Novelle – Den andre verda – Historiar frå planeten Proxima b

Den gode planeten – Del 2

Om problema på planeten Mars som førte oss til Proxima b.

«And in truth, the only ship there is, is the ship we are all on, burning the world as we go.”uttalt av Mary Oliver. Ho var ein usansk poet, og levde 1935-2019 (Tellustid). Kva meinte ho med denne uttalinga? Var det mynta på den tida ho levde i med dei enorme klimatiske problema menneska på Tellus då hadde? Eller var det profeti på alle dei konfliktar, pandemiar og «Den store krigen», som då var i emning i hundreåret etter? Truleg begge delar. Menneska var i byrjinga av å utslette seg sjølve (utan å skjøne det på det tidspunkt), om ikkje noko «revolusjonerande» var i ferd med å hende. Men, som me alle veit no her på Proxima b så «brente dei verda mens dei gjekk». Berre nokre få millionar levde på Tellus etter mange tiår med krig og pandemiar. I tillegg kom dei menneskeskapte klimaendringane. Midt oppe i alt dette reiste ei gruppe menneske til Mars, med einvegsbillett! Desse tankane kjem til meg no, når eg skal fortelje meir om kva som hende på Mars. I førkant av at eit stjerneskip tok med seg ein del av folket som budde på Mars til vår livgjevande planet Proxima b. Som eg skreiv i byrjinga av del 1 så skulle eg kome attende til kva som hende på Mars: Det er som eg nemde lite vatn på Mars og all mat grunna veldig tynn atmosfære (av karbondioksid, små mengder nitrogen og nokre andre gassar) måtte dyrkast i drivhus. Mange var enorme drivhus, fleire mil lange og mange kilometer breie strekte dei seg utover den golde raude Marssanden. Ei stor utfordring var taka på desse drivhusa. Me måtte lage enorme berekonstruksjonar som skulle tåle alle dei valdsame sandstormane Mars er full av. Tidt og ofte kom dei. Difor hende det utallege gonger at stormane raserte drivhuskonstruksjonane. Gong etter gong vart dei bygd opp att, for så å verte tekne av sandstormar att neste gong dei raste i full styrke. Sjølvsagt var ikkje alle stormar like valdsame og drivhusa tålte dei, men på eit tidspunkt hugsar eg det var så mange store sandstormar etter kvarandre at det vart hungersnaud lenge. Folk svalt og mange døydde. Som kjent, naud skapar konflikt og naud skapar grådigskap. Nokon få karrar til seg mykje, mange får ingenting. Krigen vart eit faktum.

Det var ikkje berre denne mat- og dyrkingskatastrofen som vår årsak til «Marskrigen», sjølv om han var den utløysande faktoren. I lengre tid hadde det vore misnøye med dei som styrte koloniane på Mars. Dei vart klaga på for vanstyre, korrupsjon og nepotisme. Kjende klagemål på Jorda som dei kom frå. Ironisk nok vart dei ikkje kvitt desse typiske og dårlege menneskelege trekka, sjølv om dei hadde reist til Mars. Nei, det er nok ikkje slik at ein reiser frå elendig tankegods og får eit nytt godt eitt berre ein reiser til ein ny stad. Denne misnøya tiltok i styrke over fleire år og fredelege protestar utvikla seg til væpna gjengar og til slutt milits. Diverre hadde menneska teke med seg våpenkunnskapen og teknologien til Mars. Der produserte etterkvart eit kartell dei våpna som ordensmakta som var eit slags politi, trengte. Våpenlager vart robba, våpna vart spreidde til gjengane og det heile skrudde seg til for ei valdeleg konflikt. Det vart etterkvart ei stygg konflikt dette. Med openlyse drap, arrestasjonar og likvideringar, både frå ordensmakta og gjengane. Til det utvikla seg til regelrett krig mellom politiet og militsane som då hadde organisert seg. Mange vart drepne og skadde på begge sider og noko våpenkvile kunne ein sjå langt etter. Det er absurd å tenkje på i ettertid at mange av kampane føregjekk med dei kjempande i surstoffdrakter på den raudbrune Marssanden. Der gjekk det føre seg så sanden for om dei. Var ein ekstra «kløktig» om ein kom i nærkamp og fekk ei rift i eller øydelagt surstoffdrakta til motparten så var det ein fæl død for vedkommande. I ei tynn atmosfære, innehaldane karbondioksid og andre utålelege gassar. Militære køyrety var det få av på planeten, berre nokre titals fordelt rundt i politiområda. Men, dei vart for øydelagde, anten med sprenging eller at dei stogga å ga sjølve. Sanden tok ofte knekken på dei. Då vart det att «berre» kampar person mot person, utandørs, i dei underjordiske bu- og produksjonskvartera og rundt og i dei små og store drivhusa (som for det meste var øydelagde av sandstormar, likevel). Til slutt var det ikkje så mange att som kunne kjempe i denne 5-årige krigen. Massevis av folk var då drepne og skadde. Om ein ser på folketalet på Mars i denne tida så vert det rekna til omlag 229 000 i dei 12 ulike koloniane som var grunnlagde då krigen braut ut. Etter krigen var omlag halvparten drepne og skadde. Mange døydde etter ei tid av skadene sine også. Dei «marsiske» små samfunna hadde nærast alle brote saman, sosialt og økonomisk, og naud, svolt og fattigdom var rådande. Den tildels lysande framtida for menneska på Mars var i verste fall over, i beste fall som nokre små «ljosglimt» hjå dei overlevande, som måtte byrje frå grunnen av bokstavleg tala, skulle dei klare seg.

Mot slutten av Marskrigen fekk ein på Mars forståinga av at ei gruppe menneske måtte kome seg vidare ut i verdsrommet for å finne ein eigna planet der ein kunne byrje på nytt. Endå eit framstøyt for ein redningsaksjon for menneslekta, eller? Me hadde i alle fall lenge høyrt om eit solsystem 4,2 ljosår unna, der ein planet ved namn Proxima gjekk rundt den vesle stjerna Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri. Føljesvennen min Silje og eg var så heldige å få vera med i denne første gruppa som reiste med stjerneskipet «Starstruck» på den lange ferda mot vår nye heim.

Skulle ein ha reist frå Mars til Proxima b med berre 10 prosent av ljoshastigheita, ville turen ha teke om lag 40 jordår. 20 år med 20 prosent og så bortetter. Det var berre det at teknologien på Gaia ikkje var komen på nær langt nok at det i det heile teke var tale om slikt. Så kor lang tid tok vår tur? Det skal eg fortelje. Ny teknologi utvikla på Mars og ikkje tidlegare på Gaia gjorde at me kom mykje lenger enn generasjonen før, og ikkje berre det, me utvikla ny type romfarkost også. Den var snedig konstruert, smal som ei synål og lang som eit «godt år». Det vil seie..omlag 1000 meter lang og berre 55 meter på det breiaste. Me var vel 1000 personar som reiste på denne første og siste turen (som eg veit om) frå Mars til vårt solsystem, det hende i år 2236, to år før krigen slutta. Eg var 76 år då, Silje var også 76 år. Me kjende oss bra i form den gongen, men var forskrekka og lei denne fæle krigen som herja. Me ville kome oss vekk fortast råd, men viste ingenting før rykta om dette nye kosmiske interstellare «vidunder» florerte på Marsnettet. Gjennom ei dels hemmeleg dels open infokampanje om reiseplanar til denne for oss, heilt ukjende planeten Proxima b..fekk me nyss i dette «galskapen sitt prosjekt (vil vel nokon hevde). Men, slik var det ikkje for oss som ville vekk frå den tragiske nerast utslettinga som gjekk føre seg på Mars.

Det er mange måtar menneska har tenkt seg å reise i enorme avstandar i rommet på. Både forskarar og andre «drøymarar» har gjort det. Det er vel nokon av dykk som har høyrt om «ormehol», eller «parallelle univers» (Multivers). Ormehol er der ein førestiller seg at ein kan fare gjennom eit «hol» (ein slags tunnel som bind saman tid og rom) til ein annan stad i Universet, raskare enn ljoset. Parallelle univers eller multivers er teorien om Multivers eller metaunivers som er eit hypotetisk utval av uendeleg eller endeleg moglege univers som saman utgjer alt som eksisterar, og dei lover, rom, tid, masse og energien som forkårar desse. Dei ulike universa innan multiverset kallas parallelle univers eller alternative univers. Men, ingen veit korleis å flytte seg mellom desse. Heller ikkje desse ormehola hjelpe oss særskilt, dei vert rekna for å vera veldig små i tillegg. Så me måtte lite på den romfartsteknologien som var utvikla på den tida. Og den var komen ganske langt faktisk, samanlikna med tida på Tellus i alle fall. Langt nok til at me kom ned i nesten halvparten av ljoshastigheita og dermed kom me oss fram på 9 år. Tellusår altså! Fantastisk ikkje sant?

Å leva i eit romskip i 9 år saman med 1000 andre menneske, er ikkje spøk. Absolutt ikkje! Sjølv om romskipet er vel 1 km lang og 55 m brei så skal det inndelast godt slik at kvart individ får nokolunde romsleg eigen del. Romskipet var delt inn i små leilegheiter til familiar, «hyblar» til einslege, men med store fellesareal som parkar, handlegate for mat og klede, skuleområde, kinorom, miniuniversitet, små helsestasjonar, m.m. og det aller viktigaste, produksjonslokalar for dei tinga ein treng. i desse lange 9 år. På ei slik lang reise døydde no også nokon av oss og nokon nye verdsborgarar eller «proximittar» som me kallar dei, vart fødde. Dei 159 som døydde av ulike årsaker vart kremert i det vesle krematoriet. 169 fødslar hadde me på ferda og dei nyfødde vart teke vare på i små fødestover som var plassert på ulike stader i romskipet. Det var lagt opp til at desse «stovene» var plassert i nærleiken der folk hadde husvære. På denne måten prøvde me å lage til små samfunn der andre fasilitetar også skulle fungera der. I medisinen var ein no komen så langt at det fanns medikament som kunne få eit menneske til å sove i 9 dagar i strekk. Slik at halvparten av oss alltid sov. Dette korta då ned den «våkne» reisetida med omlag halvparten til 4,5 år. Lenge nok det også naturlegvis, men overkommeleg, teke i høve det at me visste at Proxima b låg der borte i banen sin og venta på oss. Det i seg sjølv er ei stor vitamina av det sjeldne.

Så kva inneheld livet i desse 9 år overfarten tok, sett bort frå att me til saman «sov» halvparten av tida? Sov i den vanlege tydinga gjorde me ikkje. Det var ei form for dvale, der alle organ var i «drift», og med intravenøs næring som «drivstoff» for kroppen. Alle hadde fenge operert inn ein veneport før turen. Me kunne då sjølve koble på slangen, ta «dvalemedisinen» og legge oss i kuvøsa, som me kalla denne ekstrasenga for. Elles sov me no på vanleg vis i vanlege senger den andre halvparten av reisetida. For at døgnrytmen skulle vera noko likt den me var vane med frå Mars, var det laga til eit ljossystem som tilsvara nokolunde døgnvariasjonen og årstidsvariasjonen på Mars. Ein må hugse på her at me som då budde på Mars aldri har kjent til dei jordlege variasjonane på Tellus. Men, mykje av årtids- og døgnrytmene er veldig lik Tellus sine: Eit døgn på Mars varer 24,6 timer, ikkje ulikt eit døgn på Tellus som er 23,9 timer.. Eit Mars-døgn kallas sol, som er en forkorting for «solar day» (soldøgn). Mars brukar 687 tellusdøgn (669,6 sol) rundt Sola (siderisk omløpstid), mens Tellus si er som kjent 365 døgn. Mars sin rotasjonsakse heller 25 grader i høve til planeten sitt baneplan. Dette er nesten heilt likt med Tellus, som har ein aksehelling på 23,4 grader. Dette gjer at Mars har årstidsvariasjonar på samme måte som Tellus. Dei fire årstidene er ikkje like lange på grunn av Mars si elliptiske bane rundt Sola.

Nok om desse teknikalitetane no. Me fekk i alle fall «døgeret» til å fungera ganske greitt. Tenk det! På ei «synål» av eit enormt romskip «fykande» gjennom rommet i halvparten av ljoshastigheita. Snakka meg om! No skal eg i staden for meir «himmelfart» fortelje om det storslagne møtet med «planeten vår», sett først frå romskipet. Det måtte i lang tid kome sterkt ned i fart, for i det heile teke vera klar til å kome inn i bane rundt Proxima b, og ikkje risikera å «bomme» og fyke vidare ut i det evige..rom..då hadde me alle fare utover i gallaksane i evigheita sitt vanvittige rom. Heldigvis enda det ikkje slik.

Når me nærma oss dette litt merkelege, men vakre triple stjernesystemet, låg Proxima b fint opplyst i banen sin rundt dvergstjerna Proxima Centauri og med dei to andre stjernene som går rundt kvarandre i «bakgrunnen». Flottare syn enn dette kan eg ikkje tru eg har opplevd, kanskje sett bort frå då me gjekk inn i atmosfæra til planeten vår og fekk det fyrste inntrykk av overflata. Eit strålande vakkert syn. Men, samstundes litt skremmande. Kva var det som møtte oss der «nede»? Me viste at det budde skapningar der frå før, planeten sine urinnbyggjarar. Var dei venleg innstilte til oss eller ikkje? Me håpte det. Det viste seg seinare at det gjorde dei. Tok i mot oss nærast som gudeskapningar (heldigvis ikkje slik du kanskje trur, kjære lesar) og sidan har me levd godt med kvarandre der me «menneske» absolutt ikkje er over dei i noko som helst. Verken i sivilisasjonsbygging, teknologi eller sosial framferd. Snarare tvert om, noko eg kjem attende til.

Når me nærma oss det ytre lag av Proxima b sin atmosfære så måtte det ytre laget (panela) på romskipet magnetiserast og deionifeserast for å motverke planeten sine magnetiske krefter. I desse ytre lag av atmosfæren kunne me etterkvart kome inn i egna baneløp som romskipet skulle vera i mens mindre romfarkostar tok oss ned til overflata i fleire etappar.

Å sjå Proxima b der kula var halvvegs opplyst av stjerna si var eit utruleg syn. Eg kunne nesten ikkje tru det, me var der snart. Om litt var me komne ned med dei små romskipa og skulle finne ut korleis me skulle få til vår nye sivilisasjon. Me visste kvar me skulle lande og byrje vårt nye tilvære. Det hadde lenge før reisa vår tok til naturlegvis vorte sendt fleire sjølvstyrte små romskip, såkalla «Romauger» frå Mars for å undersøkje dette stjernesystemet litt grundigare. Dette med kolonisering eller reise dit var i byrjinga berre tenkt som hypotetisk reisemål, om det viste seg at nokon av planetane der kunne vera buande. Når det viste seg å vera tilfelle etter den dataen desse romaugene sende attende så vart det ei byrjande interesse blant forskarar og astronomar først, men etterkvart fatta også andre grupper i marssamfunnet interesse. Det gjekk likevel fleire år inn i krigen før nokon byrja å mobilisera folk til ei «romferd til stjernesystemet Alfa Centauri og planeten Proxima b i stjernebiletet Centaurus, dette er ei einvegsferd med mål om busetjing for alltid», som det stod i infobrosjyra som kom i omlaup ganske fort. Marskrigens brutalitet og med kjempehøge tapstal, endra alt. Det var om å gjera å kome seg vekk, no når det viste seg at det var ein leveleg planet å reise til også. For dei som var heldige og vart utvalt vel å merke. Me (eg og Silje) håpa på at me var nok kvalifiserte til denne reisa. Det var viktig med ei god samansetning blant dei 1000 som til slutt kom med. Alder, kjøn, personlegdom, arbeidskunnskap og interesser og mykje anna som me måtte svare på i søknadsskjemaet. Etter mange veker var spenninga høg og krigen vart stadig verre. Endeleg kom svaret, me hadde kome gjennom og det var ikkje til å fatte, me skulle til ein annan planet kjempelagt borte for så å aldri vende attende til der me kom frå. Litt av tanke det var!

Proxima b er ein raudbrun planet med litt i skvetta blått somme stader. Landplaneten vert han kalla og dominerast av svære sletter og kjempelange og breie «kenyons», bergkløfter. Svære og djupe juv som elvar har grave ut gjennom 100 vis av millionar år. Det er vert her å nemne at planeten vår er omlag 6 milliardar år og at det truleg har vore endå meir vatn for 2-3 millialdar år sidan og at ein del av dette vatnet som har «skåre» ut desse bergkløftene ved eit vist tidspunkt har fordampa i ein periode fr omlag 1 milliard år sidan. Dette som eit resultat av ein periode på omlag 100 millionar år sidan, grunna at stjerna vår den gongen var uvanleg nær Proxima b som i neste omgong var gravitasjonsmessig påvirka av dei to andre stjernene i systemet. I alle fall er dette noko geologar lenge har hevda er årsaka til at planeten vår no er meir ein «landplanet» enn «vassplanet». I tillegg til dette er det ikkje meir nokre store fjellkjeder og platå som er lokalisert i den mediterane sonen på planeten. Me bur t.d. i nærleiken av det største platået Mons Eternitas, 5, 3 mil høgt og 30 mil lang, 12 mil på det breiaste, Den absolutt lengste bergkløfta eller kenyon om ei vil, som ein kjenner til på planetar, er på 8000 km og er dobbel i storleik som den på Mars. Valles Marineris er ei 4000 km lang kløft på Mars» overflate. Den er i gjennomsnitt hundre km brei og opptil seks km djup. Den som er på vår planet, heiter Valles Ecuatorius og ligg langt unna oss, omlag 3000 km frå Mons Eternitas. Noko av dette som me då for 50 år* sidan ikkje kunne ane det storslagne ved, såg me tydeleg når me kom nærare planeten sin atmosfære. Når me gjekk i bane rundt planeten fekk me sjå alt dette og meir til som i ein slags stor teaterillustrasjon, berre i gigantstorleik. Dette synet opplever me aldri meir, men brent inn i minnet er det. Etter dei vel 100 turane ned til overflata frå romskipet var alle vel 1000 rompassasjerar trygt plassert i mellombels husvære. Etter at romskipet «Starstruck» var tømt for folk og ting vart det forlate der oppe i banen sin. Og sidan har det vore der svevande som ei lang synål på himmelen. Ein kan sjå det passera oss rundt midt på dagen i klårvær. Men, best kan det sjåast rundt Ekvator, 3-4000 km unna oss. Dei få menneska som bur der kallar romskipet, grunna den lange og tynne forma det har, for «den svarte pil av vemod». Dette har dei frå urinnbyggjarar som det bur flest av der. Dei kallar denne «rare fuglen» for «gudepila som svevar».

Artist’s impression of the exoplanet Proxima Centauri b shown as of a arid (but not completely water-free) rocky Super-Earth. This appearance is one of several possible outcomes of current theories regarding the development of this exoplanet, while the actual look and structure of the planet is known in no ways at this time. Proxima Centauri b is the closest exoplanet to the Sun and also the closest potentially habitable exoplanet as well. It orbits Proxima Centauri, a red dwarf with a surface temperature of 3040 K (thus hotter than light bulbs and therefore whiter, as depicted here). The Alpha Centauri binary system is shown in the background. Source: CC BY 4.0

This artist’s impression shows a view of the surface of the planet Proxima b orbiting the red dwarf star Proxima Centauri, the closest star to the Solar System. The double star Alpha Centauri AB also appears in the image to the upper-right of Proxima itself. Proxima b is a little more massive than the Earth and orbits in the habitable zone around Proxima Centauri, where the temperature is suitable for liquid water to exist on its surface. Source: CC BY 4.0

*I Tellusåret 2295 etter år 1, er proximitten Ravi 135 år = fødd i år 2160

Me har budd 50 år på Proxima b, me kom i år 2245, reist frå Mars i år 2236 (krigen tok slutt 2238), reisa tok 9 år..

Skreve ned på ære og samvit, Proximitt «Ravi 999999», Proxima b, 6. stjernerunde rundt Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri, Tellusåret 2296 etter år 1.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Art & Science, Universet og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.