Rasistar på «vitjing» i Bergen – Slike vil me ikkje ha her!

Brev skreve til den politiske leiinga i Bergen Kommune, byråkratane deira, og politiet, sundag 23.08.20.:

«Det var ei sælsam oppleving eg og mange opplevde på Festplassen laurdag. At det «svatna» for mange (mange veldig unge) ungdomar er jammen meg forståeleg etter den valdsamste nedsablinga av ein religion eg har høyrt på veldig lenge. Vald er eg i mot, også mot folk som Sian-leiaren. Men, å forventa at dette til slutt kom til å ga fredeleg føre seg, etter denne mest inhumane teikning av eit heilt samfunnslag i Noreg, er stor naivitet for å nemne det mildt. Som eg skreiv til dykk og som eg skreiv i innlegg på BT Meninger på nett fredag, så kunne kommunen og politiet løyst dette på ein heilt annan måte: Gove organisert tillating til LO i å halde ein demo (kanskje også demonstrasjon i gatene). Då kunne dette ha utspelt seg annleis. På Festplassen var det ingen leiing, ingen organisering, alle kom der som individuelle personar, også desse ungdomane som storma podiet. Kjære vene, kan de ikkje læra av dette til ei annan gong? Eg var der sjølv og såg at det ikkje er rett det innsatsleiar sa til BT: «..at politiet valgte en «passiv framgangsmåte» under demonstrasjonen». Dei møtte opp med hundar, tåregass og peparspray. Er det å velje ein «passiv framgangsmåte», kva? Etter at flesteparten av dei ungdomane som sprang over sperringane kom attende (nokon vart teken fast av politiet), fekk unge folk og mange av oss andre tåregass og peparspray rett i «trynet». Ingen av oss hadde gjort noko som helst gale. Slik oppførsel frå politiet går rett og slett ikkje an. Dette gorde stemninga endå meir kokande. Eg fekk sjølv smake tåregassen. Du Roger Valhammer seier til BT at «Sian fikk akkurat det de ønsker seg», det gjorde dei ikkje! Provokasjonar og bråk, ja det vil dei, men til og med dei vil truleg ikkje ha leiaren sin nedslegen og skadd. Nei Roger, diverre fekk kommunen og me borgarar det me ikkje ville ha: At ungdomane våre vart arrestert og spraya på, at politiet overreagerte og at ein organisert og leia demo ikkje vart noko av.»

Nedanfor finn de innlegget eg hadde på BT meiningar, fredag 21.08.20 (I innlegget står det 1,5 kilometer, det rette er 0,5 kilometer):

Sian må ikkje skjermast frå motstanden

Kva tyder fridomsomgrepet og ytringsfridomen for Bergen kommune?

Publisert

Ivar Jørdre er provosert over at motdemonstrasjonen mot Sian må finne stad 1,5 kilometer unna. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Debattinnlegg

  • Ivar Jørdre

    Medlem i Tilgjengeutvalet i Handikapforbundet Sør-Vest og medlem i Rødt.

Som antirasistisk borgar i Bergen er eg, og mange med meg, djupt skuffa over at Bergen kommune og politiet saman har avslått organisert demonstrasjon og motstand mot Sian-markeringa på Festplassen laurdag 22. august.

Når Sian skal demonstrera på Festplassen, vert altså motdemonstrantane plasserte på Tårnplassen. 1,5 kilometer unna!

Slik har kommunen konkludert etter innspel frå politiet. Då forstår eg det slik at kommunen let seg meir påverke av politiet enn av ytringsfridomen.

«At vi har gitt motdemonstrantene et sted å stå på Tårnplass, er noe vi har gjort tidligere, med suksess», seier Tord Holgernes i Bymiljøetaten i Bergen kommune til Nettavisen.

Suksess for kven, må eg då spørje? For Sian eller kommunen? Ikkje ytringsfridomen i alle fall!

Ein ting eg opplever veldig typisk og samstundes tragisk, er at veldig ofte vert folk som demonstrerer mot eit syn som inneber eit diametralt anna samfunn, likestilte med rasistar som eit tryggleiksproblem. Kva for logikk er dette?

Kva for by vil me ha – den mangfaldige byen, som også er uttala i kommunen sin eigen visjon, eller ein by der mangfaldet vert mindre og rasistiske grupper får stå uimotsagde i byen sine offentlege rom?

Kva tyder fridomsomgrepet og ytringsfridomen for Bergen kommune? Det er vanskeleg å forstå at det vert teke vare på 1,5 kilometer unna dei som vil det totalitært motsette.

bt.no

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.