E-tenesta på krigsstien!

Bålet – olje på lerret– 1993, Ivar Jørdre

Forsvaret si etterretningsteneste kjem i sin siste tryggleiksrapport med klare åtvaringar om at Russland og Kina er dei største trugsmåla mot Noreg sin tryggleik.

E-tenesta brukar skarpe penselstrøk når dei teiknar opp det scenarioet dei ser for seg kan kome. Det er som om heile lerretet knitrar av utryggleik og spenning. Kva ser E-tenesta for seg eigentleg? At desse to landa, Russland og Kina, vil gjera åtak på Noreg nesten utan vidare, nesten tidlaust? Og kva med balansen her, og eit ustadig USA som verdas største våpenmakt?
Det E-tenesta no gjer er å skape unaudsynt frykt og spenning. Mykje av spenninga og den auka kaldfronten mellom aust og vest har me i Vesten skapt sjølve. USA og Nato er stikkorda her.
Store militærøvingar i Norden dei siste åra og tilsvar frå Russland er andre stikkord.
Det var ikkje berre den gigantiske Nato-øvinga Trident Juncture i Midt-Noreg frå hausten 2018 som provoserte Russland. I midten av mars 2019 hadde usanske B-52 bombefly gjennomført ei rekkje med flygingar tett opp mot Russland i både Austersjøen og Barentshavet. Og norske F-16 jagarfly eskorterte usanske bombefly over Nordsjøen. Seinare på året var det nok ei Nato-øving, denne gongen i Nord-Noreg. Russland har svart på dette med skyteøvingar langt sør langs Norskekysten. Slik seier oberstløytnant Tormod Heier det:
– Når norske myndigheter ikke lenger har evne til å selv sørge for en troverdig og vedvarende synlighet i disse områdene, så har det oppstått et vakuum. Det fylles i dag av USA. Da får vi en situasjon der Russland blir nervøse, som gjør at Norge blir nervøse, som gjør at vi inviterer flere amerikanere inn, som igjen fører til at russerne blir mer nervøse. Paradokset er at alle parter får mindre – ikke mer sikkerhet (Klassekampen, 13.04.19), Forskaren frå Forsvaret sin høgskule teiknar eit tryggleikspolitisk dilemma der Noreg vert stadig meir avhengig av USA.
E-sjef Morten Haga Lunde påpeikar at begge landa (Russland, Kina) flyttar seg i ein meir autoritær retning. Det er gamalt nytt. Og kva med USA i retning meir autoritært under Trump? Analysen til e-sjefen heng ikkje saman.
Dei russiske og kinesiske etterretningstenestene grip inn i alle samfunnssektorane i desse landa, seier Haga Lunde. Utruleg gamalt nytt.
Kva med at vestleg etterretning grip inn i stadig fleire samfunnssektorar enn før? Det nemner E-tenesta sjølvsagt ikkje noko om.
Men det merkar folket. E-tenesta påpeikar også at kinesiske aktørar viser ei «spesiell interesse for høgteknologi» og at dei dei siste åra har lukkast med å kompromittera norske mål. Hallo e-teneste! Kva med vestleg, spesielt USA, si kompromittering av andre land sine mål, som Kina eller Russland sine. Dette er poenget mitt: Det er den globale kapitalismen sitt vis.
Alle konkurrerer med alle og alle spionerer på alle.
Dei store linene globalt med spenning og militarisering av verda er i lag med klima- og naturproblema dei to store truslane menneskeslekta står overfor. Då treng me ikkje E-tenesta si (som vanleg) einsidige fokusering på eit fiendebilete som berre ber meir ved til miltariseringsbålet, og ikkje vatn til å sløkkje det. Treng me ei e-teneste i det heile?

Ivar Jørdre

Innlegget stod på trykk i avisa «Hordaland», 13.02.20

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to E-tenesta på krigsstien!

  1. Olav seier:

    Mafiaen ruler gjennom cia og e-tjenestene – russland har reddet oss i nord, jaget naziene ut av landet-når oppdraget var fullført trakk de seg ut-det finnes bare en okkupasjonsmakt og det er ikke landsrelatert: det er den grådige storkapitalen(the military industrial complex og zionistane)ps. må ikke forveksles med jødar!

  2. ivarjordre seier:

    Takk for kommentaren, Olav. Heilt einig med det du skriv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.