Revolusjon i koronaen si tid – Menneska er ikkje skapt for kapitalismen

Arbeidarrørsla, oljemåleri på lerret, 2012, Ivar Jørdre

Ingenting er viktigare enn å fornye tilliten til marknaden som det heiter der i garden. Marknaden er det mest heilage ein kapitalist kan tenkje seg, han er deira gud. Men det er no vi må ta sjansen. Makta ligg i gata, om enn litt i uorden, men likefullt, ho ligg der framfor oss. Ho må berre brukast!

Det at me lever i så djuptgripande tider som me no gjer kan det gjera noko positivt med menneska? Med det meinar eg at ei heil verd nærast i “lockdown” viser oss i alle fall at endrar me ein del levesett (førebels må me det) og om kapitalismen vert temma (aller helst avskaffa, på sikt) så vert klimautsleppa mykje mindre, naturmangfaldet kan betrast, overforbruket gå drastisk ned og folk kan eller vil gjera meir solidarisk arbeid for kvarandre. Noko må hende på denne kloden om me skal reddast, om det er noko poeng å reddast då? Me lyt tenkje at det er det, men då lyt me gjere drastiske endringar i heile det globale politiske og økonomiske.

Verda er ein urettvis stad, med uhorvelege skilnader på dei som har og dei som ikkje har. Verda sine fattige utgjer fleire milliardar og dei absolutt fattigaste lever under 20 kroner dagen (FN si grense for absolutt fattigdom). I kjempekontrast til dette eig 1 prosent av dei absolutt rikaste over 50 prosent av verda sine totale verdiar. Omfordeling og utjamning av makt kan berre gjerast med eit nytt økonomisk system.

På 1970- og 80-talet tok mange fattige land opp lån frå industrialiserte land og Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF). Denne gjelda er ei grunnleggande årsak til fattigdom. Kvart år betalar utviklingsland dobbelt så mykje i nedbetaling av gjeld som det dei mottek i bistand. Landa må bruke inntektene sine på å betale gjeld i staden for å bruke pengar på skule, helse og utdanning til sitt eige folk.

Fattigdom, sosial ulikskap, trongbuskap, arbeidstilhøve, kan ha meir alvorlege sjukdomar. Forsking visar at dei minst økonomisk sterke er meir utsett for pandemi som den me har no. Gamal kunnskap er sjølvsagt også at fattigdom gjer sjuk. Mange av verdas folk har ikkje helsemessig sikkerheitsnett, har dårleg sanitære tilhøve og ikkje råd til medisinar. Dei rike og høgare inntektsgrupper er mindre utsett, men får sjølvsagt føljer av pandemiane dei og. Og mange fleire vert sjuke under pandemiar fordi dei til dømes har den sesongmessige influensaen eller kroniske sjukdomar.

Å finne ein syndebukk – «The blame game»
Det går alltid føre seg ei syndebukkjakt i krisetider. Den såkalla «spanskesjuka» i 1918-19 er eit døme på krig og pandemi. 1. verdskrigen gjekk mot slutten og influensaen kom. Krig skapar sjukdom. Mellom 50-100 millionar menneske rundt omkring i verda kan ha døydt av influensaen.

Som under spanskesjuka for over 100 år sidan pågår det jakt på syndebukkar. Det mest i augefallande er president Trump si (mis)bruk med ordet «Kinavirus». Kinesiske styresmakter kallar dette for rasisme og skuldar USA for å vera opphavet til viruset.

Namnet spanskesjuka skuldast at spanske styresmakter i mai 1918 var blant dei første til å innrømme at det hadde oppstått ein ny og mystisk sjukdom som hadde smitta om lag 30 prosent av befolkninga. Spania var nøytrale og utan pressesensur, slik at dei hadde ikke same strategiske grunnar for å halde attende sensitiv informasjon som dei krigførande landa. Det fins fleire teoriar på kvar i verda viruset først tilpassa seg menneske (kanskje frå fuglar (fugleinfluensa) eller frå gris (svineinfluensa), og om det hende ein eller fleire stader samstundes. Influensaen kan ha starta i amerikanske militære øvingsleirar, der soldatar tok viruset med seg til den avsluttande delen av krigen i Europa, eller starta i europeiske militærleirar eller skyttargraver, eller at kinesiske arbeidarar som blant anna gravde skyttargraver i Europa tok med seg smitten frå Kina. Noko som er heilt sikkert, er at spanskesjuka ikkje byrja i Spania.

Kan ei verdskrise som denne pandemien me no er i vera ein oppvekkar? Ein oppvekkar om vårt forbruk? Hjå verdas finans- og børselite, der hovudformålet er at pengar skal skape meir pengar basert på stemning og psykologi. Når panikken kjem skal alle selje sine aksjar og obligasjonar på same tid. Då kjem «krakket» og dreg med seg realøkonomien ned i avgrunnen. Dei som då betalar prisen er dei som skapar verdiane, verdas arbeidsfolk. Pengemakt, overforbruk, klimakrise og naturkrise er ein dårleg kombinasjon. Vårt (les; dei rike delar av verda og veldig rike elite i fattige land) ustanselege higen etter overforbruk er noko av det mest problematiske og store dårskap ved den globale kapitalisme. Nyliberalismen set premiss for forbruk, finansspekulasjon, store multinasjonale gigantar og bankeliten, elles virkar ikkje det kapitalistiske system. Ein kan seie at forbruk, gjeld og profitt, er kapitalismen sine viktigaste pilarar. Utan desse ingen kapitalisme!

Revolusjon i koronaen si tid
Det fins ikkje noko endeleg svar, men det er klart at så lenge kapitalismen eksisterar vil ikkje brotsverka mot naturen og menneska stanse. Det må eit anna økonomisk system til som er bærekraftig og som tek omsyn til verdien av naturen i seg sjølv og dei menneska som skal hauste av han og ikkje øydelegge han. For å få til denne endringa som kan føre til sosialismen og kommunismen, er det naudsynt med revolusjon, folket sin revolusjon, der dei sjølve tek styringa over sine eigne liv og over produksjonsmidlane. Slik at produksjonen tilkjem folket sin trong og ikkje sleipe kapitaleigarar som berre tenker profitt.

På mine reiser til Indonesia har eg vore i utkanten av regnskogen på Borneo. Der høyrde eg nokre lydar inne i treplankar i ei «hytte» eg overnatta i ein stad. Det var noko svære humleliknande insekt som fann tilhald der. Om dei kunne vera eit symbol på at noko var i gjære i verda når det gjaldt opprørsvilje i form av at desse insekta grov seg inn i treet, på same vis som folket grov seg inn i kapitalismen og smuldra han opp? Ein slik allegori tenkte eg den gongen.

Eit døme på kapitalismen sin vekstideologi: Realverdien av ei investering var på 1 krone i 1899, og skulle kaste av seg fram til vår tid på 2000-talet, t.d. 2006. Dette er gjort på same måte som det ei stortingsmelding (nr.24 frå 2006-7) fortel om ”Oljefondet” si avkastning. Ein kunne då tenkje seg, tenkte Sandra, ei akkumulert avkastning med litt større tal for å prøve å gripe dette. Ein kapitalstorleik i 1899 på 1 million kroner med eit krav om ein realprofitt på 4 prosent vert 40 000 kroner. I 2006 har kapitalen vokse til 1 milliard med eit profittkrav på 40 millionar. Tenkjer ein seg framover mot år 2100, har kapitalen vokse til astronomiske 40 milliardar, profitten er då, framleis med eit krav på 4 prosent, kome opp i 1,6 milliardar. Går ein endå lenger fram i den mørke framtid har ein fenge kapitalen til å vekse til kosmiske dimensjonar og det som større er, til 2000 milliardar, då har dei som trur at pengar veks opp i himmelen og endå lenger, fenge 80 milliardar i profitt. Fantastisk ville dei sikkert tenkje, men utan ein eınaste tanke på at denne bisarre vekstideologien ikkje er bærekraftig på nokon som helst måte, og at ein slik vekstfanatisme ikkje er mogeleg med dei ressursar som jordkloden kan tilby. Slike tankar er heilt fjerne for kapitalistane, den manglande forståinga, eller vilja til å forstå, denne ulogiske samanhengen mellom ressursar og vill vekst.

Denne kapitalen sin tvangsmessige ekspansjonskrav er, tydeleg nok, grunnen til dei siste tiders kriser, og som i åra framover kan føre menneskeslekta ut i store vanskar. Det ligg i korta at slik som no kan me ikkje halde fram om me ikkje skal møte endelikta. Greitt, me forstår kva me er i ferd med å gjere, men kva er vårt svar? Eit ordtak er slik: Livet er ikkje for amatørar. Kva er no tydinga bak det, kan ein undre. Truleg for å møte livet sine utfordringar må menneska ha eit definert, gjennomtenkt og, om ein vil, ha eit profesjonelt tilhøve til å gjere det betre. Rett og slett løysa problem som er uhaldbare for ikkje berre seg og sine, men for heile menneskeslekta.

Det må vera vår plikt som tenkande vesen å strekke oss etter endring, når det me har slumra oss gjennom altfor lenge, ikkje lenger verkar. Så enkelt, men likevel så vanskeleg, ser det ut til. Men kva er svara, spesielt frå oss sosialistar? Ein må kjempe mot åtaka retta mot folk sine levekår. Viktigare enn nokon gong, då åtaka mot folk sine tilkjempa rettar på går for fullt. I kampen for endring må me studere kapitalismen sitt ”vesen” endå betre. Ikkje minst studera Marx og alternativ politisk økonomi. I lengda av dette lyt ein lære meir om korleis kapitalismen utfordrar jordkloten sine rammer, og korleis kapitalen verkar inn på miljøet, miljøpolitikken, fattigdomen. Noko av det viktigaste framover er å engasjera folk i debatten om det etterkapitalistiske samfunn, framover mot sosialismen og deretter kommunismen. Det må skapast ei stor rørsle for å få dette til, ei svær rørsle må til. Først då kan folket verkeleg truge det eksisterande kapitalistiske system.

Dette virkar stort å tenkje på, ”først då kunne folket verkeleg truge”! Å truge det kapitalistiske system er ei sak for seg, ei anna er at faktisk så trugar kapitalen seg sjølv. Ja, rett og slett ved å rive under seg sine eigne pilarar. Pilarar av grådigskap.

Det å verte for grådig, er i seg sjølv noko menneska alltid har gjort og vorte offer for. I antikken snakka grekarane om ”hybris”, overmot, overfor både seg sjølve og gudane. Noko som fort straffa seg, om ein gjorde det med overlegg, men og om ein meir uvitande gjorde hybris. Men det er vel ingen nokolunde oppegåande no som innbiller seg at kapitalen driv med sin grådigskap uvitande? I alle fall ikkje uvitande om at det går ut over andre, dess meir ein grabbar til seg dess mindre får andre. Når det finansspekulative ”big bang” hendte i 2008, så hadde europeiske bankar tapt den galaktiske store summen på 120 000 milliardar euro i sine ulike aktiva. Det virka opplagt, om ein studerar dette nøye, at desse pengane kom frå folket og deira arbeid. Så hadde spekulasjonsgribbane slengt dei ut i det tomme rom av verdipapir, aksjar og statsobligasjonar, og så vart dei berre borte i ein spekulativ supernova. Kven er det som vert sitjande att med sine tomme lommer? Vel, er det nokon som vil prøve eit svar? Ikkje politikarane som ein trudde skulle verne folket mot gribbane, dei er lamma av sitt eige spel. Dei er i gribbane sine klør, og det verste er at det også er eit medvete inngifte i mange høve, mellom dei. I det heile teke er det mange nye omgrep ein må lære seg i denne vår turbulente tid. Det er berre å ramsa dei opp inni seg: klimakrise, naturkrise, matvarekrise, matjordkrise, oljekrise, energikrise, vatnkrise. Ein vert nesten sliten etter ei slik oppramsing. Likevel, slik er det, krise på krise, ein kan verte ør av mykje mindre.

Då er det godt ein kan ha det litt morosamt og le godt av komiske kommentarar ulike høge herrar har kome med midt oppe i det økonomiske kaoset i økonomikrisa i 2008. ”Det ser ut til å bli ein relativ mild nedgangskonjunktur”, var det ein bankmann som sa. Fantastisk å få seg til å sei slik. Noko anna kling brått i hovudet mitt. Det er Rudolf Nilsen sine ord i ”Revolusjonens røyst: Kan hende det gjeld å redde vår jord”. Jan Erik Vold har også sine gullkorn, i ”Nyttårsdiktet” heiter det: ”Det er håplaust, me gjev oss ikkje”. Akkurat, me må ikkje gje oss, det er kjernen i folket sitt arbeid for å få den endringa som ein håpar menneska vil lengte etter snart.

Når nokon skreiv moraliserande at grekarane måtte rydde opp i eige hus og underforstått bruke IMF som reingjeringsmiddel, oser det moral og kapitalisme av det. Det er ikkje så overraskande at ein del meiner slikt, all den tid me som eit rikt folk er manipulerte til å tenkje at sidan me har slik bra økonomi, så må det vera dei andre som rotar det til og har seg sjølve å takke for det og berre det. Ein vel då å gløyme at me også er bunde saman med dei andre nasjonar i den globale kapitalismen. Og i dette systemet er det ikkje rettferdig handel eller solidaritet ein arbeidar etter, men blodig urettferdig profitt i kampen for den sterkaste sin rett. Så er det slik at også Noreg er ein aktør i IMF og har aldri i nemneverdig grad heva røysta si mot den historisk feilslåtte og endra politikken i høve til kva det var meint IMF skulle gjere. Legg ned heile institusjonen. Bygg opp ein ny rettferdig pengeorganisasjon styrt av FN og ikkje av USA og Vesten.

Ironisk nok var tre av dei landa som vart råka av kanskje den verste svoltkrisa på 60 år i Afrika, Somalia, Etiopia og Kenya, i 2011, hardt tilpassa IMF sine strukturtilpasningsprogram. Ein skal passe seg vel for å tale med fleire tunger: Først kutte så det skrik etter, så gje stakkarane naudhjelp, for til sist å vera like rik og hovmodig som alltid her i nord. IMF og Verdsbanken er våre leiketøy i den kapitalistiske sandkassa, og med dei kastar me sand i augene på dei små i staden for å la dei bygge noko sjølve. Me spring så heim att til pappa kapital, stolte og dobbeltmoralske! Korleis er så dette under den sokalla koronakrisa. Kapitalistane vil verne seg og sitt no også, det er ikkje noko nytt.

Venstresida og håpet
Brått for ein litt uklar skygge over ansiktet mit. Det var noko som ikkje heilt stemte omkring den førre økonomiske krisa og venstresida sine alternativ og utfordringar. Klart me hadde nokon løysningar på den etterkapitalistiske epoken, men alle vart ikkje heilt overtydd. Kampen vert hard, om endringar, men også før den tid, om velferda, som vert rasert dag for dag av kapitalistane og bankane. Og kvar gong kapitalismen kjem i ein av sine sedvanlege kriser, sånn i gjennomsnitt kvart 30 år, altså ein generasjon, eller oftare, så er svaret innstrammingar og sentralisering. Bort sett frå Roosevelt-tida under 1930-åra sin depresjon. Då vart det sprøytt inn midlar for å stimulera til arbeid for folk og dermed litt meir pengar å leve for, som i sin tur fekk økonomien til å svive att. Slik som eurolanda stelte seg etter økonomikrisa, var det stikk motsette av den såkalla keynesianske politikken. Det er då me på venstresida må kome med truverdige alternativ. Sidan krisa var menneskeskapt, me kan liksom ikkje klandre marekattane eller sjimpansane for elendet, så må me som vesen også kome med nye løysningar. Koronakrisa er også menneskeskapt. Med grådigheit av styrtrike kinesiske “wet market”-kundar som bakteppe, kan me heller ikkje her klandre flaggermus eller pangolin, sjølv om dei bærer virus me ikkje tåler. Når menneske trur dei kan rote med naturen som dei vil for høgaste profitt, slår naturen attende. Marknadsverdien for dei tusenvis av wet markets i Kina vert rekna til 7500 milliardar NOK i året.

Nokon har sagt: Sanninga er at det er børsmeklarane, bankvesenet, valutaspekulantar og investeringsfond som har køyrt verda i grøfta, samstundes som dei har gjort seg sjølve kvalmande rike. Akkurat det hendte i Europa og USA i 2008-9. Men noko nytt er det ikkje, slike kriser og slike gribbar har menneska hatt før. Er det slik at kapitalisme vert redda og krisefri berre ein får regulert litt her og der og sender spekulantane på kostskule? Då må ein tru om att. Naturlegvis kan den noverande krisa verte løyst, med det det vil koste av offer og lidingar. Slike ting hender allereie med massearbeidsløyse, svelt og krigar. Dette vil berre auke framover og vare gjennom lange og pinefulle år. Ja, slikt må til vil kapitalistane seie, mens dei gnikkar gullpengane sine.

Vidare så vil denne pinsame krisa føre med seg drastiske angrep og attendegang for arbeidarklassa. Opparbeida faglege rettar vil sikkert verte truga og truleg fjerna. Verdiar som eigedom og velferda vil på dramatisk vis verte omfordelt frå offentleg til privat. Dei rike vil og sjølvsagt planlegge og utnytte krisa til å verte endå feitare for ein endå mindre gjeng. Ein slik omfordeling frå dei 99 prosent til dei 1 prosent vil slå hardt ut og vil forsterke seg med stor styrke. Noko som er godt forklart i Naomi Klein si bok Sjokkdoktrina. Her må arbeidarane forsvare sine lenge tilkjempa rettar og det med ny glød og klare alternativ. Venstresida har vorte skulda for ikkje å ha alternativ til det kapitalistiske system, og mykje av kritikken kjem frå etablissementet. Nettopp den eliten som står for frisleppet av kapitalkreftene og som har deregulert marknaden. Ein må tenkte mykje på dette med alternativa og korleis dei skal sjå ut. Folk kjenner lite til systemkritikk og at tenkinga til Karl Marx plutseleg fekk ein ny vår etter førre krise i 2008-9. Som sosialist bør ein få desse tankane fram, og ved studiar i marxisme utvikle forståinga av kapitalismen sin ibuande dynamikk og plassere eit nytt system i vår tid, tilpassa samtida og framtida. Sosialismen er ein prosess og kan ikkje ha fasttømra fasitsvar og ferdig med det. Det er ei utviklande rørsle med eit mangfalda innhald som skal drive prosessen framover.

Ein kan samanlikne dette med eit tog, som går på sine vel disponerte skinner, men stoppe på mange og ulike stasjonar for å hente nye menneske og idear. Toget må fyllast opp av den nye etterkapitalistiske tid, med passasjerane som dei styrande, der togføraren skal styre toget berre etter folket sin vilje. Ein reiser frå utgangsstasjonen der urett og undertrykking dominerer til ein ny stoppestad, det er ikkje endestasjonen bokstaveleg tala, men ein mellomstasjon på vegen mot sosialisme og kommunisme, der rettferdig fordeling og fellesskap er interiøret. Der samlar ein seg om felles strategiar og utvikling. Ein reiser frå ein kapitalisme med sine stadige attendevendande krigar og kriser, ein hata situasjon, til ei verd der folk kan leve eit rikt liv med andre verdiar enn konkurranse, gjeld og utbytting. Måtte menneska berre få det til. Det ligg i håpet som er i Pandora si krukke som er det me har att… etter at Pandora frå den greske mytologi som hemn mot gudane som hadde forrådt ho, slepte ut all elende til menneska. Berre håpet vart att i krukka.

Men bak håpet ligg det ofte depresjon ein ikkje alltid finn ord på. Depresjonen frå vår tid er det økonomiske ingenstad-landet som mange smakar no. Og det er arbeidarklassen som er midt i syklonen sitt auge. Ein teoretikar hevda at det var greitt nok å diskutera den store depresjonen sine årsaker, men at diskusjonen ikkje kan frigjerast frå drøftinga av arbeidarklassen sin stilling midt oppe i den. Men, likevel er det eit nært samband mellom dei to. Om det er slik det vert hevda, nemleg at depresjonane skuldast spekulasjonar og manglande kontroll med finanskapital, så kan arbeidarklassen ikkje spele ei stor rolle i oppbygginga av ei ny verd. Forstår ein det slik er dei avgjerande kreftene i oppbygging eller nedriving av kapitalismen, å finne andre stader.

Men er dei verkeleg det? Mange meiner det held seg annleis. Dei meiner at pengekapitalen rett og slett er produkt eller derivat blant kjennarar, av verdiar skapt i produksjonen. Sirkulerer desse verdiane i fellesskap på ein marknad og erstattar kvarandre, vert investert og handla for, så skuldast dette at det går attende på ein felles materiell substans. Denne substans er det menneskelege arbeid og kan ikkje vera noko anna. I følgje denne tankegangen, er pengemengda i eit samfunn bunde til mengda av materielt arbeid. Då vert samstundes arbeidarklassen den kraft som alltid står i spissen for det viktigaste politiske arbeidet.

Dette skriv Marx også om i Kapitalen under Arbeidet sin verdi. Er det derimot slik at økonomien kan generera pengar og verdiar frå andre stader enn den materielle produksjonen, vert arbeidarklassen sin posisjon meir likegyldig. Det fins då eigentleg ikkje nokon god grunn til å kalle seg sosialist eller til å prioritera arbeidarklassen sine interesser i politisk arbeid. Ein viktig diskusjon, og ein må grunne meir på korleis det kan ha seg at ein ikkje kan kalle seg sosialist på desse sistnemnde premissane. Éin tanke er då at hadde andre økonomiske generatorar, som børsane og spekulantar, innverknaden og kunne drive arbeidarklassen ut, men ein sosialist kunne ein vera om desse ikkje-produktive kreftene vart brotne ned. Først då kan prosessen mot eit sosialistisk samfunn byrje.

Arbeidarklassen sine moglegheiter
Vegen ut av krisa, er noko nesten alle snakkar om etter ei stor økonomisk krise. Spørsmålet er kven som snakkar om det? Folka i gata snakkar sjølvsagt om det, og ikkje utan grunn. Det er dei som må betale for krisa, gjennom tapt arbeid, auka skattar og meir fattigdom. Og så er det dei som snakkar om vegen ut av krisa, som høyrer til den vesle eliten og er skuld i elendet sjølv. Dei driter i folket! Ingenting er viktigare enn å fornye tilliten til marknaden som det heiter der i garden. Marknaden er det mest heilage ein kapitalist kan tenkje seg, han er deira gud. Vegen ut av krisa er for dei å rehabilitere denne veldig så abstrakte såkalla usynlege handa som heiter marknaden. Får dei det til vert dei så lukkelege at sjampanje og honorar skyter til himmels, til mammon sin himmel, og dei smiler kynisk. Meir sirkus, meir kapitalisme?

Produksjonen av alle andre typar av industrivarer har kome til eit vegskilje, til overproduksjonen. Dette fører til at kapitalistane har trong for store justeringar, til å nedskrive og destruera denne materielle kapitalen, og samstundes for å degradere både produksjonskapasitet og arbeidskrafta si kvalitet. Ein kan difor realistisk snakke om lang tid, om ein tjue års nedgang. Dette er den tid det tek å slite ned kapitalutstyret reint fysisk. Marx skreiv om dette allereie i si skildring av kapitalen si historiske fødsel på 1500-talet. Her skriv han at denne produksjonsforma alltid vil prøve å kutte svingane, Med politiske midlar forsøker dei å korte ned dei periodar som trugar med å utsetje kapitalismen sine blømingsfasar. Som før og i vår tid kan dette tyde at krig fristar, for å få produksjonsutstyret raskare nedskrive. Ettersom alle veit kva dette kan tyde, må det setjast mykje inn på å oppretthalde og styrke arbeidarklassen sin internasjonale solidaritet. Samstundes må ein vera realistisk når det gjeld å analysere skilnaden mellom dei kapitalistiske formene på verdsmarknaden.

Eg kjem då i tankar om problemstillingane rundt arbeidarklassen og dei kapitalistiske formene på verdsmarknaden. Proteksjonismen er ein ting som ikkje tyder på at kapitalen alltid er globalisert på nokon områder, men er det på områder områder. Kapitalistklassane bind seg desperat til det dei har., som alltid. Dette gjer det klart at ein kvar arbeidarklasse må ta seg av sin eigen kapitalistmotstandar lokalt. Men også her må ein ha fleire tankar i hovudet. For samstundes må arbeidarklassen vere våken med omsyn til å utnytte dei faktiske fordelane proteksjonismen kan gje arbeidarklassen på kortare sikt, også internasjonalt. Men, her står ein også i ei utfordring, den autoritære stat. Kapitalismen sitt statsgjeldssystem har i Europa kollapsa og har styrka ei antidemokratisk statsform. Marx skreiv at dette gjeldsystemet var ei hovudkraft ved produksjonsmåten i Europa allereie frå 1500-talet.

Eit godt døme på at proteksjonismen eit stykke på veg svekkar kapitalen sin stilling i høve til arbeidarklassen, er den nye ordninga med eksportfinansiering. Dette er ting statar har kjent seg tvinga til. Dette har vore med å redde arbeidsplassar, men viktig her er at dei er kapitalistiske. Slike tiltak bidreg litt til å regulera ein internasjonal konkurranse som er prega av mafialiknande kinesisk og elles asiatisk kapital. Slik turbokapitalistar og store multinasjonale føretak også driv det i det globale elles. Dette kan vera eit av mange teikn på at dei nye kapitalistiske herskarklassane, som alle står på leirføter, og vil vera mellom dei første som vil falle grunna depresjonen. Ramlar desse klassane vil det vera ei positiv tyding for arbeidarklassane i Asia og elles. Ein slik utvikling er truleg på gang og ei slik bossrydding bør ikkje arbeidarklassen ha noko i mot.

Arbeidarklassen sine moglegheiter i depresjonen ligg i det politiske. Difor har det stor viktigheit at arbeidarklassen sin største motstandar, den kapitalistiske klasse organisert som stat, er meir svekka enn nokon gong sidan 1920-åra. Sjølv om det er viktig ikkje å undervurdera motstandaren, er det klart at når arbeidarklassen klarer å hevde seg sjølvstendig, treng han ikkje lenger vera redd for kapitalistklassen reint politisk. Det kanskje einaste botemidlet mot depresjonen er at arbeidarklassen vert klar over sin eigen styrke. Og brukar han! Det som kapitalen prøver på, det å korte ned historia sine svingar, det kan nemleg arbeidarklassen gjere mykje meir effektivt og definitivt ved å sosialisera produksjonsmidlane og kaste den kapitalistiske produksjonsmåten. For å få til dette må mykje meir informasjon, kursverksemd, sosialistiske studiar, ut til folk.

Like viktig er det å få meir tilgang til grunnplanen i fagrørslene, og unngå pampane i same rørsle. I alt dette, må arbeidarklassen og bruke dei sokalla ulovlege aksjonsformer, dei må lære kva som er gode og lure ulovlege verkemidlar og kva som ikkje er det. Trua på seg sjølv som politisk kraft er sentralt og må ikkje undervurderast. Mykje av tidlegare krav har vore å kræve førebels endringar i form av nasjonaliseringar av bank- og kredittvesen. Noko som kan inspirera arbeidarklassen er å reisa på nytt kravet som var på britiske verft i 1970-åra. Nemleg kravet om nasjonalisering under arbeidarkontroll. For å få dette inn i folk si medvit er det viktig å få ei kjensle av att felles kamp gjev resultat.

Noko veldig sentralt, er tanken om at den revolusjonære rørsla ikkje kan gå ut frå noko anna enn ein medviten arbeidarklasse. Ein må her passe seg for at uavhengig av kor sterkt arbeidarklassen står frå tid til annan, ikkje prioritetar såkalla spontane rørsler slik som ”okkupering av alt-rørslene”. Sjølvsagt kan det vera nyttig med liberal motstand på kort sikt, men kan virke demoraliserande når motstanden bryt saman. Noko som tyder at ein må vera open for taktiske attendeskritt i den hensikt å prioritera at arbeidarklassen sitt anti-kapitalistiske medvit vert halde oppe. Ein god og positiv tanke, men om dette er god logikk, må reformkrava vera realistiske, og sjølvsagt er dei ofte det. Ingenting er umogeleg når sosialistiske rørsler står overfor ein handlingslamma kapitalisme. Noko ein med rette kan hevde kan gå føre seg her og no, altså handlingslamming i herskarklassane. Då må ein gjere som Lenin ei gong skreiv: Makta låg på gata. Det var berre å plukke ho opp. Den illusjonen ein må verte kvitt, som sikkert fins, er å tru at ein er langt vekke frå ”makta i gata”. Det er ein ikkje. Ta sjansen, ta ho opp. Makta ligg i gata, om enn litt i uorden, men likefullt, ho ligg der framfor oss. Ho må berre brukast!

Ivar Jørdre

Først publisert på radikalportal.no 6. april 2020

LES OGSÅ av Ivar Jørdre: Antropocen og den globale kapitalismen sin tidsalder

LES OGSÅ: Hva vil skje med de rike når revolusjonen kommer?

Miljø vs vekstøkonomi — skal vi redde kloden må kapitalismen ofres

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Marxisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

1 Response to Revolusjon i koronaen si tid – Menneska er ikkje skapt for kapitalismen

  1. Thorleif Berthelsen seier:

    Delt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.