NATOs «løyndom» om atombombelagre i Europa

RAF Tornado GR4 MOD 45155233.jpgFrå en.wikipedia.org – Foto: Corporal Mike Jones/MOD

NATO har lenge lagra taktiske atomvåpen i Europa. Det er ein gamal og kjend løyndom. Men, det er også ein av dei mest utrulege og frekke nektingar frå NATO si side: Atombomber er lagra i Italia, Tyskland, Belgia, i Nederland og i Tyrkia. Noko som er eit alvorleg og klårt brot på internasjonale lover. Dette har lenge vore kjent (spesielt av Federation of American Scientists- FAS). NATO har aldri offisielt innrømma dette. Men, noko har tydelegvis gått gale for alliansen her.

I dokumentet med tittelen «En ny æra for atom-avskrekking? Modernisering, våpenkontroll og fremmede atomstyrker.» av den kanadiske senatoren Joseph Day, skreve på vegne av forsvars- og sikkerheitskomiteen i NATOs parlamentariske forsamling, har «løyndomen» blitt avslørt. Ved hjelp av «klypp og lim» har senatoren uforvarande rapportert om dette i  det følgande avsnittet (nummer 5), frå ein konfidensiell NATO-rapport:

«I NATO-sammenheng har De Forente Stater utplassert – i avanserte posisjoner i Europa – omtrent 150 atomvåpen, spesielt de B61 viktige bombene. Disse bombene er lagret i seks baser tilhørende USA og Europa – nemlig Kleine Brogel i Belgia, Buchel i Tyskland, Aviano og Ghedi Torre i Italia, Voikel i Nederland og Incirlik i Tyrkia.

I det hypotetiske scenario der det vil bli nødvendig, kan B61-bombene bli transportert av USAs og Europas samlede luftstyrker».

Sett i ljos av dette vert det ironisk, omlag tragikomisk at NATO då skuldar Russland for å ha mange taktiske atomvåpen i sine arsenal. NATO har truleg fleire utplassert i Europa enn Russland har mot.

Dette dokumentet slår fast at USAs atomvåpen er utplassert i STRATEGISKE posisjoner i Europa og i Anatolia (nær russisk territorium). Dette for å «sikre full involvering fra de alliertes side i NATOs atom-oppdrag, og den fysiske bekreftelsen på USAs atom-forpliktelser for sikkerheten til de europeiske allierte i alliansen».

Så snart senator Joseph Day sitt dokument var ute på nettet, var NATO raske til å fjerne det, og deretter publiserte dei det i ein annan og redigert versjon. Men då var det for seint. Nokre nettstader (framfor alt hjå belgiske De Morgen) hadde allereie lagt ut den komplette originalversjonen.

Den kanadiske senatoren fekk «atomkrigskalde føter» og for i dekning. Han skreiv seinare i Washington Post at dokumentet berre var eit utkast til eit utkast til ein rapport til NATOs parlamentariske forsamling. Han kunne derimot ikkje nekte for det som allereie var skreve i avsnittet der han siterte frå den konfidensielle rapporten frå alliansen, skriv VoltaireNet.org.

Rapporten skulle publiserast i november. Så mykje for den publiseringa. Kvar vart han av? Alt dette stadfestar i alle fall det forskarar og atomvåpenmotstandarar har dokumentert i årevis, til dømes:

I Aviano (i provinsen Pordenone) er USAs F-16C og D kampfly klare til atomangrep med 50 B61-bomber. Talet på desse er utrekna hjå Federation of American Scientists). Og i Ghedi Torre (i provinsen Brescia) er dei italienske PA-200 Tornado flya klåre for eit USA-leda åtak med 20 B61-bomber.

Frå 2020 vil B61 bli erstatta av B61-12, som er designa spesielt for dei nye F-35 jagarflya.

Alt dette er alvorlege brot på Non-Proliferation Treaty som er ratifisert av både USA og Italia. Antikrigs-initiativet stiller seg bak kritikken av NATOs atomvåpenpolitikk og meinar dette er heilt uakseptabelt og at det trugar verdsfreden. Desse våpna er forakt mot natur og sivilisasjon. Dei må raskast mogleg fjernast og øydeleggast. Slike våpen strir mot sjølve livet!

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.