Novelle – Den siste sjansen

Den siste sjansen – Del 1

Meldinga i radioen var klår: «Unntakstilstand er no innført. Det gjeld som portforbod frå klokka 21 00 om kvelden til klokka 07 00 om morgonen. Det er også forbod mot større samlingar av menneske enn 9 personar. Brot på dette vert sanksjonert med høge bøter og/eller fengsel med opp til 3 år. Forordningane trer i kraft frå i kveld. Desse er grunnlagt i dei nye nasjonale lovene om samfunns sikkerheit og allmenn folkehelse. Personar som har påvist smitte av det nye Universum-viruset skal med ei gong i karantene antan heime eller på sjukehus i minst ein månad, personar som har kome frå definerte risikoområder rundt omkring i verda skal vera i heimekarantene også i ein månad. Brot på dette kan også medføre høge bøter og fengsel.» Eg vakna endå fortare enn eg pla gjera på denne tida, omlag i sju-tida denne morgonen, om eg ikkje hugsar feil. Det er trass alt lenge sidan no. Røysta virka metallisk i radioen, endå meir metallisk og jarnaktig enn tidlegare, synes eg. Eg hadde alltid synes dab-radioar har ein meir metallisk lyd enn dei gode gamle analoge FM-sendarane hadde, no var eg ikkje i tvil. I alle fall med slike meldingar, dei forsterkar det vel berre. Den andre meldinga frå styresmaktene for samfunns-sikkerheit og kontroll, som det heitte, denne morgonen var om det tiltagande regnet den siste tida og ikkje minst det som var blanda i det: Radioaktivitet. Det var som eg fraus gjennom sentralnervesystemet og nedover ryggrada når eg høyrde ordet. Eit iskaldt og kjenslelaust ord. Ordet kom liksom krypande etter deg lenge etter ein hadde høyrt det. Fy faen no er det gjort, det er over, tenkte eg kanskje den gongen. Det hadde lenge vore kjent, i alle fall for dei av oss som følgde med i nyhende, at radioaktiviteten målt i Bekerell, stadig hadde auka den siste månaden. Likevel var det eit sjokk å høyre denne meldinga. Ein ville ikkje høyre sanninga, berre fortrenge ho, men det nytta ikkje å stikke av mentalt. Ikkje fysisk heller, forresten. For det var nettopp det denne siste meldinga hadde som bodskap: «Alle må halde seg innandørs i sine heimar, i minst to veker inntil nærmare beskjed blir gitt.» Lyden var tordnande klår. Dette meinte kanskje meir enn to veker. Eg byrja med ei gong å tenkje på kor mange dagar eg hadde proviant for. Eg fann ut eg hadde for 3-4 dagar, panikken byrja å fukte panna.

Det var ei tid og tilstand med globale kriser. Lenge hadde det vore krig mellom stormaktene. Eg hugsar ikkje kor lenge no , kanskje 10 år, kanskje meir. Men det var i dei siste månadane at taktiske atomvåpen byrja brukast. Konsekvensane var sjølvsagt katastrofale. Fleire byar hadde nærast vorte heilt utsletta. Millionar av menneske var drepne. Endå fleire millionar var på flukt. Kanskje meir enn 500 millionar i byrjinga. Det var flyktningar overalt. Og det i tillegg til dei allereie 2 milliardar som var klimaflyktningar. Mange av dei hadde vore på flykt i over 40 år. Frå øydelagde heimar, oversvømma land og øyar, ja, i det heile teke utarma og slitne menneske som offer for menneskeskapte klimaendringar, ofra på kapitalismen sitt profittalter. Og, så i tillegg dei mange millionar frå ein meiningslaus krig, ein krig om ressursar og global makt.

Midt opp i dette armagedon av den etter kvart globale krigen, kalla Den store krigen, kom viruset. Som frå ingenting dukka det opp. Men, det gjorde det sjølvsagt ikkje. Det skal eit menneske til for å endre historia, heiter det. Alle pandemiar, pestar og epidemiar i historia har mennesket som den viktigaste aktør. Så også i dette scenariet. Det byrja truleg i eit fiske- og kjøtmarknad i Vesten ein eller annan stad. Det var mange kandidatar til kvar denne marknaden var, men ingen viste sikkert den gongen. Folk fekk ikkje greie på noko, ingen avsløringar, det vart lagt lok på informasjon, og til slutt hemmelegstempla. Mange lurte på, hugsar eg, om ikkje alt dette berre var ein dekkoperasjon og at det i staden kanskje var virus som hadde «sneke» seg ut frå eit laboratorie som militære dreiv i ein av stormaktene. Lenge vart det spekulert i media om dette, men ingen kom nærare sanninga og til slutt var folk meir enn nok opptekne av krisene sjølve enn å grave meir i dette. Meir enn nok med å overleve kan ein seie. Viruset Universum spreidde seg raskt og fleire land innførte strenge karantenereglar og stengte av deler av eit land. Etterkvart vart heile land sett i karantene av regjeringar. Ein heilt unik situasjon som aldri hadde hendt før, men som vart regelen.

Mange internasjonale forordningar vart sett i verk av «Verdas Eining». Det viste seg fort at forordningane ikkje fungerte, det var kaos over alt. Land brydde seg ikkje om andre land, den internasjonale solidariteten (om den nokon gong hadde vore god?) forvitra heilt og krigen rasa. Kunstig intelligens kom også i bruk i kampane. Maskiner som såg ut som menneskeliknande figurar med programerte sjølvlærande system kjempa på slagmarka saman med soldatar. Det var stygge scener som utspelte seg. Ein skulle berre ha visst.

Oljepriskrig mellom viktige oljestatar var det som til slutt tippa verdas børsar.

Børsar over heile verda reagerte kraftig på kombinasjonen av to kriser, krigen og viruset. Ein dag, som vart kalla «Black Monday» skar det seg heilt. Panikken breidde seg ut over dei fleste av verdas børsar og verdiar til mangfaldige trillionar dollar forsvann som dug for sol. Når eg nemner verdiar, antan aksjar eller statsobligasjonar, så er det naturlegvis «kunstige» verdiar ein snakkar om. Dei fans sjølvsagt ikkje i verkelegheita, dei fans berre som tal og algorytmer i datamaskinene og i hovuda på finanseliten. Det tok ikkje lang tid før heile finanssystemet i verda kollapsa og ingen verdipapir vart selt og kjøpt meir nokon gong. Cyber åtak vart mykje brukt i byrjinga av den store krigen, men etterkvart braut «world wide web» saman. Internett fungerte berre i enkelte lokale «lommer». Det var idealistiske grupper som klarte å halde det oppe ei stund, men til slutt vart det stille der også. Då var det berre enkelståande familie-internett som vart oppretta. Små isolerte familiegrupper i nokre land som klarte å halde kontakt med kvarandre, nokon gonger også over landegrenser. Straum klarte dei å få ved hjelp av solceller. Det ordinere straumnettet hadde for lengst brote saman. Men, desse gruppene var sårbare og det hendte ofte at dei vart utsett for åtak frå dei såkalla «svarte musketerar». Fleire av «familiane» vart rett og slett utsletta. Desse svarte musketerane var frykta over alt der dei for. Ingen visste med sikkerheit kven dei var og kvar dei kom frå, men folk meinte dei var skapt av stormaktene og hadde seinare kome ut av kontroll. Dei var ein av dei store mysteria under den store krigen.

Virus-pandemien held fram å spreie seg over heile verda. Smitten var ute av kontroll. I dei første åra av Den store krigen var det fleire som døydde i pandemien enn som døydde i krigen. Heile samfunn var avstengt og alt vart etterkvart stengt. Berre noko matforsyning var tilgjenge. Folk hamstra og butikkhyller vart fort tomme. Oppdatertetiltak frå styresmaktene for folket kom heile tida. Hardare og hardare restriksjonar kom, ulike land hadde ulik hardheit i sine tiltak, grunna resursar. Fattige land låg sjølvsagt dårlegast til. Men til slutt hadde ikkje lenger verdas styresmakter fleire verkemiddel. Sjukehussektoren kollapsa, mange døydde utanfor sjukehusa av mangel på behandling, og etterkvart døydde mange helsepersonell også. Midt ute i Den store krigen, som varte i 50 år, var Universum-viruset utdøydd for lengst. Det var ikkje mange å smitte lenger, det var berre folk spreidd rundt om på kloden i mindre samfunn. Og dei som overlevde pandemien vart imune. Lokalt baserte sjukdomar kunne sjølvsagt ta liv, men ikkje på langt nær i den grad som det berykta viruset. Det er ufatteleg å tenkje attende på denne tida og dei store sifra eg då minnest. Ingen veit naturlegvis nøyaktig kor mange menneske som døydde i krigen og pandemien, for ikkje å gløyme dei som vart råka av radioaktivitet frå den taktiske atomvåpen bruken. Eller av forverra klimatilhøve som årsak. Om eg skal prøve på å gjette så kan opp mot 4 milliardar ha døydd berre av pandemien på omlag 10 år, på like lang tid kanskje 2 milliardar i Den store krigen, inkludert frå viruset. Talet på folk som døydde av radioaktiv stråling veit ingen, men det er snakk om «astronomiske» tal.

Den store krigen varte, som nemnt, i omlag 50 år. På slutten av krigen var det nesten ingen att som kjempa, det var rett og slett få soldatar att. Tilgang på fleire? Det seier seg vel sjølv! Dei fleste av byane i verda var øydelagde eller utsletta. Infrastruktur å snakke om fans ikkje og båt og fly var det absolutt ikkje snakk om. Vekke alt saman. Det var knapt klimaflykningar att heller, ingen kom seg nokon stad, og dei som i dei første åra klarte å flykte var døde i ulike samanheng. Nei, det var berre nokre hundre millionar menneske att. 25 år etter at Den store krigen nærast «døydde ut» av seg sjølv av mangel på materiell og folk, var talet på menneske på jorda det nærast latterlege låge talet på 10 millionar. Dei levde i enkle småsamfunn rundt på kontinenta og hadde ein basisk jordbruksøkonomi som grunnlag. Desse menneska hadde det dei trengte for å klare seg og nok overskot av tid til å lage kunst og handverk til eigen lyst og nytte. Ein kan seie, utan å overdrive, at i det store og heile så hadde dette låge talet på menneskje ein positivt verknad på flora og fauna, og klima. I dei tiåra som følgde kom mange deler av naturen seg. Verdas skogar grodde veldig etter ei tid, andre vekstar også. Dyra i dei fleste former (mange artar var allereie utrydda, sjølvsagt) fekk mykje større områder å leve i og ikkje minst vart klimaet sakte men sikkert betre. Tenk på alle klimautsleppa som menneskeslekta stod for. I desse «ettersivilisasjonstider» var det nesten ingen utslepp av klimagassar lenger. Jorda som biologisk eining klarte seg tydeleg betre utan dei mange milliardar menneske med det kapitalistiske økonomiske system som verktøy, som ei gong regjerte kloden. Men, lenge før alt dette var ein liten del av menneska allereie kome seg til ein annan klode: planeten Mars! Året no, er 2160.

(Samandrag, dagboksnotater, min far)

Den siste sjansen – Del 2

«Pictures from a sinking city», frå 2019 av Maja Ratje, basert på Atlantis myta, Platon og eit måleri av den franske 1700-tals målaren Fransouas Borones., høyrdes frå høgtalarar. Mens «The Road» frå 2009 og «V for Vendetta» frå 2005 vart vist på dei store skjermane i den enorme avgangshallen.

Reisebrev frå den raude planet

Vinden var kald den dagen me reiste. På verkartet dagen før hadde Silje og eg sett tydeleg at no var sommaren på hell, ingen tvil om det. Myrke skyer over heile kartet. Dei same myrke skyene såg ut til å fylje etter oss. Ein heil gjeng med litt nervøse og oppspilte tendensar var på veg ut til det store trykkammeret som var laga til for større gruppereiser og andre ekskursjonar som det stod på eit skilt over inngangen.

Me var komen så langt i utviklinga no at det ikkje lenger var eigen plass for rullestolbrukarar. Dei var reisande på lik linje med alle andre reisande og brukte naudsynt dei same inngangar og utgangar. Det var ein underleg tanke som festa seg når eg saman med alle dei andre forventningsfulle tok turen inn i trykkammeret. Skulle eg aldri få sjå jorda att? Aldri få sjå att min heimplass? Eg gløymde desse tankane fort, det same kunne det vera óg, for no byrja eg å kjenne korleis trykket i trykkammeret virka. Akkurat som om nokon fyrst pressa meg saman for så å sleppe meg opp att. Silje stod litt lenger fram i køen på veg ombord i romferga. Ho snudde seg og såg etter meg, eg smilte attende liksom for å fortelje ho at alt var i orden. Men, var det det?

Det var ikkje noko form for trapper inn til ferja så eg kunne gladleg køyre rett inn med min solenergidrevne rullestol. Inne var det romsleg og god plass så eg lirka meg til med det eine vindauga med Silje ved sia av. Etter at alle var komne inn, sett seg og godt festa, så skulle heile «spetakkelet» heisast opp i loddrett stilling oppå dei svære bererakettane som ferja allereie var festa litt til. Eg kikka bak og lurte på korleis feste på min stol fungerte. Med nokre svære klips rundt alle fire hjula og med ekstra rygg såg eg at sjølv om oppstigninga er bratt så skulle eg henge med. Den kjensla som ein fekk i kroppen under dei kraftige brøla frå bererakettane når me vart lyfta opp frå moder jord, var utruleg. Som om eg vart rykka opp med rota for godt og skulle plantast ned ein heilt annan stad. Kanskje var det det einaste riktige óg, slik situasjonen var på den tida på jorda. I året 2120 (hundre år før vår marsreise) var utviklinga på vår kjære planet riktignok komen svert langt på dei fleste områder teknisk sett, men ikkje menneskeleg, fornuftmessig, osv. Spesielt to område var som eit kaldt gufs frå fortida, Ikkje langt attende i tid heller, forresten. Nemleg forureining og atomopprustning. Dei siste kjende nedrustningsforhandlingar hadde vore for omlag 150 år sidan. Ingen av «tungvektarane» i verda har etter det fylgt dei opp ved å halde avtalane dei underskreiv. No hadde spenninga gått i veret. No var jorda på randen av atomkrig, men eg trur øydelegginga av naturen likevel vart menneskeslekta sin dødsdom. På toppen av det heile hadde gigantiske pandemiar herja i fleire omgonger det siste hundreåret.

Med desse tankane såg eg jorda som vart mindre og mindre etterkvart som me nerma oss den raude planet med omlag halvparten av ljoset si hastigheit. Jorda sin neraste nabo utover i vårt solsystem er altså mindre, men med store krater og svære dalar til lange ørkenaktige sletter. Atmosfæra på Mars inneheld mykje CO2, litt nitrogen og berre spor av oksygen. Likevel er moglegheiter for liv til stades. Litt vatn i form av is er det også funne under overflata. For over hundre år sidan, rundt førre århundreskifte fann ein teikn på liv, små mikroorganismer som bakteriar og liknade.

Den tynne atmosfæra er synleg i horisonten på dette biletet som er teke i ein låg bane. Foto: NASA

Nesten heilt uverkeleg var det å sveve i eit symbolsk tomrom mellom krig og fred, i ljoset si hastigheit. Krig på jorda, fred på Mars? Kva om jorda vår, Tellus, brått «eksploderte» mens eg såg meg attende. Ville eg få sjokk eller ville eg få tilfredsheit? Tilfredsheit for aldri å vende attende til den tidsinnstilte bomba? Eg visste ikkje! Me nerma oss landing..og eg og Silje, følgjesvenen min, kjende etterkvart kor dei svære motorane byrja å bremse opp. dette for å minske farten når me kom inn i den tynne atmosfæra til Mars. Elles kunne me risikera å brenne opp alle saman.

Victoria Crater, Cape Verde-Mars.jpg

Eit bilete i nesten sanne fargar, teke av Mars Exploration Opportunity-rover. Biletet viser Victoria-krateret frå Kapp Verde. Det vart teke over ein periode på tre veker, frå 16. oktober til 6. november 2006. Foto: NASA (Det er utrulege 214 år sidan denne Mars-reisa, då utan menneske.)

Under oss byrja me å sjå store dalbotnar, høge fjellformasjonar og endelause sandsletter. Me såg no staden me skulle lande. Landingsbanen var ikkje så imponerande som eg trudde, min fantasi trur no alltid så mykje. Ikkje så å forstå, landingskomplekset var absolutt stort nok. Brått mens me nerma oss vår nye heim, passerte livet mitt dei siste 40 åra framfor augene mine som ein film. Kva hadde hendt i livet mitt sidan eg tok det fyrste penselstrøket med oljefargar, ja, i verda elles for den del. Eg hadde naturlegvis alltid teikna sidan eg var veldig liten og dei kjende skulevassfargane tok eg fort til mitt hjarta. Mens dei andre småpjokkane for ute i friminutta og leikte, sat eg ofte inne og var i mi eiga vesle verd. Anten dei andre elevane erta kvarandre, læraren eller meg, var det ikkje så farleg, Berre eg fekk halde på med mitt. Stort set fekk eg lov til det. Seinare har altså interessa for det skapande berre auka.

Toppen på denne nervepirrande vegen mot det ukjende kom då eg i åttande klasse tok teikning som valfag. Ein time for veka. Der kopierte me samvitsfullt frå avisfoto, kjende målarstykje. Eg t.d., tok føre meg «Bautastein ved Sognefjorden» av J. C. Dahl og «Middagskvilen» av Ch. Krogh, teikna med feittstift. Begge originalane var måla for over 270 og 230 år sidan. Så kom denne store toppen eg ville fram til. Nemleg då eg i niande klasse fekk to timar for veka og me gjekk over til noko eg i byrjinga nesten tykte var noko magisk. Det var oljefargane! Dei var som dei formeleg vibrerte på paletten av seg sjølv. Eg måtte vera så varsom som mogleg, tykte eg. Ja, slik at eg ikkje tok livet av fargane, grisa dei til, øydelagde klangen, o.l. Større respekt for dette mediet eg på denne tida hadde har eg knapt hatt sidan. Det sjølvsagt både på godt og vondt. Elles var denne tida ei undringa si tid, der alt var nytt. Ikkje berre målinga, men sjølve livet. I byrjinga av denne «konfliktfylte tid», såkalla puberteten, var eg truleg, i alle fall var kjensla det, som eit nymåla penselstrøk. Ferskt og vått står det der på lerretet, åleine og uverna. Umodent og vart ventar det på selskap frå nokon som kan vera rundt det, hjelpe det eller for den saks skuld også «krangle» med det, vera ein kontrast. Det var det same. Men som eg følte det.

For pokker, det var responsen eg ville ha, ikkje likesæla! Det var den eg minst trengde i denne alder. Mang må ha følt det likeeins, men det var som ein kjende seg åleine likevel. Ikkje heile tida naturlegvis…men… Kva har det så vorte ut av desse åra etterpå, med kunsten og alt det der? Ei lang prosess som aldri tek slutt har vorte 50 år eldre. Er stadig umoden, men er betre og meir truverdig. Er sikrare, dristigare og kan som kunstverk klare seg på eiga hand, leve sitt «eige liv».

I desse tankespinningane som flimra forbi, kom vår vesle klode fram frå skodda. Kva var så stoda for Tellus i året 2121? Året då far min vart fødd, mor mi vart fødd 2122. På denne tida hadde «jordas folk» ikkje stelt seg noko betre enn tidlegare, snarare det motsette. Med «jordas folk» meinar eg det vesle mindretal som styrte, hadde privilegiar og som misbrukte si makt. På desse åra hadde dei få vorte endå rikare, dei mange endå fattigare. Dei få hadde sleipa til seg mykje, dei mange hadde tapt mykje. Endå fleire hadde ingenting anna att enn sitt liv å tape, og det tapar dei også. På jorda hadde diktatur avløyst diktatur, korrupte avløyst korrupte og sosialdemokrati avløyst kvarandre. Liberale hadde vorte liberalistar, kapitalistar meir kapitalistiske (om det går?), usanarar meir usanske, proteksjonistar meir proteksjonistiske, nasjonalistar meir nasjonalistiske og sosialdemokratar mykje mindre sosialdemokratiske. No er det ikkje mange att av nokon av dei. Berre omlag 10 millionar «vanlege» folk, lever i små samfunn, men eitt samfunn har klart å halde romfartsteknologien nokolunde ved like. Det er her reisene til Mars føregår, så lenge det går..

Det har ikkje mangla på konflikter mellom verdas folk, det er sikkert, tenkjer eg mens me landar. Men det er ikkje noko nytt i vår knappe 1,5-1,7 millionar år som homo sapiens. Det er berre det at våre moderne krigar var så mykje meir «rafinerte» enn nokon gong før, og meir tekniske og utspekulerte vart dei i nær fortid. Kven var det så som held denne prosessen ved like og kven og kva for interesser låg bak? Å kome inn på heile det komplekset her er ikkje naudsynt og heller ikkje ønskjeleg no. Det er nok å nemne at sjølvsagt var ein storindustri – faktisk verdas største – veldig interessert i at produkta deira vart brukt, helst heile tida. Dei gjorde då også sitt ytterste for å få «varene» sine så å seie heilt fram til slagmarka. Og det fekk dei hjelp til på så mange vis, det skorta ikkje på det. I dette spelet gekk profittørane og politikarane hand i hand. På sine blodlagde brustein av menneskeforakt! Ja, i det heile teke alt levande må slike såkalla menneske heilt og fullt ha mista omgrepet om, tenkte eg mens den tildels svere og lange landingsstripa kom tettare og tettare oppunder romferga. Me merka ei kraftigare risting no, motorane var på høggir for å plassera oss trygt ned på Den raude planet.

Me var brått nede. Ei kraftig oppbremsing, så kraftig at me vart pressa framover med valdsam kraft. På nytt undra eg om festa på rullestolen min ville halde. Underleg kor redd eg skulle vera for det med alle dei lovnadane eg hadde fenge om kor sikre festa var. Dei heldt når me vart skotne opp frå Jorda og dei heldt no når me landa på Mars. Kanskje litt komisk det heile. Det var som om eg var redd for å verte send attende til Jorda som «teknisk feil». Eller det som verre var, verte send attende som «stykkgods» i ei kiste. Nei, slikt vart ikkje gjort, ein sendte ikkje sine døde attende til ukjend grav på ein usikker planet.

Då hadde eg heller fenge ein storslått seremoni her med all tenkeleg og utenkeleg æra det hadde vorte. Som den første i Mars si raudaktige vulkanske rustfarga jord som ville ha solcellerullestolen med seg i grava. Eg slo tankane frå meg – tåpelege – eg var like mykje i live som kven som helst andre her. Me rulla no sakte bortover mot mottakshallen der ein stor gangkanal svinga utover til den rette vinkel for romferga. Det var som å lande og gå av eit vanleg fly, tykte eg, men med to vesentlege skilnader: Dette var på ein annan planet, og me kom inn i ein lufttett kanal. Ja, og så var det endå ein ting – noko eg hadde gløymt – me måtte gjennom eit trykkammer her også, for å verte tilpassa ein mindre gravitasjon enn Jorda si. Likevel ikkje slik som på månen, der eg hugsa kor astronautane formeleg sveva bortover i månestøvet. Her på Mars vart ein halden meir på bakken, for å seie det slik. Men, ein kunne lettare hoppe og det skulle mindre til før ein «svevde litt» over bakken. Det gjekk ikkje på Jorda.

Olympus Mons er ein vulkan (skjoldvulkan) på Mars, og det høgaste kjende fjellet i vårt solsystem. Fjellet har ei høgd på 26 000 meter i høve til slettene rundt.[1] Dette er omtrent 3,21 gonger så høgt som Mount Everest er over havet. Wikipedia.org

Eit «nytt» landskap eller «marsskap» vart brått synleg for meg, då me etter ei tid var ferdig med tilvenninga til ein annan gravitasjon enn Jorda si. At ein har laga marsfilmar i ørkenmiljø med store kantete fjell og klippeliknande formasjonar i tidleg fiksjonsfilm på Jorda, var framsynt. Fordi det er nettopp slik det ser ut her. Som i Nevadaørkenen, i Australia eller i Saharaørkenen. Men det er berre det at her er det ingen livsformar å sjå, berre dei ein ikkje ser, mikrobane. Hadde no berre «katten» heime i min barndom vore her? Eller kva med alle husdyra som var så vanleg heime på garden, sau og kyr? Nei, no må eg slutte å drøyme, det er ikkje noko slikt her, sa eg sint til meg sjølv. Me var no komne ut frå landingskomplekset på veg mot det køyretyet me skulle reise med til vår nye heim. Skulle ein kalle dette merkelege vesenet for køyrety, luft- eller svevety? Ja, sei det! Mens eg tenkte på det var tankane mine brått ein heilt annan stad til ei heilt annan rid.

Ein lett ljos sein-ettermiddag i juni for mange år sidan, kjem fram på mitt indre lerret. Me sat på kjøkenet eg og far min, åleine og drakk kaffi, mor var enno ikkje komen inn. Ho var ute og hjelpte bror min med turrhøy, ein laurdagskveld før regnet kom. Regnet kom litt for tidleg, men det er ei anna historie. At det hende noko spesielt der me sat ved matbordet er kanskje sterkt sagt. Det var nettopp det som ikkje hende eller sagt med andre ord: Når me sat der så inderleg tagale og ingenting hende, var det to tankar som slo ned i mitt hovud. Eg var veldig glad i far min og me hadde ingen verdas ting snakke om. Denne kjensgjerninga å ikkje ha noko å tala med kvarandre om var tung å svelje. Me levde i to ulike verd, me forstod ikkje kvarandre, altså innerst inne, meinar eg. Me kunne lett snakke om meir overflatiske og materielle ting. Når det så kom til den delen av «samtalehuset» som handlar om kjensler, personlege tankar, vart det ikkje så lett. Me kom av og til eit stykke på veg, men så stoppa det opp. Nei, det er kanskje ikkje så lett å finne tonen, når den eine vil teie mest mogleg og den andre det motsette. Og, to så ulike personlegdomar på mange måtar, att på til.

Eg vart brått reven ut av tankane mine ved å høyre den merkelege lyden av dette endå rarare køyrevesenet me skulle køyre til vår nye heim med. Den solcelledrevne rullestolheisen fungerte perfek opp, og så var det berre å rulle framover i køyretyet til dei oppmerka rullestolfelta og spennast fast. Inngangen var bak for alle, det var plass til 40-50 personar, men knapt halvfullt. Me byrja å sveve sakte bort frå landingsområdet til romferga. Farkosten vart halden nokre centimeter eller meir over «vegbanen» ved hjelp av magnetfelt. Utviklinga var for lenge sidan kome så langt no at ein trengte «ikkje» skinner slik som jarnbanen hadde for sine magnetttog før. No kunne ein bruke den vanlege vegbanen med desse, ja, ein kunne kanskje kalle dei togvogner utan tog. Eller dei såg kanskje ut som svevande «modernistiske» lokomotiv, men utan bane og vogner. Desse to typane var dei einaste farkostane på «landjorda» her på Mars. Ja, det å kalle det den «vanlege vegbanen» er nok ikkje så vanleg trass alt. Rigtignok er det ei slags asfaltblanding av planeten si raue jord, men innhaldet av magnetstøv er såpass stort at det kan halde desse svevevognene på plass uansett kraftige sandstormar som det er mange av, og køyrehastigheit mange hundre kilometer i timen. Spesielt på lange avstandar kan ein få dei opp i mellom 600-800 kilometer i timen. Litt mindre er me oppe i no, der me susa avgarde på den enno einaste lange magnetbanen som går ut frå «tettstaden» og utover i ørkenen. Skulle ønskje eg fekk kome til den fantastiske og største vulkan i solsystemet, ei gong, men det er langt dit, uhorveleg langt, til Olympus Mons!

I meir enn 5000 kilometer bukta han seg framover i den karrige Marssanden. Dit vegen gjekk til vårt mål – eit liten oase – der Silje og meg skulle finne vår plass for resten av livet, kanskje.

Me skulle i likskap med andre par gje liv til ein ny generasjon. Som i si tid eventuelt skulle kunne reise attende til ei utruleg folketom jord., eller utover og langt forbi solsystemet mot dei næraste moglege buande planetane. På jorda skulle ein kanskje vera med å starte menneskeslekta på nytt og ikkje minst leve i pakt med naturen og dei dyra som hadde overlevd dei tidlegare menneska sine brutale herjingar. Tankane som no for gjennom hovudet var store – så store at dei var vanskelege å tenkje heilt ut. Her skulle altså me «skarve» utvalde vera «såfolka» til noko nytt. Vera med å plassera spira til ei eller anna framtid på Jorda. Den Jorda som me reiste frå, som var i kraftig forfall, der menneska vil om ikkje lenge truleg utsletta seg sjølv. Sett bort frå nokre spreidde grupper og oss som «stakk av» frå det heile. Kjem dei, som reiser attende ei gong, til å finne att fortida til menneska. Dei urgamle kulturlag som fortel om byrjinga og vegen frametter årtusen, med store kulturar sine fødslar, og død. Skal vår store kulturhistorie fortelje dei «nye» noko lærdom som jordas folk i alle fall ikkje høyrte på. Noko som var mykje av grunnen til nettopp våre kulturar si ferd mot stupet. Ja, det er «kulturar» i fleirtal, for aldri før har ein vore i den situasjonen at «heile» menneskeslekta står i fare for å verte til støv. Kva har eigentleg historia, kulturen, minna, monumenta, kunsten, ført oss til? Til eit tomrom – til ingenting?

Tankane gjekk attende til mi store interesse for historie. Eg har skreve tidlegare at eg hadde i min bardom mykje tid for meg sjølv som gav meg god tid til teikning. Så også med det den vesle rørslehemma guten etterkvart såg i historiebøkene. Eg sat mange gonger og tenkte meg attende til vikingar, grekarar, inkaer, romarar og korleis dei levde, i sine barneår. Korleis budde dei, kva gjorde dei, kva åt dei, korleis såg dei ut, osb. Dette undra meg meir og meir etterkvart som eg vart fora på historisk lesestoff. Sjølv om kunnskapane er større no, undrar det meg framleis.

Noko anna som etterkvart undrar meg endå meir, er kva me menneske verkeleg har lært om historia eller, frå historia. Før den industrielle «revolusjon», ja, heilt attende før den såkalla «oppdaginga» av den «nye/andre verda» har det vore verdiar som «oppdagarane» og me i ettertid har tapt og misbrukt. Nemleg menneskeverdet! Noko som har ført til at verda har vorte delt i to, dei og oss. Før alle visste om nesten alle (før 1500), hadde kvar einskap (verdsdel) sin dynamikk. Alle kulturar er oppfunne av menneska og som naturleg nok har sine gode og dårlege sider. Men, ulikskapane vart brått forsterka då den eine verda hadde som ideologi; at den andre verda var annleis på den måten at det legitimerte utnytting. Nokon av dei som budde på Jorda var meir menneske enn dei som var meir i retning dyra. Difor kunne «los conquistadores» gjera dei bestialitetane dei gjorde, i lag med deira grådigskap etter rikdom..

The two bright stars are (left) Alpha Centauri and (right) Beta Centauri, both binaries. The faint red star in the center of the red circle, at right angles to both and south-east of Alpha is Proxima Centauri, intensely red, smaller in size, weaker in brightness and a distant third element in a triple star system with the main close pair forming Alpha Centauri. Taken with Canon 85mm f/1.8 lens with 11 frames stacked, each frame exposed 30 seconds.Picture saved with settings applied..By Skatebiker at English Wikipedia, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=46833562

Lenge, lenge etter alt dette hadde altså dei første koloniane på Mars etablert seg. Eg (forteljaren) er no 135 år, og reiste frå planeten Mars til planeten Proxima b, i tre-stjerne systemet Alfa Centauri for 50 år sidan. Dette stjerne- og planetsystemet er det næraste til Sol-systemet og Tellus (menneskeslekta si Jord) og er 4,37 ljosår unna. Men, her lever me godt, dei få av oss som er her. Silje er også med meg enno, takk Universet! Skreve ned på ære og samvit, anno 2295.

Fortsetjing fylgjer (om eg lever)

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Art & Science, Universet og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.