Nyliberalismen: Marknaden er Guden, menneska er undersåttane og forbrukarane

JOLEHANDEL: – Synest mange nok av oss at dette store forbruket ikkje er berekraftig? spør Ivar Jørdre om forbruk og jolehandel. Biletet er frå arkivet frå «black friday» i 2017. FOTO: Ingvild Siglen Berger
JOLEHANDEL: – SYNEST MANGE NOK AV OSS AT DETTE STORE FORBRUKET IKKJE ER BEREKRAFTIG? SPØR IVAR JØRDRE OM FORBRUK OG JOLEHANDEL. BILETET ER FRÅ ARKIVET FRÅ «BLACK FRIDAY» I 2017. FOTO: INGVILD SIGLEN BERGER

Framandgjeringa frå oss som menneske er til å gni seg i hendene av, hjå kremmarane, kapitalistane. Kvart år håpar arbeidsgjevarar (skulle heitt tankeranarar) som organisasjonen Virke på helst dobling av jolehandelen sine milliardar. I år håpar dei på om lag 122 milliardar (12 000 kroner på kvar av oss) i omsetnad på mat og gåver, syner ei undersøking Virke har gjort. 12 prosent opp frå 2019, noko ned frå 2020 med 3 prosent. 5000 kroner på mat og 7000 kroner på gåver ifylgje Virke. Den fysiske gåva er viktigast framleis, 23 prosent vil handla det, 19 prosent av dei unge vil kjøpa meir opplevingar enn før. 29 prosent av dei unge vil undersøkja om det dei handlar er berekraftig, medan berre 13 prosent av dei over 30 vil det. Fysiske butikkar er framleis mest brukt, men netthandelen aukar stadig. Synest mange nok av oss at dette store forbruket ikkje er berekraftig?
Det er nok konsum no hevdar stadig fleire, men ser me det i praksis? Skal me nå klima- og naturmåla må me ned i forbruk så det monar. Økonomisk utjamning mellom folk går galne vegen også. Me må rett og slett snu haldningane våre og politikarane sine! Gjer mange av oss dette? Nei! Jolehandelen som døme er eit armageddon av forbruk som ikkje står i stil med klima- og naturkrisa i det heile.
Det er vel kjent at den delen som lever under fattigdomsgrensa i Noreg har auka dei siste åra. Dette er eit symptom på kvart eit kapitalistisk samfunn der frisleppet av økonomien tek makta over utjamninga av økonomien. Dei superrike vert færre i tal og endå meir superrike, den neste rike klassen vert også rikare, avstanden til mesteparten av mellomklassen vert større og dei umidla lågaste vert endå fattigare og dei aukar i tal. Landsgjennomsnittet er høgt, og det er sjølvsagt heilt uakseptabelt. Kvar og ein av dei umidla er ein for mykje, mange av dei er born utan skuld i det sjølv.
I velståande Noreg, med Høgre sitt slagord «muligheter for alle», ville dei gje fleire hundretusen kroner i skattelette til alle som har ei bruttoinntekt på over 10 millionar kroner. Kor mykje av den uretten vil den nye regjeringa rette opp? At mange i Noreg vert fødde inn i gode moglegheiter er sant, men at det gjeld alle er ei myte. Ei farleg myte! Dessutan eit ideal som er heilt bakvendt i høve til politikken som vert ført, nasjonalt og lokalt. Dette må det ei gong for alle rettast opp i. Berre tenk på dei «fine orda» som vart sagt av styresmaktene ved dei «blå-svarte», og dei «rosa-grøne» før dei.
Sjølve testen på eit godt samfunn er om det tek vare på alle rettvist og ikkje gjev «friske» og rike store udemokratiske økonomiske fordelar. Her kan ein sjå ting i perspektiv: Den rikaste prosenten i verda kontrollerer 50 prosent av alle ressursar (nrk.no). Dei 10 prosent rikaste i Noreg eig 70 prosent av all finanskapital (Aftenposten.no). Det er ei drastisk auke frå 1980, då eigde dei 49 prosent. På 1980-talet tente dei 400 rikaste i Noreg i snitt 26 årsløner. På 2000-talet tente den same gruppa 178 årsløner. I Noreg har talet barn under fattigdomsgrensa dobla seg dei ti siste åra. Skilnadane har gjennom ein gullalder for dei rikaste auka til same nivå som på 1930-talet.
Er det eit slikt samfunn me skal vera stolte av? Og kva med forbruket til oss andre, vil me kjøpa mindre?

Ivar Tveito Jørdre
lagsleiar Raudt Bergen Vest

Publisert første gong i avisa Hordaland, laurdag 13. november 2021

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Noreg - Norway, Politikk&Samfunn, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Nyliberalismen: Marknaden er Guden, menneska er undersåttane og forbrukarane

  1. Roger seier:

    Ivar
    Hvorfor er det slik ? og hvorfor er det så gammeldags?
    Kanskje blir dette dem første julen der hele familien tenker nytt og minimaliserer forbruket ?
    Dette innlegget kan kanskje minimalisres litt og sendes alle aviser i Norge.

    Sentralt er å redusere den nødvendige arbeidsdagen for alle og også lønnen til de rike slik, at det blir lik lønn mellom menn og kvinner og nærmest lik lønn mellom rike og fattige.
    Uten en reduksjon av arbeidsdagen og en likeverdig lønn for alle, vil vi egentlig ikke endre noe vesentlig. Vi får heller ikke fram det fokus at vi også ønsker å arbeide fritt og utvikle mye for kommende generasjoner.
    Takk for godt innlegg Ivar-

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.