
Far ville ha vorte 100 år i dag, 6. november. Fødd og oppvaksen på Jørdre arbeidde han der heile sitt liv som gardbrukar. Ein arbeidsam kar som alltid stod på for å halde garden drivverdig og å drive han saman med mor, for å gje familien eit grunnlag for eit godt liv på Jørdre. Det var mange ting å gjera og far sa fleire gonger at han låg vaken om nettene av og til med tankar om kva som skulle prioriterast eller ikkje av alle dei gjeremåla han synes han aldri rakk heilt over. Slik var og slik er det nok framleis på ein mellomstor gard, der ein som bonde kan ha mange utmaningar i den daglege drifta. Noko av det far ofte var litt lei seg for var at han aldri heilt fekk tid til ei stor interesse han hadde heilt frå ungdomen. Det var trekkspelet. Diverre vart det lite speling for han opp gjennom åra, heilt til han på slutten av livet tok det fram av og til. Far var samfunnsinteressert og fylde godt med på politikken. Me hadde mang ei gong ganske så «oppheita» diskusjonar om politiske tema. Her fekk eg trena meg på argumentasjonar eg seinare har hatt god bruk for.
Diktet nedanfor vart skreve rett etter far døydde 8. mai 2008. Litt av ein dato også, for hans generasjon, sjølve frigjeringsdagen 1945! Fred vera med far sitt minne!
TIL FAR SITT MINNE (skreve i mai 2008)
Det står ein tom stol heime no
me fyller han med minner
Det står att ein tom kopp på kjøkenet no
me fyller han med minner
Eit langt liv er levd
mykje arbeid og slit har det krevd
Ei epoke av røynsler er over
Det gode med alt dette er;
at livet er stort,
at livet er mangfaldigt
Eit stort tomrom er det etter deg, far
Men me skal fylle det med gode minner
og varme kjensler
Ei anna reise har no byrja, far – god tur!
Kjære Ivar
Takk for at du delte det fine minneordet. Ja, Sjur minnes jeg med glede. Arbeidet sammen på Jørdre, gode kveldsstunder rundt kjøkkenbordet og en onkel som jeg hadde stor respekt for. Det var respekt, men også tillit og humør. Vi spøkte og lo, diskuterte og hadde det hyggelig. Takk Ivar for at du vekker disse gode minnene.
Mvh Anna og Torstein som også satte Sjur høyt