Minneblogg, 15 år sidan far døydde

Min far, Sjur Jørdre (06.11.1921 – 08.05.2008)

Far ville ha vorte 101 år, 6. november, 2022. I dag, på frigjeringsdagen 8. mai 2023, er det 15 år sidan far min, Sjur Jørdre, døydde. Fødd og oppvaksen på Jørdre arbeidde han der heile sitt liv som gardbrukar. Ein arbeidsam kar som alltid stod på for å halde garden drivverdig og å drive han saman med mor, for å gje familien eit grunnlag for eit godt liv på Jørdre. Det var mange ting å gjera og far sa fleire gonger at han låg vaken om nettene av og til med tankar om kva som skulle prioriterast eller ikkje av alle dei gjeremåla han synes han aldri rakk heilt over. Slik var og slik er det nok framleis på ein mellomstor gard, der ein som bonde kan ha mange utmaningar i den daglege drifta. Noko av det far ofte var litt lei seg for var at han aldri heilt fekk tid til ei stor interesse han hadde heilt frå ungdomen. Det var trekkspelet. Diverre vart det lite speling for han opp gjennom åra, heilt til han på slutten av livet tok det fram av og til. Far var samfunnsinteressert og fylde godt med på politikken. Me hadde mang ei gong ganske så «oppheita» diskusjonar om politiske tema. Her fekk eg trena meg på argumentasjonar eg seinare har hatt god bruk for.

Diktet nedanfor vart skreve rett etter far døydde 8. mai 2008. Litt av ein dato også, for hans generasjon, sjølve frigjeringsdagen 1945! Fred vera med far sitt minne!

TIL FAR SITT MINNE (skreve i mai 2008)

Det står ein tom stol heime no

me fyller han med minner

Det står att ein tom kopp på kjøkenet no

me fyller han med minner

———————-

Eit langt liv er levd

mykje arbeid og slit har det krevd

Ei epoke av røynsler er over

———————–

Det gode med alt dette er;

at livet er stort,

at livet er mangfaldigt

————————

Eit stort tomrom er det etter deg, far

Men me skal fylle det med gode minner

og varme kjensler

Ei anna reise har no byrja, far – god tur!

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Minneblogg, 15 år sidan far døydde

  1. Kjell Henriksbø seier:

    Du skriv fint om far din, ein arbeidskar. Eg har jo tidlegare lese dikt du har skrive til/om mor di, også den fine diktboka.
    Kameratsleg helsing
    Kjell

    • ivarjordre seier:

      Tusen takk for fin helsing, Kjell!
      Ja, dei var arbeidsfolk begge foreldra mine. Og mange minner har eg om det!

      • Kjell Henriksbø seier:

        Eg kan seie det same om mine foreldre. Eg skal 4 dagar til Eivindvik frå i morgon, då vitjar eg grava deira.
        Over pinse må eg prøve å komne innom deg for å hente biletet. 😊😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.