Venezuela og media – Og destabiliseringa av eit land

Venezuela og media

Det som for tida hender i Venezuela, er av dei beste døma på forsøk på destabilisering av eit land – attende til det tidlegare marknadsstyrte tyranniet.

DELT LAND: Det er ikke berre store demonstrasjonar mot Maduro i Venezuela, men òg mange støttemarkeringar for presidenten, skriv innsendaren. Biletet viser ei slik markering i hovudstaden Caracas laurdag. Foto: Ariana Cubillos / TT NYHETSBYRÅN

  • Ivar Jørdre

    Styremedlem i Latin-Amerikagruppen i Bergen
Publisert:

Nyliberalismen brukar det formelle demokratiet til pynt på kostnad av reell demokratisk deltaking og sosioøkonomisk fordeling. Mange kritiske samfunnsforskarar har skulda USA opp gjennom tida for å vilje destabilisera og fragmentera nasjonar som t.d. Venezuela, i samsvar med nyliberalismen sitt driv til å svekkje styresmakter og nasjonalstat. Olje er alltid eit stikkord her.

Washington støttar opposisjonen som prøver å styrte regjeringa. Utanriksminister Pompeo ytrar ønsket om eit regimeskifte, det tyder i praksis eit kupp. Trump seier i retorikken sin at alle mogelegheiter er opne for «tiltak» for skifte i Venezuela. Denne analysen om USA sin politikk er anvendeleg i høve Venezuela, men vert ikkje forklara i media.

Dette er viktige faktorar som gjer det meir sannsynleg med regimeskifte i Venezuela no enn før: Regjeringspartiet PSUV sin presidentkandidat Nicolás Maduro vann valet i fjor med ei valdeltakinging på 46 prosent. Ja, valet og prosessen rundt det er absolutt kontroversielt, men det er slik at store delar av opposisjonen boikotta valet, endå to kandidatar (i ein splitta opposisjon) stilte opp mot Maduro.

Les også

Guaidó: – Det står om landets skjebne

Men, eg forsvarar sjølvsagt ikkje Maduro-regjeringa i eitt og alt. Venezuela er eit splitta land, der dei rike og store deler av middelklassen nærast alltid (naturleg nok) har vore imot at heile folket, også dei mange fattige, skal få ei rettferdig fordeling og gode levekår. Sjølvsagt har dette gått gale i dei seinare år, og det er politisk kaos. Men som vanleg blandar USA og allierte seg inn, og ein sjølvoppnemnt Guaido som interimpresident er ikkje løysinga. Tvert om skapar det den styggaste faren av dei alle, nemleg borgarkrig.

Eg håpte at det siste utspelet til Maduro om forhandlingar med Guaido og opposisjonen kunne føre til noko, men som ved tidlegare høve sa dei nei denne gongen også, kravet var at Maduro måtte gå av først. No denne helga kontakta Maduro Trump om samtalar, men fekk nei der og.

Ja, Maduro-regjeringa har gjort mange feil: Den økonomiske politikken er skakkøyrt. «Einsidig oljeøkonomi», feilslått valutapolitikk, kjøpekrafta til folk er kraftig redusert, dårleg handtering av statsgjelda, mykje korrupsjon innan statsapparatet som har vore der lenge osb. Deler av opposisjonane har vorte invitert til samarbeid om å løyse dei mange utfordringane landet har kome i, mange gonger, men har sagt nei kvar gong.

Når det gjeld varesituasjonen, må dei store private kjedene, eigd av enkeltpersonar, og Maduro-regjeringa dele skulda. Maduro-regjeringa for ikkje å få nok produsert, og dei privateigde for å lenge ha sett vekk massevis av varer for å få varemangelen komplett. Dette fenomenet var også kjent før kuppet i Chile 11. september 1973.

Les også

BT på lederplass: «Maduro må settes under press»

Når den nyvalde presidenten i den opposisjonsdominerte nasjonalforsamlinga, Juan Guaido, overraskande utnemner seg sjølv som mellombels president for Venezuela, då er det greitt i media. Tenk om ein figur i Ukraina med sympati for Russland hadde gjort det same? Då hadde det vorte baluba i vestleg presse! Men eit slikt udemokratisk trekk gjeld tydelegvis ikkje Venezuela.

No er Guaido anerkjend som interimpresident av fleire vestlege land, inkludert Sverige, Frankrike, Spania og Storbritannia. Guaido får òg støtte frå høgreregjeringar i Colombia, Chile, USA – og ekstremhøgre-presidenten Bolsonaro i Brasil, i tillegg til Canada og Danmark. EU er «Maduro-skeptiske» og vil ha nyval.

Maduro-regjeringa har framleis støtte frå andre land i Latin-Amerika, t.d. Bolivia, Ecuador, Uruguay, Mexico, i tillegg til m.a. Kina og Russland, og EU-landa er litt splitta i synet på Guaido. Framleis har Maduro støtte i militæret, nyleg uttalt av dei øvste offiserane. Men nokre av generalane har skifta side og støttar no Guaido.

Det er absolutt ikkje berre opposisjonen som er ute i gatene. Store demonstrasjonar til støtte for regjeringa finn også stad. Laurdag 1. februar var det på nytt store demonstrasjonar mot Maduro. Samstundes var det store demonstrasjonar for Maduro, men dei vart i liten grad nemnt i media. Eg håpar det vert meir «objektive» opplysningar om kva som går føre seg i Latin-Amerika og Venezuela i framtida. Hender det, skal eg ta av meg både huva og kleda!

Publisert første gong:

Les også

Slik forsvant Venezuelas store rikdom

Les også

General i Venezuela anerkjenner Guaidó som president

Les også

USA innfører sanksjoner mot Venezuelas statlige oljeselskap

Les også

USA truer Venezuela med inngripen

Og her er utdrag frå kommentarfeltet, for dei som likar slikt:

Nils Gunnar Sjøberg
for 2 dager siden

Enda en hjernevasket sosialist. Vi andre håper Venezuela var det siste sosialistiske eksperimentet. Hittil har alle endt i forferdelse for land og folk.

Heilt enig, uviten.

 

 

Godt vi har slike paradis som Honduras og El Salvador i nærleiken så vi ser kva kapitalismen kan få til

Maduro er ikkje sosialist og har aldri vore det

 

 

Pål Johan Karlsen, forskar ved Institutt for psykologi på Universitetet i Tromsø, sa m.a. dette om spørsmålet frå forskring.no i 2018, – De er nok blitt hjernevasket, sier folk. Men hva er egentlig hjernevasking?:

– Vi utsettes alle for sosial påvirkning. Men her snakker vi om påvirkning i ekstrem grad. Hjernevask er det folkelige navnet på ulike teknikker som tas i bruk for systematisk og massiv psykologisk kontroll av den totalt invaderende sorten, hvor personen ikke bare skal endre grunnleggende holdninger og oppfatninger, men også slutte å tenke selvstendig, slutte å stille spørsmål og la seg fullstendig overstyre.

Når ein vert så usakleg som du Nils Gunnar vert, så vil i alle fall eg prøve å svar sakleg:

eg håpar de alle i dette kommentafeltet tåler litt alternativ info frå meg i dette heite temaet for tida, Venezuela. Det er so mykje feilinfo om dette landet no, verre enn nokon gong, at eg nærast «skjelver».

Ikkje mest av sinne (det konstruktive sinnet har eg frå før), men av avmakt og mest skam av den utruleg einsidige info våre mainstream media, politikarar og ikkje minst Nrk klarar å få til no. Resultatet av dette er at me fordundre meg er på full fart inn i Trump og dei andre velkjende haukane i Washington sitt lenge ønska regimeskifte i Venezuela. Vil me verkeleg ha det på oss at me har vore med å støtte Trump i å skifte på valdeleg vis eller med knallharde økonomiske sanksjonar (som går mest ut over folk flest) eit styre i eit land? Me er og på full fart til å støtte ein sjøloppnemt president, som ikkje er valt eller har vore i anna val heller (berre valt i nasjonalforsamlinga til president for den), som ikkje kan overta landet ifølge grunnlova, det kan berre vise-presidenten inntil eit nyval finn stad. Eg støttar ikkje Maduro i eitt og alt, absolutt ikkje. Men eg støttar det venezuelanske folket sin rett til å styre seg sjølv, sjølvbestemmelse utan innblanding utanfrå. Kva er de me er i ferd med å tru på, kva er det me er i ferd med å godta som «rett» informasjon? Kor mange gonger før har ikkje USA gripe inn i Latin-Amerika? HJELPE MEG kor mange gonger! Og, me er i 2019, hjelp!

 

 

Ikke bare sosialist men ihuga sosialistkommunist.

Mvh Per Helland

 

 

«Me er og på full fart til å støtte ein sjøloppnemt president, som ikkje er valt eller har vore i anna val heller (berre valt i nasjonalforsamlinga til president for den), som ikkje kan overta landet ifølge grunnlova, det kan berre vise-presidenten inntil eit nyval finn stad. »

Hvis du påbroper deg for å ha noe særlig kjennskap til Venezuela, bør du ikke skrive slikt tøv. Det er direkte feil.

Hint: sier Articulo 233 i Venezuela sin konstitusjon deg noe?

«Cuando se produzca la falta absoluta del Presidente electo o Presidenta electa antes de tomar posesión, se procederá a una nueva elección universal, directa y secreta dentro de los treinta días consecutivos siguientes. Mientras se elige y toma posesión el nuevo Presidente o la nueva Presidenta, se encargará de la Presidencia de la República el Presidente o Presidenta de la Asamblea Nacional.

 

 

Ja, eg kjenner til Articolo 233 i Venezuela si grunnlov, og der står det meir enn det du siterar. Skal ein diskutera tolking eller forståing av ei grunnlov må ein ta med heilheita i ein paragraf. Ikkje berre eit utdrag slik du gjer. Her er heile paragrav 233 og den litt kortartare paragraf 234:

«Artículo 233 Serán faltas absolutas del Presidente o Presidenta de la República: su muerte, su renuncia, o su destitución decretada por sentencia del Tribunal Supremo de Justicia; su incapacidad física o mental permanente certificada por una junta médica designada por el Tribunal Supremo de Justicia y con aprobación de la Asamblea Nacional; el abandono del cargo, declarado como tal por la Asamblea Nacional, así como la revocación popular de su mandato. Cuando se produzca la falta absoluta del Presidente electo o Presidenta electa antes de tomar posesión, se procederá a una nueva elección universal, directa y secreta dentro de los treinta días consecutivos siguientes. Mientras se elige y toma posesión el nuevo Presidente o la nueva Presidenta, se encargará de la Presidencia de la República el Presidente o Presidenta de la Asamblea Nacional. Si la falta absoluta del Presidente o la Presidenta de la República se produce durante los primeros cuatro años del período constitucional, se procederá a una nueva elección universal, directa y secreta dentro de los treinta días consecutivos siguientes. Mientras se elige y toma posesión el nuevo Presidente o la nueva Presidenta, se encargará de la Presidencia de la República el Vicepresidente Ejecutivo o la Vicepresidenta Ejecutiva. En los casos anteriores, el nuevo Presidente o Presidenta completará el período constitucional correspondiente. Si la falta absoluta se produce durante los últimos dos años del período constitucional, el Vicepresidente Ejecutivo o la Vicepresidenta Ejecutiva asumirá la Presidencia de la República hasta completar dicho período.

Volver al inicio Volver al indice

Artículo 234 Las faltas temporales del Presidente o Presidenta de la República serán suplidas por el Vicepresidente Ejecutivo o Vicepresidenta Ejecutiva hasta por noventa días, prorrogables por decisión de la Asamblea Nacional hasta por noventa días más. Si una falta temporal se prolonga por más de noventa días consecutivos, la Asamblea Nacional decidirá por mayoría de sus integrantes si debe considerarse que hay falta absoluta.»

Der er det fleire variantar av omgrepet «falta absoluta» som tyder absolutt feil/misbruk. I midten av paragraf 233 står det at om presidenten gjer ein alvorleg feil eller misbruk i den første perioden presidenten har sete, noko Maduro har gjort, sete i ein periode, så skal vise-presidenten ta over inntil eit nyval finn stad. Og så er det spørsmålet om den sitjande presidenten har gjort denne feilen/misbruket. Der er sjølvsagt meiningane mange, men valdatoen vart etter mykje om og men fastsett til 20. mai 2018 (mykje rot her av styresmaktene) og to motkandidatar frå opposisjonen stilte opp, mens andre leiarar i den samme opposisjonen oppfordra til valboikott. Er det det slik at presidenten har gjort ein «falta absoluta» her eller ikkje? Etter mi meining er det ikkje gjort slike grunnlovstridige lovbrot her som gjer at ein tross alt valt president kan avsetjast og i alle fall ikkje av ein sjølvoppnemt president. Heller ikkje Folkerettem gjev medhald i denne måten å gjere det på. Dei vestlege lands godkjenning av Guaido som rettmessig interim president er ikkje i tråd med Folkeretten, som stadfestarat andre land ikkje skal blande seg inn i eit land på denne måten. Det er eit brot på folkeretten!

 

 

«el abandono del cargo, declarado como tal por la Asamblea Nacional,»

Og el abandono de cargo, eller fratredelse av vevet som president, er basert på at nasjonalforsamlingen mener at valget var ulovlig. Grunner: valget ble igangsatt av Maduro sin «alternative grunnlovsforsamling» ANC (som Maduro laget da opposisjonen fikk stort flertall etter valget i 2015). Videre var hovedfigurene i opposisjonen enten arrestert, i husarrest eller i eksil. Derfor anerkjenner ikke nasjonalforsamlingen Maduro sin andre presidentperiode, og erklærer presidents sete som tomt eller «abandonert».

Da skal presidenten i nasjonalforsamlingen overta som midlertidig president til nye valg avholdes (i 30 dager, tror jeg.)

 

  • T.Nilsen
    for 2 dager siden (redigert)

 

Ja, det er et kupp, der har Ivar Jørdre faktisk et poeng i forhold til folkeretten. Men før det har Madura brutt både folkeretten og landets lover for å beholde en maktposisjon han ikke er skikket til. I dagens kaotiske situasjon er et reelt nyvalg eneste mulige fredelige løsning.

Det er slett ikke USA eller andre, men tvert om Madura og hans forgjenger som egenhendig har klart å destablisere Venezuela – en land med mange og rike naturressurser er blitt grovt misbrukt i et feilslått kommunistisk eventyrprosjekt. Det er slett ikke slik Ivar Jørdre påstår at det bare er de rike og mddelklassen som lider. De som lider aller mest av Maduras vannstyre er som alltid de fattigste. De rike klarer seg alltid best i en krisesituasjon.

Det Ivar Jørdre ikke forteller er at millioner av landets innbyggere har flyktet som et resultat av at det ikke finnes hveken jobber eller matvarer å få kjøpt. Guaido har støtte fra et flertall i Parlamentet når han nå forsøker å få ende på galskapen i dette meningsløst vannstyret landet. At Russland, som har lånt landet enorme summer for å få oljeproduksjonen skikkelig i gang, som de fortsatt ikke klarer, støtter Madura er et dårlig argument for å la det skure og gå som idag. Så lenge Madura tvilholder på sitt system vil Venezule kollapse fullstendig, det er bare spørsmål om tid.

 

 

Festung Amerika.

Monroe-doktrinen, den vestlige hemisphæren er vår og ingen annens.

Historien til europeiske kolonimakter og USA`s kolonisme i Sentral og Syd-Amerika er dyster lesning.

Dreieboken til det nå skjer i Venezuela er svært likt det som kulminerte 11.september 1973 Santiago eller Kiev 2014 for den del. Sanksjonen mot Venezuele strammes hardere og hardere. Fed i USA ekspropierer Venezuelas gullbeholdning i USA. Den britiske centralbanken gjør det samme. De stor EU-landene forlanger nyvalg i Venezuela innen åtte dager. Bortsett fra frekkheten og idiotien er det teknisk/administrativt umulig å gjennom.

FN forholder seg kun til Maduro. Til og med den norske utenriksministeren sier nei til å annerkjenne «Greedo».

Anbefal

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Imperialisme, Latin-Amerika, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.