Tennene er ein del av kroppen, skulle ein tru!

TANNHELSE: Gratis tannhelse til alle er ein helserett, skriv Siri Tuft Lundemoen og Ivar Jørdre i Raudt. Foto: Privat

Gratis tannhelse til alle er ein helserett

I Noreg skal du få god og likeverdig helsehjelp uavhengig av kva du har på konto eller kvar du bur. Men slik er det ikkje!

LESARINNLEGG

Publisert: 13.06.2021 07:00 Sist oppdatert: 14.06.2021 10:20

Av Siri Tuft Lundemoen, nestleiar Raudt Bergen Vest og Ivar Jørdre, leiar Raudt Bergen Vest og stortingskandidat Raudt Hordaland.

I dag er ikkje tannhelsetenester likestilt med andre helsetenester. Det fører til at mange vert nøydde til å utsetja tannlegevitjing fordi det er for dyrt. Éin av tre har droppa tannlegen av økonomiske årsaker, viser ei meiningsmåling Opinion tidlegare har gjort for Dagsavisen. SSB har dokumentert at tannhelsa varierer etter kva slags bakgrunn du har. Folk med dårleg råd har vesentleg dårlegare tannhelse enn folk med god råd.

Arbeidsledige, folk med funksjonsvanskar og studentar ligg over landssnittet mellom dei som seier at dei har ein udekt trong for tannlegebehandling. Veldig mange av desse oppgjev dårleg råd som årsaka. Tennene sitt klasseskilje er med på å forverra uliks-Noreg. Og betre vert det ikkje av at fleire hundre tusen det siste året har gått ned i inntekt, mista arbeidet eller fått livsverket sitt lagt i grus.

Når folk med dårleg råd må ta rekninga sjølv, får dei ikkje dekka helsetrongen sin. Det seier seg sjølv. Det er usynlege køar i dagens tannhelsesystem, med folk som aldri får behandlinga dei treng. Når dei med dårleg råd må kutta tannlegen, eller ta opp forbrukslån for å betala rekninga, visar det at me har eit stort hol i velferdsstaten. Raudt vil tetta dette holet i velferdsstaten sin tanngard.

Fleire parti snakkar vent om at tannhelse må handsamast likt med andre helsetenester, men utan å fylgja opp med tiltak og pengar. I likskap med mange veljarar er Raudt lei av at tannhelse er noko det snakkast mykje om før val, men utan at det hender noko som helst etterpå. Raudt meiner alvor når me seier me er viljuge til å bruka pengane som trengst for å få det til: Raudt har føreslått desidert mest til tannhelse i budsjetthandsamingane i Stortinget dei siste åra. Og me har ein realistisk plan for finansiering. Raudt si tannhelse-reform skal betalast gjennom rettferdige skatteaukingar, i hovudsak for dei med inntekt over 2 millionar, formue over 10 millionar eller høge arvebeløp over 5 millionar. Folk som tenar under 600.000 kroner årleg vil ikkje få auka skatt.

Attopninga av samfunnet etter pandemien kan ta tid. Raudt vil arbeida for ei rettvis opning, som ikkje berre handlar om å fasa ut smitteverntiltak, men også hjelpa alle dei som slit. Og nettopp høge tannlegerekningar kan verta eit problem for alle som har utsett å gå til tannlegen under pandemien. Skal me unngå at koronakrisa forsterkar tennene sitt klasseskilje, hastar det med tannhelse-reform.

Regjeringa har gjennomført usosiale kutt i fleire tannhelsetenester. Nedlegging av offentlege tannklinikkar og sentralisering har skapt lengre veg og mindre tilgjenge. Dette er uhøyrt og då kan me ikkje berre stogga og reversera desse feiltrinna, me lyt byggja landet i motsett retning.

Tennene er ein del av kroppen, skulle ein tru. Det er ingen logisk eller medisinsk grunn til at tennene ikkje skal handsamast som det i helsevesenet. Raudt vil gjera innfasing av gratis tannhelse til ei vinnarsak for venstresida i stortingsvalet. Ei tannhelsereform kan verta vår tids store reform for like helsetenester til alle. Dette er også viktig for å sikra at stortingsvalet ikkje berre gjev eit regjeringsskifte, men også eit politisk retningsskifte – eit vendepunkt i kampen mot uliks-Noreg!

Fyrst publisert i avisa Hordaland, 13. juni 2021

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk&Samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.