Noveller og andre skrøner

Ho gamlabesta og kuppforsøket

Ho gamlabesta hadde fenje nyss om at inkvatt va i gjere. Kva da va visste ho ikkje, men noko gjæra ein eller annan stad da visste ho. Kor sko ho bjynda hen? Sko ho bjynda me da desse boklærde kalla etterretning? Ho va ikkje heilt klar over ka da eigentleg tydde, men forstod at da hadde med da å halda andre unde oppsikt. Og va da noko ho hadde røynsle med so va da detta med å finna ut ka andre heldt pao med, spesielt naboane. Dei heldt kvarandre under oppsyn ustanseleg. Da va nesten ikkje ein ting dei ikkje visste DEI ANDRE heldt pao med. Og at da va viktig å få greia pao kva desse sokalla “dei andre” dreiv med, va da ikkje tvil om!

Ho sette difor i gong med rekruttering til organisasjonen sin. Ein organisering ho for enkeltheits skuld kalla: Rørsla for ettersyn av element som var ei fare for samfunnsordninga og ho gamalabesta sitt antiautoritære livssyn, forkorta REFSGAL. Ho for rundt i grende og prøvde å få folk interesserte. Da va neiggu ikkje lett, tykte ho. Mange va litt tvilande til detta prosjektet og meinte ho berre ville skapa endå meir bråk i lokalsamfunnet enn da allereie va. Andre meinte da va ein kjempeide og slutta seg til. Då kunne ein få litt meir greıe pao kven som heile tida sette ein stoppar for ulike ting som vart forsøkt gjort i grende. Slike ting som å gje hønene fritt spelerom i tunet, samle inn alle bærsortane kollektivt og distribuering til alle, eller da å laga heimabrugg på felles kostnad. Ja, da skulle verta greitt å få greie pao desse konspiratørane som alltid sette “ølkjengjo fast i halsen pao andre” (eit lokalt omgrep, berre brukt veldig lokalt).

Ho fekk no etterkvart nokon til å delta i Etteretninga hennar gamlabesta. Da va han “Gamle-Sjur i brekko”, “Anna med og utan stakk”, “Gravølsper”, “Poteper” og Eplasiderper”, da va ho “Brynhild med brynjo”, ho Berta med spretterten”, “Sigrid Storråde med kjevle” og ei Sigrid utan kjevle, da va PerOla, OlaPer og OlaPerOla, og til slutt fekk ho gamlabesta med seg ein som heitte “Sekkjaposen” (han va ein som skulle ha både i pose og sekk) og Huldre. Da va no eit slagkraftigt lag detta til slutt, tykte ho gamlabesta. Da va berre å stja i gong med etterekningje elle ka da no heitte.

Ho følte no meir og meir på at eit kuppforsøk mot‘ne var nært forestaoande. Noko måtte gjerast og det litt fort. Etterekningje (talefeil) sette i gong med hemmleg overvaking både her og der. Dei sette opp ein post bak floren, rett med mykadungjen ette sauena og bak nokre kraka bak utedoen, for dei visste at detta va hemmelege stader opposisjonen og kollaboratørane møttest i skumringstimane. Dei heldt og auga med vaskekjedlaren til ho “Vaskemarja”, ein stad dei viste da va mykje sladder og planar om motarbeiding pao da mesta. Da vatt ikkje lenge før ting byrja falla pao plass, og dei kunne etterkvart danna seg eit bilete tao kven som va denne farlege gjengen som ville tippa ho gamalabesta tao pinnen og dermed setje inn eit terrorregime med ho Vaskemarja som despot. Skrekk og gru!

Ein vene sumarmorgon sette REFSGAL i gong med mottiltaka. Da gjaldt å overraska kollaboratørane med buksene nede. Da vatt bokstavleg tala i eitt høve, då han “Gamle-Sjur i brekko”, i lag med “Gravølsper” og ho “Brynhild med brynjo”, overraska nokon medsamansvorne til Vaskemarja bak utedoen, ja rett og slett med buksene nede, i full samtale om korleis dei kundne ta knekken pao ho gamlabesta. Dan andre vellukka aksjonen hendte i bærkrakane til ho “Sigrid Storråde med kjevle”. dar va ho Vaskemarja i lag med dei tre sønene sine i full gong med å pitla bær‘na Sigrid mens dei drakk heimabrugge‘na gamlabesta. Dao vatt da mildt sagt maoneljost om morgonen!

Ho gamlabesta brukte mange kjevler, dei andre va væpna med flatbrødspader og høygafla armert med straum frå eit gamalt traktorbatteri dei hadde funne attom novi (som dei pla sei dar i bygde). Dei klarte å jaga kuppmakarane avgarde og til fjells for dei med heile kyrabølinga ette seg, som sko til støls uansett..men ein sauaver va ekstra idle fy desse bråkmakarane, med at han nærast stanga dei opp ette lie.. Heile hurven for hylande til fjells. Da va lengje ette dette at nokon saog noko te dei i da heila tekje. Men ho gamlabesta vil no ta ekstra førbygging i framtida fy å unnga at noko liknande vil henda att..kva no det sko ve visste ingen enno, ikkje ho gamlabesta helde. Kuppforsøket va i alle fall hindra for denne gong..og etterrekningorganisasjonen REFSGAL vart oppretthalden inntil vidare..med HO GAMLABESTA i toppleiinga!

Ivar Jørdre

Ei soge om gode intensjonar – brulagt med feile premissar

Når eit menneske har lyst til gjera noko her i livet som ein verkeleg lengtar etter, er som regel attråen på topp. Då er kanskje ofte den logiske eller sunne fornuft på botn, også. Dette er soga om ei ung jente som ville så mykje, men fekk det ikkje alltid til. Ho ville så gjerne til utlandet reise og skaffe seg eit arbeid. Det å kome vekk frå sitt heimland var noko av det viktigaste ho kunne gjera, meinte ho. Ho ville til det landet fosterfar hennar budde i, det var hennar soriamorialand. For å kome seg der og for å få seg eit arbeid, måtte ho gjennom mange prosessar og mykje papir, men og ha nok med pengar. Dette eg no skriv gjekk etter mitt fattige minne omlag slik føre seg:

Etter å ha spurt far sin mange gonger om korleis det var best å gå fram på alle måtar for å få dette til, og etter å ha prøvd å gjera det ho kunne sjølv med undersøking kring dette, skriev ho eit brev der ho litt gledestrålande kunne fortelje far sin at ho hadde møtt ein ven av seg som hadde sagt han kunne hjelpe henne. Før dette hadde ho leita mykje etter kontaktar om arbeidsmoglegheiter og det same hadde far hennar gjort, men utan resultat. Difor var ho veldig glad no når ho kunne fortelje om denne venen som var nevø av ein som var i landet til fosterfaren og som til stor overrasking kunne få henne inn i landet for å arbeide for seg. Denne karen som var frå same land som ho, hadde etablert seg med ein liten forretning, og der kunne han altså gje henne arbeid. Fantastisk, då var det berre å sette i gong. Denne venen som ville hjelpe ho sa til henne at han som eigde forretningen gjerne ville ha henne til å kome så fort råd var, helst innan 22. desember, for å passe ungane hans, for han og kona skulle avstad å vitje slektningar i jula i eit anna land. Ja, det var greit det, dette skulle vel gå, tenkte jenta. Men så var det pengane då. Venen, som ho eigentleg berre hadde kjent litt eit par-tre år, men kalte han ein ven likevel, sa at ho måtte skaffe han så og så mykje pengar så skulle han hjelpe ho med det praktiske, reisa, få godkjent og betalt opphaldstillating, og slike ting. Vel og bra. Ho skreiv til far sin og ba om at pengesummen vart sent henne så fort som råd. Faren sende ein elektronisk post (for det er slik kommunikasjonen ofte går føre seg på denne tida, den pre-traumatiske post-post-modernismen) attende til henne med eit forundra spørsmål: Så mykje pengar dette kostar, altfor mykje, nei så mykje har eg ikkje råd til, skreiv faren. Han tvilte dessutan på at alt dette kunne kome på eit slikt høgt beløp. Nei, det var nok slik, insisterte dottera, men kor mykje kunne faren hjelpe henne med då, spurte ho. Eg kan hjelpe deg med reisa og litt reisepengar, meir kan eg ikkje. Du får spørje den komande “arbeidsgjevaren” din om han kan dekke resten (som faren framleis meinte var kunstig høge beløp berre for å dekke opphaldsløyvet og arbeidstillatinga), råda faren henne til. Han er jo tross alt den du skal få arbeid hjå og då bør no han dekke slikt, meinte faren.

Så vart det slik, faren sende pengar till reisa hennar og litt til. Ho skreiv attende og takka for pengane og kunne fortelje at venen hennar hadde tilbode seg å betala utgiftene for opphald og arbeid. Korleis kunne det gå til, tenkte faren, hadde han så mykje pengar denne venen hennar? Og kvifor ville han gjera det så generøst, han skulle ikkje ei gong vera med sjølv? I alle fall vart det lagt fram slik frå dottera slik at prosessane kunne gå fort slik at ho kom seg avgarde. Det var det viktigaste som stod på no, ho måtte kome seg dit rett før jul for å passe ungane til den “framtidige arbeidsgjevaren” hennar. Men slik gjekk det ikkje! Ho kunne fortelje nokre elektroniske postar seinare at “venen” hennar ikkje hadde fått kjøpt billett likevel. Når faren spurde om kvifor ikkje, fekk han til svar at..nei det dukka opp eit problem..han klarte plutseleg ikkje å kjøpe billett likevel!?! Og han hadde stukke av og stengt telefonen. Likevel fekk dottera gjennom familien hans tak i han att, og han lova han skulle gjera det slik at ho kom seg avgarde likevel. Javel, men for eit rot skreiv faren attende, lite viste han på det tidspunkt kva som eigentleg gjekk føre seg. Men, det kom for ein dag til sjuande, åttande, niande, tiande og sist.

Ei heilt underleg, men kanskje ikkje overraskande historie (gove vår verd og vår menneskenatur) manifisterte seg: Vakker innpakka, men skiten inni var historia denne “venen” fekk dottera med på. Berre fanteri og løgn alt saman! Etter kvart som detaljane kom fall bitane på plass. Korleis i all verda kunne denne “venen” hennar som påstod han hadde ein nevø som dreiv forretningar i landet til fosterfaren, ha så stor interesse i å hjelpe ho med arbeid? Noko som ho forøvrig lengta etter så sterkt at alle barrierar om å kontrollera dei opplysningane “venen” gav, var som blåst vekk. Vekk i ei sky av attrå etter å endeleg kome seg til det etterlengta “soriamorialandet”. Då var ho eit lett bytte for gribben etter pengar. Skulle “bjøllene” ha ringt her? Og faren? Jau, han tenkte kritiske tankar som han formidla, med meldingar om at ho ikkje skulle vera for naiv og slik bortetter. Han hadde eit håp om at dette var ei gylden moglegheit for ho, men at ho tok sine førehaldsreglar når ho gjekk inn i samarbeidstilhøve med pengeoverføringar og slikt. Men, diverre var det på dette punktet faren som var naiv. Mens dottera var styggeleg lurt på alle plan, av ein ho trudde genuint ville hjelpe. Men kvifor skulle ein ho berre kjente litt, gjera det? Det skulle sjølvsagt vore for godt til å vera sant at ein ho akkurat i det øyblikk ho fortalde om planane hennar om å reise til utlandet for å finne arbeid, noko som var vanskeleg i seg sjølv, og at faren hennar skulle hjelpe henne med finansieringa av prosessen, plutseleg ville hjelpe slik. Var det ikkje då ein måtte få litt meir handfaste prov på at dette var det noko i? Til dømes berre det å få i telefonnummer og namn som faren ba om for å kunne snakke med den framtidige arbeidsgjevaren, var uråd. Ho fekk det ikkje førebels, skreiv dottera ved eit høve. Sjølvsagt gjekk ikkje det, når det heller ikkje eksisterte nokon slik person. Slik er det enkelt å sjå det, men som vanleg er det i ettertid ein ser slikt.

Så var det pengane og overføringar av dei. Faren vart ganske forundra når han høyrde at det også hadde gått føre seg på ein lite gjennomtenkt måte. Sjølvsagt gjev ein ikkje midlane frå seg til ein person ein kjenner lite slik utan vidare, utan så mykje som eit papirark ei gong som viser at det er verkeleg det ein har betalt for. Nei, ein gjev ikkje pengar frå seg på denne måten i det heile, tenkte faren, ikkje ei gong til “fandens oldemor” ville han ha sendt det. Biletet av eit nokolunde velregisert opplegg teikna seg, og då den stakkars dottera gjekk på nett for å sjekke booking og ferdigkjøpt billett og registreringar for arbeids- og opphaldsløyve, var det ingenting å finne av noko som helst. Då ramla det nok ei tung mørk gardin ned over anletet hennar, vil ein tru. Først kjem det øyeblikkelege sjokket, så kjem sinnet og til slutt kjem vel skammen og det depresive. Lite kjekt er det for nokon å røyne at ein har vorte lurt til dei grader opp i stry. Og endå mindre morosamt er det å tenkje på kor naiv og usannsynleg dum ein har vore. Kva no? Kva kjem fosterfar min til å seie? Korleis i all verda skal eg få sagt han dette? Ja, slik måtte vel dottera ha tenkt både seint og tidleg. Det hadde nok gnege seg godt inn i hugen hennar dette. Det hadde i alle fall teke ei god stund frå ho fann ut om lureriet til ho torde å meddele dette til faren. Ja, kva skulle han seie då? Skulle han berre verte eitrande sint på ei slik truskuldig og lettlurt dotter? Kva ville det i så fall tene til? Ingen verdas ting, gjort er gjort og elg er elg!

Men, nokon form for lærdom måtte det no kome ut av ei slik fadese, tenkte han. Dottera kom han i forkjøpet med at no skulle ho ikkje stole på nokon, heller ikkje med dei næraste vener skulle ho gjera slik ho gjorde, uttalte ho. Overføra pengar utan noko anna kunnskap enn kontonummeret ho sende pengane til, var jsølvsagt noko ho aldri skulle gjera meir, bedyra ho. Nei, skulle vel meine det, tenkte faren noko ironisk. Ein ting faren var glad for trass alt, dottera og. Det var lukka at faren aldri hadde sendt dottera si det ho først meinte han skulle sende henne, basert på dei fiktive opplysnigane “venen” hadde gove og utan at ho hadde sjekka om det stemte. Ho trudde fullt og fast på dette. Ja, ei lettelse var å vite at lureriet kasta mindre av seg for skurken enn om faren hadde gått endå meir på “limpinnen”, han og. Så var det å tenkje framover, sa faren, og lurte på om dottera hadde brent seg sopass på dette at ho knapt håpa å reise nokon stad som helst. Nei, han kjende dottera si sopass at det viste han, at ho kom til å “snu seg rundt på ein prikk” så snart ei moglegheit baud seg. Håpnadsfullt, tenkte faren, ville ho denne gongen vera litt meir varsam. Han og!

Ivar Jørdre

Ho gamlabesta og oppskoko

Sumarsdagen va ei retteleg fin tid for brugging å da hadde seg slik at ho gamlabesta sku ve med pao detta, nokre veke før Jonsok. Da va meininga at da va nok tid so ølet vatt drikkande te jonsok, slik da hadde vore før om aore. Stareungane hadde nett kome seg ut or reire te smaofuglane dei hadde okkupert og for no rundt skrikande og forvirra pao jakt ette retningane dei ikkje fann. Da likna pao desse bruggekarane so og for rundt litt forvirra og leitte ette desse tingje so sko brukast i bruggingje, tenkte ho gamlabesta mens ho for baskande pao nokre bytte me vatn bort te mosstovo der bruggingje sko ga føre seg. Dar inne va da eit fæla liv: Ein tao drengje stod å rota litt me ein kjepp oppi dan store koparkjelen dar brakjen kokte, mens ein tao nabokarane prøvde å fao tunnene i orden dar da kokte kodnet sko hedlast oppi. Ikkje før han hadde klyve opp pao ein krakk so han kunde helle bytto med kodnet oppi so ga krakkjen ette fy vikte. Ein høyrde ein litt sprikande lyd naor beine pao krakjen uendeleg sakte virka det som, la seg ned so han so stod pao krekjen ikkje gjorde da lenger og myste balansen. Ho gamlabesta saog da nærast i sakte film dar nabokaren fekk ubalansen og gjorde ei slags surrealistisk (ka no da va fy noko) salto mens kodnbytto gjorde da sama og ette ein runding i lausa lukte, landa godt og presist neøve hove pao stakkaren med kodngrapset sprutande rundt. Han landa pao blanke steinhedlo med ræve fyst og vart sitjande dar nokre pinsame sekunda mens kodne gladele rann nedette hals og krage og vidare nerigjæno skjorto pao han. Ho gamlabesta heldt pao å knekja seg heilt dar ho sette igong ein vidle latter. Ho lo so fælt att ho heldt pao å ga augete ratt oppi koparkjelen me dan gloheite brakalogjen. Hadde da ikkje vo fy drengjen som so stod å rørte i brakjen so hadde ho trule fore oppi å votte kokt ho og i lag med brygget. Da hadde votte litt tao ein brakjesmak sa folk pao bygde i ettetid om hendinga. Nabokaren minte ho gamlabesta om eit maoleri ho hadde sett tao ein mellomalderriddar med desse fæle jadnhjelmane dei hadde tredd godt neøve skolten. Di meir ho tenkte tankjen dess meir krøkte ho seg i latter, og da enda me at ho sette seg ratt ne i ein turre brakjedungje so endao ikkje hadde kome i koparkjelen. Dar vatt ho sitjande med stakjen opp øve knena, mens dei hine prøve å fao kodnbytto tao hove te nabokaren. Ein kunde høyra kor han bante inni bytto med ein klang so va lika ustemt so kyrkjeklokkene va pao ein sundag.

Ho gamlabesta, ette å ha kome seg ette underhaldningje, hjelpte te so godt ho kunde og langt om lengje so hadde drengjen, nabokaren framleis med litt kokt kodn nerigjøno heilt te brokje, nokre karar te og ein skokk med unga so tilskodarar, votte ferdige me bruggingje ut pao kvelden. Karane va som halvdaue ette alt kavet dar dei stavra seg heimette ette bruggeslaget. Men ho gamlabesta for pao lette fota og gledde seg fælt te dagjen ette fy dao va da oppskoka. Dao sko bruggjet smakast!

Gamlabesta pla stao opp omlag før fuglane klarte da, detta gjorde ho denna moronden og. Ho fekk i seg grauten sin med litt heimabrugg te ho hadde att ette paoskabrugget. Da gjorde godt og ho for so snarast ut pao steinhedlo fy å sjao om nokon andre alt va oppe, men ingjen å sjao. Berre å venta, tenkte ho, og sette seg bort inte mostoveveggjen me eit bla ifroa sist aor ho enno ikkje hadde lese. Dar sat ho å halvdøste og halvlas mens fuglane song rundt?ne.

Brått vatt ho vekt or halvsvevnen tao noko lete borti vegjen. Da va drengjen og nabokaren so kom stabbande bortettte grusen litt morondørne, men elles ve godt mot saog da ut te. Dei helsa go morond og ba ho gamlabesta me seg inn i mostovo. Da va ikkje so tileg lenger so dei meinte no da va pao tide å smaka aldri so lite vetta pao detta sotlet dei hadde rota i hopa dagjen før. Å ha ho gamlabesta me seg pao litt oppskoka tykte dei no va ei sann æra da. Ho hadde no trass alt gjort ein goe innsats i å fao detta te ho og. Inne i mostovo stod da ei svære tunna midt pao golvet. Da va dan støste tunno dei kunde skaffa og da va ikkje dumt med alt da brugget dei te slutt hadde kokt i hopa. Me litt ærefrykt og kitling i magjen va da ho gamlabesta so fekk smaka fyste slurken. Da for ei iling negjøno ryggraden dao ho smakte å svelgde nyølet. Dei hine saog litt undrande pao’ne og lurte pao om da hadde gjengje gale og at dei ikkje hadde fengje te brugget og at da berre va oppvaskvatn dei hadde laga. Men ette eit par elde ti slurka te so rette ho gamlabesta seg opp og smilte lurt: Nett slik sko da smaka, da va piske meg da besta ho gamlabesta hadde smakt sia ho va ei smaotaus, let ho. Å jaggu meg va da spenst i da å! Da va so sjølvaste huldre hadde brugga da, mælte ho, og tok ein drabeleg slurk, mens ho nærast byrja sveva rundt i mostovo. I adle fall totte desse karane da ette at dei og hadde skvalpa innpao nokre digre slafs. Ølkjengjo gjorde sine rudar fortare og fortare ettekvart so stemnigje i mostovo steig i takt me hugsusen. Da kom nokre karar te ette kvart og nabojento hadde lurt seg me og. Dar sat dei dao, nokre pao gruekanten, andre pao nokre spinkle krakka, mens nabojento stod i dørgløtte å fniste. Ho byrja ettekvart å koma i golagje ho og ette kvart so ølkjengjo passerte’ne fleir’ne gongje. Me lyt vel ikkje smaka opp alt ølet veit eg, sa ho gamlabesta litt spakt, men da va ikkje nokon tao dei andre so no sansa slikt, ikkje ho helde ettekvart sko da visa seg. Stemningje va høg å steig opp mot bjelkelagjet med skingrande tonar å skrål. Lydnivået hadde eit desibel so høgt ettekvart at fuglane hadde til å me stogga synje. Dei sat dar oppe pao greinene sine å undra seg trule pao ka i adle daga da va so gjekk tao desse underlege menneskje so te vanle va so trauste å stille. Inni mostovo hadde dei kome meire enn halvvegs ner i stampen, å da byrja merkast. Drengjen hadde halvt om halvt havna neri dan tomme koparkjelen mens han mælte nokre underlege lydar. Da let mest so ein fudle hane totte ho gamlabesta, da va kanskje da han va og. Nabokaren hadde havna ratt neri gruo. Liggjande i ein litt underleg krokete stilling byrja han å snorke so fælt at osko stod rundt han, liknande pao ei slik skypumpa du veit, men i ei miniatyrutgåve. Nabojento hadde sett seg pao dørstokjen og vagla att å fram mens ho song “eg veit meg ein fager ein”. Dei hine to karane hadde luska seg ut og for sjanglande heimette fortare enn svint naor dei forsto kor detta måtte bæra seg aott.

Dan einaaste so va nokolunde oppegaoande om ein kan tolka da slik, va ho gamlabesta. Ho hadde ei stund sote i ein gamadle skeive kubbestol nett attme øltunno. Dan va ein romsle stol so past’na godt i storleikjen å dar sat ho godt. Da va fyst naor ho prøvde å reisa seg at ho merka at noko hadde forsvunne ette at brugget hadde kome inn: Da va balansen! Ette at ho kom seg or da fasta grepet te kubbestolen sko ho prøva å koma seg ut døre. Ette å ha sondert kor dan va so tok ho sats og pao eit vis navigerte ho seg mot døropnigje. Ein kunde omlag samanlikna dan øvelsen med ein baot so prøvde å navigera mydlo skjære utan å grunnstøyta. Vel va ho gamlabesta flink me navigering elles i livet, men detta va utfordrande totte ho. Då ho nærma seg døre va da nett da so måtte henda, grunnstøyting. Nabojento sat dar endao å nynna i si eiga verd. Detta hadde ikkje gamlabesta sett. Ho for øve’ne i eit kast so tok nabojento me og dei havna nett utante i ein fælade haug. Dei fuglane so framleis va att i tuntreet for avgarde som skremde høns. Da heitte seg seinare at dei som kom te frao nabogarden ette nabojento fyst ikkje fann’ne ette å ha leitt inne i mostovo i adle kroka. Dar fann dei berre to mannfolk i ulike stillingar. Dei fann til slutt nabojento inni dan svære stakjen’na gamlabesta, sovande. Dagjen ette va da heldigvis sundag, men ingjen høyrde kyrkjeklokkene dan dagjen. Om da vatt noko so heldst heimabrugg atte te sjølve jonsok? Jau, ein liten botn va da no, men da va ikkje nok, so ha gamlabesta hadde ringt te Hansa-bryggeriet å tinga ein tankbil darifrao. Da vatt ei dundrande Jonsok!

Ho gamlabesta, byturen og nystakjen

Ei gong ho gamlabesta sko te byen so flagra da so felt adle stane ein fela vind. Da va so stakjen for i adle retninga. Ho gamla besta sko ne te byen me  bussen. Da va litt kle ho vilde sjao ette og fann ho noko gilt so kunde ho tenkje seg å kjøpa med seg litt. Då ho kom inn pao bussen so saog ho seg om ette eit sete. Da va eit nett bak attme dei mitre dørane pao bussen. Ho sko nett te å finna seten å setja seg, då ein liten trave smatt forbi’ne og slengde seg nepao. Dao vatt ho gamlabesta skikkeleg arg, for ho vatt ofta da naor ho kjende seg urettvis behandla. Ho sa noko stygt og treiv gutungjen i bukseselane å heiste han opp. Gamlabesta va sterk ho, da va nokon adle visste. Ei gong hadde ho votte so galen på ein tao drenjena heima at ho hadde dreje stakjen nedover skrotten pao han og knytt atte poa midten med eit kjyratåg ho hadde hatt i neven. Da hadde tekje ei god stund sa dei pao bygde, før gamlabesta hadde knytt opp attte, og dao hadde drenjen vo so blao i fjeset at han likna meir pao ein blåmann i himmelblå. Men, han hadde eit løye uttrykk i anletet likavel, vatt da sagt. I adle fall, no tok ho denne bygutatraven i selane, for da ein tao desse unge so hadde bjynt med sela ette gamal skikk, ho gamlabesta no drog ette seg og hengde han opp pao ein krok attme innganjen der busssjåføren pla henje opp jakko si. Dar vatt han henjande ette selane mens da kom nokre ynkjelege smao pip ifrao han. Ka slags merkjeleg spraok e da dei snakka her tenkte ho gamlabesta dao lydane kom ut or denne gutakroppen. Ein sko tru at busssjåføren eller nokon andre i bussen vilde gjera noko for å hjelpa stakkaren, men da va injen so prøvde seg. I staden vatt da ei øyredøyvande stillheit i bussen og adle, bortsett frao sjåføren som måtte sjao framette påo vegen, saog pao ho gamlabesta med ein slik ærefrykt og halvredsla ho i sitt liv aldri hadde opplevd, i adle fall da ho kunde hugsa. Berre da seir ikkje so ratt lite om ho gamlabesta! Om gutungjen kom seg ned att frao opphenjingje med eige hjelp eller ikkje, e da ingjen so veit.

Ho kom seg no endeleg tao bussen pao rett stad. Før da hadde busssjåføren nesten stått skulerett framfø henne å forklart ka busstopp so gjaldt å kor langt da va darifrao å te butikjen. Ho vilde ha adle detaljar slik at ho kunde koma seg vel fram. Da va so da kom eit lettande sukk frao sjåføren dao ho gamlabesta gjekk tao, men da va da injen som høyrde.

Gamlabesta va no ganskje lett pao foten, trass i dan litt modne alderen, om ein kan seia da slik. Ho trava pao og da va ikkje lengje før ho va framfø butikkdøre. Fleire snudde seg å saog ett’ne dar ho for framijøno langs fortogje i eit felande tempo, dei lurte vel pao ka slags art detta va so hadde kome seg inn blant menneska. Døra te butikjen opna seg å inn kom ho gamlabesta i dan gamle stakjen sin. Ein stakk so hadde sett sine beste daga, kan ein seie. Dan va ein del falma, hadde lause tråa her og der, mangla nokre knappa på sentrale stader og hadde frynsete kanta, ette all dan gaoingje og klatringje i kraka og kratt ho hadde gjort imangje aor opp og ned frao stølen. Men, stakjen hang no endao pao?ne gamlabesta. Ho saog seg rundt i lokalet litt øren ette gaettappo. Da va ikkje heilt slik ho hadde tenkt seg, ikkje heilt nei! Her va da so mykje klede ho aldri hadde set før, ikkje forsto ho seg pao alt detta nymotens greiena helde. Ho orienterte seg nokolunde og fann ei lita krå i butikjen dar da va hengt opp noko so kunde likna pao da ho va ute ette. Dar hang da pao rekje å rad pao nokre stenge klede som saog ut so da kunde likna pao stakka, eller skjørt so butikkjento sa doa ho gamlabesta spurde ka da va. Nei, da va no helst stakk eg e ute ette, sa ho gamlabesta. Da saog ikkje ut te at jento forsto heilt ka da va, men ho vist?ne gamlabesta dei plaggje so hang dar. Ette eit lite bel med mykje spørsmål å lite svar, bestemte ho gamlabesta seg at ho fekk no kjøpa eitt tao desse nymotens “stakkane”. Da va for gale å koma heimatte utan nokon ting, ette all denna reisingje å all ting. Ho kjøpte seg ei sverande flott og fargerik ein. Raud og gild med svarte kantar, med nokre blomar i ei rand pao midten, saog ho gamlabesta ut so reine revolusjonære anarkisten, dar ho svinga seg i dan nyerverva stakjen so eigentleg ikkje va ein stakk, men eit nymotens skjørt, meinte ho. Jaja, da fekk no sta sin prøve, tenkte ho, nye klede måtte no ho ha og. Ho totte da litt i dyraste lagje, men, betalte og skunda seg attende te bussstoppe for å ta bussen heimatte, med gamlestakjen dinglande i ein pose pao eine armen.

Heldigvis va da ikkje dan same busssjåføren so no kjøyrde. Hadde da vo da hadde han vel fengje sting både i hjarta og i hove tao å tenkja pao ka ho gamlabesta kunde finna pao denna gongje. Slik vatt da ikkje og ho gamlabesta fann seg roleg ein plass midt i bussen. Ho va litt av eit syn dar ho sat i den nye sokalla stakjen sin, raud av opprør og med svarte kantar av anarkisme! Da va vel slik ho va ho gamlabesta, litt anarkistisk i kantane og opprørsk i botnen.

Ho gamlabesta i valkampen

Da va valkamp og ho gamlabesta sko te byen å sjao pao valkampen. Ho hadde høyrt mykje om detta å vilde no finna meir ut om da va rao å leita seg fram til eit parti å stemma pao. Da va mykje vas å fjas desse politikarane fekk seg til å seia fy å fao veljarar pao limpinnen, viste ho, men ho vilde no gje desse ordkløyvarane og slagordmakarane ein sjanse. Nett denne dagen flagra da so felt adle stane ein fela vind. Da va so stakkjen for i adle retninga. Ho gamlabesta tenkte at da hadde no vore bra om ein god partivind blas for eit godt parti ho ville lika også, å ikkje berre naturkreftene so blas.
Ho kom seg omsider te midten av byen, te Torgalmenningen, dar adle valbodane var sett opp. Dei va sett saman og spikra opp som kassar på rad å rekje, nett som dei me lagde te dei nyfødde kalvane heime på garden, syntes ho gamlabesta. Ein fer berre håpa dei som sit i desse kassane har meir å koma med enn berre møing, tenkte ho å smilte me seg sjølv.
Utanpao å inni bodane va da klint opp plakatar me bilete av dei håpefulle kandidatane å slagord i alle slags variantar. Variantar å variantar, tenkte ho gamlabesta, å saog seg rundt! Ein stad stod da «alle skal med», ein annan stad stod da «me vil ha alle med», på ein tredje plakat stod da «skal alle vera med?» Ho funderte litt pao detta tompratet å sko nett te å setja seg pao ein kampingstol so va sett opp framfyre ein av bodane, då ein liten trave av ein fyr smatt forbine og slengde seg nepao, å spurde i same slengen om ho ville stemme pao noko han kalte Framsteget. Dao vatt ho gamlabesta skikkeleg arg, for ho vatt ofta da naor ho kjende seg urettvis behandla. Ho sa noko stygt og treiv gutungjen i bukseselane å heiste han opp. Gamlabesta va sterk ho, da va nokon adle visste. Ei gong hadde ho votte so galen på ein tao drenjena heima at ho hadde dreje stakkjen nedover skrotten pao han og knytt atte poa midten med eit kjyratau ho hadde hatt i neven. Da hadde tekje ei god stund sa dei pao bygde, før gamlabesta hadde knytt opp atte, og dao hadde drenjen vo so blao i fjeset at han likna meir pao ein blåmann i himmelblå. Da va ein slags blåmann detta og saog ho. Han hadde ei blå skjorta pao seg me ein rar «f» pao brystet å han hadde fengje eit løye uttrykk i anletet ette at ho gamlabesta hadde te slutt sett han pao bakjen att. No skunda denne jyplingen i dei myrkeblå bukseselane, seg fortast rao inn i boden sin å vart verande i inste kroken, lengje. NEI, noko slikt toskaskap sku ho i alle fall ikkje stemma pao, sa ho gamlabesta te seg sjølv.
Ho hadde endeleg fengje sett seg ned i denne hersens kampingstolen for å kvila seg litt, då ho vart var ein bod litt lenger borte. Dar stod da med store raude bokstavar: «Kamp mot forskjellsnorge», på bokmaol. Da fekk ve so da, tenkte ho, kamporda va storvegs dei, midt i blinken! Ein sku tru ho gamlabesta ville kvila seg litt meir etter krafttaket ho hadde gjort med blåguten nett før, men ho nesten skvatt opp! Utanfor den «raude boden» stod dar ei gamal sjukhusseng, sånn type Florence Nightingale du veit. Oppi låg dar ein skranten gutungje unde eit teppe. Da saog ikkje ut til at han kom seg opp att frao dan sengje pao ei stund. Ein plakat opphengje på eine sida fortalde: «Med eige hjelp klarar ikkje alle seg utan gratis offentleg helseteneste. Nei til privatisering og profitt» Om ho gamlabesta såg alt detta før ho storma bort e da ingjen so veit.
Gamlabesta e no ganskje lett pao foten, trass i dan litt modne alderen. Ho trava bort te sjukesengje å ville te å hjelpe stakkaren då ei jenta i raud t-skjorta og kaps sa noko om urettvisa i helsepolitikken, klasseskilje og at dette partiet var ei sosialistisk parti av rette sorten, dar alle i eit rettvist samfunn skulle yte etter evne og få etter trong. Då oppdaga ho gamlabesta at denne sjukehussenga var eit stunt, nettopp for å visa urettvisa og å trekje te seg oppmerksamheit om partiet. Og da va ikkje lengje før ho va heilt med pao notane. Detta va saker, slik sku da gjerast! Fleire snudde seg og saog pao ho gamlabesta og stuntet, og mange kom bort og ville veta meir om detta og hint. Da va som ho kjende seg som ein valkamppanjar sjølv der ho byrja leggja ut om kor gale det kan ga om lommebokje skulle avgjera om ein fekk ut nyresteinen sin eller ikkje.
Rett framfor opninga til den raude boden stod dar ein merkeleg skapning, ein stor trefigur skore ut i finer, over menneskestorleik. Naken, med ein plakat i kartong over dei edlare delane, Dar stod da med litt uskjøn skjønskrift: «eg er naken, har du klede», bak på ryggen til figuren stod da: «eg er flyktning, har du husrom». Ho sansa seg fort og smilte breitt då ho oppdaga poenget og forstod kva type parti dette var som hadde slike virkemiddlar te å få politikken sin fram. Og ikkje minst framijøno, ka slags samfunn ein vil kjempa for. DET KLASSELAUSE SAMFUNN! JA, detta ville ho vera med pao, ingen tvil i hennar ung-gamle indre. Kulturfrontkamp kalte nokon i partiet det. Eit utrykk som klang fint og raudt i øyrene te ho gamlabesta. Ho vilde ha adle detaljar no slik at ho kunde forstå så mykje som mogleg om politikken og vegen fram mot eit anna samfunn. Før ho ante ordet av det fann ho gamlabesta seg på fortogje rundt i byen i eit felande tempo ilag med mange andre i partiet, delande ut på valkampavisa mens dei forklarte og diskuterte. Byfolkje lurte vel felt pao ka slags artig gjeng detta va so hadde kome seg inn blant dei. Det var desse RAUDE!

Ho gamlabesta og besten i høylaen

Det var ein vene sumardag, eller var han kanskje ikkje so vene likavel. Ho gamalabesta sko i fjoset å skjødna sauena. Da va litt seint so ho vilde no skonda seg litt. Da va littt vel mykje gauling i fjoset ette so da va litt i seinaste laget, so ho gamlabesta vilde no vera grei å gje dei torrhøy so fort ho vann da. So da pla vera på dan tide so va da torrhøy so gjaldt. Å dei hadde ein sverande dunje med høy.
Ho gamlabesta totte da va dan støste høylaen dei hadde hatt på garden på lengje. Ho for inn i løo å bort te laen og bjynte å dra te seg nokon vende me høy i frao dunjen. Ja, da gjekk no lett detta tenkte ho gamlabesta, å tok ei vende. Ikkje før ho tenkte tankjen so haurde ho ein ljo , å beint so ho stod dar so gjorde ho da ikkje. Med ein felande domp ljo, som om dommedagsklokkene hadde fenje bomull i seg, ja, slik let da, so for heila høylaen ne øve na gamlabeste. Ho forsvann i ei støvsky tao gras og pollen. Ein kunde nesten fornemma at ho naus kraftigt dar ho forsvann inn i laen.

Da vatt ei felande stilla ettepao, ei stund, før ein haurde nokre grynteljoe innante høydonjen. Ja, om ein hadde vore der då sjølvsagt. Men, om ein hadde vore dar å høyrt na besta, so hadde ho likna pao blandinje tao ein gamadle hane, ei fudle geit (om dei finns då) og kjerringje te naboen naor ho va sint.

Det va ikkje likare te atte besten ettekvart lurte felt pao kor da vatt tao besto, elde gamlabesto so me sa.
Han tok no naturlevis te å leita ett’ne. Han for inn i floren, men dar va ho ikkje. So for han ne i fjoset, men dar va ho helde ikkje, berre sauena som for uroleg att og fram i gardane å venta pao mat. Rett so da va haurde han eitkvart lete. Han kunde ikkje heilt finna ut kvar da kom ifrao. Men ettekvart fekk han teften tao retnije. Han for mot høylaen mens besten sa nokre strofe so ikkje va heilt omsetlege. I adle fall ikkje fy adle!

Besten byrja grava i høyet da felaste han vann. Ho måtte no kanskje ha havna innunde detta felsne, tenkte han. Ikkje før han hadde byrja å kasta vekk noko gras, so høyrde han ein løyen ljod. Lika brått so syndefloden kom so kom resten tao høylaen ramlande ne yve besten. Å resten vatt historie so dei seie i kringkastinje.

Ette vel eit halvt døger so va da grannen sin dreng so fann både gamlabesto å besten unde laen. Der låg dei tett inte kvarandre. Drengen torte ikkje å sei noko til nokon av bygdafolkje, men da vatt no fortald i ettetid att det va no ei litt vel tett stilling, både ho gamlabesta å han beste (han va no litt yngre, dafor kadlande nybesten) vatt funnen i, men da e no ei anna historie.