Den vestlege verda med blod på sine hender!

Måleri, olje på lerret, Ivar Jørdre

Me veit det alle saman. Me har blod på henda! Vesten har blod på henda! Ja, det internasjonale samfunn har det. Dette er blodig storpolitikk. Det handlar ikkje om menneskeverd. Det handlar ikkje om likeverd. Det handlar ikkje om rettferd. Det handlar om kynisme. Det handlar om brutalitet. Det handlar om «dei» og «oss». Me er skuldige i dette!

Ja, det handlar om dei og oss. Me er ikkje som dei. Me er oss. Me er som israelarane. Me er ikkje som palestinarane. Me kjenner ikkje dei. Me kjenner ikkje israelarane heller, men me er som dei. Dei gjer som me ville ha gjort, forsvarar seg. Ja, dei forsvarar seg, mot «dei». Me ville også ha gjort det, ikkje sant? Me vil og gjerne forsvare oss mot dei andre. Dei som kjem til oss!

Sidan det er dei andre så er det forsvar, det er ikkje åtak. Nei, nei, det er ikkje åtak. Og sidan dei andre er f.eks. palestinarar, så kan me angripe dei og kalle det forsvar. Så kan me la vera å kritisera «den sterke parten», men kalle det forsvar, kalle det forståeleg, kalle det retten til… Så kan me la vera å kritisera vår eigen regjering, for dei forsvarar seg jo. Det er jo «dei» dei forsvarar seg mot. Me går ikkje ut i gatene for «dei». Nei, det gjer me ikkje!

Så kan me la det gå sin gong. Det har me gjort så mane gonger før. Det vert vel «våpenkvile» att. Det har no hendt før. Ja, dei klarar nok dette denne gongen også. Mange gonger før har me latt det gå sin gong, me i Vesten. Me som er saman med den sterkaste våpenmakta i verda. Slik har me gjort det mange gonger før. Me har gjort ingenting lenge, me har latt det gå. Me gjorde det i 2006 då det byrja for alvor, me gjorde det under Gazakrigen i 2008-9, i 2010, i 2011 under bakkestyrkeåtak, me gjorde det under Gazakrigen i 2014, i 2018 under grenseprotestane og me gjer det framleis, no, idag, i 2021. Slik held me på!

Den sterkaste våpenmakta i Midt Austen tenkjer me ikkje på. Den som har atomvåpen i Midt Austen tenkjer me ikkje på. Nei, me tenkjer ikkje i heile på Israel som det. Me tenkjer ikkje på USA som den sterkaste hjelpar til at landet er det atomvåpenlandet det er, at dei har dei mest moderne våpen, at dei har brukt fosfor, at dei knuser hus med familiar inni. Me tenkjer at dei må jo forsvare seg, at dei heile tida er truga, at dei er eit offer. Eit offer for åtak frå «dei andre».

Me tenkjer ikkje på korleis styrketilhøvet er. Me tenkjer berre ikkje på det. Kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på den store overmakta mot den vesle. Kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på kor mange sivile som døyr, og kvar det døyr flest. Kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på kva våpen som vert brukt og kor uproporsjonalt mykje Israel brukar sine våpen på. Etter kvar Gazakrig tenkjer me ikkje på dei mange tusen palestinske sivile som ikkje er meir, av dei er det 0,5 som er israelarar som ikkje er meir. Alle som ikkje er meir etter krig må me tenkje på, men tenkjer me på dei som er døde i Gaza med same tristheit, same sinne, same fortviling? Ser me dei? Ser me alle dei familiar som ikkje er meir, som no også under den Gazakrigen?

Inntil me alle ser «dei andre» som oss. inntil me alle ser det triste, det forferdelege, det meiningslause, det urettvise, ja, så vil det triste, det forferdelege, det meiningslause, det urettvis, berre halde fram. Inntil me ser at ei sterk makt tek andre sitt land, inntil me ser overmakta, inntil me ser Vesten i alt dette, ja, så vil det berre halde fram. Det vil halde fram i det «uendelege». Inntil me alle ser «bjelken i vår eige auge og ikkje berre splinten hjå «dei andre»!

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Palestina, Politikk&Samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Den vestlege verda med blod på sine hender!

  1. Kjel Henrissbø seier:

    Som alltid, svært god skrive Ivar. Me kan vere glade som kan feire nasjonaldag i eit fritt land. 🇧🇻🚩🚩

  2. ivarjordre seier:

    Takk for dei gode orda, Kjell!
    Ja, me kan nok vera glade for mangt, men på denne dagen bør me skamma oss også, og tenkje gjennom litt tinga sin tilstand for undertrykte folk i denne verda. Det skulle berre ha mangla!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.