Norske våpen, det nasjonale og dobbeltmoralen

Krigar er ofte utført av vestvenlege regimer og med bruk av for det meste vestleg produserte våpen. Difor har me eit ansvar etter den 17. mai og ut frå vår fridomsdag å tenkja på dei krigar som me er ein del av. Noreg, via Nammo på Raufoss og Kongsberg Våpenfabrikk, håvar inn milliardar kvart år på våpen som veldig ofte havnar i konfliktområder. Begge våpenprodusentar melder om “produksjonsutfordringar under koronatida“, men produksjon og eksport held fram.

Med andre ord. Noreg er allereie ein verdsleiande våpeneksportør. Ingen andre land er i nærleiken av å eksportera 75 prosent av all produksjon, slik me gjer.

Nokre døme på Noreg sin våpen- og krigsaktivitet som ein må reflektera over når nettopp vår fridomsdag er over:

Døme 1: Selde våpen til krigsbrotsverk i Jemen

Norske våpenprodusentar selde i 2016 våpen, ammunisjon og anna militært materiell til over 100 millionar kroner til Dei foreina arabiske emiratar. Dei er skulda for krigsbrotsverk i Jemen. Eksporten held fram i 2017, og både utanriksminister Søreide og hennar førre statsråd Brende (begge H) forsikra alltid at det ikkje er noko som tyder på at norsk krigsmateriell har vore nytta i Jemen (NTB, jan. 2018). Men, kor mykje verdt er slike uttalingar?

VG omtalte på nyåret i 2018 ein video fra Houthi-opprørarane som visar ei norskprodusert undervannsdrone av typen Remus 600, med eit tydeleg Kongsberg Maritime-merke på sida, funne utanfor kysten av Jemen. Var det nokon som sa “goddag mann våpenskaft“?

Døme 2: Norsk våpeneksport til Israel

Norske styresmakter seier at dei ikkje sel våpen til Israel. Korleis endar då norske våpen i det israelske militæret? I dei siste åra sine eksportmeldinga står det ofte at ”denne regjeringen er opptatt av å hindre at norske våpen kommer på avveie. Det har så langt vi kjenner til heller ikke skjedd” (regjeringen.no). Slik lyder eit tåkeprat.

Samstundes veit ein at norske våpenkomponentar og ammunisjon endar i det israelske militæret og vert nytta til å støtte opp om folkerettsstridig busettingsverksemd som fører til systematiske og grove brot på palestinske menneskerettar og at norske våpen har vorte nytta i israelsk krigføring mot Gaza. Når norske våpen hamnar her, så hamnar dei vel på avvege?

Norsk eksportregelverk må og gjelde for norskeigde fabrikkar i utlandet. Når Noreg avslår direkte eksportlisens t.d. til Israel bør det vel og reknast i norsk interesse at norske våpeneksporterande selskap i utlandet følgjer det same regelverket. Men, slik er ulogikken.

Døme 3: NATO si bombing av Libya – ei krigsforbryting

Eit rystande og sterkt døme på kva eit NATO-land som Noreg si deltaking i «out of area» strategien til NATO, er sjølvsagt bombinga av Libya i 2011 (eit anna døme er bombinga av Serbia i 1999).  Frå ein FN-resolusjon om flyforbodssone i Nord-Libya til full bombing og regimeskiftetaktikk, var vegen kort. Uhyggeleg kort! Når stormakta USA med «vesle-imperialisten» Noreg på slep endrar intensjon «over natta» utan nokon debatt i det heile i Stortinget, vert forsvarsdoktrina vår: Frå landforsvar til leverandørar av leigesoldatar i imperialismen si teneste.

Det var einigheit i Stortinget om Noregs krigføring. Sagt med andre ord: Partileiarane vart kontakta av dåverande utanriksminister Gahr Støre for godkjenning av norsk deltaking og det var omlag ingen diskusjon om saka. Etter at han sjølv snudde på «helen» frå motstand til posisjon for bombing, etter FNs Sikkerheitsråd sin resolusjon 1973. Noregs innsats i byrjinga bygde i noko grad på at Libyas dåverende leiar, Muammar Gaddafi, skulle ha brukt flyvåpenet mot eigne sivile. Dette har seinare vist seg grunn til å setje store spørsmålstegn om han brukte flyvåpenet slik.

Ein FN-resolusjon med støtte frå Den arabiske liga ga eit visst grunnlag for intervensjon. Men støtta var ikke så einstemmig som ein kanskje hadde inntrykk av, fordi mange land – arabiske og andre – avstod frå å stemme. Og flere av dei som støtta resolusjonen, ønska at forhandlingar skulle vore prøvd i større grad før bombinga byrja. I denne tida tilbaud Gaddafi våpenkvile, men USA, Noreg og andre vestland brydde seg ikkje om det. Det er mykje truleg at «bombealliansen» allereie hadde bestemt seg for eit regimeskifte.

Noreg heldt sterkt på at bombinga ikkje var for å få til regime-endring, men på å verne sivile. At ein bomba Gaddafi sin residens og gjekk inn i kampsituasjonar og støtta opprørarane, hadde visst ikkje noko med det å gjera. Slik virkar logikken til NATO og deira villige frå Noreg.

Dobbel standard i norsk utanrikspolitikk

Alle desse tre døma burde vise at den dobble standard er innlysande i Noreg sin uanrikspolitikk. Snakke om fred og fridom t.d. på nasjonaldagen for så å eksportera så mykje krigsmateriell som mogleg og å delta i utanlandsopperasjonar i Nato-regi. Kva kan så gjerast for å påvirke og endre denne dobbeltheita? Utretteleg fredarbeid og kontinuerleg press på norske politikarar, samstundes med aksjonar mot sjølve våpenprodusentane, kan vera ein del av svaret. Tenk om den famøse videoen Nrk sende kunne innehaldt ein song om våpenstopp i norske hender og at den norske regjering dansa (uansett flau rytme) nedrustningsdansen mot atomvåpen. Det hadde vorte ein anleis 17. mai, det! Men, det er antikrigsrørsla som må gjera det viktigaste fredsarbeidet.

Ivar Jørdre,
styremedlem i Antikrigs-initiativet

Først publisert 23. mai 2020 på antikrigsinitiativet.no

Agm119_penguin
Kongsbergs Agm119 penguin-missil. Både Kongsberg Gruppen og Nammo har har hatt stor vekst, bl.a. pga. krigene i Afghanistan og Irak.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Norske våpen, det nasjonale og dobbeltmoralen

  1. RALF seier:

    Money, Money, Money. Var det ikke Petter Stordalen som sa «dobbelmoral er bedre enn ingen moral». Våpenindustrien – ikke minst i USA – får alltid støtte. Av republikanerne for eiernes skyld, og av demokratene for arbeidsplassenes skyld. ———————- Det var mye – kanskje for mye – lesestoff denne gangen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.