Ei lita historie om ei mor

Mor i Teaterparken i Bergen, sommaren 2014, foto Ivar Jørdre

Mor til minne!

Mor var ei lita kvinne av vekst, men ein utruleg sterk person. Med sterke meiningar, sterk vilje og sterk fysisk. Tenk alle dei åra mor har arbeidt, det er ikkje få. Alle dei timar ho har brukt på sauene, kyr, slått og i tillegg alt arbeid i heimen. Ikkje minst sauer, det var hennar liv. Ho kjende kvar einaste vaksen sau i flokken, og omlag kvart einaste lam også. Utruleg! Det var ikkje deling av arbeidet i huset i mine foreldre si tid, kanskje ikkje fullt ut i generasjonar etter heller, men ei endring har hendt no i seinare tid. Ein kan seie at ordet «likestilling» er eit omgrep dei før i tida ikkje hadde peiling på. Kjønnsrollene var fastlagt frå århundrar attende. I dette biletet var mor dobbelarbeidande. Mor var langt frå den einaste. Utan kvinnene stoppa landbruket!

Mor var fødd og vaks opp på staden Kjerland i Granvin. Der sprang ho rundt i gardstuna med sine jamnaldrande veninner. I 12-14 års alderen flytta familien til garden Kollanes, rett over Granvinselva. Far til mor, Fredrik, var skreddar og bonde, og mora, Ingebjørg, var bonde. Den veldige interessa for sauer sa mor ofte kom frå mora. Mor var mykje med mor si i ung alder og tok seg av sauene. Under andre verdskrigen gjekk mor eit år på Fana Folke høgskule. Eit år ho likte godt, fortalde ho. Det var eit slags «friår» i krigens tyngde. Rett etter krigen arbeidde mor nokre år i landhandel (matbutikk) i Grimo, Sørfjorden i Hardanger. Seinare arbeidde mor på Handelslaget på Eide i Granvin.

På 1950-talet trefte mor og far kvarandre og i følje kjelder skal far ha vitja mor mange gonger då ho arbeidde på Handelslaget, Han kom køyrande på motorsykkel. Så var det gjort! Dei gifte seg i 1958. Sommaren det året var det storgilde på garden Jørdre. Brudlaup tre dagar til ende!

Å flytte frå ein gard til ein annan i same bygda eller frå nabokommunar, spesielt for kvinnene, var regelen i dei dagar. Mannen var odelsguten om han enn var yngre enn ei syster. Difor var det kvinna som flytta mest. Om mor synes det var vel langt å flytte «heilt» frå nedre Granvin til øvre Granvin til garden Jørdre oppante Skjervet og Skjervsfossen, veit eg ikkje. Men, litt langt frå slekta si kan det ha vore i byrjinga, synes eg å hugse ho nemte.

I alle fall vart det to gutar Signy og Sjur fekk. Eg kom til verda i 1960 og bror min i 1966. Me vaks opp på ei gard fullt ut med arbeid heile tida. Kyr og mjølkeproduksjon, kalvar, kviger og stutar. For ikkje å snakke om alle dei sauer og lam mor tok seg av. Dette var mor sitt univers, for ein innsats ho gjorde! Og all slåinga med lang- eller stuttorv, all rakinga og hesjinga, kort sagt omlag like mykje arbeid som far gjordre kvar morgon og kveld i fjøset og i sommarhalvåret. Ja, i tillegg til potet- og grønsakavling, bærplukking i fjellet so vel so heime. Likefullt måtte ho inn å lage til måltid kvar einaste dag og vaske klede og huset jamnleg. Ja, kven skulle elles ha gjort det? Huldra? Nei, ho likte visst ikkje slikt!

Fridom, fri frå alt ansvar (nesten), var noko mor kjende til også, heldigvis. Fridom for mor var når ho kunne ga lange turar i fjellet, frå støl til støl so å seie. Ho såg etter dyra (sauer, kyr) naturlegvis, men desse turane hadde alt i seg: Naturen, stemninga, dyrelydar, bær, folk ho møtte for ein kort prat. Eg har ikkje talet på kor mange gonger mor foralde kor fint og lettleg det var å ga i fjellet, kor fritt og avkoblande det var, kor fine matpausane var. «Det er godt for avkobling og humøret», sa mor. Mor var eit eineståande fjellmenneske! Ho gjekk den omlag ein time lange turen frå vår «heimestøl» Jørdretveit til «inste stølen» Skykjeset, so seint som då ho var 90 år. For ei dame!

Mor var sint på alt som hadde med urettvisa å gjera. Noko av det verste ho visste var når nokon (land, enkeltpersonar) tok seg til rette og det med vald attpåtil. Den tyske okkupasjonen sat i ho heile livet. Du, kor sint ho kunne høyrast når ho tala om det. Difor kunne ho lett identifisera seg med andre overgrep. Slik som den israelske okkupasjon av Palestina. Ei gong mor var med meg i Bergen var me på Torgallmenningen og Den blå steinen. Sommaren 2014 hadde Palestinakomiteen ei boikottkampanje, «La boblene briste», mot selskapet Soda Stream som hadde tilhald på okkupert palestinsk land. Ved Den blå steinen held mor ein av plakatane med teksten «Okkupasjon skal ikke lønne seg!». Dette fotoet saman med mange andre vart lagt ut på sosiale media som del av kampanjen. Moro no å tenkje på at mor var med på det. Aktivisten Signy!

Dei siste vel 8 år av sitt liv, tilbrakte mor tilværet først i Mælandshagen aldersbustader (Granvin sentrum) og dei siste 3 år på alders- og sjukeheimen. Stadig like åndsfrisk til det siste, og alltid med eit godt smil når ein kom på vitjing. Den stunda og mange andre er saknaleg no. Det er eit fundament av glede og kjærleik som er borte, minnene er der, men dei kan ikkje ersetje eit levande menneske. Dette sprudlande levande menneske, det var MOR!

Mor døydde stille og fredleg på Granvin Sjuke- og aldersheim, natt til 12. april.
Ho vart 98 år, 23. januar. Fred over mor sitt minne.

Ivar Jørdre

 

Mor, oljemåleri på lerret, 60 x 40 cm, 2015, Ivar Jørdre

———————————————

Ei lite sedla

Eit lite, men stort menneskje
er gjenge ut av tida no
Ut av livet, ut av verda

Men, ikkje ut av minna
Ikkje ut av røynsla
Ikkje ut av kjærleiken

Kjærleiken til ei lite sedla
er fasttømra i bankande hjarta
er hamra inn i hugen som gull

Minnene ligg i arkivskuffene mine
Dei hentast ut i ein morgonraud
av glede, av å ha kjent deg

Tårer av glede vert til stjernestøv
som glitrar i haustmørke av sorg
Men, våren kjem att, på ny og på ny
Og, der er du!

Ivar Jørdre
——————————————-

Stilt

Det er so stilt etter deg, mor
Det er so einsamt etter deg
Det er nesten som fuglane teier litt

Den saknalege latteren din, mor
Den saknalege gode røysta di
Det er som om universet kitlar litt

Står tida stille etter deg, mor?
Nei, tida går og går, det er sårt
Men, gleda om deg, gjer tårer godt
Dei ler i meg og deg, lenge, mor

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, samfunn og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Ei lita historie om ei mor

  1. RALF STAHLKE seier:

    MEGET BRA

  2. Einar Martin Syvertsen seier:

    Hei Ivar! Det var fine og interessante ord om ei stor mor. Henne traff jeg jo også en gang i din leilighet. Ordene dine om henne, fikk meg også til å tenke på min. Hun var jo oppvokst på en fjellgård i Sunnfjord og der var det også dyr og hardt arbeide fulgte med en sånn en oppvekst, med ti unger. Men også mye fint kom ut av nærheten til naturen og til folk og fe.
    Vi snakkast Einar

  3. Roger Gjerstad seier:

    Supert ! Ivar.
    Flott å ha en mor å være glad i og kunne huske med stolthet.

  4. Roger Gjerstad seier:

    Ivar, Hei igjen.
    Snøen ligger her 12 mai ! Fremdeles.. en halv cm snø på altanen , mens jeg sitter med andre koppen kaffe , rundt 0930.

    Om du kutter bildet- fotoet slik at du bare får hendene til mor din og oppover og kutter på sidene, og kutter rett over hodet på Ibsen slik at du bare får litt med av den vanskelige skrå linjen fra toppen av huset , så, får du et bilde der Ibsen poeten – skriveren står ute, utenfor vinduene , ser utenfra og ser videre framover, samtidig som han peker ned på basis, din mor, som ser på oss, og som er for deg , en sentral kilde videre, for din visdom, din skriving og din kunst, og framover.

  5. Arnt-robert Leganger seier:

    Sidan han Ivar og eg i lag med Thorleif har fulgt kvarandre på Universitetet, som aktive motkulturelle og nære vener; har det ikkje vore til å unngå at eg fekk møte Ho Signy – eller «Gamlebesta» som vi gjerne omtala ho som. Ho Signy var kunnskapsrik, kontant, varm og nær, og humoristisk: «Ja, ja Signy», kunne eg seie: «Du e» komen til Bergen for å gjera byen «utrygg» att»??! Då gliste du og skratta; at «Jovisst, var det så»! Og alle lo med, og rista på hovuda. «Gamlebesta» var eit naturleg samtaleemne når vi hadde skjevelønsj eller middag på Kaffibaren på UB eller på Senteret. Og Ivar og Thorleif hadde faste turar til Granvin i lag for å bu nokre dagar der på garden, eller nede i ved fjorden, når det kom så langt! – Eg helsar så mykje til Ivar og Thorleif og slekt og vener som vart glad i, og glad for «Ho Signy»: Minnet ditt lever! Vennleg helsing Arnt-Robert

  6. ivarjordre seier:

    Tusen takk for fine ord frå alle. Dei varmar verkeleg! Ja, med styrkeoverføring frå mor, skal eg kjempe vidare den kampen eg har starta for ei betre og meir rettvis verd, saman med alle dykk!
    Aktivist Signy er inspirasjon!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.