Innlegg: Klima- og naturkrisa, nokre tankar og håpet

Klima- og naturkrisa, nokre tankar og håpet

Klimagalgen, Olje,på lerret, 60×85 cm, 2021, Ivar Jørdre

Økosorg, naturdepresjon, økokjærleik, er omgrep blant fleire som vert brukt for tida for å illustrera kva folk, ofte unge, kjenner på når dei talar om den største utfordringa me og kloten står ovanfor akkurat no: Klima- og naturkrisa! Er me forbrukarar eller er me forvaltarar av resursane på jorda, er også spørsmål mange stiller seg. Desse problemstillingane er temmeleg aktuelle om ein tenkjer etter. T.d. i Noreg vert omlag 65 millionar kyllingar, 1,5 millionar griser, 1,2 millionar sauer og 300 000 storfe, drepne for våre ganar kvart år (Statistisk Sentralbyrå). Dette er mykje meir enn berre attende til det foreldra, for ikkje å snakke om beste/oldeforeldra våre gjorde og brukte. I dag er det ikkje bonden, men kapitalen og våre krav som driv dette storforbruket framover. Er dette forvaltning eller forbruk? Ganske viktige spørsmål dette, teke i høve kva klima- og naturkrisa kan gjera no og i framtida til komande generasjonar. Naturtap og artstap opplever me allereie no, og sokalla klimafrykt opplever mange. Tenk berre på dei millionar som alt no har mista hus og heim rundt omkring i verda grunna klimaendringar og ekstremver. Har me og våre politikarar stor nok forståing for dette eller ikkje?

Eit døme å tenkje over: Om realverdien av ei investering var på 1 krone i 1899, og skulle kaste av seg fram til vår tid på 2000-talet, t.d. 2006. Dette er gjort på same måte som det ei stortingsmelding (nr.24 frå 2006-7) fortel om ”Oljefondet” si avkastning. Ein kan då tenkje seg i staden, ei akkumulert avkastning med litt større tal for å prøve å gripe dette. Ein kapitalstorleik i 1899 på 1 million kroner med eit krav om ein realprofitt på 4 prosent vert 40 000 kroner. I 2006 har kapitalen vokse til 1 milliard med eit profittkrav på 40 millionar. Tenkjer ein seg framover mot år 2100, har kapitalen vokse til astronomiske 40 milliardar, profitten er då, framleis med eit krav på 4 prosent, kome opp i 1,6 milliardar. Går ein endå lenger fram i den mørke framtid har ein fenge kapitalen til å vekse til kosmiske dimensjonar og det som større er, til 2000 milliardar, då har dei som trur at pengar veks opp i himmelen og endå lenger, fenge 80 milliardar i profitt. Fantastisk ville dei sikkert tenkje, men utan ein einaste tanke på at denne bisarre vekstideologien ikkje er berekraftig på nokon som helst måte, og at ein slik vekstfanatisme ikkje er mogeleg med dei resursar som jordkloten kan tilby. 


Denne kapitalen sin tvangsmessige ekspansjonskrav er, tydeleg nok, grunnen til dei siste tiders kriser, og som framover kan føre dyr og menneska til si endelikt. Eg håpar sjølvsagt ikkje det, til det er tross alt dyra, menneska og naturen for dyrebare, men likevel, det ligg i korta at slik kan me ikkje halde fram om me ikkje skal møte endelikta. Greitt, me forstår kva me er i ferd med å gjere, men kva er vårt svar?  Truleg for å møte livet sine utfordringar må menneska ha eit definert, gjennomtenkt og, om ein vil, ha eit profesjonelt tilhøve til å gjere det betre. Rett og slett løysa problem som er uhaldbare for ikkje berre seg og sine, men for heile menneskeslekta og naturen. Det må vera vår plikt som tenkande vesen å strekke oss etter endring, når det me har slumra oss gjennom altfor lenge, ikkje lenger virkar. Så enkelt, men likevel så vanskeleg, ser det ut til. Men kva er alternativa? Ein må kjempe mot åtaka retta mot folk sine levekår. Viktigare enn nokon gong, då åtaka mot folk sine tilkjempa rettar pågår for fullt. I kampen for endring må me studere kapitalismen sitt ”vesen” endå betre. Ikkje minst studera Marx og alternativ politisk økonomi. I lengda av dette lyt ein lære meir om korleis kapitalismen utfordrar jordkloten sine rammer, og korleis kapitalen verkar inn på miljøet og miljøpolitikken. Noko av det viktigaste framover er å engasjera folk i debatten om det etterkapitalistiske samfunn. Det må skapast ei stor rørsle for å få dette til, ei svær rørsle må til. Først då kunne folket verkeleg truge det eksisterande kapitalistiske system.

Det etterkapitalistiske samfunn: Ein kan t.d. samanlikne det med eit tog, som går på sine vel disponerte skinner og som stoppar på mange og ulike stasjonar for å hente nye menneske og idear. Toget vil fyllast opp av den nye etterkapitalistiske tid, med passasjerane som dei styrande, der togføraren skal styre toget etter folket si vilje. Ein reiser frå utgangsstasjonen der urett og undertrykking dominerer til ein ny stoppestad, det er ikkje endestasjonen bokstaveleg tala, men ein mellomstasjon på vegen mot eit meir rettvist samfunn, der rettferdig fordeling og fellesskap er interiøret. Der samlar ein seg om felles strategiar og utvikling. Ein reiser frå ein kapitalisme med sine stadige attendevendande krigar og kriser, ein hata situasjon, til ei verd der folk kan leve eit rikt liv med andre verdiar enn konkurranse, gjeld og utbytting. For ei verd det kan verte, tenkjer eg. Måtte menneska berre få det til. Det ligg i håpet som er i Pandora si krukke som er det me har att. Etter at Pandora frå den greske mytologi som hemn mot gudane som hadde forrådt ho, slepte ut all elende til menneska. Berre håpet vart att i krukka. Grip dette håpet no folkens og press vår nye regjering til i alle fall å få «Klima- og naturskuta» på ein litt betre veg, i første omgong.

Ivar Jørdre, kunstnar, bloggar og politisk aktivist

Innlegget vart først publisert i avisa Hordaland, 14. oktober 2021

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Klima, Noreg - Norway, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.