17. mai og alt det derre!

et lite støkkeDet er ikkje berre koronaviruset som har spreidd seg i Noreg. No er det óg ein epidemi innlands som spreier seg. I større omfang og i raskare tempo. Det er ideen om å synge nasjonalsongen frå altanar, gater og torg (med to meters avstand, må vite). Det er noko underleg besteborgarleg over det heile. Perfekt for makta og eliten til endå ei gong og «lulle» oss inn i trefargekoden og gløyme at me lever i eit aukande uliksnoreg, der ulikskapen kjem til å auke endå meir gjennom denne koronatida. Heller ikkje er det noko uttala fokus på kva eigentleg nasjonaldagen er for noko, Eidsvollsprosessen og kva er demokratiet verdt om me ikkje kjempar mot ulikskap, korrupsjon, maktmisbruk og rasisme.

Det er greit nok å oppmode folk til denne markeringa. Spesielt ungane. Men, ikkje det at alle må. Når ministrar og statsminister seier at «alle må» delta og synge, då fortel det meg at dette er spel for galleriet og makta. Attpåtil er det laga ein video som skal visast på Nrk der regjeringa «liksom» dansar seg til den ultimate nasjonalkjensla. Ikkje alle vil vera med på denne manipuleringa av nasjonalkjensle, men vil aktiv vera ein front mot det borgarlege styret og fremje likeverd og solidaritet med dei fattige og marginaliserte i verda på ein nasjonaldag som denne!

Den 17. bør me tenkje ekstra godt på ordet endring, revolusjon i min tanke, i Noreg og resten av verda. Heller det enn den merkelege og nasjonalistiske ideen om å synge over heile Noreg. Mens me stort sett velfødde norske kvinner og menn lurer oss sjølve ut i nasjonalromantikken sin skoddeheim, står andre folk i sør ovanfor krig og øydeleggingar. Utført ofte av vestvenlege regimer og med bruk av for det meste vestleg produserte våpen. Eller «vestlege» (les; USA, Storbritannia, Frankrike, Israel, Tyrkia, Russland, osv.) intervensjonar med eigne soldatar, etterretning og kampmaskineri.

Det er då den snikande dobbeltmoralen kjem sigande inn hjå meg. Eg lever i eit land som yndar sin nasjonaldag med ord om fred og fridom, nasjonal samkjensle og slikt. Samstundes produserar me våpen og våpensystemer som aldri før. Nammo på Raufoss og Kongsberg Våpenfabrikk håvar inn milliardar kvart år på våpen som veldig ofte havnar i konfliktområder. Begge våpenprodusentar melder om «produksjonsutfordringar under koronatida», men produksjon og eksport held fram, profitt som vanleg, med andre ord.
Tenk om den famøse videoen Nrk sender kunne innehalde ein song om våpenstopp i norske hender og at den norske regjering dansa (uansett flau rytme) nedrustningsdansen mot atomvåpen. Det hadde vorte ein anleis 17. mai, det!

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to 17. mai og alt det derre!

  1. Roger Gjerstad seier:

    I Vardø, var det 0 til 2 grader 17 mai.
    Hvem går ut på altanen og synger i Vardø, uten at det nettopp er som en protest mot enda et selvfokusert forslag fra Oslo-TV- sentrum.
    I svært mange år har det vært glemt at Kirkenes ble frigjort ca 25 oktober NB. 1944. Slik er det 17-mai-toget i Kirkenes! som hvert år burde være det sentrale markerings-stedet. Eller Eidsvoll , og ikke Oslo, med sin flagg-«kneling» foran slottet. Det hele ligner for mye på et arrangement fra Nord-Korea.

    Det er ingen ære i å senke den radikale norske grunnlovens flagg, den franske revolusjonen
    sine flagg-farger og bøye seg foran en konge!. Eller å tone ned nasjonaldagen til is, bunad, tv- fra Oslo og flaggbøy.

    17 mai må derfor utfordres fra Eidsvoll og Norge, ved at en har en historisk/ dagsaktuell avdeling som med gamle drakter , framhever den radikale grunnlovens ideologi og komme med nye visjoner . Det kan en del av toget gjøre ved å ta opp/ vise en-flere dagsaktuelle saker fra verden, og der disse deltakerne aldri bøyer flagg for en konge eller for en øvrighet.

    Slik peker Ivar Jørdre etter forslag i 2020 på en diskusjon for et nytt nasjonalt tog fra 2021.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.