommunen treng for å halde oppe og auke heimetenestene. Raudt ønskjer ikkje eit byråd med usosiale tiltak for byen sin befolkning. (Denne siste setning var ikkje med etter «BT-sensuren»)

        Ivar Jørdre, listekandidat for Raudt Bergen og Solbjørg Marjala, førstekandidat for Raudt Hordaland

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s