Den norske spenningsdrivande militarismen!

Bombeflya kjem – Dei er ikkje russiske!

«Den øyredøvande stilla» – Olje på lerret, 95×60 cm, 2021, Ivar Jørdre Foto: Privat

Ivar Jørdre, Medlem i styret i Antikrigsinitiativet i Bergen, Bergen 08.02.21

KRONIKKDette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.


Koronapandemien fekk forsvaret og forsvarsdepartementet til endeleg å avlyse militærøvina Joint Viking 2021, men den sat langt inne. «Det er ingen grunn til bekymring», sa forsvarsministerFrank Bakke-Jense i januar då han inviterte 3000 utanlandske soldatar til å drive vintertrening i nord. Ikkje før han hadde sagt det omtrent, så kom dei første meldingane om koronasmitta soldatar. Ei stund var det over 50 utanlandske smitta soldatar, no er dei nærare hundre (nrk.no).

Denne elendige handteringa av koronasituasjonen har forsvarsministeren fenge hard kritikk for i Stortinget. Det visar seg no at både FHI og Helsedirektoratet advarte mot å gjennomføra treninga etter dei planane som førelåg. Det visar seg også at lokale helsemyndigheiter ikkje var involvert i planlegginga. Raudt og SV krev open kontrollsak om det. AP krev også svar. Kva for tankar forsvarsleiinga og forsvarsministeren no gjer seg i høve dette, massetesting av dei allierte styrkane som nærast overkjøyrde testsvara til dei sivile, all mediaoppmerksemda og kritikken dei fekk, ja det kan ein spørje seg om. Om dei ikkje finn svaret sjølve, så kan eg hjelpe dei litt: Eg er forbanna og flau på Noregs vegne. At det i det heile teke vart ein slik stor militærøving no undrar til og med «militærelskarar» på i dette landet. Det seier sitt!


Som eg skreiv i Nordlys 16. januar, er ikkje berre slike militærøvingar spenningsdrivande, men i høgste grad også smittedrivande no i koronatida! Me andre «lovlydige» borgarar sit «innesperra», mens forsvaret og dei allierte «venene» skulle trene på krig mot hovudfienden Russland. Det er jo ikkje forsvar i seg sjølv dei trenar på, det er ei eventuell konflikt med naboen i aust dei er der for. Det må seiast rett ut: USA og Nato vil ha denne spenninga, dei har sine interesser i nordområda og kapitalismen treng våpenindustrien. Berre sjå på aksjekursane til denne industrien på Wall Street!

Eg spurde forsvarsministeren i innlegget mitt 16. januar om han og militærleiinga verkeleg trur at Russland kjem til å invadera oss viss me ikkje har øvd på med militære midlar eit år (eller i framtida)? Etter siste vanvittige nyhende om at usanske bombefly no skal utplasserast på Ørland flystasjon i løpet av februar, så tenkjer eg at dei trur jammen meg på det, OG dei vil terge russarane med det. Det klarar militærleiinga og høgreregjeringa også, protest frå den russiske ambassaden har allereie kome. Det er då eg lurar på ein vesentleg ting: Er «me» i Vesten fulstendig uvitande eller historielause (eller begge delar) om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland. Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar, og dei har ei lang historie attende til 1800-talet med Napoleon Bonaparte og nazistane sitt inntog under 2. verdskrig som sterke dømer, dei sit i den historiske ryggmargen. No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere.

Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukrainakonflikta, er også med i dette biletet. Til dømes Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen.

For Noregs del tyder det at inntil «me» melder oss ut av NATO, må Noreg arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATO sin atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at USAnske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO har iverksett, m.a. i Ukraina.

Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) fekk Nobels fredspris i 2017. I staden for meir krigshissing må den norske regjering skrive under på denne kampanjen. Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, NO!

Noreg er heilt knyta opp til USA. Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly som ei rekke våpenanalytikarar meiner er dårleg tilpassa forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeg i vår puddelsvinging i det siste. Den sokalla «rullerande» usanske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølgje den blå-svarte regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no vert her permanent. Det liknar veldig på ein byrjande usansk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile. Det er omlag 350 usanske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. No har regjeringa i tillegg utstasjonering av usanske soldatar i Troms. Tal? Omlag 350 det også. Om ikkje dette er å gå lenger vekk frå tidlegare basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!

BOMBEFLY av typen B-1B Lancers skal utplasserast på Ørland flystasjon i februar. Dei kan bera atombomber. Dette vert første gong i nyare tid at usanske bombefly utplasserast på ein norsk flybase. Luftforsvaret har øvd saman med usanske bombefly i norsk luftrom tidlegare, men det har vore berre i lufta. No skal flya vera stasjonert på Ørlandet ei tid framover. Som vanleg vil ingen i forsvaret seie kor lenge. Desse «stålfuglar av død» skal IKKJE vera på norsk jord, ikkje på nokon si jord for den del. Professor ved Forsvarets høgskole, Tormod Heier, mener Norges sjanser for å bli en slagmark for USA og Russland øker jo mere amerikanerne benytter seg av norsk jord. Luftforsvaret ønskJer heller ikkje å seie noko om kor mange fly som kjem. Men ifølgje det nederlandske luftfartsmagasinet Scramble er det snakk om fire fly. 200 usanske soldatar har allereie kome til Ørlandet militære flystasjon (nrk.no).

Den bergenske musikaren Jarle Zimmermann Fjellanger, tidligere medlem av bergensbanda Flying Norwegians og Elektrisk Regn, hadde ein noko ironisk song i 1981 som heiter «Russerne kommer». Tittelen bør no skrivast om til «Amerikanerne kommer», og med det for auge at no visar det seg at dette er reelt, og ikkje ironisk meint. Eg vil undre meg korleis forsvarsministeren og dei våpenglade venene hans i USA ville ha reagert på det. Truleg ikkje med eit «smil» i alle fall?

Les mer om: Forsvaret Krig og konflikter Norge mellom USA og Russland

Første gong publisert i Nordlys på nordnorskdebatt.no 8. februar 2021

Tilleg til kronikken, berre på bloggen:

Kommentar:

Dei smitta under koronaen vert haldne isolerte, sjølvsagt, men det er ikkje poenget her: Er det noko me borgarar har fenge råd/påbod om så er det å passe på smittevernreglar, vera heime, ha minst mogleg med vitjingar, avgrense eller ikkja ha møter/tilstellningar i det heile teke. Dei fleste av oss føljer dette, sjølvsagt gjer me det. Me, alle er tydelegvis ikkje likeverdige under sola sine strålar, i alle fall ikkje i høve dei militære. Det dei lir av, inkl. forsvarsministeren og statsministeren er at dei for lengst har «Russlandviruset». I høve det trur eg ikkje det finns sterk nok «vaksine» mot det i dei krinsar. Dei alle der er nok «smitta for livet! Difor må dei bytast ut fortast råd er!

Ivar Jørdre

SV og Raudt reagerar (Frå nrk.no)

Både Raudt og SV reagerar på at flya utplasserast på basen.

– SV er mot å stasjonere amerikanske bombefly i Norge. Mer amerikansk militær aktivitet på norske baser er ikke i Norges interesse. Det gjelder særlig i en tid hvor vi opplever en negativ spiral med stadig økende spenning mellom USA og Russland, sier leder i SV, Audun Lysbakken.

Rødt går enda lengre i kritikken.

– Nå er det på tide å kalle en spade for en spade og et bombefly for et bombefly. Dette er en opptrapping av amerikansk virksomhet på norsk jord, og det er uakseptabelt å gjemme seg bak ord som samtrening og øvelse, som gjør at det høres mindre alvorlig ut enn det er, sier leder i Rødt Bjørnar Moxnes  (nrk.no).

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under nedrustning, Noreg - Norway, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Den norske spenningsdrivande militarismen!

  1. Roger Gjerstad seier:

    Spørsmålet blir: Hvorfor etablertes egentlig Nato, altså bakgrunnen bak det forførende ! pjattet om en fiende.

    Og en må og spørre, hvordan sloss mot selv en mindre våpenmakt Russland ,når de kun trenger å slenge ut noen små nye ! granater med bla.korona-smitte. De gamle krigene er over og har ingen nytte og er slik like meningsløse som da en lå i uker- måneder i de SAMME skyttergravene mellom Tyskland og Frankrike. Krig og destablisering i en verden der alle flyr eller kjører hurtige biler , er totalt meningsløst.
    Det blir nesten gøy å se alle generalene nå , i sine latterlige gammeldagse sirkusuniformer med medaljer og striper. Og de gammeldags krigerne, som allerede er utdaterte av alle ungdom med en liten mobiltelefon.
    R

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.