Ei utruleg merkeleg regjering – Og «MORNA JENSEN»!

Roar Hagen, teikning, VG

Er dette ei svart natt for Solberg-regjeringa? Eller er dei ein svart politisk komedie? Kanskje begge delar. I alle fall er det sjeldan me har parti, Framstegspartiet, i ein koalisjon som er så arrogante at dei set ultimatum på sin eigen fallitt som styringsparti. At dei vil ha endå meir gjennom av sin nyliberale agenda av privatiseringar, sal av statlege føretak, mindre stat og meir marknad, er ikkje å undrast. Men, dei har jammen fenge gjennom nok av øydeleggingar av velferdstaten. Takka vera ei velvillig og makthungrig borgarleg regjering.

Fleirtalsregjering for Erna Solberg er så viktig at kompromissa flyt over. Men, fleire saker er «varme poteter» for Frp. Tida for urolegheiter og usemje i regjeringa er over, sa Solberg nyleg. Slik virkar det ikkje i realiteten: Før valet i fjor var det bompengekrise i regjeringa. No er det ei attkomen kvinne frå Syria med to ungar, ein sjuk gut, som kjem heim att til Noreg, som er krisa. Frp ville ikkje ha denne «IS-kvinna» og kallar dette ikkje moralsk feil å ikkje hjelpa henne. Denne no 29 år gamle kvinna er frå Oslo og kom inn i det ekstreme islamistmiljøet og hamna seinare i dei IS-kontrollerte områda i Syria.
I 2015 ba ho UD om å få hjelp ut, men fekk det ikkje. Trusselbiletet til Frp er overdrive, ingen kjem heim att til Noreg utan oppfølging og rettsforfylging. Det er det eine. Det andre er at det å hevda at denne eine kvinne er ein risiko for landet si sikkerheit, er ein ganske sterk påstand. Med dette som grunnlag truga Frp å gå ut av regjeringa.

      Roar Hagen, teikning, VG

Kva med å sjå litt på andre risikofaktorar i Noreg, som t.d. høgreekstreme med bombeplanar. Tenk litt på det, Siv Jensen. I staden sette ho og partileiinga opp ei liste med krav dei skulle pressa Solberg med. Men, den lista fekk aldri Solberg. Ikkje før ho var skreven, trekte Frp seg frå regjeringa.  Så mykje for den saka!
Men, kva med dei andre partia, Venstre og Kristeleg Folkeparti, oppi desse krava.
Skulle Frp ikkje ha dei med i drøftingane? Dei var i alle fall ikkje særleg nøgde med Frp si framferd og eventuelle nydrøftingar av Granavoll-plattforma frå eitt år sidan. Det politiske sirkuset i regjeringa er dermed komplett. Og, no er det tre parti attende. Versågod, neste episode: Kva neste episode i denne bisarre følgjetongen inneheld er ikkje godt å seia. Ein ting er truleg sikker i alle fall, at underlegare regjeringskoalisjon har Noreg ikkje hatt på lang tid. Og, farleg er denne konstellasjonen også for privatiseringa og demonteringa av velferdsstaten, uansett tre eller fire parti. Difor må me få eit regjeringsskifte ved neste val om nærare to år. Verre enn den me har no kan det knappast verta, eller?

Av Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.