Latin-Amerika Anno 2019 – Annus Horribilis?

Situasjonen i Latin-Amerika og den nyliberale høgre/ekstremhøgre motoffensiv

Mens latinamerikanarar har valt ein alternativ kurs til nyliberalismen i nesten to tår, håpte ein i «vest» at denne utviklinga berre var eit symptom og vil ga over, slik at «business as usual» kunne ga føre seg på nytt. Opp mot dei to-tre siste åra var den alternative utviklinga til nyliberalismen ikkje stansa opp. Millionar på millionar av latinamerikanarar fekk det betre gjennom statar som gav felles sosiale og økonomiske løysingar. Fattigdomen vart og drastisk redusert i desse landa med venstre eller sentrum-venstre regjeringar. Men, slik er det ikkje lenger! Trenden er snudd og det gjaldt endå meir i 2019 enn det førre året, om ikkje nokon drastisk endring hender. Tusenvis av menneske har mista hus og arbeid allereie i det nyliberale atterkoma. Ny-fattigdomen råkar hundretusenvis av latinamerikanarar på nytt. Makta og finanseliten strammar sine hender og fortel folket at dette må ein tåle. «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv», sa ein norsk diktar.

Kvifor vert fleire land i Latin-Amerika høgreliberalistiske og høgreekstreme no? Det er truleg mange grunnar. Nokon av dei viktigaste kan vera ein global «høgrevind» der folk sluttar opp om høgrepopulisme og ekstremhøgre i frustrasjon i stor grad over sviktande økonomiske tilhøve under dei regjeringar som har vore tidlegare. Mangel på økonomisk styring og mykje korrupsjon er andre grunnar. Men USA og deira høgrelente støttespelarar i Latin-Amerika, saman med andre vestlege «nikkedukker» er også ein vesentleg grunn til desse vendingane. Mange ser militærdiktaturtida i spegelen att, men i «demokratisk sminke» denne gongen. Tida vil vise om dette er ein tragisk trend eller om det latinamerikanske folk set ein stoppar for det i tide. I fleire land, Ecuador, Chile, Colombia, har det vore folkelege opprør hausten 2019. Folk er sinte og lei av eliten sin maktarroganse, nyliberalisme, fattigdom og korrupsjon. I Bolivia hendte det motsette. Der vart Evo Morales tvungen av dei militære til å gå av som president. Det var eit klart kupp, det siste i rekka av dei mange statskuppa i Latin-Amerika si historie.

Det er over 40 år sidan statskuppet i 1973 mot Allende i Chile som sjokkerte og engasjerte ei hel verd. MEN, det er ikkje dei siste døma på brutale overgrep på demokratisk valte system og leiarar. Også gjennom dei siste tre tiåra har me sett mange kupp (t.d. Grenada i 1983, påskekuppet mot Hugo Chavez i 2002, som mislukkast), dei udemokratiske avsettingane av dei folkevalte presidentane i Honduras i 2009 (Manuel Zelaya) og Paraguay i 2012 (Fernando Lugo vart ukonstitusjonelt avsett, venstrestyret kom i 2008). Og no, Bolivia. Dei siste to-tre åra har ein sett korrupsjonsanklager mot Argentinas tidlegare president, avsetting av Brasils lovleg valte president og korrupsjonsdom og fengsling av tidlegare president. Og det er tydelege krefter som no motarbeidar demokratiet og endringsprosessar i fleire land:

Argentina
Valet i Argentina hausten 2015 fortel at «motoffensiven» byrja ta ein ny vending. I andre valomgang i november 2015, etter at Daniel Scioli (Cristina Fernández de Kirchner sin «etterføljar») frå sentrum-venstrepartiet Frenta para la Victoria (FpV) og Mauricio Macri frå sentrum-høgrepartiet Propuesta Republicana (PRO), gjekk vidare, vann den nyliberale Macri. 12 år med avtroppande president Fernández de Kirchner og før det hennar ektemann Néstor Kirchner, var over. Macri har prøvd å sjokkliberalisera økonomien og ta opp stort IMF-lån, for å redde landet som han seier, men han har mislukkast. Valutaen er historisk låg i verdi, fleirtalet argentinarar har merkbart fått livsgrunnlaget svekka og fattigdomen har på nytt auka. Populariteten til styresmaktene er veldig låg og folkelege protestar har vore store i 2018-9. Demokratiet vart svekka allereie etter få månader med nyliberalaren Macri. Med liberalisering av økonomien, svekking av velferdsgoder og press på ytringsfridomen ved t.d. stenging av kritiske radiosendingar, sette Macri tonen for eit annleis Argentina. Alt dette har resultert i store demonstrasjonar i dei åra Macri har vore president. I 2019 er den argentinske økonomien endå meir forverra og den nyliberale sjokkdoktrina har spelt heilt fallitt. Noko som førte til at folk reagerte med stemmesetelen også. Ved valet i Argentina i oktober 2019, vann den 60 år gamle jussprofessoren, Alberto Fernandez, presidentembetet med god margin (48 prosent)  over Mauricio Macri. Fernandez er frå sentrum-venstrepartiet Frenta para la Victoria (FpV).

Brasil
I Brasil vart president Dilma Rousseff utsett for sterkt press frå opposisjonen i 2016 i parlamentet etter at fleire av støttespelerane i hennar næraste krets var til politiavhøyr eller er fengsla i den store korrupsjonssaka i statsoljeselskapet Petrobras som rammar stadig fleire i den brasilianske samfunnseliten. «Operasjon bilvask». Det er namnet på den store etterforskinga av korrupsjonsskandalane i oljeselskapet. Til slutt vart president Dilma Rousseff udemokratisk stilt for riksrett og avsett. Men, mange meinte dette var grunnlause påstandar og politisk motivert. Ho vart utsett for mykje anti-demokratisk propaganda, m.a. frå internasjonal mainstream media og USA.
Høgre-liberalisten Michael Temer vart tilsett som president i ein illegitim prosess. Tidlegare president Luiz Inácio Lula da Silva har og vorte avhøyrd i Petrobras-saka. Han vart etterforska i korrupsjonsskandala og anklagane mot Lula førte til rettsak der han vart dømd til 12 års fengsel i 2018. Han fekk heller ikkje stilla til presidentvalet. Etter ein ny dom i høgsterett hausten 2019, vart Lula sett fri. Til glede for veldig mange, til sinne for makta.

For tida opplever Brasil den verste nedgangsperioda i landet sin økonomi på 25 år.
Omlag 40 prosent av Brasils 200 millionar innbyggarar lever i hushaldningar med ei inntekt på mindre enn 4.600 kroner per månad (NTB), og det var mest deira støtte som sikra Rousseff og Arbeidarpartiet (PT) sigeren i oktober 2014. Men, etter presidentvalet hausten 2018 er den politiske situasjonen snudd heilt på hovudet. Den høgreekstreme Jair Bolsonaro, ein tidlegare militær som har hylla militærdiktaturet (1964-1985), vann valet. Han er ein ekstremist, mange kallar han også for fascist. Han er rasist, kvinnehatar og sjølverklert homofob. I tillegg er han og regjeringa superliberalistisk og vil endre Brasils økonomi heilt ved m.a. å selje ut det meste av statlege føretak og organisasjoar, om dei får det som dei vil. Eit vanskeleg og ustabilt land som Brasil no er, kan få store konsekvensar i regionen og kan føre til geopolitiske endringar av uana karakter. Spesielt i høve Venezuela kan truslar om militære løysingar for regimeskifte verte omgjort til praksis, ikkje minst om USA vert med på ein intervensjon. Dei folkelege organisasjonar i Brasil har fått det verre og fleire urfolksaktivistar og andre har vorte drepne. Dette er m.a. i ein atmosfære der alt som Bolsonaro karakteriserar som «kulturmarxisme» og venstrevridde kal slåast hardt ned på. LAGs samarbeidspartnar MST og andre folkelege organisasjonar vil måtte halde seg til eit mykje hardare politisk klima enn før. Difor treng dei omverda si mest effektive støtte og solidaritet. I dei sokalla 100 første dagar inn i ein presidentperiode fekk Bolsonaro rekordlåg veljaroppslutnad for ein president nokon gong i Brasil, på under 30 prosent, og han heldt fram med å falla gjennom året. Hans lovnadar om stramme endringar i samfunnet har starta, spesielt på det økonomiske planet med endå betre kår for dei rike og fleire i arbeidsledige, og mangel på korrupsjonsopprydding. Mange brasilianarar ser no konsekvensane av sin støtte til han og kjenner seg lurt.

Venezuela
Venezuela opplever også ei økonomisk krise, mykje grunna ei meir enn halvering av oljeprisen frå 2014 til omlag 45-50 dollar per fat i åra etter (no er prisen på eit litt høgare nivå). I tillegg er den øvre vareproduksjonen dårleg, med mykje import som resultat, svært høg inflasjon. og altfor mange valutaproblem med «bolivaren», m.a. mange parallelle vekslingskursar og svartebørs. Kriminalstatestikken er også høg og eit stort samfunnsproblem. Mange destabiliseringstaktikkar gjer seg også gjeldande i motoffensiven mot Maduro-regjeringa. Her spelar økonomisk og organisatorisk støtte til ulike deler av den høgre-orienterte opposisjonen frå først og fremst USA ei stor rolle (mykje av dette kan samanliknast med dei destabiliseringsmetodane CIA og Pentagon gjorde ovanfor Allende-regjeringa i framkant av militærkuppet i Chile i 1973).

Mange store sosiale samfunnsprosjekt (missiones) vart sett i gong under tida til Hugo Chávez og som held fram under tida til Nicolas Maduro. Eit av dei mest omfattande er «husbyggingsmisjonane». Også innan helse, skule og høgare utdanning har millionar av folk fenge gratis eller rimelege tenester og tilbod. Dette kostar pengar og når mykje av dette kjem frå oljeøkonomien som no er redusert kraftig vert det store utfordringar. Noko som går utover andre deler av samfunnsøkonomien også. Maduro og hans folk har i for liten grad klart å finne gode løysingar på desse utfordringane. I tillegg er Maduro ein tildels svak president og langt frå den store folketalaren Chávez. Dette gjer at det er ei forsterka politisk krise, der landet er endå meir polarisert enn før. Dette må president Maduro også ta ein del av ansvaret for.

Venezuela er polarisert politisk og mange hadde sterke meiningar om Chávez, som hadde makta 1999-2013. Skiljelinjene går langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for stor del slutta opp om Chávez sin «Sosialisme for det 21.århundre». No er leiaren deira borte (døydde av kreft i 2013) og mange har frykta kva som ville hende etterpå, men revolusjonen og prosessane som deira helt har vore drivkrafta til, er så djupt grunnfesta no at dei truleg ikkje kan reverserast med nokre pennestrøk. I alle fall ikkje til omfattande protestar frå dei millionar som har kome seg opp av fattigdomen og fenge eit betre liv. Situasjonen framover er uklar og LAG må setje oss godt inn i kva som til ein kvar tid hender på kontinentet for å gjera dei best moglege analyser, som skal vera førande for arbeidet til ein god solidaritet for folket, ikkje minst no etter Brasil-valet.

I byrjinga av 2019 hende det ting som tilspissa det polariserte landet endå meir. Den nyvalde presidenten frå hausten 2018 i den opposisjonsdominerte nasjonalforsamlinga, Juan Guaido, overraska mange med å utnemne seg sjølv som mellombels president for Venezuela, 23. januar 2019. Denne datoen har no vorte ein skammens merkedag for aktørar som vil utnemne seg sjølv ukonstitusjonelt og kuppaktig. Men eit slikt udemokratisk trekk gjeld tydeleg vis ikkje Venezuela når det gjeld omtale av dette i mainstream media. Guaido er anarkjend som interim president av fleire vestlege land, men ikkje Noreg som prøver ei slags balanseline. Høgreregjeringar i Colombia, Chile, Argentina (før siste val), USA og ekstremhøgre Bolsonaro i Brasil, i tillegg til Canada og Danmark støttar den sjølvoppnemte «presidenten» Guaido. EU er «Maduro-skeptiske» og vil ha nyval. Maduro-regjeringa hadde støtte frå andre land i Latin-Amerika, t.d. Bolivia, Ecuador, Uruguay (det er endra etter hausen 2019). Mexico, i tillegg til m.a. Kina og Russland støttar Maduro, mens EU-landa er litt splitta i synes på Guaido. Framleis har Maduro støtte i militæret, uttalt av dei øverste offiserane. Men nokre av generalane har skifta side og støttar no Guaido. Og, det var absolutt ikkje berre opposisjonen som var ute i gatene, om det ofte verkar slik i media. Store demonstrasjonar til støtte for regjeringa fann også stad. T.d. i februar var det mange store demonstrasjonar mot Maduro, men samstundes store demonstrasjonar for Maduro, som i mindre grad vart nemnt i media. I slike døme må LAG arbeide betre for at det vert meir «objektive» opplysningar om kva som går føre seg i Latin-Amerika og t.d. Venezuela i framtida. Naudhjelpsendingar til den til tider overdrevne matvarekrisa i landet vart brukt politisk av Guaido og USA, det same gjorde Maduro i motsett lei for å forsvara sjølvstenderetten, mens t.d. Den internasjonale raudekrossen ville forhandle med regjeringa om løyve til hjelpesendingar på nøytral basis. Alt i alt ein vanskeleg situasjon og år for det venezuelanske folk.

Ecuador
Eit land som forsøker gå gjennom endringar i nyliberal lei, mykje grunna ein president sin «heilomvending», er eksempelet Ecuador. Kva hender når nyliberalismen gjennom «Pengefondet» (IMF) og lydig regjering på nytt vil gripe tak i eit land? Folket demonstrerar! Dette servile tilhøvet til IMF sine krav har skapt, som ein såg i Ecuador hausten 2019, enorm motstand frå sosiale og folkelege rørsler. I vekesvis demonstrerte urfolksorganisasjonar, fagrørsle og folk elles, i gatene og tvinga til slutt president Lenin Moreno si regjeritng til forhandlingar. Moreno har endra mykje i retning frå det førre president Rafael Correa hadde sett i gong med folkeleg politisk og økonomisk deltaking i prosessar, utjamning av ulikskap og levekår. No er det meir ein elitepolitikk, der ein ofrar velferdsordningar og subsidiar. Men, i alle fall ein siger kunne protestane innkassera. Det var det som utløyste opprøret, drivstoffprisane. Etter forhandlingar med dei største urfolksorganisasjonane bakka styresmakta og innførte subsidiane på nytt. Protestane stoppa, men framleis er mange problem uLøyste grunna den liberaliseringspolitikken som vert ført. Ein av dei største urfolksorganisasjonane, CONAIE, hevda at regjeringa rettsforfølgde urfolksleiarar etter at demonstrasjonane stoppa. Som eit resultat av det har CONAIE førebels stoppa samtalane med Moreno-regjeringa. Oppgjeret som Ecuador, eit av få latinamerikanske land, gjorde med nyliberalismen under førre regjering står i fare. Protestane kan blusse opp att, om folk kjenner føljene av dårlegare levekår og meir urettvise.

Colombia
Colombia har på overflata vore eit demokrati, men i praksis er det eit valdeleg, traumatisert og undertrykkande samfunn, der ein har paramilitære grupper som gjer dritarbeidet med å skremme folk. Unión Patriótica (UP) saman med to andre grupperingar, er den største opposisjonen på venstresida samansett av mange ulike parti, prøvde å vinne siste presidentval i 2018. Dei tapte med klar margin og tingas tilstand er uendra. Sikkerheita for folk i opposisjon til dei styrande er tragisk låg. Omlag 200 sosiale leiarar og aktivistar har vorte drept dei siste par åra. Og for journalistar er Colombia eit av verdas farlegaste land å arbeide i. Også i dette landet har det vore store demonstrasjonar hausten 2019. Dei største på 60 år i landet, og som har vorte møtt med brutal undertrykking av politi og militære. Det har lenge vore spent i Colombia og misnøye med styresmaktene sin nyliberale politikk er stor. Rykter om pensjonskutt var ein utløysande grunn. Protestane utvida seg raskt til sosiale krav, gratis utdanning, vekk med presidenten, men også mot urett, undertrykking, og kritikk mot måten fredsavtalen mellom regjeringa og den tidlegare geriljaorganisasjonen FARC er utforma og sett ut i livet på. Eit stort problem med fredsavtalen frå 2017 er m.a. at avvepning av dei paramilitæere gruppene aldri vart teke med i avtalen.Heller ikkje ei jordreform er med i avtalen.

President Ivan Duque og styresmakta har eit nærare fientleg tilhøve til nabolandet Venezuela og har i lengre periodar stengt grensa. Ein upopulær president gjer ofte slike utanrikspolitiske grep for å prøve få oppmerksemda vekk frå problema heime. Colombia er eit ekstremt klassedelt samfunn og manglar heilt fundamentale grep om sosiale reformer, jordfordeling og menneskerettar i det heile. Fagrørsla, bonderørsla og studentorganisasjonane i Colombia gjekk ut i generalstreik i Colombia tre gangen på to veker i november 2019. I desember heldt massedemonstrasjonar mot Duques nyliberale økonomiske politikk fram.

Vegen vidare
Dei diplomatiske tilhøva har også endra seg i dei seinare år. T.d. det med Venezuela (saman med Bolivia og Ecuador) som trekte sin ambassadør attende frå Brasil i protest mot det ukonstitusjonelle kuppet til Temer og gjengen i 2016 og avsetjinga av president Dilma Rousseff. Temer svarte med å gjera det same. No er dette endra, Venezuela er meir åleine enn før. Situasjonen i deler av Latin-Amerika er komen i nyliberal høgredominert retning med ekstremhøgre i Brasil som toppar, men kampen mot desse reaksjonære kreftene held fram. Kva som vidare hender i næraste framtid vil gje svar på om «høgrevindretninga» held fram eller stoppar opp. Ecuador er på veg i nyliberal retning og det mest negative sett i ljos av utjamning og rett til eit betre liv for folket og mindre makt til den rike eliten, er kuppet i Bolivia. Mexico, er eit ljospunkt i 2019, der den progressive Andrés Manuel López Obrador vann presidentvalet hausten 2018. Han har allereie starta prosessar som kan leia til større reformer i tida framover. Eit anna land som framleis kunne vore eit ljospunkt var Uruguay, men etter presidentvalet hausten 2019, eit veldig jamt val, vann høgreopposisjonen med lite margin. Men, dermed er 15 år med den venstreleia koalisjonen Brei Front (Frente Amplio) over, i denne omgong.

Ivar Jørdre

Fin del ciclo progresista, eller fin del neoliberalismo?

Etter valgseier til Mauricio Macri i Argentina i 2015, Ecuadors politiske helomvending og adoptering av en nyliberal modell, og Dilma Rousseff sin avsettelse i Brasil, begynte det en debatt i Latin-Amerika som dreide seg om vi var vitner til «El fin del ciclo progresista» (slutten for det progressive århundre).

Etter hvert som Jair Bolsonaro kom til makt i Brasil, UNASURS oppløsning, og den stadige forverrende situasjon i Venezuela, var det mange som mente svaret var ja, og det progressive venstre prosjektet hadde feilet.

Men plutselig, høst 2019, uten forvarsel, begynte en serie store protester mot den nyliberale modellen. Først i Ecuador, deretter i nyliberalismens høyborg, Chile, og så i USAs nærmest alliert på kontinentet, Colombia. Satt i sammenheng med venstre/sentrums valgseier i to av kontinentets viktigste land, Mexico og Argentina var det behov å ta opp denne debatt på nytt.

Det er for tidlig for å se hvilken betydning disse protestene kommer til å få for Latin-Amerikas langsiktig ideologiske retning. Mens protestbevegelsen i Ecuador gikk tidlig inn for en avtale med en sterk presset president Lenin Moreno, som måtte flytte regjeringen fra Quito til Guayaquil for å unngå de voldsomme protestene, har de protestaksjonene i Chile og Colombia vedvart. Protestbevegelse i disse to landene har fremmet konkrete krav om sosiale, økonomiske, og politiske endringer, inkludert omskriving av grunnloven, i motsetning til avtalen i Ecuador, som har bare fått til noe vake lovnader om en revurdering av deler av IMF sin restruktureringspakke for landet.

Mens mediene fokuserte på bagatellmessige prisøkninger som utløsende faktorer for protestene og irrasjonelle og voldelige opptøyer og plyndring, var det lite vilje for å sjå nærmere på de reelle forholdene som lå bak folkets misnøye, og protestbevegelsens enorme oppslutning. Som vanlige norske medier fulgte etter med klipp og lim journalistikk. NRKs innhentet «Latin-Amerikaekspert» Benedicte Bull nærmeste lovpriste Chiles president Piñera for å ha innfridde protestenes krav om samtaler, og mente at det kunne vise en gang til at Chile var Latin-Amerikas meste stabilt demokrati. NRK sine analysen kom mens det fremdeles foregikk brutale handlinger mot demonstrantene, som overgrep med enorme voldsbruk, tortur, seksuell vold, undertrykkelse, massearrestasjoner og drap. Et resultat av hva presidenten i «Latin-Amerikas meste stabilt demokrati» kalte en krig mot landets «interne fiender», nemlig folket.

Også i oktober, I Argentina, resultert misnøyen med nyliberalismen til et dundrende nederlag for den sittende presidenten Mauricio Macri, og gjeninnsettelse av en sentrums/venstre regjering med Cristina Fernandez som visepresident.

Denne utvikling viser tydelig at nyliberalismen som et sosioøkonomisk redskap for USA og Europa til å kontrollere verdens natur og mineralressurser er i krise. Den er blitt avslørt for hva den egentlig er, en ny kolonial redskap for overføring av rikdom fra underutviklede land til de dominerende økonomiene i vesten.

Statskupp i Bolivia

Så, midt i den progressive bølgen av anti-nyliberale protester, kommer statskuppet i Bolivia. En av kontinentets meste stabil og voksende økonomiene, med en populær, USA kritisk venstre statsleder som har stått for enorme sosiale utvikling i landet, ble i løpet av et par uker forvandlet til en høgre ekstrem (noen vil si fascistisk) pro-USA, nyliberale kuppregime.

Regimeskiftet kom i kjølvannet av presidentvalget 20. oktober. Et valg som opposisjonen og deres USA alliert har foråndsstemplet som ugyldige. En nøye regisserte voldskampanje ledet av ekstreme høgre paramilitære grupper sammen med politistyrker som gjorde mytteri og gikk over til opposisjonen, førte til at militæret bar presidenten til å gå av. Evo Morales fikk asyl i Mexico sammen med visepresident og andre regjeringsmedlemmer.

En de facto kupp regime tok over makten ved å «velge» senatets andre visepresident, Jeanine Añez, som «interim» president. En handling som var fullstendig i strid med grunnloven siden selvutnevnelsen fant sted mens flertallet av senatets representanter fra Morales MAS parti var utestengt, og uten et beslutningsdyktig quorum som kunne gjøre innsettelsen gyldig.

Interimregjeringen ble raskt anerkjent av USA, Israel og Limagruppen, minus Argentina, som anerkjenner Morales som den lovlige presidenten og har tilbudt han asyl. En av de første ting som kuppregimet gjorde var å utstede en lov som fritok militære og politi fra rettsforfølgelse på menneskerettighetsbrudd i forbindelse med aksjoner mot opponenter av statskuppet.

Hoved-debatt angående situasjon i Bolivia, var om det kunne kalles et statskupp eller ikke, og om at det var selv president Evo Morales som hadde forårsaket sin egen avsettelse. M.a.o. medier fulgte USAs argumenter for å rettferdiggjøre regimeskiftet og tillater den «de facto» regjeringen til å konsolidere kuppet med bruk av ekstreme vold og massakrer, massearrestasjoner og angrep på regimekritisk medier.

Mens det foregikk en heksejakt på opponenter av kuppregimet og representanter for Movimiento al Sosialismo, MAS, partiet til Morales, gjorde noen av ledere for urfolks og faglige organisasjoner en avtale med kuppregimet og samtykket en passiviserings lov.

OAS sin rolle i statskuppet var tydelig, de støttet opposisjonens klager om valgfusk, og ga ut en provisorisk rapport som antydet valgfusk og anbefalt annullering av valget og en ny valgomgang. Både den provisoriske rapporten og deres endelige rapport manglet handfast bevis for valgfusk, men dette hindret ikke OAS generalsekretær, Luis Almagro fra å stadfeste at «I Bolivia var det et kupp 20. oktober når Evo Morales begått valgfusk».

Nå er det forberedelser til en ny valgomgang våren 2020. Kuppregimet har oppløst landet valgrådet og holder på å utnevne en ny råd, sannsynligvis med kuppvennlige medlemmer. Forfølgelse av Morales tilhengere og angrep på uavhengige medier gjøre muligheten for et fritt og rettferdig valg lite sannsynlig.

Ja, Evo Morales har gjort en del feil, avhengig av hvor man står i det ideologiske landskapet. Miljøorganisasjoner har vært kritisk til hans bruk av resurs utvinnings industri til å finansiere sosiale prosjekter, uten å svare på hvordan de enorme utviklinger innenfor bl.a utdanning, helse og fattigdomsbekjempelse kunne blitt oppnådd på andre måter. Også deler av det mer radikale venstresiden har kritisert Morales for å ikke har gått langt nok i etablering av et sosialistisk prosjekt.

Men disse feilene var ikke grunnen til statskuppet. Det viser seg at Morales største feil var å trosse interesser til USA og landets gamle økonomiske og politiske elite. Og ikke minst, å vise at det var et mer rettferdig og egalitært alternativ til nyliberalisme.

Dave Watson

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.