Freden lyt reddast – Ikkje spenningsdrivande militarisme!

«Den øyredøvande stilla», olje på lerret, 95×60 cm, 2021, Ivar Jørdre Foto: Privat

Freden lyt reddast – Ikkje spenningsdrivande militarisme!

Kapitalismen som system har ei indre trongv for å ekspandere, også utover dei nasjonale grensene. Statane i dei dominerande kapitalistiske landa legg til rette for og fremjer interessane til «sine eigne» kapitalistar, der det vert teke i bruk både økonomiske, politiske og militære virkemidlar. Noreg utgjer ein integrert del av det globale, imperialistiske systemet. Det skuldas ikkje minst at norsk kapitalisme grunnleggande har endra karakter dei siste tiåra og vorte ein meir offensiv aktør på dei globale marknadane, med eigne imperialistiske interesser. Det hender serskilt gjennom den omfattande oljeverksemda og Oljefondet, men også gjennom våpenproduksjon og våpeneksport. Militer bereidskap er også eit nykkelomgrep her.

Raudt er for eit defensivt nasjonalt forsvar, uavhengig av Nato og EU-hær, men som på sikt skal omdannast til eit fullt sivilt basert folkeforsvar. Den sterkt auka militere aktiviteten frå USA og Nato i nordområdene utgjer ein trussel mot Noreg sin viktige og gode naboskap med Russland. Det er i Noreg si interesse å bygge ned dette spenningsdrivande tilhøvet og attopprette normale forbindelsar. Det norske militerapparatet er i dag innretta for å oppfylle USAs og Natos behov, og mesteparten av militerbudsjettet på mange titalls milliarder tenar difor ikkje Noreg sine interesser.

Raudt si anti-imperialistiske plattform er basert på mellomfolkeleg solidaritet, respekt for folkeretten, at Noreg ikkje skal delta i eller støtte krigshandlingar mot andre land, og at Noreg skal melde seg ut av Nato. Dei siste ti-åra har Noreg, saman med sine allierte i Nato, delteke i eller støttat ei rekje imperialistiske og  folkerettsstridige krigar mot andre land: Irak, eks-Jugoslavia, Afghanistan, Libya og Syria. Dette har ført til enorme menneskelege lidingar, politisk ustabilitet og store flyktningstraumar. Norske styresmakter deltek i desse USA- og Nato-leia krigane fordi dei fryktar at Nato elles ikkje vil kome Norge til unnsetnad dersom «me» skulle verte utsett for åttak eller truga. Gjennom Nato-medlemskapet deltek Norge også i organisasjonen sin atomvåpenstrategi. Atomvåpen betrar ikkje norsk tryggleik, og bruk av atomvåpen vil årsake umenneskelege lidingar. Atomvåpen må difor avskaffast med forbod!

På Raudts Landsmøte helga 4. til 7. mars vedtok Raudt å stanse alle nye innkjøp av jagarfly med øygeblikkeleg vierknad. Overvaking og kontroll av dei norske havområda skal vera den sentrale oppgåva for sjø- og luftforsvaret, ikkje åttaksretta forsvar og vitjing av usanske bombefly, som no på Ørland Flystasjon. Raudt vedtok også at Noreg skal arbeide for sterk forbetring av vårt tilhøve til Russland. Dette gjeld i Nord og elles. Ein aktiv og konkret politikk for avspenning og oppbygging av tillit, samarbeid og venskap skal prege vårt tilhøve til Russland. Utgangspunktet skal vera «Naboar som vener, ikkje fiendar»!

Ivar Jørdre, laqsleiar Raudt Bergen Vest, landsmøtedelegat og listekandidat stortingsval, Raudt Hordaland

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, nedrustning, Noreg - Norway, Politikk&Samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.