Me lever i ny-liberalismen si tid – Og så kom Korona-viruset

Mat for alle – Vaksinar for alle – Alle er like verdige!

I desse tøffe tider håpar eg alle har det nokolunde bra. Ja, me må alle «stålsetje» oss framover. Eg tenkjer spesielt på dei rundt om kring i verda som ikkje tåler dette viruset. Det gjer meg trist, men det er mange andre ting som me også kan tenkje på og støtte med pengar. Eit godt døme på det er ein stor meslingepidemi i Kongo, der over 30 000 ungar har fått meslingar. No er det viktig med omtanke og solidaritet med kvarandre her hjå oss, men ikkje gløym dei me «aldri» høyrer om i vanleg presse.

Fattigdom, sosial ulikskap, trangbuheit, arbeidstilhøve, kan ha meir alvorlege sjukdomar. Forsking visar at dei minst økonomisk sterke er meir utsett for pandemi som den me har no. Gamal kunnskap er sjølvsagt også at fattigdom gjer sjuk. Mange av verdas folk har ikkje helsemessig sikkerheitsnett, har dårleg sanitære tilhøve og ikkje råd til medisinar. Dei rike og høgare inntektsgrupper er mindre utsett, men får sjølvsagt føljer av pandemiane dei og. Og mange fleire vert sjuke under pandemiar fordi dei t.d. har den sesongmessige influensaen eller kroniske sjukdomar. Den såkalla «spanskesjuka» i 1918-19 er eit døme på krig og pandemi. 1. verdskrigen gjekk mot slutten og influensaen kom. Krig skapar sjukdom.

Kan ei verdskrise som denne pandemien er vera ein oppvekkar? Ein oppvekkar om vårt forbruk? Hjå verdas finans- og børselite, der hovudformålet er at pengar skal skape meir pengar basert på stemning og psykologi. Når panikken kjem skal alle selje sine aksjar og obligasjonar på same tid. Då kjem «krakket» og dreg med seg realøkonomien ned i avgrunnen. Dei som då betalar prisen er dei som skapar verdiane, verdas arbeidsfolk. Pengemakt, overforbruk, klimakrise og naturkrise er ein dårleg kombinasjon. Vårt (les; dei rike delar av verda og veldig rike elite i fattige land) ustanselege higen etter overforbruk er noko av det mest problematiske og store dårskap ved den globale kapitalisme. Ny-liberalismen set premiss for forbruk, finansspekulasjon, store multinasjonale gigantar og bankeliten, elles virkar ikkje det kapitalistiske system. Ein kan seie at forbruk, gjeld og profitt, er kapitalismen sine viktigaste pilarar. Utan desse ingen kapitalisme!

Kva er fridom?

Aldri før har den individbaserte «fridom» vore større, meinar liberalistane. Samstundes har dei globale krisene aldri vore større heller: miljøkrise, økonomikrise, flykningkrise og no pandemikrise. Midt oppe i dette er vår forståing av fridomsomgrepet sentral. Fridom vert universelt sett oppfatta som positivt, dei fleste vil ha det, men dei færraste definerar innhaldet i det. Heilt frå antikken, hjå grekarane og romarane (og før) til omlag vår tid har omgrepet «fridom» vore diskutert. To hovudretningar gjer seg gjeldande: Den liberalistiske fridom. Definert som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. Ofte forbunde med den kapitalistiske marknaden sin “fridom” og den individuelle “fridom” til å velje sitt konsum. Denne liberalistiske ideologien har sitt opphav på tidleg 1800-tal, m.a. med filosofen Adam Smith. Det andre fridomsomgrepet har sitt opphav i antikken og vidareført i m.a. den usanske (1776), franske (1789) og norske grunnlov (1814). I nyare tid har ein brukt omgrepet «republikanisme» (har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera). Dette politiske fridomsomgrepet har m.a. i seg “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang”. Ein kan her legge til, fridom frå vilkårleg marknadsmakt og «konsumtvang», fattigdom og krig.

Dette krysspunktet mellom ulike innhald i «fridom» lyt me som menneske forhalde oss til, også i krisetider som vår. Me ser gradvis forverring av mange sider av menneskelivet. Eit vodt døme er flykningar, folk som rømmer frå noko alvorleg og uhaldbart som krig, svolt, klimakrise og fattigdom. For ei kontrast det er til «vår fridom»! Innan EU er den kapitalistiske fridomen dei fire friheiter: Fri flyt av varer, kapital, tenester og menneske. MEN, skal nokon inn i dette Schengen-området og med Dublin-forordninga, vert saka straks annleis. Då er krava harde og utvelginga av folk som får kome inn urettvise. Dette regimet har framover åra fått sin største utfordring nokon gong. Og har utvikla seg til eit stengt Europa, eit «Festung Europa». No er denne tenkinga vorte komplett, då heile Schengen-området, eller EU, er heilt stengt grunna Korona-utbrotet. Frå før er Europa stengt for flyktningar. Er me for fullt vorte fanga i ny-liberalismen no? Eller lærer me noko no av ein pandemi som visar kor skjørt vårt økonomiske system er, og tenkjer nytt framover?

Ivar Jørdre

Kronikken er første gong publisert i avisa Hordaland, laurdag 21.03.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Capitalism, Our global world, Politic&Society og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.