Kaos i det usanske demokratiet – Er det noko nytt? Og, kva med det kaos og kupp USA har gjort i mange land opp gjennom tida?

USA vert i Vesten og delar av «Resten» sett på som sjølve fyrtårnet for demokrati i verda. Det er ikkje måte på kor maktmenneke, politikarar og økonomisk elite hausar opp kor sentralt dette landet er i så måte. Det er «USA me ser til, det er USA me ser opp til», når det gjeld sikkerheit, økonomi, frihandel og demokrati. For ikkje å snakke om «fridomen»! Vår (i vestleg forstand) forståing (eller mangel på forståing) av fridom er så sterkt knyta opp til den «amerikanske draumen» og den frie marknad, kapitalismen, at det virkar nesten umogleg å gripe tak i andre tankar og alternativ. Det er uråd å tenkje seg noko anna innhald i omgrepet fridom. Tvangstanken er at dette er fridom, noko anna form for innhald er ikkje-eksisterande. Dette må kunne kallast framangjering av våre sinn?

I alle fall har tankegodset i Vesten vore slik opp til no. Ein stor del av desse haldningar er framleis høgst levande. Men, noko har endra seg i synet på USA og «fridomen deira», hjå fleire enn berre «venstresida» i dei seinare år. Noko av dette har Trump hjelpt til med dei siste fire år med sin demagogi og splitt og hersk, og andre som «Black lives matter» rørsla har sett søkeljoset på det sentrale innhaldet i fridomsomgrepet, den libertarianske, fridom frå vilkårleg makt og undertrykking. Men, her må noko meir forklårast:

Fridomen «kidnappa » av liberalismen

Kampen mot vilkårleg makt er ein politisk tradisjon som går heilt attende til antikken. Både grekarane og romarane var opptekne av omgrepet «fridom» og kva det innebar. Forfattarane som vert presenterte i boka «Politisk frihet», (ein antologi utgjeve i 2014 av forlaget Res Publica) er både tenkjarar, talarar, filosofar og politikarar. Til saman utgjer dei ein fridomstradisjon som lenge har vore gløymt, men som har vore sentral i Vesten og strekjer seg frå antikken til omlag vår tid. Det vil seie at denne tenkinga nesten berre har vore levande i nyare tid frå 1800-talet og frametter hjå fagrørsler, kvinnerørsler, sosialistar, politiske tenkjarar, osb. Det har vore so gale at dette grunnleggande omgrep i menneskeleg tilvære har vorte «kidnappa » av liberalismen frå 1800-talet, då fenomenet oppstod. Dette liberalismeomgrepet kom ganske snart også til å verte omtalt som kapitalisme, med filosofen Adam Smith som ein av dei «varmaste» talerøyr. Det opprinnlege innhaldet i fridom vart gløymt og me sit att i dag, i dei fleste kapitalistiske land, med den kapitalistiske marknaden sin «fridom» og den individuelle «fridom» til å velje kva sjampomerke, mobiltelefon, billigaste mat og smak på kondomar, me vil ha. Dette er IKKJE å setje tinga altfor mykje på spissen, faktisk. Ei konsekvens som er endå meir alvorleg er når multinasjonale gigantar vert å rekne for juridiske individuelle einingar, med sine eigne «menneskerettar» så å seie. Desse selskapa kan då saksøke statar om det er noko, i landet sine lover, o.l., som hindrar deira «frie» etablering og utnytting av resursar. Allereie har det i dei siste 10-20 åra vore døme på multinasjonalar som har saksøkt statar for milliardbeløp, og det vert ikkje dei siste, om ikkje galskapen stoggast.

Det politiske fridomsomgrepet som m.a. har i seg «fridom frå vilkårleg makt» er i live. I seinare tid vart, nærare meint for omlag 40 år sidan, denne tradisjonen attoppdaga og teke i bruk av leiande historikarar og politiske teoretikarar under omgrepet «republikanisme» (berre for å presisera: dette har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera, som er nyliberalistar på sin hals, politisk reaksjonære og har ei fridomsforståing heilt på kapitalen si side). Ein av dei mest markante i dette omgrepet republikanisme er politisk filosof og professor i politikk Philip Pettit. Den republikanske tenkninga inspirerte dei usanske grunnlovsfolka, som skapte den usanske sjølstendeerklæringa. Tenkinga låg til grunn for den franske revolusjon, og var igjen førbilete då den norske grunnlova vart skapt i 1814.

Oppstanden og storminga av Senatet

Avsnittsoverskrifta kan tyde på at eg skriv om noko som har hendt langt attende i tid, t.d. frå Romarriket. Men, det er det absolutt ikkje, snarare tvert om. Det er ei flunka ny hending! Onsdag 6. januar 2021 vil for mange i USA stå att som ein svart dag i deira historie. Og verda såg med undring på det som hende den dagen. Andre har i lengre tid lurt på når slike ting kunne hende i det svert splitta landet: Storming av Senatet! Nemleg opptøyer framfor senatsbyggningen og til og med storma omlag 1000 personar bygget. Desse mest ihuga Trumptilhengjarar og frå ytterste høgre, mange ikledd miltæraktige klede, trampa gjennom lokala i Senatet, sette seg på senatorstolar, tok «selfies» og spreidde på nettet, gjekk inn i senatorkontor, osb. I det heile teke, ein «høgreekstrem gjeng på guidetur» i Senatet. Tragisk nok har 5 personar døydd i denne «heksegryta» (ei kvinne som vart skoten inne i Senatet og seinare døydde, tre personar andre stader utanfor og ein politi som følge av skader) .

Men, er det så enkelt? Denne reaksjonen, reelt sett, er eit førebels toppunkt på ein historisk lang prosess av marginalisering, utanforskap og fattigdom blandt i dette høvet den kvite arbeidarklasse. Den svarte arbeidarklassa har alltid vore utanfor samfunnet i form av slaveri, diskriminering og rasisme. Dei høyrer i størst mon til det demokratiske politiske universet i ISA idag. Det har også store delar av den kvite arbeidarklassen gjort, heilt opp til nyliberalismen og «neocons» sin største faneberar, president Reagan, dominerte landskapet på heile 1980-talet. Før det var politikken meir fundert på ei viss grad av sosio-økonomiske sikkerheitsnett og med noko meir av offentlege ordningar og mindre skilnader mellom samfunnsskikta. Men, det er her viktig å presisera at det likevel var langt frå den nordiske sosialdemokratiske velferdsmodellen (som også er truga av marknadsliberalismen no i vår tid).

Under Reagan (og Tacher i Storbritannia) vart så godt som all statleg eigde selskap og offentlege støtteordningar skrota og det «frie marknaden» som dogme var einerådande. Dette ideologiske regimeskiftet førte store delar av arbeidarklassa og delar av mellomklassa (dei svarte var for det meste fattige frå før) i USA ut i marginalisering og fattigdom. Og, politisk føre det til framangjering der avstanden mellom den arbeidande usanar og makt- og pengeeliten i Washington vart stadig større. Verken Bush senior, Clinton, Bush junior eller Obama har klart eller villa gjera noko med dette. Så kom etterkvart demagogen Trump og fekk store delar av dei marginaliserte massane med seg, i eit først og fremst retorisk og propagandamessig vellukka korstog mot «sumpen i Washington» som han kalla det. Likevel skal det seiast at han fekk til ein viss auke i levekåra til t.d. industriarbeidarar med ganske omdiskuterte nystartingar av kol- og oljesektorar, ikkje minst miljø og klima sett katastrofale. Men, mange av Trump sine veljarar har stått på staden kvil eller gått attende, levekårsmessig. Han «gløymde» fort mange som gav han ei stemme i 2016.

Ein endå sterkare høgredreiing har funne stad under Trump. Noko han har både nytta seg av og skapt. Resultatet av Trump si opphausing av folk med at valet i november 2020 var rigga og ståle frå han (først og fremst han) og hans veljarar har fenge også dei høgreekstreme gruppene på banen. Dei var dei som stod i spissen for storminga av Senatet, men dei er også den brutale utgåva i eit fattigt, klassedelt og elitestyrt land. Kven kan spå kva den neste oppstanden vil føre med seg, når til og med storming av eit Senat er mogleg? Ein ting er ganske sikkert: I ein nyliberalistisk og råkapitalistisk økonomi, er det ikkje råd å skape rettferd, fordeling og fridom og sameksistens utan at systemet vert fullstendig endra. Inntil vidare har det militær-industrielle kompleks og Wall Street (som alltid) eit mektig «ballegrep» på kven det måtte vera som er dei styrande i Washington.

Epilog – USA smakar sin eigen medisin

Storminga av Senatet er ikkje reelt og teknisk sett eit kuppforsøk, men det har kuppelement i seg. M.a. invadering og tildels okkupering, av viktig samfunnsinstitusjon (som Kongressen og Senatet er), oppmoding til protestar av sittande leiar (Trump sine uttalingar og retorikk som «tennveske» til aksjon), deler av politistyrken som passive eller hjelparar til inntrengjarane, og undergraving av demokratiske prosessar i lang tid.

Det ironiske (eller tragiske) opp i det heile er orda «kuppforsøk og kupp». Det er ingen land i verda som dei omlag siste 120 år og meir har stått bak og/eller har støtta så mange kuppforsøk og kupp som USA. Ingen andre land som har gjort dette når dei opp til ankelen ei gong. Forløparen OSS og seinare CIA (den føderale etterretningsorg. i USA med hovudansvar for etterretning og kontraspionasje utanlands) har saman med Pentagon (forsvardepartementet) vore hovudarkitektar for dei ufatteleg mange kuppa.

No har USA fenge smakt litt av sin eigen medisin så å seie, og det for første gong på nærare 200 år. Skilnaden på denne «hendinga» 6. januar er berre det at konsekvensane er heilt annleis her enn dei mange kupp og invasjonar gjort av USA etterfølgt av lange periodar med brutale diktatur som har kosta millionar av liv. Lista er sørgjeleg lang (sjå sist i artikkelen, henta frå wikipedia.org).

Resultata av invasjonar og kupp, er drap, tortur, forsvinningar; meir drap, tortur og forsvinningar, storstilt korrupsjon og innføring av nyliberalistisk økonomi (noko som ofte er av hovudårsakene til regimeskifta saman med å stoppe den såkalla «verdskommunismen/sosialismen). Kva er det som hender med ei verd som gløymer desse kuppa/invasjonane? Hendingar som i praksis er forferdelege, som har tusenvis på tusenvis av menneskelagnader i seg, som har massevis av blod på seg. Ja, kva gjer det med oss når me gløymer eller ikkje vil vete noko om denne historia? Svara er truleg mange, men me alle treng å reflektere litt over dette av og til. Skal me take vare på noko av vår menneskelege verdigheit, må slike døme på historie ikkje gløymast! Sjølvsagt prøver politiske og menneskerettsorganisasjonar å få fakta fram om dette eg skriv om, noko eg vil kalle «USA-intervensjonar med vesten si velsigning». Denne historia vert ikkje heilt borte i historia si»søppelkvern». Men kva skal ein seie til at omgrep som «kontroversielle» vert brukt når vestlege leiarar føler seg tvungne til å uttale seg om USA og deira ugjerningar? Når slike vage ord vert brukt om dette som ofte resulterte i blodige diktatur og fattigdomsskkapande økonomisk politikk, er det diverre ikkje utan grunn. USA er Vesten, me er Vesten og USA er vår «mann» til rett tid!

Me menneske gløymer svært fort, noko makthavarar også ønskjer me skal gjere, i mange ting, og absolutt i høve til kupp dei har støtta og krigar dei har starta. Dette utgjer ei framandgjering av vårt minne og vår rolle som motstandarar av kapitalistisk imperialisme i verda. Lat det då vere mogleg å hugse dei millionar som har døydd i maktmenneske sine hender med sjølvsentrert og destruktiv storpolitikk. Dei fortener ikkje å verte gløymde desse mange millionar drepne grunna attrå etter resursar og konspirasjonsteoriar om faren for verdskommunisme, o.l. Det må alltid storprotestar og store oppvakningar til før «storfolk» snur hovudet i frykt!

Lat oss reflektera over dette og ikkje heilt verte «satt ut» av «det store sjokket i Washington», som så altfor mange av våre leiarar har «skreke over seg om» i det siste.

Ivar Jørdre

Den imperialistiske oversikta over CIAs mest kjende operasjonar:

Asia, Midtøsten og Europa

Sør- og Mellom-Amerika

Afrika

Henta frå wikipedia.org

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Kaos i det usanske demokratiet – Er det noko nytt? Og, kva med det kaos og kupp USA har gjort i mange land opp gjennom tida?

  1. Tilbakeping: Kvifor dette sjokket? | Ivar Jørdre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.