La ideen om eit anna samfunn slå attende blogg- og kvinnehatarane!

Indonesisk portrett, måleri i olje, Ivar Jørdre

3. mai 2021:

Eg skreiv denne bloggposten nedanfor med dikt og lenker til kvinnelege bloggarar sine artiklar om kav dei røyner av trakasseringar og truslar for sine meiningar OG fordi dei er kvinner, i 2017. Eg tek han fram att i 2021., fordi dette diverre er like aktuelt no som då, i 2017. Det opprørar meg like sterkt at altfor mange menn og andre nettroll hetsar og hånar unge kvinner som berre vil bære fram meiningane sine som alle andre. Eg er ikkje einig og kan ikkje stille meg bak alt desse bloggarar meinar og står for, MEN forsvarar deira rett til fri ytring til min døyande dag! Nedanfor er det eg skreiv den gongen i 2017:

Eg er ein politisk bloggar, kunstnar og aktiv i politisk parti, det er Raudt. I eit sosialistisk og kommunistisk samfunn skal alle ha sin likeverd, tryggheit, ytringsfridom og «yte etter evne og få etter behov», som filosofen og økonomiske tenkaren Karl Marx formulerte det. No er det ikkje den type «kommunisme» som det sovjetiske eller kinesiske ein snakkar om, men det Marx og Engels tok føre seg i sine skrifter.

«Marx ønsket seg et samfunn som var organisert slik at «ingen har et eksklusivt virksomhetsområde, men kan utdanne seg i hvilken retning han vil, [samfunnet regulerer] den allmenne produksjon og gjør det nettopp derved mulig for meg å gjøre noe i dag og noe annet imorgen, å drive jakt om morgenen, å fiske om ettermiddagen, å stelle fe om kvelden, og etter måltidet å kritisere så meget jeg lyster – uten at jeg noengang blir jeger, fisker, gjeter eller kritiker». (Marx: Verker i utvalg, Bind 2, Pax, Oslo 1970, s.73-74.)» (Utdrag frå filosofi.no)

Grunnen til at eg innleiar med dette er å illustrea at me kan ha eit anna samfunnssystem enn kapitalismen, der ofte den kapitalistiske konkurransetenkinga skapar sårbare individ og eit kaldare samfunn. Me ser det i forbrukarsamfunnet (der konsumismen er ein av pilarane i kapitalismen, andre er lønsarbeidet og den private eigedomsrett), arbeidsmarknaden (med sin beinhare «først til mølla» for å få arbeid hjå kapitalistane-syndrom) og ikkje minst det å ikkje ha kontroll over sine eigne produksjonsmidlar og eige skaparkraft.

Eg skriv denne bloggposten for å solidarisera meg heilt og usjølvisk med desse unge, først og fremst, bloggarar som er kvinner. Dei er ei viktig stemme for sine spesifikke saker for sine spesifikke lesarar, og andre grupper lesarar og aldrar, sjølvsagt. Sjølv om eg er truleg «milevis» frå dei fleste, ideologisk, innhaldsmessig og politisk, så har eg ei plikt til å forsvare dei uansett innhald. Men spesielt viktig er å stå opp for dei i desse tider der fleire og fleire unge jenter med blogg opplever så grov trakassering og hatkommentarar, så eg har ikkje sett maken. Eg er sjokkert, men mest forbanna på at menn (det er flest menn som gjer dette) kan finne på å gjere slike ting, ja til og med vald, mot meiningsbærande unge menneske som vil ha noko å seie i samfunnet dei også. Det har dei FANKEN meg meir rett til enn desse testosteronfrådande manneindivid som diverre øydelegg andre sitt liv og kastar vekk sitt eige, med desse «utspela» i værste søppelkategori. Det går nesten ikkje an å setje ord på slik åtferd. Så difor må ein ty til eigen poesi:

Bak idyllen

Bak idyllen
under alle taka
innanfor alle dørene
lever det irrasjonelle
dei lause festa
sleng og sleng

I alle romma
bak alle gardinene
bortanfor all fornuft
sleper tankane seg fram
utan omsut til
universet ikring

Bak idyllen
ligg råte treverk
og mørke ormar
men kan reinskast vekk
av universell kamp
og solidaritet

Denne bloggposten og dette diktet tileignar eg alle unge menneske som opplever at nokon prøver å ta frå dei den sjølvsagte retten til å vera seg sjølv, meine kva dei vil og leve eit meiningsbærande liv!

Dei er bloggarar og samfunnsdebattantar som Martine Halvorsen (http://martinehalvs.blogg.no/), Laial Janet Ayoub (), Isabel Raad (http://sraad.blogg.no/), Sophie Elise Isachsen (http://sophieelise.blogg.no/), Maria Khan () og Shurika Hansen (http://shurikahansen.blogg.no/)

Til slutt lenker til to blogginnlegg som tek føre seg på ulik vis den kvardagen desse kvinnene må takle. Sophie Elise sin om korleis det er når politiet ikkje gjer arbeidet sitt og legg vekk saka hennar om grov trakassering og truslar om vald, med prov på namngovne personar til og med. Utruleg, politiet skal skamme seg og burde få påtale!!

Det er dessverre realiteten – dette gjør vondt

Martine sitt innlegg om korleis trakasseringa og valden ho har vorte utsett for nyleg har gjort livet hennar heilt annsleis og mykje «trangare» enn nokon skal finne seg i. Om ikkje det er nok har ho no vorte ulovleg fotografert i garderoben og biletet er spreidd i hundre- kanskje tusenvis på sosiale media. Skam dykk skikkeleg, de menn som driv med slikt! Er de der «ute» eigna for å kallast «menn», forresten?

Vær så god, her er nakenbildet!

Og kronikken til Laial Janet Ayoub, Maria Khan og Shurika Hansen:

Søstre i solidaritet

Sjå også:

Martine Halvorsen ble utsatt for massiv vold utenfor sin egen leilighet

Isabel Raad og Martine Halvorsen blir forfulgt: – Jeg begynte å hylgrine

Bloggere går hardt ut mot Jodel

hijabbloggen.blogg.no

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kvinne- og jentekamp, Noreg - Norway, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.