Appell: «Nyliberalismen tek liv»

Nyliberalismen tek liv

I USA, Europa, Afrika og Asia, deler av Latin-Amerika, har det vore ei gigantisk deregulering av økonomien og i finansverda dei siste 30-40 åra. Der det før var nokon lunde strenge reglar og avgrensingar vart det no fullt frislepp av den private bank- og kredittsektoren, mens spekulasjon og fiktive pengar vart normale omgrep i finansuniverset. Noko som har opna for enorme profittmulegheiter for kapitalistar over heile verda. Samstundes har nokon av kapitalismens mest spekulative sider ramla ut av skapet i ein skala ein aldri tidlegare har sett. Eit godt døme er innan helse verda over, der privatisering har alvorlege føljer. I denne marknadstankegangen senkar ein skattane for dei rike og skattane på store private selskap. Mange multinasjonale selskap får då mulegheit til å rane til seg store ressursar og kan med rette kallast globale konglomerat, der fleire av dei har større økonomiar enn mange land. Under koronapandemien har dette berre forsterka seg, der legemiddel- og IT-gigantane har håva inn milliardar på milliardar av dollar på koronavaksinen og auka nettbruk. Og, mens rike land har fenge mesteparten av vaksinane har fattige land stått bakerst i køen. Ei skjeivfordeling av vaksinar globalt utan sidestykke, men diverre ikkje overraskande.

Det har gjennom dei 30-40 år med nyliberalisme hendt ei valdsam omfordeling av rikdom i USA, Latin Amerika og Europa, men også i Afrika og Asia. Dei rikaste har fenge kontroll over ein endå større del av velstanden i landa enn tidlegare.

Stadig fleire vert fattige og arbeidsledige i Verda og ein må undre på om ikkje fattigdom og arbeidsledigheit er eit villa permanent, systematisk gjennomført i dagens økonomiske system. Leiarane har for lenge sidan vist at dei står på kapitalens side og er meir enn viljuge til å ofre folkets godar på marknadens alter. Det er på tide at folket i Verda reiser seg og seier nok er nok!

På 1980-talet var privatisering eit av dei viktigaste slagorda til høyresida som slo an internasjonalt. Men ikkje berre høgresidas regjeringar, inspirert av Thatcher i Storbritannia og Reagan i USA, tok opp ideen. Sosialdemokratiske og arbeidarparti-regjeringar i land etter land i Europa gjorde det, også i Noreg.

Forskarar ser samanheng mellom dødsfall og innføring av marknadsøkonomi i f.eks. post-kommunistiske land og i latinamerikanske land som Chile og Argentina. Mykje er sagt om kapitalismen sine stygge konsekvensar, m.a. privatisering og øydelegging av offentlege sosiale sikkerheitsnett, men at ein kan dø som ei følgje av systemet, er lite utforska. Forsking i seinare år viser at liberalisering av økonomien og innføring av marknadskreftene fører til svekka helsevesen der bedriftsøkonomiske omsyn med profitt er rådande. Såkalla helsebedrifter konkurrerer i eit marknad med anbodsrundar og kostnader, og tal på tilsette og utstyr vert då bestemt av kor stramt marknaden og kor knivskarp konkurransen er. Det økonomiske kjem framfor det menneskelege. Gjennomsnitt i levealder har i mange land gått ned, direkte knytt til marknadsliberalismen.

Klassesamfunnet sine «entreprenørar» bryr seg ikkje nemneverdig om å halde greie på kven og kvar dei lågast nede i samfunnsetasjane er eller bur og kva behov dei har. Slik er det berre, i denne vår marknadsliberalistiske verd! Inntil vidare i alle fall, heilt til folk i verda finn ut at NOK er NOK, og vil gjera noko med det. Kanskje kan me då håpe på at dette uhaldbare økonomiske systemet vert bytt ut med eit betre og meir rettvist eitt. Det må vera målet vårt, kvar søster og kvar bror!

Ivar Jørdre, LAG-Bergen

(Appell halde på Extinction Rebellion-markering, Tårnplass, Bergen, 30. juli 2021)

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Politikk&Samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.