Novelle – Den andre verda – Historiar frå planeten Proxima b

Den gode planeten – Del 1

Ja, eg er altså no 135 år, og har vore på Proxima b i 50 år, eg brukar Tellusår i denne forteljing. Eg og Silje tok ei strabasiøs reise frå planeten Mars, etter fleire år med urolegheiter og konflikt. Det skal eg fortelje meir om snart (i «Den gode planeten – Del 2), men først litt om korleis eg og Silje har det på denne gjestmilde planeten (sett bort frå monstersandstormane ei gong i hundreåret). No i våre eldre dagar held me på med litt av kvart, litt dyrking..sokalla politiske ting..reising..osb… Eg lyt skunde meg å fortelje at føljesvennen min, Silje, har namnet sitt etter mi mor (litt for å ta vare på gamle Tellusnamn), men brukar no mest proximttnamnet QAlva A.

Mest av alt er me saman med andre rundt vår eigen alder. Det er ei lita gruppe som me tilhøyrer som likar å bade og å fiske. Det gjer me i virtuell realitet. Noko som vil seie at gjennom ein liten chip som alle innbyggjarane på Proxima b har innplantert inn i hjernen, har me ei nokolunde samstemt tilhøve til kvarandre med respekt og difor er det også lite konfliktar. Me opplever alle like tilhøve i samfunnet ved at alle opplever like ting gjennom dei virtuelle opplevingane. Når eg seier «alle» så er det med nokre unntak sjølvsagt. Som i alle samfunn før oss her på planeten, så vidt me veit, er det alltid nokon som ikkje vil halde seg med fleirtalet. Og det er greit, synes me. Dei som ikkje vil ha innplantat i hjernen gjer sine ting i verklegheita, som elles. Me gjer begge delar. Det verkelege og det virtuelle. Me har forresten gode tilhøve til dei, som ofte kallar seg «Proximistane». Dei meinar at dei har eit planetnært tilhøve til liv og natur.

For flott natur er det på Proxima b, med kjempestore savanner, grasland, lange slake dalbotnar, enorme elvestryk, gigantiske fossar der fjell fins, og små innsjøar, ikkje veldig store innsjøar som på Tellus. Heller ikkje har me slike veldige hav som på Tellus. Me kan vel ikkje kalle det hav i det heile teke det me har, tenkjer eg. Snarare er det digre deltaer, men då inneslutta av land. Heile planeten vår kan vel direkte sagt kallast ein «landplanet», men med vatn på seg. Så kallar me også Proxima b ofte for «slettene sin planet», eller meir på skøy kallar me også planeten for «den sandgule». Mykje fordi det er mykje sand her, men ikkje slik me har vorte fortalt at Tellus har, eller at Mars har, som eg hugsar. Mars har dette evinneleg raudbrune støvet og sanden. Der er det omlag umogeleg å dyrke noko utan nok vatn. Som kjent er det lite vatn på Mars, og desto lenger tek det å få noko større areal til å gro, antan det er gras eller skog. Nei, skikkeleg skog kan ein berre gløyme på Mars, forresten. Ein lyt hugse på at alt som skal dyrkast på Mars lyt gjerast i drivhus, ofte enorme drivhus, fleire mil lange og mange kilometer breie. Så er det taket då! Ei kjempeutfordring i seg sjølv! Ein lyt lage enorme berekonstruksjonar som skal tåle alle dei, unnskuld meg, jævlege sandstormane Mars er full av, i tider og utider. Difor hende det utallege gonger, då me budde der, at stormane raserte drivhuskonstruksjonane gong etter gong. For så å verte bygd opp att, for så å verte rasert ned att. På eit tidspunkt hugsar eg det var så mange sandstormar etter kvarandre at det vart hungersnaud. Folk svalt og mange døydde. Naud skapar konflikt og naud skapar grådigskap. Nokon få karrar til seg mykje, mange får ingenting. Krig vart eit faktum. Nei, ikkje meir om det no, eg kjem attende til det. Takk store Univers då for planeten Proxima b! Ein gjestmild og trygg planet i akkurat riktig avstand frå stjerna si. Ein liten såkalla «raud dverg» er Proxima Centauri. Som ei «lita oransje frukt» er ho på himmelen, men ho varmar godt og gjev grøde og liv til oss.

This image has an empty alt attribute; its file name is mons-eternitas-pa-planeten-proxima-b-i-3-sterjnesystemet-alpha-centauri_20210206_110504-e1612708513951.jpg
«Mons Eternitas» På planeten Proxima b, i 3-stjernesysystemet Alpha Centauri. Olje på lerret, 90×120 cm, 2287, Ravi 999999

Proxima b har ikkje mange fjell, men dei me har er av dei høgaste ein kjenner til på planetar. Dei få me har er heilt fantastiske på mange vis. Det høgaste heiter «Mons Eternitas», Det uendelege fjellet. Ein gigantisk no utdøydd vulkan. Han var truleg aktiv til omlag 4 milliardar år sidan, i urtida. Fjellmassivet er på sitt høgste 5,3 mil høgt, dobbelt så høgt som Olympus Mons på Mars, med sine 2,6 mil. Heile platået som det stort sett er, breier seg utover på ei enorm slette. Sletta er 150 000 kvadratkilometer. Platået sin storleik er resultatet av omlag 2 milliardar års vulkansk aktivitet, seier geologar. Det er og store skogar rundt platået på sletta. Der veks det enorme tre med 25 meter diameter stamme og av og til over 500 meter høge. Snakk om å føle seg som eit lite «kryp» i høve dette. Denne kjensla, det å kjenne seg knøtliten i høve naturen, er også ein viktig årsak til «Proximittane» si høge naturkjensle og audmjukheit for planeten. Her hjå oss er det heilt forbode å øydelegge noko som helst natur, utan ei folkerøysting, organisert av «Platået», vår høgste styreform.

Noko som er særs moro med det naturlege platået Mons Eternitas, er at for å kome opp på det måtte ein bygge ein vanvittig enorm heis. Den største i vårt stjernesystem i alle fall, ha, ha.. Det er ingen slake hellingar rundt platået som kunne ha eigna seg for gondolbane eller liknande, difor heis. Og det vart etterkvart eit folkekrav med til gang til platået, difor hadde styresmakta ingen anna val enn å bygge. Det var litt av eit løft…enorme resusrsar…ikkje alt gjekk knirkefritt..

For det er ikkje spøk å setje i gong slike gigantiske prosjekt. Det krev planlegging av høg kvalitet og det utførte det som kallas Planleggingsdirektoratet. Dei laga planteikningane, skaffa oversikt over kostnader og materielle resursar. Sende det så vidare til Utbyggingsdirektoratet som skaffa fram arbeidskraft som trengtes, utførte kalkylar og sette i gong. Men, ikkje før dei var komne i gong så kom første floken. Korleis få nok «naturalia» til den enorme arbeidsstokken, på lang sikt. Det var, så langt eg hugsar, rundt 100 000 kvinner og menn som arbeidde på denne giganten av ein heis, med mange ulike arbeidsfelt gjennom heile byggeperioden som varte i 9 år. Ja, me betalar i naturalia. Det vil seie, i varer som me treng for å leve gode liv. Me lever i ein byteøkonomi. Der ulike varer og tenester vert utveksla med kvarandre, etter kva det gjeld. I dette dømet trengte samfunnet/staten arbeidskraft og material. Det vert løna med registrerte varer og tenester på ei liste, den såkalla den-gode-planet-lista. Denne type organisering kom først lenge før mi tid, med dei første som kom til Proxima b. Sidan har denne lista vorte demokratisk gjennomgått og justert kvart år med folket. Alle kan kome med ønskje som vert handsama i folketribun for så å verte stemt over til slutt i folkerøysting. Slik i dette skrivande året også. Det er utvikla nokre nye matplantar t.d. og dei er no på den nye lista. Men, attende til dette heis-prosjektet.

Etter at betalinga til den store arbeidsstyrken vart logistisk løyst, kom ei ny floke. Korleis få dette veldige byggverket til å tåle rørsle opp og ned og korleis feste desse enorme heissjaktene til fjellveggen. Sjølve toppen av fjellet er som skreve før, på 5,3 mil, eller 53 000 meter over sletta (o.s.), men kanten på platået er rundt 33 000 meter på det høgaste og rundt 20 000 på det lågaste. Der skulle heisen byggast sjølsagt, men likevel..litt av ei høgd! Etter mykje debatt og ulike vurderingar fram og attende, kom byggeleiinga fram til at trevirke var det beste som material i hovudkonstruksjonen, Med kraftige ankerfeste i fjellveggen med metallet Proximitt. Dette er planeten full av og i foredla form med nokre andre legeringar vert det..supersterkt..Så var det berre å sette i gong..trudde ein! Eit omgrep som diverre også dukkar opp på vår planet er..korrupsjon. Det viste seg at..fleire av ingeniørane og byggeleiarane fekk meir betaling i «naturalia» av nokre korrupte politikarar høgt oppe enn alle arbeidarane. Likskapsprinsippet var då brote. Då dette vart oppdaga vart dei straks tekne og etterkvart dømde til 25 år i ufridom. Dei sit framleis i eit av dei få fengsla me har, omlag 2500 km lenger ute på sletta. Fengslet ligg superaude til der ute på sletta, men dei fasilitetar som ein treng for å leva, ikkje berre mat og husly, men også aktivitetar som arbeid og underhaldning, finns der. Straff er det sjølvsagt når ein er der utan kontakt med samfunnet elles, men program for rehab attende til samfunnet er ein prioritet hjå styresmaktene. 25 år er lang straff, men korrupsjon får veldig stor konsekvens på planeten vår, me er ikkje så mange (kanskje rundt 900 millionar) slik at me er veldig avhengig av kvarandre og at det å dele på godene så nære «likskapsprinsippet» vårt som mogleg er kjempeviktig. Program og artiklar om fellesskap og deling er det stadig nye utgåver av i aviser og «planetfjernsynet» sine kanalar.

Både husrom, adopsjon og anna galskap

I den største staden på planeten bur me..enorme høghus er bygt for å gjera oss meir konsentrert busette og for å lette på byrdene i å oppretthalde eit sterkt og godt fellesskap, eit fellesskap me er avhengig av for å klare oss. Denne politikken gjeld først og fremst i dei største byane der storparten av proximittane bur (omlag 80 prosent). Lenger ut på det enorme slettelandet, ved deltaene og i dei store skogar lever det folk i små samfunn og dei har eit naturbasert bærekrafig samfunn med bruk av resursane dei beint ut bur midt i. Då er det annleis med oss urbanistar, men me dyrkar og maten vår i dei i lang tid oppdyrka grønareala me har fenge opp. så å seie opp av «torre sanden», Desse største høghusa som me bur i ligg nesten som ein ring rundt ein indre kjerne av mindre bygningar og rett og slett småhus. Denne byplanlegginga er mykje gjort grunna vern av sjølve byen mot heilt vanvittige sandstormar som kjem omlag kvart 50./60. år (ikkje slik som på Mars der dei «valsar» rundt på planeten nesten heile tida, men likevel). Sandstormane på Proxima b er på denne delen av planeten i alle fall, så enorme og valdsame at det kan legge seg sanddyner på mellom 5 og 10 meter utanfor «sandbarrierane» utanfor høghusa, men sanden legg seg overalt, oppetter høghusa og dekkar heile den indre byen i eit 30-40 cm lag. Det seier seg sjølv at det er eit enormt arbeid å reingjera byen etter noko slikt eit sandmonster..heldigvis er dette sjeldan. Høghusa våre er utforma lange (1000 m) og noko breie (150 m), høgda varierar litt, mellom 500-700 meter…og enorme liftar er det i desse valdsame høge byggningane…med plass til omlag 10 000 personar. Til trass for solide bygde høghus over bakken, er dei mest sjeldne sandstormane så forferdelege at me vert evakuert (dette har eg opplevd ei gong sidan eg berre har vore her i 50 år). Me treng ikkje å fare langt. Det er nemleg bygd heilt identiske, men speigelvendte nerast som «pandangar» under bakken. Rett og slett 500-700 meter ned under høghusa. Stilig, sant? Når alarmen går tek me dei store heisane lenger enn grunnplanet berre, så er me i tryggheit. Det tek berre litt lang tid med heisen for nokon av oss. Frå topp til botn tek det omlag 20 min, til trass «lynfart». Eller er ikkje dette lang tid likevel, eg veit brått ikkje heitl…(i alle fall skriv eg meir om røynslene eg og Silje hadde under monsterstormen for 21 år sidan i del 2).

No vil eg fortelje ei lita historie: Ho handlar om adopsjon. Ja, tenk det, me driv med det her hjå oss også. Litt i alle fall. Mykje er det ikkje, men det hender. Slik som i dette høvet. Ei lita jenta, på vel 2 år, vart tragisk og brått foreldrelaus. Foreldra kom også frå Mars, men for noko kort tid sidan, kanskje 20-22 år. Dei etablerte seg som mange av oss gjer (eller gjorde, før eg og Silje flytta til «byen» for omlag 10 år sidan) på landet eller «på sletta» som me kallar det. Då med landbruk, på ein liten gard. Der dyrka dei frukt og grønsaker, urter og medisinplantar, og litt høner til eggproduksjon. Alt var som det skulle vera, ein liten familie der ute på den største sletta på planeten, saman med mange andre spreidd utover. Ofte er det mange mil mellom desse små gardsbruka. Så også i dette høvet. Noko som ikkje alltid er bra om det hender noko.

Det var ei ulykke. Eg har fortalt før at Mons Eternitas, det største fjellet vårt ligg på ei enorm slette. Det var på denne sletta den vesle familien budde. I tillegg til å dyrke jorda fekk begge foreldra arbeid på det store byggeprosjektet «Heis folket til himmels!». Mons Eternitas-massivet ligg «berre» 50 mil unna garden og fjellet ser ein godt på denne avtanden, grunna storleiken. I alle fall, dei fekk arbeid av Utbyggingsdirektoratet. Begge foreldra var gode handverkarar. Difor vart arbeidsoppgåva hovudsakleg å legge inn ankerfesta til dei to heissjaktene i den vulkanske fjellsida, eller klippeveggen om ein vil. I lag med vel 6000 andre på denne delen av prosjektet skulle dei først sprenge ut «innfasingshol» i fjellveggen for desse veldige tverrstandarene av foredla Proximitt. Dimensjonane, kjære lesar, er ikkje heilt å forstå, men ein ting er sikkert, verken før eller seinare har noko slikt aldri vore forsøkt, det vera seg i fortid eller framtid.

Berre for å nemne nokon av storleikane i prosjektet: Heissjaktene er omlag 20 000 meter høge. Sett saman av 150 000 kvadratskorne tømmerstokkar, 200 meter lange, med ein diameter i storleiken av ein 2-etasjar buss. Tverrstandarane har endå større dimensjon. Sett saman av hundretusenvis av stålstenger, er kvar enkelt av dei 56 standarane 90 meter i diameter og 155 meter lange. For ikkje å snakke om 50 000 tonn med feste-tilrettingar; svere boltar, tvinnskruer, vinkelstag, m.m. Det var altså i denne konteksten «våre» foreldre arbeidde. Dei mange tusen arbeidsfolka rørde seg sakte men sikkert oppover fjellsida etterkvart som anleggsarbeidet skreid fram. Ved hjelp av, også gigantiske, heisekranar av ulik type, heldt arbeidet på oppetter. Heilt til alt brått stoppa opp. Det tragiske hendte! Ein av heiseinnretningane løysna frå festet sitt i fjellveggen. Det var det med «sakte men sikkert», då. Sakte gjekk arbeidet, det måtte det naturlegvis. Dimensjonane teke omsyn til, men sikkerheita kunne det truleg ikkje garanterast for, her heller. 333 arbeidarar døydde i den største arbeidsulykka eg kjenner til på planeten. Også «våre» foreldre. Dei alle for i døden 250 meter ned. Veslejenta deira vart foreldrelaus.

Kven skulle no ta seg av ho? Hadde ho besteforeldre eller andre slektningar? Styresmaktene fann ingen, ikkje ein skarve tre- eller firmenning eller endå lenger ut i slekta ei gong. Kva skulle no hende? Det første som hende var å ga i registeret for adoptivaktuelle personar. Den lista var kort. Det kom seg av at det hadde ikkje vore så stor trong for adopsjon, i alle fall ikkje i vårt område. Men me, eg og Silje, stod på lista. Me hadde ikkje barn, men hadde lenge ønska oss eitt. No er me godt opp i åra, for å seie det slik, men fysisk og mentalt i god stand, må me vel kunne hevde. Ein forventa levealder for menn er omlag 160 år og for kvinner er det rundt 180 år. Jøss, tenkjer kanskje du lesar, lettare fovirra? Eg nemner berre i denne omgong at den gjennomsnittlege levealder har gått opp omlag 70-80 år på 300 år. Frå jordlivet gjennom Marsperioden og til oss no på Proxima b. Eg skal fortelje etterkvart kvifor det har seg slik og moglege grunnar til så rask auke i levealder i relativ kort periode.

Denne tragiske ulykka hende for 15 år sidan. Byggearbeidet for «Levante Gigantikum» som me kallar denne gigantheisen, tok omlag 5 år. Slik at heisen har vore i drift i 10 år. Seinare dette året skal me markera jubileet for byggestart. Me «Proximarar» feira oftast ikkje noko byggverk, monument eller busetnad når ting vart opna for bruk, avduking eller når hus stod ferdig på ein stad, t.d. Me feirar slike viktige ting frå starten av: Når det første stillaset vart sett opp, eller første spadetak eller når første menneskegruppe fann ein egna busetnad i landskapet. Dette har truleg å gjera med vår historie attende til då dei første jordbuarane kom til Mars og skulle finne det første egna landskapet for gruppa si, når det første drivhuset vart tenkt ut, når den første babyen vart fødd, osb. Og, ikkje minst når dei første kom frå Mars i små grupper og byrja etablera seg på denne planeten. Dette er viktige ting for oss Proximarar.

Det var eg og Silje som fekk adopsjonsretten til den vesle jenta. Kor stolte me vart! Tenk det, samfunnet valde oss til å ta vare på og oppdra eit lite menneske. Det tok ei stund til me klarte å summe oss. Men, kor fantastisk det var å halde den vesle jenta første gong, kan eg ikkje klare å skrive ned med ord. Det var berre som om heile kosmos jubla saman med oss. Korleis var det så for den vesle jenta, omlag brått frå ein dag til neste å få nye foreldre, tenkjer du kanskje? Vanskeleg å vete kva ein to-åring tenkjer, men det såg ut for at ho takla det ganske bra, teke i høve til at begge foreldra brått «forsvann», og to andre «raringar» med eitt dukka opp. Minnet hennar om forledra der og då, var sterkt til stades ei stund, men vart svakare etter som vekene gjekk. Til slutt reagerte ho ikkje på foto av dei heller, men eg er sikker på at hennar indre foto av dei vert med ho så lenge ho lever, i ein eller anna klårheit. Akkurat so når stjerna vår ligg i ein døs, eller er klår og orange høgt over oss på himmelen. Året er no 2295 og det er 15 år sidan eg og Silje vart adoptivforeldre!

Har me genbank på planeten vår? Kva for plantar har me? Liknar dei på dei jordlege? (Alt dette kjem eg attende til i del 2. De, kjære lesarar, får ikkje vite alt med det same, heller..)

Bak Mons Eternitas

«Den utrulege reisa» for 5 år sidan. Til sexcampen bak Mons Eternitas. Slik byrja det..me skulle reise på ferie tenkte me..men kor skulle me, me fann det og jenta vår skulle vera med, ho var då 10 år. Etter mykje «kav» kom me oss endeleg avgarde..me kom seint på dag..mange hadde lagt seg..men nokon låg ute nakne og hadde sex..Slikt tenkte me å verna dottera vår frå, men ho fekk sjå det før me klarte å tenke raskt nok. Det såg ut for at ho ikkje hadde noko særleg reaksjon i det heile, som om ho såg noko heilt naturleg..og det er det jo også. Me hadde etter beste evne fortalt ho om dette på førehand, kva det innebar å opphalde seg i ein slik type leir (som det elles er døme på også andre stader på planeten), korleis var folka som var der og slikt. 10-åringen såg ut til å ta «informasjonen» me gav ho med knusande ro. I alle fall påverka det henne ikkje i nemneverdig grad.

Som skreve, me kom seint. Og hadde ikkje så mykje me tenkte på anna enn å finne senga, og då meinar eg for å sove, ikkje noko anna! Frå den vesle byen vår og til campen tek det kanskje 11 timar. Sjølv om denne staden er «bak» Mons Eternitas i rett luftline frå vår by, er avstandane veldige. Me skal trass alt køyre rundt det enorme platået som fjellet tronar oppe på. Sjølve platået sin omkrets er rundt 99 000 kilometer. Me brukar såkalla «luftbil» som transportmiddel, likevel brukte me truleg rundt 11 timar å kome der til campen. Så fann me senga då etterkvart. Innkvartering er i ulike bygg..med mindre husvære til..nokre av gjestene bur på mindre rom..som par. Andre bur på litt større einingar i mindre grupper. Dei tilhøyrer som regel ein organisasjon som heiter «Fellessex-gruppene». Ikkje alle likar denne organisasjonen, men det er likevel mange av Proxima b sine innbyggarar som er med. Styresmaktene har godkjent han som offentleg organisasjon og får økonomisk støtte (når me talar om «økonomisk støtte» så er det ikkje pengar me meinar, det har me ikkje på Proxima b, men om økonomi (frå det jordlege greske ordet «oikos», hus, naturhushaldnig) som gjev støtte i form av tenester, opphaldsmidlar (mat, drikke, husvære, innbu, osb.), naudsynte varer som klede, forflytningsmiddel, kulturrelaterte opplevingar som teater, biletkunst, musikk, film, o.l.).

Me såg at det var mange «sexgrupper» frå denne organisasjonen på campen denne gongen. Dette hadde tydlegvis auka i popularitet sidan tidlegare, konkluderte Silje med eit litt skjelmsk smil. Det såg ut som ho likte det ho såg, men verken eg eller ho deltok. Me heldt oss mest for oss sjølve, men hadde sjølvsagt «kosestunder» me og, ofte ute under strålande frå vår vesle varme stjerne Proxima Centauri. Desse gruppene hadde felles sex, ofte med alt frå fem til 10 deltakarar og dei hadde det visst retteleg moro med kvarandre, såg det ut for. Me gleda oss med dei og med kvarandre. Vår vesle dotter hadde det moro også virka det som. Men, på ein annan måte, ho var jo eit barn! Likefullt var det erotikk ho var oppteken av også, men på sin måte. Ho teikna barnlege erotiske teikningar antan direkte i sanden eller på noko slags papyruspapir me hadde med oss. Dei var retteleg pikante desse teikningane hennar, det var tydeleg. Og, ho hadde verkeleg teiknetalent, kanskje ho ville slå på kunstnarvegen etterkvart? Så vart ho lei det heile og gjekk over til ulike former for rollespel, der skulle me vera med også. Me «spelte» alt frå romvesen, sandstormopplevingar (kvar no dotter vår hadde det frå?), maskespel til «doktor og pasient», tenk det!

Etter omlag ei veke på sexcampen reiste me heim, ferien var over for denne gong. Kva tid me fekk moglegheit til neste vesle ferie var ikkje godt å vite, me tok det som det kom. I mellomtida hender det saker minnest eg. Ikkje alltid hyggelege saker heller, slik som denne hendinga eg no vil fortelje om. «Det var ei gong for..» (nei, ikkje slik, ha, ha).

Bak idyllen

Historia er som føljer: Ikkje lenge etter at me tre kom heim att etter vårt vesle opphald på sexcampen, var det ei kriminell gruppe som hadde fenge fotfeste i byen vår. Det var fleire slike grupper rundt på andre stader også. Dei hadde eit slags nettverk av samarbeid mellom seg, men ikkje alltid gjekk det på skinner. Titt og ofte braut det ut bråk mellom dei, spesielt i dei seinare år når det vart fleire grupper som slåst om dei same tinga. Det vart etterkvart reine bandekrigar. Styresmaktene var lenge makteslause overfor desse kriminelle gruppene, men no i seinare tid har dei klart å gje desse folka eit sosialt og økonomisk tilbod som har stagga auka i grupper og det er mykje færre av dei no.

Men, attende til historia frå den gong. Denne gruppa i byen vår (og andre) byrja spesialisera seg på rusplantar. Dei dyrka i løyndom utanfor byen og tilbaud desse til innbyggarane i byte mot mat, klede og husly. Det vart i det store og heile ikkje noko suksess. Folk vegra seg for å gjera denne gjengen til lags, var redde for represaliar frå bystyret og dessutan dyrka mange sine rusplantar til eige bruk (som er lov) i sine små hagar. Det førte til at «vår» gruppe for inn på andre grupper sine «jaktmarker» og ville konkurera med dei. Då vert det jo fort spetakkel. Grunnen til at eg fortel denne historia er at eg vart på uheldig vis blanda inn. Eg hadde fenge i oppdrag frå bystyret om å ta kontakt med gruppa og prøve å finne andre alternativ til deira virke og levesett. Det skulle vise seg å vera eit hasardiøst spel, det vart med livet som innsata til slutt, nesten.

Eg vart regelrett kidnappa av dei og teken med i eit merkeleg køyrety på veg til eit område ei anna sterk gruppe opphaldt seg i. Farkosten såg nesten ut som ei blanding av ei kjempestor handlevogn for matvarer og ein «rombil» (ein farkost som vert brukt i høgare banar rundt planeten vår på ekstra lange reiser til veldig fjerne områder). I noko som skulle fungera som bagasjerom (som likna på ei handlevogn i form) låg eg bunden på hender og føter. Ikkje særleg godt, men dei i banden hadde skaffa ei madrass eg låg på. Rundt meg kjende eg duften av rusplantar dei hadde med seg, eg hadde også bind for augene. Etter mange timar, virka det som, stansa farkosten og dei tre eller fire som var med meg (eg visste ikkje sikkert kor mange) steig ut og eg høyrde nokre opphissa røyster før det vart stillare tonar i snakket. Kva ville dei og kva skulle dei med meg, tenkte eg. Bakdøra vart opna og dei drog meg ut på madrassa og tok i første omgong vekk bindet for augene. Eg måtte venje meg til det skarpe dagsljoset ei stund før eg så såg dei var fire dei som var med meg. Litt lenger borte ved ein stor steinknaus stod det ei ganske stor gruppe, mest menn, nokre kvinner. Dei såg på «oss» med stramme blikk. Nokon av dei sa noko lågt til kvarandre, men elles var det dørgande stille. Eg synes å hugse eg kjende stilla varte i kanskje ti minutt. Desse litt ljoslitne folka berre stod der og såg på kvarandre, som dyr ofte stirer på oss menneske.

Stilla brotna med eit smell. Ein frå den andre gruppa spurde høgt kvifor i helvete dei hadde teke med seg «den gamlingen der» og nikka mot meg. Eg lurte på det same. Hadde dei tenkt ein slags bytehandel? Men, i byte med kva? Kva for verdi såg dei i meg forresten, eg var jo allereie på den tida «ein gamling» sjølv om eg absolutt ikkje kjende meg slik. Ein av dei som var med i farkosten fnyste ut noko i retning av at dei eigentleg berre ville verte kvitt meg. Eg hadde vorte litt vel plagsom for dei etter at eg hadde byrja å kontakte dei på vegne av byen vår for å få dei inn på andre vegar enn kriminaliteten. «Skal me kverke han for dykk då, er det det de meinar?», var det ei som sa. Eg hugsa eg fraus til inni meg, var mi siste tid komen? «De kan gjera kva de vil med gamlingen», sa ein annan av dei fire, «men me vil gjerne byte vår type rusplantar med den typen de dyrkar mest», la han til. Det vart stille ei stund att, før ein i frå denne gruppa som kalte seg «Steinknusarane» for attom denne steinknausen og kom fram att med ei sver pappkasse med masse vekstar oppi. Gjekk så fram til dei fire sin farkost og fekk attende alt av det «rusgraset» som hadde låge rundt meg i bagasjerommet. Bytehandelen var ferdig og desse gjengfolka skildes åt og dei frå byen vår reiste sin veg. Der vart ikkje eg med, eg vart att med desse steinknusarane. Kva hender no, tenkte eg.

Ingenting spesielt faktisk. Dei i denne gruppa som heldt til meir eller mindre ute i «audemarka», var ganske venlege mot meg. Dei tok meg med til der dei heldt til for det meste, ei litt stakkarsleg nesten falleferdig «hytte» eit lite stykke frå der gruppene hadde møtast, oppe i buskaset ein stad. Der gav dei meg litt drikke og mat. Det var ikkje rare greiene, men litt vatn i ei mugge og eit litt gamalt brød, gjorde «susen» likevel. Det såg ikkje ut som det var mange som kunne sove i denne «rønna» om gongen, kanskje nokon held til andre stader innover i skogen der, tenkte eg. Eg såg meg rundt og såg eit nerast endelaust sletteland med nokre stakarslege buskar her og der på den eine sida, og ein tildels stor skog med bartre, lauvtre og noko me på Proxima b kallar «stjernetre» (ei gruppe treslag med krystallaktig trestamme og stjerneforma blad, finns ikkje på Gaia) på den andre sida. Slik at desse «krabatane» og hytta var plassert omlag midt mellom to ulike klimasonar, ein svert torr og ein svert grøn. Det heile var noko ironisk i grunnen. Desse menneska var ikkje heilt heimehøyrande nokon stad, ikkje i bysamfunnet, ikkje i bygdesamfunnet. Dei var utanfor det heile, difor også problema deira, funderte eg på. Nesten litt naturleg då at dei også hadde «busett» seg mellom to klimasonar, på sitt underlege vis. Men, det var nok meir tilfeldig enn planlagt. Ingen ville ha noko med dei å gjera og då vert det ofte slik, dei var storsamfunnet sine «utkasta». Det var i alle fall eit særs leveleg klima der dei budde, det er no noko..

Etter ei tid og etter å ha rådført seg i mellom hadde dei funne ut at dei ville hjelpe meg attende til byen min. Dei transpoterte meg på ei slags solkjerre som dei delvis drog, delvis køyrde til ein stad nokre timar unna og sette meg av på eit trafikkknutepunkt. Der ulike offentlege transportmidlar stoppar. Det kan vera luftbårne, landbårne eller farkostar midt i mellom..eg kom veldig seint heim den dagen..

Endå meir «bak idyllen»

Ei anna historie eg synes eg må fortelje, hende nokre år etter den litt absurde opplevinga med «gjengane» i vårt område. Denne historia handlar om noko langt meir alvorleg enn «undergrunnsaktivitet» med rusplantar. Sjølv om det er alvorleg nok, vil nokon hevde. Det handlar om eit attentat. Ja, verkeleg, om eit attentat!

Eg har innynda meg før i forteljinga mi, at planeten vår som me er så glad i, Proxima b, er ein fredeleg planet. Ein harmonisk stad å vera på, i eitt elles ganske så ugjestmildt univers for mennesket å klare seg i. Det er utruleg langt mellom gjestmilde og levelege planetar med dei rette tilhøva for at liv kan oppstå eller liv kan kome til å busetje seg. Rett avstand til si stjerne, atmosfære, vatn, jord, osb. Kort sagt, ein stad der liv trivs. Men, der liv trivs, der det finns arten «menneske», kan det også «trivast» mørke. Dei mørke sidene våre kan dukke opp som «aliens» av øskje, også når ein minst ventar det, også på vår planet, Proxima b.

Denne «historia» eg no vil fortelje var ikkje eg eller nokon av min omgongskrets eller nokon frå min by innvolvert i. Ho føregjekk langt unna, veldig langt unna, nesten på «baksida» av planeten. I eit veldig tett folka område med opptil 6 mellomstore byar liggande ganske nær kvarandre, i ein slags geometrisk sekskant. Det var, og er eit fredeleg område (som stort sett resten av planeten er det). Men, i åra før denne litt uvanlege hendinga, hadde det tilspissa seg med motsetningar i den eine byen. Då mellom dei som styrte han og nokre velståande og materielt ganske så rike menn, tilhøyrande eit økonomisk sterkt kartell. Dei hadde tilrana seg rikdom ved å rett og slett okkupera ein av dei viktigaste mineralgruvene i området. Dei hadde skaffa seg ein maktbase med maktmidlar som laservåpen, solcelledrevne sprengladningar og små kjemiske våpen i form av små rakettar med gassampullar i. Dei brukte ikkje desse mot nokon, så vidt eg hugsar, men ein liten vaktstyrke som var lojale til kartellet (10 jamnbyrdige oligarkar, ei kvinne og ni menn, frå talet 10 kom namnet på kartellet, «Dicomastodon») var heile tida klare til å forsvare seg mot eitkvart forsøk på åttak. Men, sidan me ikkje har ordinere politi- eller hærstyrkar på planeten, berre munisipale vaktstyrkar med lette solcellevåpen og meir landlege bondevektarar, så finns det så godt som ingen trugsmål mot slik type organisering som dette kartellet var. Heldigvis så er dette det truleg einaste dømet på slik kriminell aktivitet i dei 50 åra eg har vore her, i alle fall det eg kjenner til. Og, takk for det!

Så til sjølve hendinga. Det hadde altså tilspissa seg kraftig mellom dei styrande i byen og dei «styrande» kriminelle. Ordførarane eller arkontane som me kallar dei folkevalde i eit bystyre eller i eit landråd, gjorde alt dei kunne i denne byen for å prøve å stagge desse «Oligarkane i Dicomastodon» frå verksemda si. Verkemidlane dei brukte var ikkje våpenbruk, våpen hadde dei ikkje, men ved hjelp av beleiring av mineralgruveområdet ville arkontane prøve å svelte dei ut. God historisk praksis eg kjenner frå litteraturen om korleis dei gjorde det på Tellus i mange tusen år. Den utrulege mytologiske forteljinga om byen Troia, men også arkeologiske prova byen, viser i prasksis kor lagnadstungt resultat ei beleiring kan føre med seg. Nesten heile byfolket vart slakta ned til slutt etter at nokre «lurendreiarar» fekk lurt troianarane til å tru på at ein kjemstor hest bygd i tre av grekarane var gudesendt openbaring av Troia sin siger over grekarane. Dei slepte «den troianske hesten» med seg inn gjennom den store byporten i lykkerus og feiring, men om natta kraup dei greske soldatane som hadde gjøymt seg i hesten ut og opna alle inngongane til byen og heile den greske hæren storma inn, og helvetet var laus. Stakkars troianarar, tenkjer eg stadig. Ei tragisk hending utan sidestykkje i menneskeleg forteljarkunst, men som kanskje også har hendt, for omlag 3500 år sidan, etter vår tidsrekning.

Men, no fall eg ut i digresjonen att, ja, ja, men det var dette attentatet då! Etter å ha beleira området til kartellet lenge og vel så tenkte nok arkontane (også dei 10 i talet, men her 5 kvinner og 5 menn) at no hadde dei taket på «gjengen». Men, det arkontane ikkje gjorde godt nok var å tette alle «hol» i beleiringsringen, i alle fall ikkje vakthald godt nok alle stader. For nokre luringar frå kartellet hadde grave seg ut i ope lende gjennom..ja, riktig gode lesarar..ein tunnel! Før nokon av dei friviljuge beleiringsfolka forstod noko som helst så var «rømlingane» på veg mot byen på jakt etter arkontane for å gjennomføre eit attentat mot dei, skulle det vise seg i ettertid.

Fem av arkontane hadde ein ettermiddag gjenge ut for å eta på ein av favorittetestadene sine, vegetartrattoriaen «Paradiso del truffo» i den «eldste» delen av denne byen, kjend for sine fine små gatepasasjar, miniboulevardar og koselege små etestader. Denne restauranten var av nyare type, med eit pagodeliknande tak og nærast ingen vegger og låg på grensa til «gamlebyen» og byen elles. Ved ei noko brei gate. Eit perfekt scenario for eit attentat eller ei bombe. Det vart eit bombeforsøk! Etter avhøyra å døme etter tilfangetakinga av dei tre som gjennonførte dette forsøket, fortalde ein av dei att første planen var å skyte alle fem arkontar med laservåpen, men dei fann ut at det var for risikabelt for dei og kunne føre til rask pågriping gjort av vakter før dei hadde klart å «knerte» alle fem. Difor bestemte kartellet at ei solcellebombe nok var det mest effektive. Denne teknologien er godt kjent på Proxima b og er mykje brukt i sprengningar i gruvedrift, vegarbeid, byggeprosjekt, osb. Dette hadde kartellet i løyndom tileigna seg i lengre tid og no skulle dei prøve det ut på folkevalde personar dei hata for dette beleiringsframstøytet og dermed forsøket på å stanse kartellverksemda ei gong for alle.

Det nærma seg sein ettermiddag og tidleg kveld, stjerna vår stod på «skrå» i horrisonten, nabo stjerna i dette tredelte stjernesystemet som ei noko mindre «klementin» lengre bak Proxima Centauri. Slik var posisjonen dei to stjernene i mellom på denne tida av året, kalla «tempererte epoke 2» (den andre er «tempererte epoke 1», litt kjølegare; eg kjem attende til dette i del 2). Stjerneljoset eller dagsljoset heldt seg enno 5 timar, men det brydde ikkje attentatfolka seg særleg om. Dei førebudde den kyniske planen sin. Her let eg avhøyrsdokumentet til den eine fortelje vidare heile hendinga:

«Me tre kom til byen to dagar før attentatet. Etter at me hadde i vel ei veke gravd oss gjennom ein tunnel i jord og sand, utan at nokon av beleiringsfolka merka det. Det synes me var ein bragd! Me gøymde oss i eit hus i utkanten av byen, ingen visste at var i bruk av oss. Om dagane sonderte me terrenget og prøvde å finne ut om desse arkontane snart gjekk ut på stamrestauranten sin, Paradiso del truffo. Me fann ikkje noko sikkert ut om det med det første, men etter at ein av oss gjekk innom restauranten som ein borgar i byen, mange i den byen kler seg ofte i noko som liknar ein sølvaktig aluminiumsdress, det er visst mote der, og spurte etter tinging gjort av politikarar han ville snakke med, fekk me greie på dagen og tida dei hadde tinga plass. Bomba var klar, me hadde dreve lenge med å få denne solcelleteknologien til virke slik at bomba skulle gå av til rett tid. Me hadde sjølvsagt gjort fleire forsøk på detonering og følte det ville virke godt. Så var det å få bomba på plass, det var ikkje enkelt, men ein av oss klarte å stikke den vesle eininga, for det er verkeleg ein liten «dings» full av mikroteknologi, men full av sprengkraft, ned i eit blomebedd rett bak det bordet arkontane hadde tinga. Så var det berre å vente og håpe at alt fungerte. Og, noko me hadde tenkt på var..at det nøyaktige tidspunktet dei ville møtast kunne vera litt ulikt, at nokon kom litt seint til avtalen og slikt. Slik at..tidspunktet for detonering var omlag ein halvtime etter tida me trudde dei alle ville kome, for å vera sikkert på å råke alle..de forstår jo på måten eg fortel det på, at slik gjekk det ikkje! Ingen av arkontane hadde kome og sett seg ved bordet innan bomba gjekk av. Den eine av dei var rett nok kome innanfor døra då sprengladninga gjekk, men det einaste me klarte med dette var å «drepe» heile blomebeddet, restaurantbordet og stolane med, ja..og eit stort hol gjennom det lette bladfletta taket. Det var heller ingen andre menneske i nærleiken av bordet. Eg er flau no, men slik gjekk det..og meir har eg ikkje å seie.»

Slik lyder avhøyrsdokumentet etter den eine av dei arresterte. Alle tre vart seinare tiltalte for attentatforsøk, innehaving av ulovleg sprengstoff, forsetteleg drapsforsøk og kartellverksemd. Dei fekk likevel «berre» 10 år og sit no ute på «kjempesletta» i eit av våre fengsel der.

Neste historiar handlar om natur og landskap..om dei såkalla urfolka på Proxima b..genbank for plantemangfaldet vårt.stjernestormar..den vanvittige lange reisa me tok frå Mars til her, lurar de nok på kjære lesarar korleis gjekk føre seg. Avstand frå Gaia/Tellus til oss: 4,2 ljosår, avstand frå Mars: nesten det same. Avdi avstanden frå Tellus til Mars berre er 54,6 millionar kilometer i rett line når planetane er på same sida i høve deira stjerne, er trippelstjernesystemet vårt, Alfa Centauri, omlag like langt vekke frå begge. Men, poenget er ikkje dette, det er tida det tek og måten ein gjer det på med å reise i 4,2 ljosår som gjeld her. Eitt ljosår er som de veit den distansen ljoset attendelegg på eitt år, men kor lang er distansen? Eitt ljosår tilsvarar 9,460,730,472,580.8 kilometer (9 461 milliardar km). Ingen forstår vel slike tal og avstandar, eg gjer det ikkje, sjølv om eg og andre har reist avstanden på 4,2 ljosår. Fortare en ljoset kan me i alle høve ikkje gjera, Ljosfarten er 299 792 458 meter i sekundet. Eller ljosfarten er 313 000 km/s om ein vil. Korleis i all verda slike reiser kan gå føre seg, skriv eg om i «Den gode planeten – Del 2». No er eg trøytt etter all skrivinga, eg treng kvile meg noko.

Proximitt «Ravi 999999», Proxima b, 6. stjernerunde rundt Proxima Centauri, i trippelstjernesystemet Alfa Centauri, Tellusåret 2095 etter år 1.

(Om de vil lesa den første forteljinga om katastrofane på Tellus min far skriv om, Mars-opphaldet og reisa frå Tellus foreldra mine gjorde, kan de lesa dagbok- og reisenotatane min far skreiv her.)

This image has an empty alt attribute; its file name is raud-tilstand_11881-e1612712014885.jpg
«Raud tilstand» – Den raude planet, Mars. Vulkanfjellet Olympus Mons. Olje på lerret, 80×105 cm, 2212,
Ravi 666666 (min far)

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Art & Science, Universet og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.