Ei lita historie om ei mor

Mor i Teaterparken i Bergen, sommaren 2014, foto Ivar Jørdre

23. januar 2022: Det er gebursdagen til mor i dag. Signy ville ha fylt 100 år. Mor døydde på Granvin Sjuke- og aldersheim, 12. april 2020. Sorga mi var stor og saknet mitt er stort enno og vil alltid vera det. Far min, Sjur, døydde 8. mai 2008. Saknet etter han er alltid hjå meg også og vil alltid vera det. Slik er livet, det tek slutt ei gong. Likevel, MINNENE er der, det gjeld å pleie og nære dei så godt ein kan med varme tankar. Minna ligg i «arkiva våre», ein tek dei fram når ein treng dei, dei ligg der som gullkorn i hugen!

I samband med at eg bloggar på nytt denne «minneposten» frå mai 2020, no på dagen hennar, vil eg sende solidariske og varme kjensler til alle dei som har mista sine kjære i Koronapandemien i Noreg og elles i verda. Mor mi døydde ein «naturleg død», men alle dei som ikkje gjorde det i dei siste to åra gjer meg uendeleg trist og forbanna. Sint først og fremst på grunn av det økonomiske globale systemet me lever i, som gjer det mogleg å spreie eit virus kloden rundt så raskt som det har gjort. Eg er redd verda «trampar» vidare i same økonomiske spor, etter pandemien. Eg håpar eg tek feil!

Trist fordi ein slik pandemi er klasserelatert (ikkje minst når det gjeld kven av fattige eller rike land som får vaksine først og mest). Viruset kjenner ikkje skilnad på rik og fattig, nei, men kven er det som døyr flest og åleine og utan hjelp til lindring eller redning? Svaret gjev vel seg sjølv.. Denne urettvisa veit eg mor ville ha kjent på også. Ho sa til meg mange gonger: «Da e fælt med denne uretten mange stader, du Ivar»!

Mor til minne!

Mor var ei lita kvinne av vekst, men ein utruleg sterk person. Med sterke meiningar, sterk vilje og sterk fysisk. Tenk alle dei åra mor har arbeidt, det er ikkje få. Alle dei timar ho har brukt på sauene, kyr, slått og i tillegg alt arbeid i heimen. Ikkje minst sauer, det var hennar liv. Ho kjende kvar einaste vaksen sau i flokken, og omlag kvart einaste lam også. Utruleg! Det var ikkje deling av arbeidet i huset i mine foreldre si tid, kanskje ikkje fullt ut i generasjonar etter heller, men ei endring har hendt no i seinare tid. Ein kan seie at ordet «likestilling» er eit omgrep dei før i tida ikkje hadde peiling på. Kjønnsrollene var fastlagt frå århundrar attende. I dette biletet var mor dobbelarbeidande. Mor var langt frå den einaste. Utan kvinnene stoppa landbruket!

Mor var fødd og vaks opp på staden Kjerland i Granvin, 23. januar 1922. Der sprang ho rundt i gardstuna med sine jamnaldrande veninner. I 12-14 års alderen flytta familien til garden Kollanes, rett over Granvinselva. Far til mor, Fredrik, var skreddar og bonde, og mora, Ingebjørg, var bonde. Den veldige interessa for sauer sa mor ofte kom frå mora. Mor var mykje med mor si i ung alder og tok seg av sauene. Under andre verdskrigen gjekk mor eit år på Fana Folkehøgskule. Eit år ho likte godt, fortalde ho. Det var eit slags «friår» i krigens tyngde. Rett etter krigen arbeidde mor nokre år i landhandel (matbutikk) i Grimo, Sørfjorden i Hardanger. Seinare arbeidde mor på Handelslaget på Eide i Granvin.

På 1950-talet trefte mor og far kvarandre og i følje kjelder skal far ha vitja mor mange gonger då ho arbeidde på Handelslaget, Han kom køyrande på motorsykkel. Så var det gjort! Dei gifte seg i 1958. Sommaren det året var det storgilde på garden Jørdre. Brudlaup tre dagar til ende!

Å flytte frå ein gard til ein annan i same bygda eller frå nabokommunar, spesielt for kvinnene, var regelen i dei dagar. Mannen var odelsguten om han enn var yngre enn ei syster. Difor var det kvinna som flytta mest. Om mor synes det var vel langt å flytte «heilt» frå nedre Granvin til øvre Granvin til garden Jørdre oppante Skjervet og Skjervsfossen, veit eg ikkje. Men, litt langt frå slekta si kan det ha vore i byrjinga, synes eg å hugse ho nemnte.

I alle fall vart det to gutar Signy og Sjur fekk. Eg kom til verda i 1960 og bror min i 1966. Me vaks opp på ei gard fullt ut med arbeid heile tida. Kyr og mjølkeproduksjon, kalvar, kviger og stutar. For ikkje å snakke om alle dei sauer og lam mor tok seg av. Dette var mor sitt univers, for ein innsats ho gjorde! Og all slåinga med lang- eller stuttorv, all rakinga og hesjinga, kort sagt omlag like mykje arbeid som far gjorde kvar morgon og kveld i fjøset og i sommarhalvåret. Ja, i tillegg til potet- og grønsakavling, bærplukking i fjellet so vel so heime. Like fullt måtte ho inn å lage til måltid kvar einaste dag og vaske klede og huset jamleg. Ja, kven skulle elles ha gjort det? Huldra? Nei, ho likte visst ikkje slikt!

Fridom, fri frå alt ansvar (nesten), var noko mor kjende til også, heldigvis. Fridom for mor var når ho kunne ga lange turar i fjellet, frå støl til støl so å seie. Ho såg etter dyra (sauer, kyr) naturlegvis, men desse turane hadde alt i seg: Naturen, stemninga, dyrelydar, bær, folk ho møtte for ein kort prat. Eg har ikkje talet på kor mange gonger mor fortalde kor fint og lettleg det var å ga i fjellet, kor fritt og avkoblande det var, kor fine matpausane var. «Det er godt for avkobling og humøret», sa mor. Mor var eit eineståande fjellmenneske! Ho gjekk den omlag ein time lange turen frå vår «heimestøl» Jørdretveit til «inste stølen» Skykjeset, so seint som då ho var 90 år. For ei dame!

Mor var sint på alt som hadde med urettvisa å gjera. Noko av det verste ho visste var når nokon (land, enkeltpersonar) tok seg til rette og det med vald attpåtil. Den tyske okkupasjonen sat i ho heile livet. Du, kor sint ho kunne høyrast når ho tala om det. Difor kunne ho lett identifisera seg med andre overgrep. Slik som den israelske okkupasjon av Palestina. Ei gong mor var med meg i Bergen var me på Torgallmenningen og Den blå steinen. Sommaren 2014 hadde Palestinakomiteen ei boikottkampanje, «La boblene briste», mot selskapet Soda Stream som hadde tilhald på okkupert palestinsk land. Ved Den blå steinen held mor ein av plakatane med teksten «Okkupasjon skal ikke lønne seg!». Dette fotoet saman med mange andre vart lagt ut på sosiale media som del av kampanjen. Moro no å tenkje på at mor var med på det. Aktivisten Signy!

Dei siste vel 8 år av sitt liv, tilbrakte mor tilværet først i Mælandshagen aldersbustader (Granvin sentrum) og dei siste 3 år på alders- og sjukeheimen. Stadig like åndsfrisk til det siste, og alltid med eit godt smil når ein kom på vitjing. Den stunda og mange andre er saknaleg no. Det er eit fundament av glede og kjærleik som er borte, minna er der, men dei kan ikkje ersette eit levande menneske. Dette sprudlande levande menneske, det var MOR!

Mor døydde stille og fredleg på Granvin Sjuke- og aldersheim, natt til 12. april.
Ho vart 98 år, 23. januar. Fred over mor sitt minne.

Ivar Jørdre

 

Mor, oljemåleri på lerret, 60 x 40 cm, 2015, Ivar Jørdre

———————————————

Ei lite sedla

Eit lite, men stort menneskje
er gjenge ut av tida no
Ut av livet, ut av verda

Men, ikkje ut av minna
Ikkje ut av røynsla
Ikkje ut av kjærleiken

Kjærleiken til ei lite sedla
er fasttømra i bankande hjarta
er hamra inn i hugen som gull

Minnene ligg i arkivskuffene mine
Dei hentast ut i ein morgonraud
av glede, av å ha kjent deg

Tårer av glede vert til stjernestøv
som glitrar i haustmørke av sorg
Men, våren kjem att, på ny og på ny
Og, der er du!

Ivar Jørdre
——————————————-

Stilt

Det er so stilt etter deg, mor
Det er so einsamt etter deg
Det er nesten som fuglane teier litt

Den saknalege latteren din, mor
Den saknalege gode røysta di
Det er som om universet kitlar litt

Står tida stille etter deg, mor?
Nei, tida går og går, det er sårt
Men, gleda om deg, gjer tårer godt
Dei ler i meg og deg, lenge, mor

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ei lita historie om ei mor

  1. Kjel Henrissbø seier:

    Har lese oppatt dikta dine. Sterke, vare og fine.
    Klem frå Kjell 💖

  2. ivarjordre seier:

    Takk for helsing, Kjell.
    Eg har fleire dikt som no snart kjem i ei diktbok om alt går etter planen, med teikningar til også.
    Ivar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.