Avisinnlegg: Norsk tryggleikspolitikk på farlege vegar

Norsk tryggleikspolitikk på farlege vegar


Norske styresmakter har delteke i USA- og Nato-leia krigar fordi dei fryktar at Nato elles ikkje vil kome Norge til unnsetnad dersom «me» skulle verte utsett for åtak eller truga. Gjennom Nato-medlemskapet deltek Noreg også i organisasjonen sin atomvåpenstrategi. Atomvåpen betrar ikkje norsk tryggleik, og bruk av atomvåpen vil årsake umenneskelege lidingar. Atomvåpen må difor avskaffast med forbod! Heller ikkje det å skrive under på det internasjonale forbodet mot atomvåpen kan Noreg vera med på. Både fleirtalet i Stortinget og regjeringa er så «på knea» for USA og Nato at dei torer ikkje gjera nokon rørsler i «opprustingsbåten» i det heile. Der må dei sitje dørgande stille og vente på ordrar. Eg undrar ofte på om den veldig påfallande auke i usansk nærver militert på norsk jord nokon gong går opp for oss i tilstrekkeleg grad til at me som folk protesterar på det? Eller om me vil halde fram med å sove «tornerosesøvnen» vår til det vert for seint og det smell på norsk jord for alvor? For i ein krig kan slikt hende, og atomubåtulykker har hendt og kan hende på ny.

Opprusting og faren for krig: Verdas militerutgifter i rapport offentleggjort nyleg av sipri.org, viser at verdas statar brukte 1.917 milliardar dollar på «forsvar» i 2019. Med ei auke på 3,6 % som var den største sidan 2010. NATO-landa åleine brukte 1.039 milliardar dollar på det militere. Kan det seiast sterkt nok kor vanvittig prioritering av midlar dette er og kor farleg det er for freden?

Noreg ligg heilt i toppen i Nato-klassen når det gjeld forsvarsutgifter pr. innbyggjar, er det nok ikkje så mange som har fenge med seg: I 2019 hadde Noreg 1.384 dollar i forsvarsutgifter pr. innbyggjar. I dagens kronekurs tilsvarar det 11.473 kr. for kvar einaste nordkvinne/mann. Berre USA brukte meir. Hurra for Noreg som nestbest i Nato-klassen!
Vitjinga av dei 4 usanske bombeflya B1–B Lancer på Ørland flystasjon starta i mars. I tillegg har me no vitjinga av den reaktordrevne usanske ubåten, USS New Mexico, til sivil kai ved Tønsnes i Tromsø. Det vert fleire vitjinga og ubåtane kan ha atomvåpen ombord. Ingen veit dette sikkert fordi dei vert ikkje inspisert slik norske styresmakter kan, men dei vil ikkje. I april i år gjekk regjeringa inn for at det inngåast ein forsvarsavtale som opnar for usanske investeringar, soldatar og utstyr på fleire områder i Noreg. Avtalen gjev usanarane større spelerom på norsk jord og er endå ein spikar i kista til den norske basepolitikken, om avtalen vert vedteke. I så fall, farvel til sjølvstendig norsk basepolitikk! 

Det er mange som ikkje er klar over at Nord-Europas største marinebase ligg omlag åtte kilometer utanfor Bergen sentrum. I den tett befolka bydelen Loddefjord rustast det no opp militert for 350 millionar kroner, m.a. med nye «ubåtfasilitetar». Dette er innhylla i hemmeleghald av tryggleiksomsyn. Det gjer at kystbefolkinga er uvitande og uførbreidde på det som kan kome. Det same kan seiast om dei styrande i Bergen.

Dei som bur og arbeidar i Bergen Vest, tett på marinebasen Haakonsvern, lever med ein høgrisikofare, som no også i Tromsø. Dei folkevalde påstår at Nato-basen Haakonsvern gjev innbyggjarane tryggleik. Men fleire og fleire er redde for at Nato-medlemskapet og dei allierte atomubåtane gjev det motsette, utryggleik!

Ivar Jørdre

Først publisert i Sydvesten, 27. mai 2021

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, nedrustning, Noreg - Norway, Vår globale verd og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.