1. mai – Kampdagen for verdas arbeidarar!

Mot dei globale maktstrukturane si urettferd, medvite skeivfordeling av godane og maksimale profittjakt, står den globale sosiale rørsla. Blant mange andre politiske reaksjonar kjempar denne sosialpolitiske familien med fagrørsler, solidaritetsorganisasjonar og politiske parti, saman for endring.

“For fred, velferd og folkestyre. Mot imperialisme, rasisme, krig og terrrorisme.”
EI ANNA VERD ER IKKJE BERRE MOGLEG, DEN ER HEILT NØDVENDIG! 
Gratulerar med 1. mai!

https://i2.wp.com/www.maurilioamorim.com/wp-content/uploads/2010/11/red-flag.jpg

Revolusjonens røst – av Rudof Nilsen

Gi meg de rene og ranke, de faste og sterke menn,
de som har tålmod og vilje og aldri i livet går hen
og selger min store tanke, men kjemper til døden for den.

Gi meg de kolde og kloke, som kjenner min virkelighet.
Bedre enn mange som sier de tror, trenger jeg noen som vet.
Intet er mere som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.

Gi meg de bitre og steile, som ikke har frykt i sitt blikk.
Gi meg de gudløse stolte, som ikke har trang til mystikk,
men dristig vil skape en himmel efter sin egen skikk.

Gi meg de brennende hjerter, som aldri gir tapt for tvil,
som aldri kan kues av mismot og trues av sorger til hvil,
men møter hver seier, hvert nederlag med det samme usårlige smil.

Ja gi meg de beste blant dere, og jeg skal gi dere alt.
Ingen kan vite før seiren er min hvor meget det virkelig gjaldt.
Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blant dere er kalt.
Rudolf Nilsen (1901 – 1929)

https://i2.wp.com/meredithwalters.com/wp-content/uploads/2012/07/Redflag.jpg

Me snakkar om revolusjon – av Ivar Jørdre

Arbeidarar i denne verd, forein dykk
forein dykk til motstand

I flokk og styrke kjemp attende
røva rettar gjort av gråe gribbar

I morgondagens raude ljos
rettar me ryggen med våre fanar

Med sigd og spade hamrast framtida
fri frå kapitalens åk

Med stolte vise krav stig me fram
til klassefrie opne landskap

Arbeidarar på denne jord, forein dykk
forein dykk til kamp

Me snakkar om ein revolusjon!

1.mai—verdas kampdag!

Ei global rørsle av mange ulike organisasjonar og parti som arbeidar for rettferd, demokrati, fred og ikkje minst endring av det kapitalistiske økonomiske systemet, samlast på denne dag. Samstundes som 1. mai set søkeljoset på og konkret kritiserar dei globale politiske og økonomiske maktstrukturane av i dag, tek 1. mai med seg si stolte historie med arbeidarrørsla og andre sin kamp for universell rettferd og likeverd for alle, utan utbyting og diskriminering. Imperialisme med USA i spissen, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdas handelsorganisasjon (WTO), økonomiske frihandelsblokker som EU, dei store multinasjonale selskapa, er sjølvsagte fokuspunkt. Saman med kameratar skal me framleis kjempe fram dagen som ein arena for aksjonisme og endring!

Første-mai-rørsla i Noreg vil ha ein ny politikk for Oljefondet, kjempe mot EU sitt tenestedirektiv, folkerøysting om EØS-medlemskap, kamp mot sosial dumping, stoppe pensjonsreforma, for likeløn og mot privatisering av offentleg sektor, mellom mykje anna.

Den globale økonomi er framleis i ei alvorleg krise, den alvorlegaste sidan den store resesjonen på 1930-talet. Kapitalismen skakar i sine nyliberalistiske organ. Organ bygd på den totale frihandel og spekulative luftslott. Elektroniske tal svirrar forbi i ein global runddans og i ein fatal fart menneska ikkje før har sett. Den materielle faktor i form av konkrete varer er erstatta av pengetigrar i «cyberspace» og på børsar. Så byrjar galskapen å stoppe opp. Dei milliardar, fantasilliardar som finns på datamaskina og i hovuda på verdas børsmagnatar får seg eit sjokk. Kursar rasar og gallaktiske pengesummar vart borte i 2008-9 som ved eit gigantisk «knips», rett inn i eit svart hol. Attende står kapitalistane og klør seg i hovudet, men forstår godt kva følgjene vert for verdas folk.

Den finansielle økonomiske krise og nedgang som starta i USA har indirekte slått inn på den globale realøkonomi, då også prisar på basisvarer som mais, ris og korn, i tillegg til skyhøge prisar på matvarer i sør. Dei sentrale årsaker til dette er høge oljeprisar, stadig meir landjord brukt til produkt for biodiesel, vesten som spekulerar i sine matvarelagre for å halde oppe prisane, klimaendringar i form av ekstremvær og nedgang i dyrkbare areal grunna overproduksjon i vest og i Kina, utbygging i stor stil i t.d. Kina, osb. At ting heng saman i ein tett samanvevd liberalistisk verdsøkonomi er tydeleg, sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå det med vårt vestlege «lette og velfødde» blikk. Men ser ein etter, får ein sjå kva veldige konsekvensar dette får for millionar og milliardar av menneske.

Kontrastane til dette er uverkelege, to eksempel: den amerikanske sentralbanken garanterte 30 milliardar dollar for å redde den enorme investeringsbanken Bear Stearns frå konkurs i 2008, og Irak-krigen har kosta eit beløp ingen skjønar (25 000 milliardar kroner!!). Den nyliberalistiske verdsorden skrik mot oss med sin totale fiasko i fordeling av verdas ressursar. Kapitalen og den såkalla frie marknaden, dominert av gigantiske monopolistar, distribuerar mat der fortenesta til ei kvar tid er. Ei handfull ”gigantar” dominerar kornmarknaden, mens i underkant av ti storselskap har kontroll av verdas frøomsetting. Endå ei undergraving av lokal matproduksjon til eige folk. Ja, rett og slett nykolonialisme og trakassering av folk sin sjølvråderett.

Det finns alternativ til den frie marknad og profittjaget: I dei nye økonomiane i Sør-Amerika. T.d. Venezuela: har ein gjennomført tiltak for oppretting av sosialistiske former for produksjon og distribusjon av mat. Hadde det i alle fall. Situasjonen no er klart ei krise, men kampen for dette med å oppnå ei høgare grad av sjølvforsyning av jordbruksprodukt og mottiltak mot marknaden sitt råkøyr held fram. Avdøde president Hugo Chavéz (døydde, 5. mars 2013) har sjølv uttalt at ein har: «pulverisert heile kapitalismen si utbytingskjede», med dette. Millionar av folk har fått eit betre liv gjennom endringsprosessane som president Hugo Chávez og regjeringa har gjennomført dei tolv åra dei styrte. Den høgaste minsteløn i heile Latin-Amerika og sterke arbeidsrettar, var begge faktorar som gjorde folk meir nøgde. Helse, utdanning, fattigdomskamp og mat til låge prisar, er av dei aller viktigaste tinga som vart. Noko som ikkje kan samanliknast med nivået før år 2000. Majoriteten var då råfattige og mangla alt, og eliten hadde makta og alle endar. Det er ei folkeleg deltaking som ligg bak mykje av det landet har oppnådd til no. Men, sidan 2014 har alt gått nedover, USA og EU-sanksjonar og dårleg økonomisk styring har køyrt landet på skakke. Kanskje er det ei lita positiv oppgang dette året. President Nicolas Madura har mykje arbeid framfor seg, men endringsprosessane vil halde fram som eit alternativ til verdas nyliberalisme får me håpa.

Korrupsjon, skatteparadis og kvitvasking av pengar, går hand i hand med krig og konflikt. Fattigdom og undertrykking er deira barn. Den såkalla ”fredsnasjonen” Noreg var lenge djupt inne i krigen og okkupasjonen av Afghanistan, var den flinkaste «bombaren» i krigen i Libya og støtta den franske intervensjonen i Mali. I det norske folk, som i alle NATO-land, var det stor skepsis mot denne politikken. Og det er gode grunnar til det! Men etter den russiske åtakskrigen i Ukraina har ting endra seg. NATO-motstanden og skepsisen har minka. Våre naboland Sverige og Finland søkjer truleg NATO-medlemskap, folk vert meir positive til alliansen og kritikk vert vanskelegare. M.a. fredsrørslene har mange utfordringar framover. Men, ein ting er sikkert: Krigen i Ukraina (byrja 24. februar) må stanse no! Tilhøva vert verre! Mange har allereie flykta. Våpenhjelpa til Ukraina aukar dramatisk med stadig mektigare våpen og fly. Krigen vil på denne måte trappast endå meir opp. Den raud-grøne regjeringa yter også våpenhjelp. Det finnes ingen militær løysing! Alle russiske soldatar ut av Ukraina og all vestleg våpenhjelp stanse. Denne katastrofale og vanvitige krigen er ei påminning om imperialismen sitt vesen.

Internasjonal solidaritet med alle, spesielt krigsoffera i denne krigen denne våren. Men, hugs andre konfliktar også, spesielt krigen i Jemen.

Difor går me ut i gatene i nesten alle verdas land. Arbeidarar og alle i verdas land forein dykk til kamp, på denne viktige dag. Og gjer også den daglege kampen for rettferd og fred, den er aller viktigast!

Ivar Jørdre


Appel for Latin-Amerikagruppa i Bergen, 1. mai, 2023!

Vesten og USA sin økonomiske og politiske elite har eit tredobbelt tilhøve (minst) til Latin-Amerika: 1. at det er mykje naturressursar der til å få stor profitt på kortast mogleg tid. 2. at venstreside-utviklinga berre er eit symptom og vil ga over, slik at “business as usual” held fram. 3. at Latin-Amerika er bra så lenge dei er nyliberale, og har massevis av «paraplydrinkar» på strendene. Evt. 4. at me alle kan dyrke våre latinamerikanske pop- og fotballidolar hemningslaus utan å skjemmast.

Det såg ut som Vesten/USA ville få det som dei ønska. Dei tre-fire siste åra før 2021 hadde den alternative venstreutviklinga til nyliberalismen stansa opp. Millionar av menneske mista hus og arbeid i denne nyliberale atterkoma. Ny-fattigdomen råka hundretusenvis av latinamerikanarar på nytt. Makta og finanseliten strammar sine hender og fortel folket at dette må ein tåla.

MEN, det må ein ikkje! Absolutt ikkje! Ein må reise seg og velje eit motsvar. Dette motsvaret har kome i fleire land dei siste par år: For første gong vann venstresida presidentvalet i Colombia. Sosialisten Gustavo Petro vann i juni 2022. I Brasil vart det også skifte i fjor. Der tapte fascisten Bolsonaro, rett nok hårfint, men for eit populært «come back» av den tidlegare president, sosialdemokraten Luiz Inácio Lula da Silva. (Digresjon: Som Trump prøvde på i januar 2021, prøvde den politiske kjærasten hans, Bolsonaro på det same i januar 2023; å få tilhengjarane sine til å storme nasjonalforsamlingane. Resultat: vandalisme, ekstremisme og tragikomedie!)

Vala av Gabriel Boric i Chile og Xiomara Castro i Honduras mot slutten av 2021 er og venstresideval. Kan dette og meir visa ei ny og stabil venstrebølgje i Latin-Amerika?

11. september i år er det 50 år sidan statskuppet i 1973 mot sosialisten Salvador Allende i Chile, som sjokkerte og engasjerte ei hel verd. Gjennomført med solid hjelp av USA og CIA. Og, det er mange fleire brutale overgrep på demokratisk valte system og leiarar. Som; kuppet på den vesle øya Grenada i 1983, påskekuppet mot Hugo Chavez i 2002 (som mislukkast), dei parlamentariske kuppa av dei folkevalde presidentane i Honduras i 2009 (Manuel Zelaya), Paraguay i 2012 (Fernando Lugo), Bolivia i 2019 og Peru i 2022.

Støtt det latinamerikanske folk sin kamp for at slike ting aldri skal hende på nytt!

Støtt det latinamerikanske folk sin kamp for sosial og økonomisk rettferd, for kvinnekamp, for fridom frå imperialisme, for fred!

«Eit samla folk let seg aldri slå – El pueblo unido jamás será vencido»

«Hasta la victoria siempre!»

Ivar Tveito Jørdre

GOD 1. MAI, ALLE SAMAN!

Hvorfor vi markerer 1. mai

1. mai i Oslo 1947. Foto: Leif Ørnelnd / Oslo museum / CC BY-SA 4.0.

Arbeidernes internasjonale kampdag ble opprinnelig innført for å minnes Haymarketopptøyene i Chicago i 1886. Streikende arbeidere demonstrerte for 8 timers arbeidsdag på Haymarket-torget i Chicago da noen kastet en bombe mot demonstrasjonen. I kaoset som fulgte ble en rekke arbeidere og politimenn drept.

Det var den internasjonale sosialistkongressen i Amsterdam i 1904 som innstiftet 1. mai som arbeidernes internasjonale kampdag. En erklæring fra kongressen ba «alle sosialdemokratiske partiorganisasjoner og fagforeninger i alle land å demonstrere energisk 1. mai for innføringen av åttetimersdagen, for arbeiderklassens krav og for universell fred». I dag markeres 1. mai i de fleste land verden over.

HISTORISK: I Norge har 1. mai vært markert siden 1890. Dette bildet er fra Youngstorget i 1908. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

I Norge er 1. mai offentlig høytidsdag og offisiell flaggdag. Siden 1947 har dagen vært anerkjent som bevegelig helligdag. Her til lands har det tradisjonelt vært samorganisasjonene, eller lokale avdelinger av LO, som har vært hovedarrangør av 1. mai-arrangementene.

Internasjonalen

Internasjonalen er en av de mest kjente sangene innen arbeiderbevegelsen, og blir sunget verden over. Den franske originalteksten, L’Internationale, ble skrevet av franskmannen Eugene Pottier i 1871. Den melodien vi kjenner i dag ble skrevet av Pierre Degeyter i 1888. Internasjonalen har blitt oversatt til de fleste språk, og den norske oversettelsen ble gjort av Olav Kringen i 1904.

Er du redd for å synge surt? Fortvil ikke! Her kan du øve deg med både tekst og og melodi:

Sangtekst

Opp, alle jordens bundne treller,

opp, I som sulten knuget har.

Nå drønner det av rettens velde

til siste kamp der gjøres klar.

Alt det gamle vi med jorden jevner,

opp slaver nå til frihet frem.

Vi intet var , men alt nå evner

til rydning for vårt samfunns hjem.

Ref:

Så samles vi på valen,

seiren vet vi at vi får

og Internasjonalen skal

få sin folkevår!

Så samles vi på valen,

seiren vet vi at vi får

og Internasjonalen skal

få sin folkevår!

Art. henta frå raudt.no

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Fagrørsle og kamp, Kvinne- og jentekamp, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to 1. mai – Kampdagen for verdas arbeidarar!

  1. Thorleif Berthelsen seier:

    Gratulerer med dagen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.