Bergens Tidende som ikkje ville ta innlegg frå Nei til EU!

28.9.2021 Kven har definisjonsmakt i diskusjonen om EU og EØS-avtalen? Ein polemikk mot Bergens Tidende

Eg skreiv eit lesarbrev som svar og kommentar på Kjetil Malkenes Hovland sin artikkel i BT, 19.9.21, Syv spørsmål og svar om høye strømpriser. Innlegget vart ikkje godteke, BT hevda at det ikkje passerte faktasjekken. Eg bad dei dokumentera konkret kva som ikkje var fakta i det eg skreiv. Dei svarte meg, men det konkrete i høve til fakta – ikkje fakta hoppa dei galant over. Dei meinte at det ikkje kunne førast bevis for at tilknyting til EUs energipakkar og ACER førte til høgare straumprisar. Me veit at dei som ønskjer EØS-avtalen til evig tid kjem med mange påstandar og dei kjem med skrekk-scenario, som at utan EØS vil me tapa fleire hundre tusen arbeidsplassar.24. sep. 2021 | TORIL MONGSTAD, LEIAR I HORDALAND NEI TIL EU

Fakta er at dei arbeidsplassane står me i fare for å mista dersom straumprisane vert høgare, den kraftkrevjande industrien toler ikkje auke i straumprisen, me veit og at den auken me no ser kan verta dramatisk utover hausten og vinteren. Fakta er og at norske styresmakter står utan verktøy, dei kan ikkje gjera noko.

Det var dette eg ønskte å få fram, og etter ein korrespondanserunde med i BT, endra eg litt på innlegget mitt.

Svaret frå BT er klart, dei vil heller ikkje ta inn den nye versjonen.

Oppsummert kan eg seia det slik:

  • Lang røynsle seier oss at det er nesten bortkasta tid å skriva lesarinnlegg som er EØS-kritiske, i alle høve til aviser som er EØS-venlege.
  • Pressa kan driva med sensur, dei silar innlegga alt etter kva dei sjølve står for. På den måten hindrar dei ein god offentleg debatt.
  • Det er ikkje Nei til EU som har definisjonsmakt når det gjeld EØS-avtalen og det den fører med seg av negativ innverknad på folkestyre, demokrati og suverenitet.

Dette må me, og skal me, få gjort noko med!

Toril Mongstad

Fylkesleiar

Her er innlegget som sto i BT 19.9

BT om skyhøye strømpriser2

Og her er svaret frå Toril Mongstad 23.9:

Høge straumprisar og elefanten i rommet.

I BT søndag 19.9. tar Kjetil Malkenes Hovland for seg 7 årsaker som skal forklara den høge, og aukande straumprisen. Ei av dei viktigaste årsakene utelet han: EØS-avtalen som har knytt Norge til EUs tredje energimarknadspakke og EUs energibyrå ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators).  

Det vert skulda på tørt ver og lite vind. Sanninga er at 2021 starta med magasinfylling som var 10% over normalen, og det var normal magasinfylling heilt fram til juni. Det er sant at juli og august var tørre månader, likevel held den høge eksporten fram.

Lat oss sjå litt attende for å få fram samanhengar:

Mange vil hugsa kampen mot innføringa av ACER i 2018, der mange av Aps fylkesparti, AUF, ei samla f fagrørsle og Nei til EU var sterkt mot implementeringa av denne energipakka. AP stemte likevel med regjeringa og sikra fleirtal. Me som var ACER-motstandarar hevda at ein konsekvens ville vera auke i straumprisen. Dette vart attendevist som tull, kanskje kunne prisen auka med eit par øre vart det hevda frå EØS-tilhengjarane si side. Olje- og energiminister Terje Søviknes uttalte følgjande i forkant av avstemminga: Det finnes ikke hold i påstandene om at vi gir bort norske kraftressurser eller kontroll, eller at strømprisene vil stige ved en tilslutning til Acer.

No viser det seg heilt konkret at me som ikkje ville ha ACER, fekk rett: me har aukande straumprisar og me står utan verktøy til å gjera noko, me har gjeve bort kontrollen.

Ein kan endeleg ropa på hjelp frå styresmaktene, men korkje avtroppande eller påtroppande regjering kan gjera noko med straumprisane, dei står utan verktøy. Fri flyt og forbod mot konkurranseforstyrrande tiltak er berebjelken i EU sin politikk. I Dagsnytt 18 22. september seier statssekretær frå Høgre, Tony Christian Tiller, rett ut at me ikkje kan gjera noko som helst, og han åtvarar SP mot å lefla med avtalane me har me Europa – altså EØS-avtalen.

Så kan ein kompensera med bustønad og reduksjon i el-avgifta. Det kan hjelpa privatpersonar og familiar. Men industrien vil måtta blø, dei betalar eit halvt øre i el-avgift og kvalifiserer neppe for bustønad. I verste fall vil me sjå at tradisjonell, kraftkrevjande industri som har hatt eit konkurransefortrinn i rimeleg og fornybar kraft, vil måtta leggja ned eller flytta ut av landet. Det kan verta katastrofalt for norske arbeidsplassar, og årsaka er energipakkane og EØS-avtalen.

Eit sjølvstendig land ville ha redusert eksporten når magasinfyllinga nærma seg normalen i slutten av juni og det vart meldt tørt ver. Men 22. mars 2018 vart Norge ein del av EUs energiunion, styringsverktøya er overlatne til EU.

Toril Mongstad

Henta frå neitileu.no/fylke/hordaland/blogg

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Fagrørsle og kamp, Noreg - Norway, Politikk&Samfunn og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Bergens Tidende som ikkje ville ta innlegg frå Nei til EU!

  1. thorleifb seier:

    En kommentar om bostøtten; etter 2015 blir uføretrygden skattet som lønnsinntekt (og ikke trygd). Brutto trygdeutbetalling økte, men det gjorde også skatten. Selv om man får utbetalt det samme som før 2015, er bruttoinntekten nå for høy for å få bostøtte! Dette er et svik mot uføretrygdete og andre med dårlig råd, og innebærer at bostøtten er et svakt virkemiddel for å hjelpe folk, som ikke klarer å betale strømregningen. Politikere og media som viser til bostøtten, bør derfor få høre sannheten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.