Kronikk: Ein militaristisk elite

Ein militaristisk elite

Av Ivar Jørdre

2. FEBRUAR 2022

UKRAINA: Kva er konsekvensane av USA- og NATO-ekspansjon austover i Europa?

Det er ein kjensgjerning at mange i Noreg antan ikkje veit nok eller ikkje er interessert i fenomenet NATO. Heller ikkje veit me nok om Vesten og USA sine mange provokasjonar mot Russland. Medan spenninga i Ukraina og Europa er på bristepunktet, må nokon ta til vitet og snakke dialog og avspenning. Intense møter mellom Russland, USA, NATO og OSSE (Org. for sikkerheit og samarbeid i Europa) går føre seg, men få framsteg til no. Difor er det viktig sett ut frå eit nedrustnings-, avspennings- miljø- og økonomisk perspektiv å heile tida drive informasjonen og motstanden mot militarismen framover. Når ein høyrer generalsekretæren i NATO, NATO-politikarar og andre stadig hevde at nettopp NATO er fredsskapande og er viktig for såkalla stabilitet i verda, ja, då bør ein stoppe opp og spørje nokre viktige ting:

Kven vil at me skal tru dette? Kva er interessene bak?

Dei som vil dette er m.a. det militær-industrielle kompleks der store økonomiske interesser er det sentrale i sameining med styresmakter. Kvifor? Fordi den kapitalistiske vestlege verda vil ha verdshegemoniet intakt. Store imperialistmakter konkurrerar om dette hegemoniet. Difor vert Russland no og elles Kina trekt fram som hovudtrugsmål. Slik oppretthaldast og styrkast eit fiendebilete der t.d. Kina ikkje må verte makt nummer 1 i verda, men trengs å haldast nede. Diverre er våre store media med på dette spelet og er med på å tåkelegge eller forherleggjera, som når ein til dønmes ofte høyrer og leser om NATO-medlemskapet og «vår» trong for å forsvare oss mot «dei andre». Slik det er i høve Russland for tida.

NATO

Denne forherlinga av NATO melom anna av Nrk-redaksjonar er veldig typisk for vestleg media. Aldri nok gode kritiske spørsmål, alltid denne «kosepraten», eller denne uroa over «våre fiendar», ingen utfordrande spørsmål til NATO sin generalsekretær eller politikarar. Det er frustrerande å vera vitne til denne journalistiske «skuggeboksinga». Kva med dette: «Det er ein råten gamal løyndom. Men det er også ein av dei mest formidable nektingar hjå Den Atlantiske Alliansen (NATO): Atombomber er lagra– eit alvorlig brot på internasjonale lover – i Italia, Tyskland, Belgia, i Nederland og i Tyrkia.» Arms Control Association (USA) anslår at USA har om lag 100 atomvåpen utplassert i Europa.Kvifor dekkar ikkje norske media slikt?

Har utanriksministeren og den norske regjering informasjon om at Russland har utplassert atomvåpen utanfor eigne grenser i Europa? Meiner dei at USA ikkje har utplassert atomvåpen utanfor eigne landegrenser i Europa? Korleis og i kva for fora vil regjeringa bidra til at framlegget om at USA og Russland avstår frå å utplassera atomvåpen utanfor eigne landegrenser skal føre til atomnedrusting og avspenning? Kva meiner regjeringa om framlegget om at Russland og USA skal avstå frå store militærøvingar nær kvarandre sine grenser? Dette er spørsmål mange vil ha svar på.

Anniken Huitfeldt

Utanriksminister Anniken Huitfeldt svarte m.a. slik på Raudt sine spørsmål i januar: «Vi har ikke informasjon om at Russland har utplassert atomvåpen utenfor egne grenser i Europa. Det er imidlertid utplassert kortrekkende kjernevåpen i den europeiske delen av Russland, tett opp mot flere NATO-land. USA har utplassert atomvåpen i Europa som en del av NATOs ordning for atomvåpendeling (Nuclear Sharing). Ordningen inngår i alliansens kjernefysiske avskrekking, og baserer seg på våpen under amerikansk kontroll, samt fly og nødvendige støttefunksjoner fra enkelte europeiske allierte. Ordningen strekker seg tilbake til før Ikkespredningsavtalen (NPT) ble fremforhandlet, og er i full overensstemmelse med avtalen.»

Kva er konsekvensane av USA- og NATO-ekspansjon austover i Europa?

Det utanriksministeren (naturleg nok) ikkje kjem inn på er den massive deltakinga NATO har hatt i mange år og no trappar opp i land i Sentral- og Aust-Europa: Dei tre baltiske landa har mykje NATO-nærvær: NATO avviser Russlands krav om at alliansen må trekke sine styrkar og våpensystem ut av Romania og Bulgaria (ntb.no); Slovakia får ny forsvarsavtale med USA, i NATO-landet Albania legg USA ein ny regional base; Ukraina får mykje militært materiell frå USA for tida, osv. I tillegg kjem framlegg om nye sanksjonar mot Russland. Stormlaupet har kanskje byrja for alvor?

Territorialintegritet

Ikkje nok med dette. Mens den nye regjeringa i Tyskland vart til hausten 2021, truga NATO sin krigerske generalsekretær, Jens Stoltenberg, med å flytte atomvåpen aust for Tyskland om den nye regjeringa ikkje stod ved NATO sin atomvåpenavtale om amerikanske atomvåpen på tysk jord etter 2025. Slik talar ein ekte krigshauk!

Og dette skriv den tidligere amerikanske ambassadør til Tsjekkoslovakia og Sovjetunionen, Jack F. Matlock i Klassekampen 15. januar:«Russerne vil nok hevde at USA bare er opptatt av territorialintegritet når det tjener egne interesser. Men amerikanske myndigheter er kjent for å ignorere det når det passer dem, som da de sammen med sine NATO-allierte krenket Serbias territorialintegritet ved å opprette og så anerkjenne et uavhengig Kosovo.»

Den Washington-baserte organisasjonen National Security Archive har publisert eit stort tal dokument som visar at Sovjetunionen i 1990 vart gove fulle, munnlege garantiar om at NATO ikkje skulle ekspandera «en tomme østover», skriv Ola Tunander, professor emeritus ved Institutt for fredsforsking (Prio) i Klassekampen 20. januar. Han skriv vidare at: «Mange har i etterkant benektet at Sovjet ble gitt noen garantier overhodet og hevdet at disse skulle være noe kontroversielt. NATO-utvidelsen skulle derved være legitim, hvilket nå ligger til grunn for generalsekretær Stoltenbergs politikk overfor Russland. Men dokumentene fra denne tiden viser at alle de vestlige lederne ga Moskva slike garantier.» Sovjetunionen sin siste president, Mikhail Gorbatsjov, har mange gonger uttalt frustrasjon over Vesten sine løgner i dette.

Hanna Maliar

Og Ukraina meiner i dag at Vesten spreier unødig panikk. Landet sin viseforsvarsminister, Hanna Maliar om at USA meiner Russland står klar til å angripe: «Denne informasjonen er ikke sann. Slike ‘nyheter’ er psykologisk krigføring. Formålet er å spre panikk og frykt i samfunnet vårt.» President Zelenskyi er no i konflikt med president Biden (Klassekampen, 31. jan.).

Det såkalla «Nye nato» vil vera meir globalt retta. Som skal engasjera seg meir i strategiar mot Russland og Kina. Det skal vera den reiskapen som me skal tru på «må» verna verdas «demokrati» mot dei andre. Mot Russland, mot Kina. Kvar gong det er NATOs toppmøte i Brussel skal eit par tusen politifolk stenge av heile byen for å verne om ein militaristisk elite. Ein elite som gjer verda meir utrygg, og kanskje ein dag provoserar dei til krig også. Stopp denne galskapen før det er for seint!

Første gong publisert 2. feb. nytid.no

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Imperialisme, nedrustning, Politikk&Samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Responses to Kronikk: Ein militaristisk elite

  1. Elisabeth Holt seier:

    Lang, men innholdsrik og godt formulert 🎈 Bør legges ut, folk kan velge hva og hvor mye de vil lese –

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.