
Arbeidarklassen, oljemåleri (60×70 cm), 2010, Ivar Tveito Jørdre
Arbeidaren
Arbeidaren hevar sine armar
i fortviling opp mot grå-svart sky
Ho ser sine røter no rivast sund
Men tenkjer: Kjemp, kjemp, på ny!
——————————–
Til kamp med arbeidarstolte rop
hevar ho og dei andre si røyst
Krev dine rettar og stolt er det folk
som kjem over den allmenne trøyst
———————————-
Lenge har kapitalen halde oss nede
Det er nok no, me vil ikkje leva som trell
Frå brunsvidde marker me reiser oss opp
Vidare menneske, vidare, heilt til makta fell
————————————
Mot eliten sitt tomme rom, jallar me ut:
Søster og bror står saman i legselens vår
Me vil drive dykk grådige frå skanse til stup
Lat oss stå skansen ut, til fridom me får
————————————-
Frå universet sin store sal jagar me resolutt ut:
Desse griske fargelause økonomiske gribbar
Me driv til vanvit deira huglause pengeskallar
Tida er no tragisk kort, før dei oss Jorda ribbar
—————————————
Men, denne traurige pandemi av finans og gull
skal drivast ut frå deira vernande mørke bol
På endelause sletter av fridom, der fuglen er fri
kan atter dei dunkle skuggar sløkjast med vår «sol»!
Ivar Tveito Jørdre
(Først publisert i avisa Hordaland, 6. desember 2022)
Rudolf Nilsen av i dag?:-)