Kronikk i avisa Hordaland: «Vest-Sahara er og eit land, veit de?»

Vest-Sahara er og eit land, veit de?

Eg reagerar kraftig på artikkelen i Hordaland 28. januar. Han tek føre seg eit ektepar som skal vera med på eitt av verdas hardaste ørkenrallyløp. Planen deira er delta på Africa Eco Race i 2026. Dei har kalla prosjektet sitt «Frå sofaen til Dakar». Det er ikkje prosjektet deira eg reagerar på, det er heller ikkje artikkelen om  dei i seg, eg reagerar på. Men, det er at dette store rallyløpet går gjennom eit okkupert landområde og kartfotoet som er brukt i stykkjet Det okkuperte landet heiter Vest-Sahara og okkupasjonsmakta heiter Marokko.

For å ta kartet først: Det er eit «okkupasjonskart», okkupasjonsvaska av arrangørane Africa Eco Race! Noko Marokkanske styresmakter sjølvsagt er nøgde med. Dette er brukt i artikkelen utan noko forklåring om at delar av løpet går gjennom okkupert land som Marokko gjer sitt ytterste for å «vise» verda at ikkje finns. Det er heller ikkje skreve noko om dette i sjølve stykkjet. Journalisten i Hordaland skriv m.a. at frå startpunktet i Monaco, vidare til Nord-Italia, «vert utøvarane frakta med båt til Marokko, der ruta held fram gjennom ørkenen i 10 dagar gjennom Marokko og Mauritius (dette er feil; landet heiter Mauritania, min mrk.) før målgang i Dakar i Senegal». I mellom desse to landa ligg altså Vest-Sahara!

Vest-Sahara vert kalla Afrikas siste koloni

Kart som viser den offisielle FN-godkjenninga av grensene til Vest-Sahara. Foto: Støttekomiteen

Store deler av landet Vest-Sahara har sidan kolonimakta Spania trekte seg ut av Vest-Sahara i 1975 vore okkupert av Marokko. Det internasjonale samfunnet har aldri godkjent okkupasjonen som lovleg. Sidan den FN-forhandla fredsavtalen mellom frigjeringsrørsla POLISARIO og marokkanske styresmakter fann stad i 1991, har FN forsøkt å halde ei folkerøysting der dei opprinnlege innbyggarane i Vest-Sahara skal kunne velge si framtid, utan å lukkast. Marokkanske styresmakter har heile tida nekta å godta FN si registrering av røysteføre. Sahrawi Arab Democratic Republic har berre kontroll over 1/5 av det eigentlege territoriet (sjå kart). Ein kjempelang voll på 2700 km deler territoriet i to, med verdas lengste minefelt langs jordvollen (sjå foto). Omlag 200 000 saharaviar lever i dag i flyktningeleirar nær den algeriske byen Tindouf ved grensa til Vest-Sahara.

Flyfoto av den veldige 2700 km lange jordvollen som deler territoriet i to, den som er okkupert av Marokko og den 1/5-delen som saharaviske POLISARIO rår over. Foto: Støttekomiteen

Med jamne mellomrom kjem det nyhende om den politiske og menneskerettslege situasjonen i den okkuperte delen av Vest-Sahara og i sjølve Marokko, om ein vil ta seg det bryet å leite fram alternativ informasjon. I dei store nyhendebyråa, som yndar å kalle seg altomfattande, er som regel Vest-Sahara sin situasjon gjøymt bort, medvite eller ikkje. Nyhende om menneskerettar som på ein eller annan måte er kyta til Marokko er ikkje positive, heller ikkje for marokkanske journalistar.

Menneskerettar og politiske rettar brote heile tida

FN si menneskerettserklering vert brote heile tida i Marokko, i tillegg til konvensjonar som omhandlar vern om ytringsfridom og journalistar sitt skrevne ord.
Når det gjeld trakaseringar og brot på menneskerettar ovanfor Vest-Sahara-
aktivistar generelt og menneskerettsfolk som t.d. Rafto-prisvinnaren frå 2002
Sidi Mohammad Dadash spesielt, så er det marokkanske rullebladet eit lite
vakkert syn. Det kan dokumenterast at dei marokkanske styresmaktene gong etter gong bryt rettar som ytringsfridom, organiseringsrett, human handsaming av politiske fangar, osb. I saharaviske demonstrasjonar retta mot den brutale framferda til okkupasjonsmakta, vert ofte mange titals personar såra, arrestert og forhøyrt under tortur i mange timar før dei var slepte fri att. Mange vert verande i fengsel. Men det internasjonale samfunnet reagerar omlag aldri!

Til tross for at nyhende slepp ut til alternative media,
er den okkuperte delen av Vest-Sahara eit vanskeleg terreng for utanlanske
NGO’ar, noko som gjer det endå vanskelegare for dei saharavianarar som dagleg må kjempe for å få sitt syn kjent, og ofte vert trakasert på det grovaste.
Det ser ikkje ut som det nye året 2021 heller vil verte den opninga som ein
skulle ønskje seg i den fastlåste konflikta mellom okkupant og okkupert land.
I alle høve er det ikkje så merkeleg at «verdssamfunnet USA + interessentar»
ikkje ei gong for alle pressar på og stoppar internasjonale ulovlege
okkupasjonar som dei av Palestina og Vest-Sahara. Dei harde økonomiske og
strategiske interesser rår i kapitalismen si høgborg, og dessutan har dei (USA)
vore okkupantar sjølve, i Irak, invadert  Afghanistan, bomba (saman med Noreg) Libya sønder og saman! Det siste «støntet» til USA og Trump var å «gje» Vest-Sahara til Marokko som middel for å få Marokko til å ha diplomatiske tilhøve med Israel.

Gjennom eit slikt undertrykkande og statsvaldeleg geopolitisk landskap går det altså eit «ørkenrally». Eg synes både media og eventuelle deltakarar i eit slikt rally skal tenkje seg nøye om korleis det vert presentert og om deltaking  i det heile teke er noko å velje? Løpet går trass alt gjennom det folkerettsstridige okkuperte området av Vest-Sahara. Det er særs viktig å ha i mente her!

Ivar Jørdre, medlem i Støttekomiteen for Vest-Sahara

Første gong publisert i avisa Hordaland, 4. februar 2021

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Afrika, Imperialisme, Noreg - Norway, Politikk&Samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.