Innlegg i avisa Nordlys: «Joint Viking: Eg er fly forbanna!»

Joint Viking: Eg er fly forbanna!

«Fredsbyen», akryl på lerret, 120 x 130 cm, 1987, av Ivar Jørdre

Av Ivar Jørdre, lagsleiar Raudt Bergen Vest, Bergen

Publisert: 16. januar 2021

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nok ei gong får me denne årlege store vinterøvinga til landet. Dette året heiter militærøvinga Joint Viking 2021 og omlag 3000 allierte soldatar skal delta, frå USA, Storbritannia, Nederland og Tyskland. Til saman skal omlag 10.000 soldatar delta på øvinga, som vil gå føre seg i Nordre Nordland og Troms.

Eg kan meine heilt til eg «stupar» at eg er i mot slike øvingar og at dei er meir spenningsdrivande i ein «ny kald krig», enn dei er naudsynte for eit heimeforsvar. Og at øvingar som denne er meiningslaus bruk av pengar og skadeleg for miljø og natur. Dette kan eg hevde til «Dovre fell», utan å verte høyrt. Det er som om eg vert slengt i Lofotveggen, eg kjem ikkje gjennom fjellet, eg dett ned som ei daud antikrigssild!

Likevel, gjev eg ikkje opp. Difor tek eg og stadig fleire i Noreg oppatt og oppatt antikrigsbodskapen om nedrustning, ikkje opprustning – avspenning, ikkje fiendeskaping – kjærleik, ikkje hat!

Så kjem noko anna viktig inn i denne vinterøvinga dette året: Koronapandemien! Ikkje før eg har lese ferdig artiklar om Joint Viking 2021, så kjem dei først meldingane om koronasmitta soldatar, 15 frå USA. I skrivande stunde er talet på alle smitta soldatar over 50. Massetesting av dei allierte styrkane forseinkar testsvara til sivile, testane må gjennom samme laboratorium.

Dei smitta vert haldne isolerte, sjølvsagt, men det er ikkje poenget: Er det noko me borgarar har fenge råd/påbod om så er det å passe på smittevernreglar, vera heime, ha minst mogleg med vitjingar, avgrense eller ikkja ha møter/tilstellningar i det heile teke. Dei fleste av oss føljer dette, sjølvsagt gjer me det. Me, alle er tydelegvis ikkje likeverdige under sola sine strålar, i alle fall ikkje i høve dei militære.

No held eg på å steile, merkar eg når eg skriv dette. Eg er fly forbanna (for å seie det mildt..) på dette «Joint Viking-unntaket». Ikkje berre er det spenningsdrivande, men i høgste grad også smittedrivande! Me andre «lovlydige» borgarar sit «innesperra», mens forsvar, verfts- og industribaronane får unntak så det syng etter. Det er demokratisk kjempeurettvist!

Når eg høyrer forsvarsminister Frank Bakke-Jensen sei at me treng å trene på forsvar av Noreg og at det er like viktig under koronapandemien som elles, må eg spørje: Trur verkeleg han og militærleiinga at Russland kjem til å invadera oss viss me ikkje har øvd på dette eit år (eller i framtida)?

Det forsvaret burde gjort heilt og fullt i staden er å forsvare oss mot koronaen, ved m.a. å vera på alle grensestasjonar, flyplassar og hamner. Det hadde vore FORSVAR det! Ikkje drive slike allierte øvingar me veit mest er på USA/Nato sine premissar, der hovudfienden er Russland, og hevde det berre er for Noreg sin del. For ein feilslutnad!

Første gong publisert i avisa Nordlys, 16.01.20

Så var det kommentarfeltet då (som eg synes er interessert uansett usakleg eller god kommentering). Mykje rart her, men slik må ein rekne med, og litt underhaldning får ein med:

Debattregler

Nils Håheim-Saers check_circle for 2 dager siden

Kjøttmeis

gurihelenehansen errorreply til Nils Håheim-Saers  for 2 dager siden

Sa Fredsdue i sted.

VERONICA DAHL ANDREASSEN errorreply til Nils Håheim-Saers  for en dag siden

sauskolt

Jan-Terje Jakobsen check_circle for 2 dager siden

Åpenbart at Maos lille røde er det eneste saliggjørende i skribentens hode. Revolusjonen og kommunismen er hans mantra! At forsvaret øver og at våre venner er og øver sammen med oss er fornuftig og viktig. Når forsvaret velger å øve i disse koronatider, er det uproblematisk da de interne rutiner som skal hindre smitte fra de og er langt foran det vi har sett så langt, f eks åpne grenser! 

gurihelenehansen errorreply til Jan-Terje Jakobsen  for 2 dager siden

Vi trenger fred og nedrustning.Ikke krigshissing og våpen på billigsalg.

Fred Søderholm errorreply tilgurihelenehansen  for 2 dager siden

Fortell det til alle andre. I en ideell verden har du så rett, men desverre styres den samme kloden av mennesker. Er man naiv, så tror man at man ikke trenger forsvar for da er jo alle andre snille. Låser du døra når du tar kveld? Og evt hvorfor? Jeg tipper det er fordi at det finnes noen der ute som du ikke stoler på ,,,

gurihelenehansen errorreply til Fred Søderholm  for en dag siden

Da arbeider vi for en ideel verden.!!

Fred Søderholm errorreply til gurihelenehansen  for en dag siden

Det kan vi, men ikke for enhver pris. Foreløbig må vi ha forsvar, sånn e d bare

Hans Petersen check_circlereply til gurihelenehansen for en dag siden

Fred og nedrustning er vel og bra, MEN hvem skal forsvare oss den dagen det komemr inntrengere som vil ta landet vårt og våre ressurser? At Rødt ikke ønsker militær tilstedeværelse vet vi, men å lukke øynene og leke ole brumm og tro at ingenting kommer til å skje er farlig, Dessverre er vi avhengig av ett eget forsvar, og å øve i krisetid er den beste tiden å øve på, For hvordan skal vi ellers lære å handtere ett biologisk angrep.

Fred Søderholm error for 2 dager siden

Hva får artikkelforfatteren til å tro at øvelsen er smittedrivende? Soldatene kommer i egne fly og blir holdt adskilt fra den sivile befolkningen uavhengig av pandemi. No i disse tider blir det i tillegg gjort ekstra tiltak for å begrense smitte innad i forsvaret. Jeg vil også anbefale Jørdre å oppdatere seg på den medisinske kapasiteten direkte med gjeldende institusjoner og ikke sluke rått det avisene skriver. Trodde han hadde erfaring fra egen blekke om dette. Det er UNN som analyserer, og dem har gått ut og sagt at testkapasiteten er god, ut fra tallene som ble presentert så har dem hatt topper der kapasiteten har blitt utnyttet ca 70% uten ekstraordinære tiltak. Og selvfølgelig så må vi øve på USAs premisser, det er de som har musklene. Å plassere soldater på grensa derimot, det er noe jeg støtter.

Trond Mathisen error for en dag siden

Skriver en forrvirret mann som samtidig flagger en idiologi som uten sammenlikning har tatt livet av flest mennesker i verden. 

Martin Steindal error for en dag siden

Jeg mener det er åpenbart at artikkelforfatter her ikke ser helheten i det han kommenterer. Hvordan hadde vedkommende stilt seg til å ha et brannvesen som bare rykket ut mellom 08 og 15 og da kun hvis det var oppholdsvær? Ansvarlig lege på UNN sa i beste sendetid på NRK 1 at de gjorde sine egne faglige prioriteringer ift hvilke test prøver som hastet. Noe som bla gjorde at Harstad ble prioritert pga den litt famøse romjuls bingoen. Når det er øvelse har ikke forsvaret noen prioritet hvilket  er selvsagt og samtidig er det særdeles viktig å bemerke at de rutinene som etterleves innad i etaten neppe hadde vært mulig å få til andre plasser. Sikkerheten går foran alt, herunder spesielt mhp merbelastning av samfunnet og den enkelte borger. Kort oppsummert vil jeg påstå at vedkommende her bommer stygt, men hans mening om at Forsvaret ikke er nødvendig må han få lov til å hevde.

Ivar Jørdre check_circle for 19 minutter siden

Til alle som har kommentert min artikkel:
Eg likar debattar der ulike synspunkt og meiningar brytast. Fleire har i dette kommentarfeltet saklege kommentarar og er ueinige med meg. Det er heilt greit, men når mange her vert såpass usaklege er det grunn til å stoppe opp litt. Det er ei kjent sak at altfor mange i norske kommentarfelt ikkje klararar å styre seg. Det er synd, det øydelegg ein open god debatt. Til de som har svara meg sllik usakleg, vil eg skrive: Om de ikkje klarar å styre unna personangrep i staden for argument i saka, så vent med å delta til de finn ut av det og klarar å skrive ned tankar og fakta som gjeld saka. Ikkje driv med personhets, slik t.d. «kjøttmeis» er (eg kan sjå humoren i det om eg vil, men diverre var det ikkje tenkt slik frå deg som skreiv det). Ver for god til å søkke så lågt som det!

Når ein her skriv, «Åpenbart at Maos lille røde er det eneste saliggjørende i skribentens hode. Revolusjonen og kommunismen er hans mantra!», kan eg nesten ikkje unngå å le. Men, kva i all verda har det med saka å gjera? Og, kvifor i alle dagar trur vedkomande at eg har Maos vetle raude som einaste saleggjerande i mitt hovud? Det kan ein lure på. Eg kan roe ned den «usaklege kommentaren» med at eg 1) ikkje har nemnt det ei gong og 2) at verken eg eller partiet Raudt har noko som helst referanse til eller nedskreve i, noko partiprogram eller anna skrift. Det går an å setje seg litt betre inn i sosialisme/kommunisme Raudt står for, enn det du gjer her.

Så endeleg (puh), til sjølve poenget med kommentarfelt, nemleg utveksling av synspunkt:
Det virkar på meg som mange her trur at USA eller Nato er genuint intressert i forsvaret av Noreg i seg sjølv som ein venleg teneste eller som «kompisar» med mottoet «ein for alle og alle for ein». Trur ein på det, kan det vera nyttig å finne ut kvifor spenning og opprustning er som det er. Våpenindustrien, ressurskamp, geopolitikk og profitt er av dei viktigaste drivkreftene maktmenneska i verda har. Så får dei ofte oss vanlege borgarar med på leiken, så vert det laga store fiendebileter, ja, så er det heile sett i gong. Skal ein prøve å stanse vegen mot evt. krig, så må nokon byrje med å tenkje annleis. Det krev også mot. Fordi me er så «inne i» makthavarane sin idear og forteljingar, at me kan risikera våre sjølctendige eigne tankar.

Dei fleste av oss ønskjer ikkje krig og konflikt. Då er det viktig å tenkje, meinar eg, at store miltærøvingar med Nato/USA/Storbritannia m.f., svere militærbudsjett, agressiv propaganda, IKKJE tenar fredssaka, som m.a. Nato-alliansen meinar, ved å ruste opp skapar me balanse og fred, som det heiter der. Militærøvingane i Nord- og Midt-Noreg har auka i storleik og intensitet. Dette er ei farleg utvikling! Det er heldigvis ikkje berre meg som meinar dette. Forskarar og til og med talerøyr i forsvaret uttalar uro over at norsk forsvarspolitikk stadig vert meir dominert av Nato/USA-interessene. Når me aukar miltært nerver og store øvingar, gjer Russland det same. Slik er «spenningslogikken»

Så til slutt, koronaproblematikken:
Ikkje lenge etter at eg såg spørsmålet i kommentarfeltet her, «Hva får artikkelforfatteren til å tro at øvelsen er smittedrivende?», så hadde talet på smitta soldatar auka og det er stor uroing blandt m.a. legar. Så langt i januar har 63 utanlandske soldatar fenge påvist smitte ved tilkomst i Nord-Norge. Sitat: – Det er vanvittig! Det er en usikker tid vi er i, og det er ingen grunn til at vi skal ta den risikoen, sa kommunelege Hanne Heszlein- Lossius i Berlevåg til NRK sist uke. Hun mener hele øvelsen bør utsettes fordi det er en unødvendig risiko for importsmitte og mutert virus. Også kommunelegen i Narvik har reagert. – I og med at man har et ganske tungt belastet helsevesen fra før, utgjør antallet smittede bekymring, sier Sverre Håkon Evju. – Burde øvelsen vært avlyst? – Jeg skjønner det kommer spørsmål om det når man ser tallene som er presentert, sier Evju. Frå: https://www.nrk.no/nordland/koronasmitte-hos-utenlandske-soldater-for-militaerovelsen-joint-viking-1.15329480

Ivar Jørdre for noen sekunder siden

Det er ein ting eg skulle ha hatt med i min førre kommentar, det er å gje heider til den einaste kommentatoren på denne «tråden» som nemde FRED og NEDRUSTNING. Det er Guri Helene Hansen! Modig gjort, og viktig at nokon står opp for desse verdiane. I ei verd som stadig er i ein tilstand av ukontrollert våpenspenning! Takk Guri Helene!


Fredshelsing frå Ivar

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Klima, Noreg - Norway, Politikk&Samfunn, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Innlegg i avisa Nordlys: «Joint Viking: Eg er fly forbanna!»

  1. thorleifb seier:

    Delt på Rødt Bergen Vest sin facebook-gruppe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.