Novelle – Den andre verda – Historiar frå planeten Proxima b

Den gode planeten – del 4

Krig er ikkje det beste ein har, nei!

I dette «brevet» frå Proxima b må eg fortelje om ei skremande historie som min far og mi mor hadde vorte fortalt frå tida på planeten Tellus, dette frå sine foreldre. Det var ei trist og brutal historie om ein uproposjonell krig der den eine parten var veldig overlegen den andre. Men, at ei gong gjennomførte den svake parten eit veldig overraskande åtak på den sterke. Den sterke parten var ei okkupasjonsmakt og hadde okkupert deira land i nerare 100 år. Om lag halvparten av det okkuperte folket hadde flykta eller var fordrevne av den sterke. Den sterke blokkerte også inn- og utferdsel frå landområdet, i tillegg nekta dei mesteparten av varer, mat, medisinar, minimalt med straum og drivstoff. Dette gjekk føre seg i tiår etter tiår, heilt til bobla sprakk og det største åtaket dei svake hadde klart til då. Eg forstår godt at på eit visst tidspunkt gjekk korken or flaska og det rann over. Det er vanskeleg å setje seg inn i ei slik beleiring utan å ha vore det sjølv, tenkjer eg. Me på Proxima b har ikkje opplevd dette menneskeskapte helvete, heldigvis, men litt plikt til å forstå det i alle fall har me, her på vår nokolunde fredlege planet.

Likevel har me også her på Proxima b hatt ei liknande krise, om ikkje så brutal og meiningslaus som den nemnte frå Tellus, så ille nok vil eg seie. Og til skilnad frå dette dømet frå Tellus så vart det ikkje full rå krig ut av striden, men vart stoppa før det kom så langt, med ei fredsløysing alle partar godtok. Vel godtok og godtok! Staten, altså Planetrådet, var sure lenge, dei meinte dei hadde gove etter mest, dei besinna seg til slutt likevel og det vart ingen brutal krig av det, men fred. Som enno held, meir enn 30 år seinare. Og, takk for det! Denne konflikta gjaldt ei utbrytargruppe frå «kuppelfolket», dei som budde i tre enorme kuplar (no bur i ein kuppel, avdi dei er færre), som eg skreiv om i del 3. Dette var altså ei utbrytargruppe som ikkje fann seg i å berre bu i ein kuppel lenger, som eigentleg var ein avtale med Planetrådet. Dei ville ikkje vera i «dette fengselet» lenger som dei omtala kuppelen som og okkuperte eit noko større område i «det fri». Eit stort landområde som Staten eigde og som vart brukt til eit viktig dyrkingsområde for mange nyttevekster som planeten treng. Denne aksjonen til utbrytargruppa frå kuppelfolket fall sjølvsagt ikkje i «god jord» hjå styresmaktene. Dei prøvde å presse gruppa attende til kuppelen deira, men det gjekk heller dårleg og utvikla seg ettterkvart til ei kvass konflikt med m.a. fleire åtak mot Staten sine lokalar og innstallasjonar i området, som ligg veldig langt sør på planeten vår. Den eine parten åtklaga den andre for terroraksjonar og motsett. Slik heldt det fram i mange månader med fleire dødlege mottiltak frå begge partar, før nokon tok til fornufta og endeleg fekk til våpenkvile og forhandlingar. Eg hadde ingenting med denne fredsprosessen å gjera bortsett frå at eg på den tida var ein utsend reportar frå den virtuelle nyhendekanalen «Avatar nytt», som eg då arbeidde for. Men, nokon var ikkje alltid nøgd med reportasjane mine og sende fleire meldinar til meg som eg etterkvart svara på. Dermed var ordkrigen i gong. Den eine ordutvekslinga var med folk frå mi eiga folkegruppe som støtta utbrytarane og synes me i media fordreide denne konflikta til Staten si side og at me var for lemfeldige med fakta og omgrep. Desse støttespelarane til utbrytargruppa vart etter ei tid mange og hevda med styrke den gongen (noko eg i dag er samd i, etter ei viss sjølvransaking) at denne gruppa burde få eit tilstrekkeleg område utanfor kuppelen i staden for denne valdsspiralen som utvikla seg i aukande fart.

Eg hugsar fyrste gong eg fekk svar frå ein av desse støttespelarane etter at eg hadde bede desse folka om svar på spørsmåla mine, kvifor dei var så sikre i si støtte og kvifor dei meinte me i media ikkje forstod denne konflikta. Seinare vart eg meir klar over at denne konflikta den gongen truleg ikkje var så svart/kvit som me i Avatar nytt framstilte ho som. Denne meldinga var via ein såkalla kommunikasjonsgreie, ein chip i hjernebarken, nær syns- og språksenteret, som mange av oss har fenge operert inn og brukar nesten fast i vår kommunikasjon planeten rundt. Meir om det seinare, men fyrst til den overførte meldinga eg såg og las frå chipen. Der stod det. «Takk for e-post. Jau, eg skal svara deg.

Det er ikkje noko nytt at den eine parten sine «fridomskjemparar», er den andre parten sine terroristar. Men, det nye er at Staten (noko eg absolutt IKKJE kallar fridomskjemparar, men terroriserande okkupasjonshær) angrip så utan sidestykkje grovt og brutalt. Planeten vår har ikkje sett liknande!

Eg er ikkje einig med deg i at «kuppelgeriljaen» spekulerte i og at dei hadde håpa på støtte utanfrå, t.d. frå Avatar-folket/Blåfolket eller oss. Avatarane vil, trur eg, ikkje ga til verks med Staten, for då å starte (truleg) ein regional storkrig, med Urfolk på lasset sjølvsagt. Nei, eg meinar denne «aksjonen» deira var ei, kall det desperat, handling for å kome fram i ljoset, eller rettare sagt få kuppelfolket si sak på dagsorden att. Mange av dette folket har nemleg prøvd før å tale si sak utan å verte høyrt av styresmaktene og Staten. Etter lang tid og tiår med planetrettsstridig blokkade av kuppelfolket sitt ynskje om å busetje seg utanfor kuplane (og få eigne styrte landområde) så var det berre tidsspørsmål før det SMALT. Men, godt planlagt var det tydeleg nok frå denne gerijlaaktige gruppa.

Det å anarkjenne dette kuppelfolket sine krav er eg absolutt for å gjera no Eg meinar det er viktig som ei planetarisk politisk handling. Så må det planetariske samfunn og Planetrådet hjelpe kuppelfolket med si institusjonsbygging, rettsvesen, økonomi og politiske prosessar, dernest val, og å få til einigheit om ein felles administrasjon er truleg første steg. Deira landområde og me lyt inkorporerast i kvarandre.

MEN, Staten må ut av desse områda, Ravi 999999. Elles vert det ingen fred i området heller. Då vert det i alle fall vanskeleg med å få til eit eige område for kuppelfolket sin vesle stat.»

Slik var meldinga . Eg vart ikkje overraska over det vedkommade meinte, heilt greitt tenkte eg den gongen. Men det var fyrst noko seinare at eg og mange fleire byrja meine at Staten burde ta til fornuft og avslutte denne farsen av ei konflikt, til ingen nytte for nokon. Det hende no også, det vart ein fredsavtale og at dei av kuppelfolket som ville ut av det «innestengde» tilværet i kuppelen og til eit område, fekk det. Sidan då har dei eit lite område dei styrer sjølve.

Her er forresten det korte svaret mitt eg sende «oponenten min» den gongen, for 30 år sidan, etter at sendaren hadde sendt meg nokre bilete av dette kuppelfolket og kampen deira: «Hei, og takk for meininga di. Elles takk for dei fine fotografia.

Eg vil berre fortelje deg at «det andre fredsbrev» har vorte publisert fleire stader og at ingen so langt har sagt at brevet var for langt. Men, sjølvsagt vil ikkje Staten lesa mykje av slike brev no, verken lange eller korte, og det gjev eg «katten» i også. Det siste nye no med dette brevet vårt er at nokon vil lese det opp under komande markeringar her i «hovudbyen».

«Me lyt alle gjera litt. Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt», heiter det, dette prøver eg å leva etter, kvar dag.»

Her må det ei forklaring til, kjære lesar. Denne meldinga skulle forklare mottakaren at det såkalla fredsbrevet (som vedkommande hadde høyrt om før) berre var eit forsøk frå oss i Avatar nytt om å freiste eit fredsiniiativ retta mot staten vår, for å få slutt på denne konflikta. Etter ei svært lang tid, hugsar ikkje kor lenge, med stillheit frå styresmaktene så kom brått ei pressemelding om att «platået», eller rettare sagt Planetrådet, vårt høgaste organ, hadde byrja forhandlingar med utbrytargeriljaen. Me trudde fyrst ikkje det me såg, men etterkvart gjekk undringa vår over i glede og håp. Resten er historie som ein brukar sei. Sidan den gong har det ikkje vore nokon store konfliktar og krig på planeten vår.

-planeten-vår-med-to-av-«solene»- i trippelstjernesystemet Alfa Centauri. Utsikt over landområdet til Kuppelfolket, litt sør på planeten.-akryl på lerret, 80 x 100 cm, 1986, Ivar Jørdre

*I Tellusåret 2295 etter år 1, er proximitten Ravi 135 år = fødd i år 2160

Skreve ned på ære og samvit, Proximitt «Ravi 999999», Proxima b, 9-12. stjernerunde rundt Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri, Tellusåret 2299 etter år 1.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Art & Science, Universet og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.