Torke i Utah, USA. Klimaendringar aukar frekvensen av ekstremvær. energiogklima.no Foto: Anthony Quintano
Mennesket sin natur, i natur og miljøkrisa
I året 2015 sette arten «mennesket» endå ein rekord, og endå ein svert farleg rekord! Den førre rekord i klimasamanheng kom i 2013. Både i 2016 og i 2017 vart det sett globale varmerekordar aldri før registrert. Me er på veg mot 1,5 grader snart. Året 2022 er det sjette varmaste året nokon sinne registrert, 2016 er det førebels varmaste.
For første gong oversteig den globale gjennomsnittstemperaturen 1 grad sidan målingane byrja. Frå januar til september i 2015 hadde temperaturen allereie kome til 1.02 grader over gjennomsnittet mellom 1850 og 1900. Temperaturane held seg som førespegla ut 2015 og det vart det første året over denne grensa. Verda var då halvvegs mot det såkalla 2 gradersmålet, «grensa» for ei farleg og «løpsk» oppvarming. I 2022 var gjennomsnittet globalt på 1,16 grader. (ref. Met Office i Storbritannia)
Les om klimautfordringar i artikkelen: Klimaet, kapitalismen og menneska
…og nettartiklane på energiogklima.no
Det er ikkje slike rekordar menneska treng å vera stolte av i grunnen!
Til tross for desse deprimerande fakta så klarar ikkje menneska, i alle fall ikkje blant den rike del av verda, å endre tankesettet eller nevronane i hjernen vår, om ein vil. Med det meinar eg at vår vilje ofte er styrande over fornufta. I den forstand at me klarar ikkje å underlegge den delen av hjernen som har med attrå (begjær) å gjera, kontroll. I alle fall ikkje nok «kontroll» til at me kan endre åtferd i levemåte, levestandard/forbruk og konsekvenstenking i tilstrekkeleg grad på det me som menneske utset klima og natur for. Er vår menneskelege natur eit hinder? Konsekvenstenkinga vår er ikkje tilstrekkeleg (enno), til å innsjå at vårt forbruk og graden av det er så skyhøg i høve tilgjengelege ressursar og berekraft, at dei 2/3 av verdas folk ikkje kan det, utan at ressursgrunnlaget bryt saman. Eller har denne konsekvenstenkinga byrja modnast hjå oss borgarar, og at det no er politikarane som ikkje har det og dermed manglar avgjerslene deira også? Avgjersler som no må verte veldig drastiske meinar eg, er ikkje av moralsk karakter åleine.
Når grunnane ikkje er av moralsk karakter åleine, kva er dei då? Dei er økologiske og økonomiske. Om heile verdas folk skulle forbruke lik oss norske sin livsstil (rekna om i økologiske fotavtrykk per individ) ville det tyde ein dramatisk overbelastning av grensande og alvorleg trua naturressursar, der mykje etter kvart forsvinn også. Me må tenkje i systemkritikk av det hegemoniske økonomiske systemet, med andre ord finne nye måtar å handle og produsera på, alternativ til kapitalismen. Andre måtar å handle
og produsera på, og ei heilt anna rettvis fordeling av berekraftig levestandard mellom verdas folk. I eit verdssamfunn der knappheit legg premissane for menneska sine handlingar, vil ein alltid ha krig og kriminalitet. Knappheita i vårt samfunn skapast av trongen for økonomisk lønsemd, ikkje av ressursmangel, t.d. av mat, bustad, helse. Når krig ikkje lenger skapar profitt, forureining ikkje løner seg og det å hjelpe menneske ikkje alltid kostar pengar, vil me då først sjå verkeleg endring (kanskje)?
Kvifor tek ikkje mennesket lærdom av sine feil, spør Elling Ulvestad i føredraget «Vår antropocene bør». Fordi feila byggjer på feilaktige førestillingar om attrå og tru, svarar han. Han fortel også om moglege årsaker til at FNs berekraftsmål går sakte framover. «Det er menneskets valg og handlinger som må forklares og justeres for å gi bærekraftmålene framdrift.» Dette er noko av årsakene til sakte klimahandling også. Kva vert så resultatet av dette:
Ny forskning visar at havet i Arktis fangar meir energi frå infraraud stråling enn tidlegare trudd. Noko som truleg bidreg til oppvarminga av polklimaet. Foto frå: newscenter.lbl.gov
Saman med metangass (metangass er av dei farlegaste klimagassane og 22 gonger meir effektiv enn CO2) og vassdamp bremser CO2 varmestrålinga frå kloden vår og ut i rommet att. Hadde det ikkje vore for desse «drivhusgassane» ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore ca. 33 grader lågare. Men no går det andre vegen! Målet om å halde den globale temperaturstiginga på om lag 2 grader er me allereie på veg vekk frå. I følgje det tyske Potsdam-instituttet for klimainnverknad kan me gå mot ei auke på 4 grader innan 2060. FN sitt klimapanel har sagt noko liknande i sine rapportar. Potsdam-instituttet skriv i sine rapportar frå 2013 og frå 2015 m.a. at det er usikkert om verda kan tilpasse seg ei 4 graders auke. Eit døme på temperaturauken er at sommarisen i Arktis smeltar fortare enn venta og havområdet er allereie nesten isfritt frå 2015-18. Dette er 85-88 år tidlegare enn det FN sitt klimapanel rekna ut i 2007! Verda er framleis sterkt avhengig av fossil energi. Kol og olje er dei dominerande energikjeldene, med gass på tredjeplass (energiogklima.no). Etter mange mislukka klimakonferansar var det Paris sin tur hausten 2015. Ein ny global klimaavtale vart det rett nok, men kva det vert ut av dette, i Anthropocenane og den globale kapitalismen sin tidsalder, veit ingen. Det vil visa seg! Les meir om 1 gradersauka på:
Anthropocenane og den globale kapitalismen sin tidsalder
Karbonplanet, oljemåleri og aske, Ivar Jørdre, sjå også Galleri
Svolt og fattigdom er noko denne planeten har nok av. Ifølge FN døyr 17 000 barn av svolt kvar einaste dag. I 2001 hadde 1,1 milliardar menneske mindre enn 1 dollar og 2,7 milliardar menneske mindre enn 2 dollar å leva for om dage, ifølge Verdsbanken. Denne banken er sjølv med på å halde den enorme ulikskapen oppe. Samstundes er sløsing med ressursar ein valdsam kontrast til dette. Produksjonskjeder i dag er lineære og mesteparten av ressursane me brukar endar som avfall i staden for å resirkulerast. Målet i systemet er sjølvsagt maksimal profitt – og ikkje varigheit eller bærekraft.
Heller ikkje, ikkje-fornybar energi er i ferd med å dramatisk endre seg. Verda er framleis lenge avhengig av fossile energikjelder. I 2010 STEIG ENERGIFORBRUKET MED 5 PROSENT. Dei siste 40 åra har verdas energiforbruk i gjennomsnitt auka med ca. 1,7 prosent årleg (Store norske leksikon). Dersom dagens forbruk tømmer ei ressurs på 100 år, vil forbruk med 5 prosent årleg vekst gjera det på 36 år (exponential growth).
Grunna mykje urettferd er verda sosial ustabil. Forsking basert på FN-data tyder på at større grad av relativ økonomisk ulikheit fører til større grad av sosiale og helsemessige problem (equalitytrust.org). I eit samfunn der knappheit legg premissane for menneska sine handlingar, vil ein alltid ha krig og kriminalitet. Knappheita i vårt samfunn skapast av trongen for økonomisk lønsemd, ikkje av ressursmangel. Når krig ikkje lenger skapar profitt, forureining ikkje løner seg og å hjelpe menneske ikkje kostar pengar, først då vil me sjå verkeleg endring er nokons meining (thezeitgeistmovement.com).
Anthropocene er ein uformell kronologisk geologisk term som markerar prov på eit slikt omfang av menneskeleg aktivitet at det har global påverknad på Jorda sine økosystem. Dette omgrepet vart skapt i 1980-åra av økologen Eugene F. Stoermer, men enno ikkje offisiell term. Slik som skreve over har me det altså i det eg kallar anthropocenane sine dagar. Vil me nokon gong kome ut av denne tilstanden, eller vert me berre sjølvskapt geologisk sediment?
Anthropocene, undervasskulptur, Jason deCaires Taylor.
Les også: