Innlegg: Flyktningar, vår tidsalder og fridomen sin pris

Framtida på havet (The future at sea), olje_61x40cm, 2011, Ivar Jørdre.

Flyktningar, vår tidsalder og fridomen sin pris

Aldri før har den individbaserte «fridom» vore større, meinar liberalistane. Samstundes har dei globale krisene aldri vore større heller: miljøkrise, økonomikrise flykningkrise og pandemi. Midt oppe i dette er vår forståing av fridomsomgrepet sentral. Fridom vert universelt sett oppfatta som positivt, dei fleste vil ha det, men dei færraste definerar innhaldet i det. Heilt frå antikken, hjå grekarane og romarane (og før) til omlag vår tid har omgrepet «fridom» vore diskutert.

To hovudretningar gjer seg gjeldande: Den liberalistiske fridom. Definert som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. Ofte forbunde med den kapitalistiske marknaden sin “fridom” og den individuelle “fridom” til å velje sitt konsum. Denne liberalistiske ideologien har sitt opphav på tidleg 1800-tal, m.a. med filosofen Adam Smith.

Det andre fridomsomgrepet har sitt opphav i antikken og vidareført i m.a. den usanske (1776), franske (1789) og norske grunnlov (1814). I nyare tid har ein brukt omgrepet «republikanisme» (har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera!). Dette politiske fridomsomgrepet har m.a. i seg “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang”. Ein kan her legge til, fridom frå vilkårleg marknadsmakt og kjøpepress, fattigdom og krig. Dette krysspunktet mellom ulike innhald i «fridom» lyt me som menneske forhalde oss til, også i krisetider som vår. Me ser gradvis forverring av mange sider av flykningsituasjonen. Folk som rømer frå noko så alvorleg og uhaldbart som krig, svolt og fattigdom. Kontrasten er stor  til «vår fridom».

Innan EU er den kapitalistiske fridomen dei «fire friheiter»: Fri flyt av varer, kapital, tenester og menneske. Men, skal nokon inn i dette Schengen-området (EUs ytre grensekontroll og felles visumreglar, Wikipedia) og med Dublin-forordninga (reglar for asylsøknadar i EU-land, Wikipedia), vert saka straks annleis. Då er krava harde og utvelginga av folk som får kome inn urettvise. Dette «EU-regimet» fekk framover seinsommaren 2015 sin største utfordring nokon gong. Den sommaren og hausten kom det først omlag 350 000 menneske, så over millionen til kontinentet frå land som Afghanistan, Eritrea, Iraq og Syria. Tusenvis av medmenneske bankar framleis på «vår dør» no i 2021. Lat oss hugse litt på dette også i vår travle og noko oppspilte jolestemning. Ein del færre gåver til oss sjølve og meir støtte til flykningarbeidet er jole- og nyårsynskjet!

I 2020/21 er stemninga i Europa endra sidan 2015. Ingen vil ha flyktningar  lenger. Grensene vaktast meir og meir. Dei mange redningsbåtar i Middelhavet er vekke, berre få att. I 2021 har titusenvis av menneske forsøkt å krysse det sentrale Middelhavet, og minst 1236 har mista livet. Flyktningar «fanga opp» av libysk kystvakt vert tvangsreturnert til forferdelege inhumane tilhøve i Libya (leger uten grenser). I austleg middelhav har Hellas sine store problem med flykningeleirar på greske øyar. Her vert flykningar ofte verande i åresvis, dei kjem seg ingen stader. Kva for liv er alt dette for våre medmenneske? Er dette den fridomen Europa og me vil stå for og vera stolt av?

Ivar Jørdre, kunstnar og politisk aktivist

Fyrste gong publisert i avisa Hordaland, 28. des. 2021

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Innlegg: Flyktningar, vår tidsalder og fridomen sin pris

  1. RALF STAHLKE seier:

    Godt innlegg, som vanlig. Sender separat svar senere

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.