Sorga sin bauta/Pillar of sorrow, olje/oil, 2008, Ivar Jørdre
I dag er det ni år sidan det meiningslause hendte i regjeringskvartalet og på Utøya. Til saman vart 77 menneske brutalt drept. Eg skreiv eit par dikt til dei som vart drept på Utøya 22. juli 2011. I høve alle dei triste gravferdene som fann stad i vekene og månadane etter det forferdelege, laga eg det øverste diktet i solidaritet med deira minne og håpet for framtida i deira ånd. Dette vart presantert i Bergens Tidende.
Til alle som vart meiningslaust drept den dagen – me gløymer dei aldri!
Til alle som vart drept i terror åttak i Paris-Beirut-Maiduguri (Nigeria)-Brussel-Jakarta-Bagdad-Dakkha-Nice-og Damaskus-Moskva-Istanbul-London-Manchester-Berlin-Stockholm-Kabul-Christchurch (New Zealand)-Colombo og andre – me gløymer dei aldri!
Dei unge døde
Dei unge døde er i sorgen
Dei unge døde er oss nær
Dei unge døde er våre
søstre, våre brødre, våre vener,
vårt tårevåte tomrom i universet
Framtida vart teke frå dei
Framtida vart frårøva dei
Framtida vart deira ukjende stad,
der mange, mange vil sakne dei,
men deira idear vil leve vidare
Våre unge døde lever i oss
Våre unge døde er i orda
Våre unge døde er det store tapet,
men og håpet frå dei om endring,
til ei anna og betre verd
Dette er vår plikt til kvar ei søster,
kvar ein bror me no saknar:
Gjer det du kan for endring,
det skuldar me dei,
det skuldar me framtida!
Hevna sin brodd
Nokon såg seg blind på “ugras”
kven og kvar ei plante skulle stå
No lyt ein setje seg ned i graset
sjå dei mange fargar, sanse lydar
Nokon såg på middel til å bruke
rydde vekk det som tykkjest “rart”
Kvar og ein må så i jorda
mange spirer vil då vekse
Nokon tykkjer mange blomar
vert for mykje for sitt hovud
Me svarar dei med dette løftet:
Aldri meir hevna sin brodd,
aldri meir 22. juli!
Her er ei lenke til ein kronikk datert 22. juli 2018, om ei tapt moglegheit i den prosessen i det å verte eit betre folk, sett i ljos av det forferdelege 22. juli 2011:
Dette er ei lenke til ein kronikk datert 22. juli 2019, frå Utøya-overlevande og arbeiderpartipolitikar i Kristiansand, Jannike Arnesen. Omhandlar det kvar og ein av oss kan gjere, m.a. skrive nokre meldingar av og til på sosiale media, for å motvirke netthetsen. Det vil hjelp ein del, meiner ho.
————————————————————
Today it is nine years since the meaningless happened at the government square and on the island Utøya. All together 77 people were brutally murdered. I wrote a couple of poems to those who was murdered at Utøya 22nd of July 2011. To all the very sad funerals which took place in weeks and months after the terrible, I made the first of these poems in solidarity with their memory and the hope for the future in their spirit. This poem came in the local newspaper Bergens Tidende.
To all who where meaningless killed that day – We will never forget them!
To all who where killed in terrorist attacks in Paris-Beirut-Maiduguri (Nigeria)-Brussels-Jakarta-Bagdad-Dakkha-Nice-and Damaskus-Moscow-Istanbul-London-Manchester-Berlin-Stockholm-Kabul-Christchurch (New Zealand)-Colombo and others – We will never forget them!
The young dead
The young dead are in our sorrow
The young dead are us near
The young dead are our
sisters, our brothers, our friends.
our tears in empty space in universe
Future was taken away from them
Future was stolen from them
Future became their unknowned place,
where many, many will miss them,
but their ideas will keep on living
Our young dead lives inside us
Our young dead are in the words
Our young dead are in the great loss,
but also the hope from them for change,
to another and better world
This is our duty to every sister,
every brother we now miss:
Do what you can for change,
this we do owe them,
this we do owe the future!
The sting of revenge
Someone saw with blindness on “weed”
who and where a plant should stand
Now each have to sit down on grass
see the many colors, catch sounds
Someone saw on means to use
to clean away what seams “strange”
Each and everyone have to sow the earth
lots of seeds will then grow
Someone thinks many flowers
are to much for their head
We‘ll answer them with this promise:
Never again the sting of revenge,
never again the 22nd of July!
Here is a link to a Norwegian article dated 22. July 2018, about the missed opportunity in the process of becoming a better people, in the light of the terrible 22. July 2011:
This is a link to a Norwegian article dated 22. July 2019, written by an Utøya-survive, about hate speech on social media and what we can do to confront it.
Eg legg ved to dikt eg skreiv både før og etter at tankane
nokolunde kom attende etter det forferdelege.
Og, Til ungdomen av Nordahl Grieg, til slutt.
Pandora
I Pandora si øskje
er berre håpet att
Elende har fare ut
av øskja for lenge sidan
Elende er mellom menneska
har vore det lenge no
Men håpet er att
i Pandora si øskje
Det handlar om ein revolusjon
——————————
Kjærleiken
Det er tungt
å opne døra i livet
når nokon skrik til deg
frå den svartaste natta
Eit skrik av hat i blåsvart
treff deg midt i det menneskelege
Du reiser deg likevel
kjem deg heim att
til den raudbrune jorda
du steig opp av
Og når du let opp att døra
vert tyngda borte
då står kjærleiken der
i eldraud kjærleikskappe
—————————————
TIL UNGDOMMEN
av Nordahl Grieg (1936)
Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm –
vi deg til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?
Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det!
Stilt går granatenes
glidende bånd
Stans deres drift mot død
stans dem med ånd!
Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!
Elsk og berik med drøm
alt stort som var!
Gå mot det ukjente
fravrist det svar.
Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner.
Skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!
Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.
Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd
skaper vi fred.
Den som med høyre arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.
Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen!