1. mai – Kampdagen for verdas arbeidarar!

Mot dei globale maktstrukturane si urettferd, medvite skeivfordeling av godane og maksimale profittjakt, står den globale sosiale rørsla. Blant mange andre politiske reaksjonar kjempar denne sosialpolitiske familien med fagrørsler, solidaritetsorganisasjonar og politiske parti, saman for endring.

“For fred, velferd og folkestyre. Mot imperialisme, rasisme, krig og terrrorisme.”
EI ANNA VERD ER IKKJE BERRE MOGLEG, DEN ER HEILT NØDVENDIG! 
Gratulerar med 1. mai!

 

https://i2.wp.com/www.maurilioamorim.com/wp-content/uploads/2010/11/red-flag.jpg

Revolusjonens røst – av Rudof Nilsen

Gi meg de rene og ranke, de faste og sterke menn,
de som har tålmod og vilje og aldri i livet går hen
og selger min store tanke, men kjemper til døden for den.

Gi meg de kolde og kloke, som kjenner min virkelighet.
Bedre enn mange som sier de tror, trenger jeg noen som vet.
Intet er mere som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.

Gi meg de bitre og steile, som ikke har frykt i sitt blikk.
Gi meg de gudløse stolte, som ikke har trang til mystikk,
men dristig vil skape en himmel efter sin egen skikk.

Gi meg de brennende hjerter, som aldri gir tapt for tvil,
som aldri kan kues av mismot og trues av sorger til hvil,
men møter hver seier, hvert nederlag med det samme usårlige smil.

Ja gi meg de beste blant dere, og jeg skal gi dere alt.
Ingen kan vite før seiren er min hvor meget det virkelig gjaldt.
Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blant dere er kalt.
Rudolf Nilsen (1901 – 1929)

https://i2.wp.com/meredithwalters.com/wp-content/uploads/2012/07/Redflag.jpg

Me snakkar om revolusjon – av Ivar Jørdre

Arbeidarar i denne verd, forein dykk
forein dykk til motstand

I flokk og styrke kjemp attende
røva rettar gjort av gråe gribbar

I morgondagens raude ljos
rettar me ryggen med våre fanar

Med sigd og spade hamrast framtida
fri frå kapitalens åk

Med stolte vise krav stig me fram
til klassefrie opne landskap

Arbeidarar på denne jord, forein dykk
forein dykk til kamp

Me snakkar om ein revolusjon!

1.mai—verdas kampdag!

Ei global rørsle av mange ulike organisasjonar og parti som arbeidar for rettferd, demokrati, fred og ikkje minst endring av det kapitalistiske økonomiske systemet, samlast på denne dag. Samstundes som 1. mai set søkeljoset på og konkret kritiserar dei globale politiske og økonomiske maktstrukturane av i dag, tek 1. mai med seg si stolte historie med arbeidarrørsla og andre sin kamp for universell rettferd og likeverd for alle, utan utbyting og diskriminering. Imperialisme med USA i spissen, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdas handelsorganisasjon (WTO), økonomiske frihandelsblokker som EU, dei store multinasjonale selskapa, er sjølvsagte fokuspunkt. Saman med kameratar skal me framleis kjempe fram dagen som ein arena for aksjonisme og endring!

Første-mai-rørsla i Noreg vil ha ein ny politikk for Oljefondet, kjempe mot EU sitt tenestedirektiv, folkerøysting om EØS-medlemskap, kamp mot sosial dumping, stoppe pensjonsreforma, for likeløn og mot privatisering av offentleg sektor, mellom mykje anna.

Den globale økonomi er framleis i ei alvorleg krise, den alvorlegaste sidan den store resesjonen på 1930-talet. Kapitalismen skakar i sine nyliberalistiske organ. Organ bygd på den totale frihandel og spekulative luftslott. Elektroniske tal svirrar forbi i ein global runddans og i ein fatal fart menneska ikkje før har sett. Den materielle faktor i form av konkrete varer er erstatta av pengetigrar i «cyberspace» og på børsar. Så byrjar galskapen å stoppe opp. Dei milliardar, fantasilliardar som finns på datamaskina og i hovuda på verdas børsmagnatar får seg eit sjokk. Kursar rasar og gallaktiske pengesummar vart borte i 2008-9 som ved eit gigantisk «knips», rett inn i eit svart hol. Attende står kapitalistane og klør seg i hovudet, men forstår godt kva følgjene vert for verdas folk.

Den finansielle økonomiske krise og nedgang som starta i USA har indirekte slått inn på den globale realøkonomi, då også prisar på basisvarer som mais, ris og korn, i tillegg til skyhøge prisar på matvarer i sør. Dei sentrale årsaker til dette er høge oljeprisar, stadig meir landjord brukt til produkt for biodiesel, vesten som spekulerar i sine matvarelagre for å halde oppe prisane, klimaendringar i form av ekstremvær og nedgang i dyrkbare areal grunna overproduksjon i vest og i Kina, utbygging i stor stil i t.d. Kina, osb. At ting heng saman i ein tett samanvevd liberalistisk verdsøkonomi er tydeleg, sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå det med vårt vestlege «lette og velfødde» blikk. Men ser ein etter, får ein sjå kva veldige konsekvensar dette får for millionar og milliardar av menneske.

Kontrastane til dette er uverkelege, to eksempel: den amerikanske sentralbanken garanterte 30 milliardar dollar for å redde den enorme investeringsbanken Bear Stearns frå konkurs i 2008, og Irak-krigen har kosta eit beløp ingen skjønar (25 000 milliardar kroner!!). Den nyliberalistiske verdsorden skrik mot oss med sin totale fiasko i fordeling av verdas ressursar. Kapitalen og den såkalla frie marknaden, dominert av gigantiske monopolistar, distribuerar mat der fortenesta til ei kvar tid er. Ei handfull ”gigantar” dominerar kornmarknaden, mens i underkant av ti storselskap har kontroll av verdas frøomsetting. Endå ei undergraving av lokal matproduksjon til eige folk. Ja, rett og slett nykolonialisme og trakassering av folk sin sjølvråderett.

Det finns alternativ til den frie marknad og profittjaget: I dei nye økonomiane i Sør-Amerika. T.d. Venezuela: har ein gjennomført tiltak for oppretting av sosialistiske former for produksjon og distribusjon av mat. Hadde det i alle fall. Situasjonen no er klart ei krise, men kampen for dette med å oppnå ei høgare grad av sjølvforsyning av jordbruksprodukt og mottiltak mot marknaden sitt råkøyr held fram. Avdøde president Hugo Chavéz har sjølv uttalt at ein har: «pulverisert heile kapitalismen si utbytingskjede», med dette. Millionar av folk har fått eit betre liv gjennom endringsprosessane som president Hugo Chávez og regjeringa har gjennomført dei siste tolv år. Den høgaste minsteløn i heile Latin-Amerika og sterke arbeidsrettar, er begge faktorar som gjer folk meir nøgde. Helse, utdanning, fattigdomskamp og mat til låge prisar, er av dei aller viktigaste tinga. Noko som ikkje kan samanliknast med nivået for tolv år sidan. Majoriteten var då råfattige og mangla alt, og eliten hadde makta og alle endar. Det er ei folkeleg deltaking som ligg bak mykje av det landet har oppnådd til no. Den nye president Nicolas Madura har mykje arbeid framfor seg, men endringsprosessane vil halde fram som eit alternativ til verdas nyliberalisme.

Korrupsjon, skatteparadis og kvitvasking av pengar, går hand i hand med krig og konflikt. Fattigdom og undertrykking er deira barn. Den såkalla ”fredsnasjonen” Noreg har lenge vore djupt inne i krigen og okkupasjonen av Afghanistan, var den flinkaste «bombaren» i krigen i Libya og støtta den franske intervensjonen i Mali. I det norske folk, som i alle NATO-land, er det stor skepsis mot denne politikken. Og det er gode grunnar til det! Tilhøva vert ikkje betre, i landa ein invaderar, men Verre! Fattigdomen aukar og er desperat, kvinner like marginalisert som før, menneske vert drepne av NATO sine soldatar og dronar, og dei allierar seg med grusame krigsherrar og islamistar. OG, så kallar dei seg «freedom fighters» – høyrt slikt skitsnakk! «The white man`s burden» og alt det der. Det var ei skam at ei raud-grøn regjering var med på denne løgna. Det finnes ingen militær løysing! Alle utanlandske soldatar ut av Afghanistan no! Det katastrofale og vanvitige overgrepet mot Irak er ei påminning om imperialismen sitt vesen.

Slik held løgnane fram med den 4-parti blå-svarte regjering i dag. Streng innvandrapolitikk, privatisering på alle frontar, ulikskapen i samfunnet som berre aukar, støtte og deltaking med NATO som spydspiss i ein stadig meir spent og kald tilhøve mellom vest og aust, osb. Dette er landskapet me har å halde oss til i vår 1. maikamp.

Difor går me ut i gatene i nesten alle verdas land. Arbeidarar og alle i verdas land forein dykk til kamp, på denne viktige dag. Og gjer også den daglege kampen, den er aller viktigast!

Ivar Jørdre


Kamerater!

Dette års 1. mai vert truleg den mest spesielle nokon gong i arbeidarrørsla si historie. Omlag ingen 1. maitog eller appellar i verdas byar og stader, ingen markeringar med mange folk samla og ingen Internasjonalen ljomande i gatene. Likevel vert 1. mai markert på veldig mange vis, digitalt på nettet. Der er det berre fantasien og kampvilja som set grensene. Ein verdsomspennande pandemi, årsaka av menneskeleg tukling med naturen og ispett grådigheit og toskeskap, har sett den kapitalistiske verdsøkonomien på hovudet. Diverre har mange døydd i denne pandemien sine herjingar, men den har truleg også fenge mange fleire enn vanleg til å tenkje seg om litt. Kva veg er menneskeslekta på veg med all veksttrong og profitt som «heilage» markørar? Og kva bør eller må me lære av denne tida me er i, for å kunne setje foten ned og utforme ein ny dagsorden for nye bærekraftige samfunnssyn, der menneska er viktigast, og ikkje profitt. Artikkelen nedanfor er ei betrakting om tida me lever i no og kva som kan gjerast for å få til ei betre verd:

Me lever i ny-liberalismen si tid – Og så kom Korona-viruset

I desse tøffe tider håpar eg alle har det nokolunde bra. Ja, me må alle «stålsetje» oss framover. Eg tenkjer spesielt på dei rundt om kring i verda som ikkje tåler dette viruset. Det gjer meg trist, men det er mange andre ting som me også kan tenkje på og støtte med pengar. Eit godt døme på det er ein stor meslingepidemi i Kongo, der over 30 000 ungar har fått meslingar. No er det viktig med omtanke og solidaritet med kvarandre her hjå oss, men ikkje gløym dei me «aldri» høyrer om i vanleg presse.

Fattigdom, sosial ulikskap, trangbuheit, arbeidstilhøve, kan ha meir alvorlege sjukdomar. Forsking visar at dei minst økonomisk sterke er meir utsett for pandemi som den me har no. Gamal kunnskap er sjølvsagt også at fattigdom gjer sjuk. Mange av verdas folk har ikkje helsemessig sikkerheitsnett, har dårleg sanitære tilhøve og ikkje råd til medisinar. Dei rike og høgare inntektsgrupper er mindre utsett, men får sjølvsagt føljer av pandemiane dei og. Og mange fleire vert sjuke under pandemiar fordi dei t.d. har den sesongmessige influensaen eller kroniske sjukdomar. Den såkalla «spanskesjuka» i 1918-19 er eit døme på krig og pandemi. 1. verdskrigen gjekk mot slutten og influensaen kom. Krig skapar sjukdom.

Kan ei verdskrise som denne pandemien er vera ein oppvekkar? Ein oppvekkar om vårt forbruk? Hjå verdas finans- og børselite, der hovudformålet er at pengar skal skape meir pengar basert på stemning og psykologi. Når panikken kjem skal alle selje sine aksjar og obligasjonar på same tid. Då kjem «krakket» og dreg med seg realøkonomien ned i avgrunnen. Dei som då betalar prisen er dei som skapar verdiane, verdas arbeidsfolk. Pengemakt, overforbruk, klimakrise og naturkrise er ein dårleg kombinasjon. Vårt (les; dei rike delar av verda og veldig rike elite i fattige land) ustanselege higen etter overforbruk er noko av det mest problematiske og store dårskap ved den globale kapitalisme. Ny-liberalismen set premiss for forbruk, finansspekulasjon, store multinasjonale gigantar og bankeliten, elles virkar ikkje det kapitalistiske system. Ein kan seie at forbruk, gjeld og profitt, er kapitalismen sine viktigaste pilarar. Utan desse ingen kapitalisme!

Kva er fridom?

Aldri før har den individbaserte «fridom» vore større, meinar liberalistane. Samstundes har dei globale krisene aldri vore større heller: miljøkrise, økonomikrise, flykningkrise og no pandemikrise. Midt oppe i dette er vår forståing av fridomsomgrepet sentral. Fridom vert universelt sett oppfatta som positivt, dei fleste vil ha det, men dei færraste definerar innhaldet i det. Heilt frå antikken, hjå grekarane og romarane (og før) til omlag vår tid har omgrepet «fridom» vore diskutert. To hovudretningar gjer seg gjeldande: Den liberalistiske fridom. Definert som «fråvær av innblanding», frå staten eller andre menneske. Ofte forbunde med den kapitalistiske marknaden sin “fridom” og den individuelle “fridom” til å velje sitt konsum. Denne liberalistiske ideologien har sitt opphav på tidleg 1800-tal, m.a. med filosofen Adam Smith. Det andre fridomsomgrepet har sitt opphav i antikken og vidareført i m.a. den usanske (1776), franske (1789) og norske grunnlov (1814). I nyare tid har ein brukt omgrepet «republikanisme» (har ingenting med dagens republikanarar i USA å gjera). Dette politiske fridomsomgrepet har m.a. i seg “fridom frå vilkårleg makt, tyranni og tvang”. Ein kan her legge til, fridom frå vilkårleg marknadsmakt og «konsumtvang», fattigdom og krig.

Dette krysspunktet mellom ulike innhald i «fridom» lyt me som menneske forhalde oss til, også i krisetider som vår. Me ser gradvis forverring av mange sider av menneskelivet. Eit vodt døme er flykningar, folk som rømmer frå noko alvorleg og uhaldbart som krig, svolt, klimakrise og fattigdom. For ei kontrast det er til «vår fridom»! Innan EU er den kapitalistiske fridomen dei fire friheiter: Fri flyt av varer, kapital, tenester og menneske. MEN, skal nokon inn i dette Schengen-området og med Dublin-forordninga, vert saka straks annleis. Då er krava harde og utvelginga av folk som får kome inn urettvise. Dette regimet har framover åra fått sin største utfordring nokon gong. Og har utvikla seg til eit stengt Europa, eit «Festung Europa». No er denne tenkinga vorte komplett, då heile Schengen-området, eller EU, er heilt stengt grunna Korona-utbrotet. Frå før er Europa stengt for flyktningar. Er me for fullt vorte fanga i ny-liberalismen no? Eller lærer me noko no av ein pandemi som visar kor skjørt vårt økonomiske system er, og tenkjer nytt framover?

Ivar Jørdre

Artikkelen var først prenta i mars d.å. i avisa Hordaland

GOD 1. MAI, ALLE SAMAN!

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Fagrørsle og kamp, Kvinne- og jentekamp, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to 1. mai – Kampdagen for verdas arbeidarar!

  1. ivarjordre seier:

    Dette er ein kommentar motteke på e-post frå min gode ven, Ralf Stahlke:

    «Takk for dagens innlegg (meget bra) og for det til 1. mai. Det var litt for langt til å lese der og da, og siden hadde jeg glemt det. Men nå har jeg lest det. Mange gode synspunkter. Ikke alt er så lett å få gjort noe med f.eks.
    Ren spekulasjon: På varebørsen i Chicago kjøper fabrikkene sine råstoffer fra produsentene lang tid i forveien for å være sikre på å ha det de trenger når de trenger det. Viser det seg at de til slutt ikke har bruk for alt de har kjøpt, er det selvsagt ikke noe i veien for å selge det videre til en annen. Men det som skulle være forbudt er, at folk som ikke produserer noe som helst, kjøper opp varer bare for å selge dem videre senere til en høyere pris.
    Likelønn: En tilsynelatende selvfølgelighet. Et postbud, en buss-sjåfør får selvsagt det samme om vedkommende er kvinne eller mann. Problemet er hva er likt – likeverdig – arbeid? F. eks. en hermetikkfabrikk med mange kvinner som har en lavere lønn, enn den ene mannen som kjører omkring med en liten gaffeltruck. Allerede i min tid i USA ble dette ofte diskutert og ofte fleipet med.
    Til sjøs kunne du reise som messegutt når du var 15 år. Kvinner måtte være minst 18 år og hadde derfor en høyere hyre. Så kom stillingen messemann, som var egentlig beregnet for dekksfolk som ikke lenger fylte helsekravene til syn eller annet. Disse fikk en begynnersats, og etter 6 måneder full matroshyre. Men det krevdes jo ikke noe spesielt, så mange – ikke minst utlendinger – som aldri hadde vært til sjøs, ble messemenn og etter 6 måneder fikk full matroshyre. Men omsider ble alle «forpleiningsassistent». (Og stuerten «forpleiningssjef»)
    EØS-avtalen. Små enheter contra store enheter, uansett om det gjelder fagforeninger, fagforbund, kommuner eller nasjoner; det er fordeler og bakdeler med alt. En liten enhet er mer oversiktlig. Men store enheter har større muligheter både for gode og mindre gode ting. Fint å kunne reise fra land til land uten visum og annet papirkram. Men denne muligheten har også kjeltringer som går på innbrudds-/tyveri-raids, og har forsvunnet før du får ringt politiet.
    Det som undret meg under EU-avstemningen var, at mange ungdommer vart i mot. Etter krigen var det nettopp ungdommer som la ut store kart over USA og Europa, som har et mye tettere vei- bane- og elve-/kanal-.nett enn USA. Et Europas forente stater, som USA, der en kunne reise like fritt fra land til land som mellom statene i USA, var den store drømmen.
    USA: utenfra ett land. I virkeligheten 50 provinser med helt forskjellige regler i alt mulig fra bilkjøring, valg, skatter og mye annet. Bilsertifikatet i New York, hadde ikke bilde an gang. I Louisiana kunne man få et sertifikat klasse 0, som du ikke kunne kjøre noe som helst med, men som bruktes som legitimasjon. Det som forbauser meg mest i USA er, at de mangler det mest elementære i enhver forretningsdrift: en inventarkontroll, det vil si et folkeregister.
    Demokrati betyr folkestyre. Men folket er ikke en ensartet masse; folk har forskjellige interesser. Spørsmålet er hvor mange kan man ta hensyn til? Om det framsto en så formidabel partileder, som uten juks og bedrag hadde fått 95% av alle stemmer, dvs si alle plasser på Stortinget. Hele partiprogrammet kunne bankes igjennom uten lange diskusjoner og hestehandel. (Å bli enig om partiprogrammet hadde vel tatt litt lengre tid) Men – og her er mitt poeng – hva med de 5% som har stemt på noe annet? Det er ikke mulig å ta hen syn til alle. Jeg mener derfor at det er for lett å danne nye partier (sist var det vel 19 partier som stilte liste) og sperregrensen er også altfor lav. «

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.