Historia om «den iskalde tid» med Russland – Og om dette endar med konflikt?

Er det slik ein kan førestille seg den «vesle istid» Vesten no har med Russland? Som tre stakkarar (NATO, USA og Europa) flytande åleine på eit isflak, utan meir kontakt med «land og folk»? Foto: Istockphoto 2011

Forumet European Leadership Network (ELN) publiserte i august 2015 ein rapport med tittelen Preparing for the Worst: Are Russian and NATO Military Exercises Making War in Europe more Likely?

Rapporten tek føre seg opptrappinga og spenninga mellom Vesten/NATO og Russland. Spesielt vert det i dette skrivet trekt  fram dei store militærøvingane på begge sider det året.  I øvinga «Allied Shield» som NATO gjennomførte i Det baltiske hav i juni 2015, deltok 15.000 personar. Dette liknar på ein tilsvarande dei hadde 2014 haust i nordområda. Og året før det, og åra før det, osb., osb. Slik held Vesten og NATO på. Russland på si side gjennomfører sine øvingar dei også, dei har også sikkerheit i tankane må vite. T.d. hadde dei ei stor øving i mars 2015 der 80.000 personar deltok som byrja i nordområda, men tok føre seg etterkvart heile Russland frå vest til aust.

Eg har før skreve på bloggen om korleis Vesten økonomisk og NATO militært har «sneke» seg meir og meir inn i tidlegare austblokkland og dermed «gjerder» inn Russland. Dette er ei høgst levande kjensle hjå mange russarar. Ukraina er eit siste døme på dette. Der Vesten og spesielt USA over lang tid ville ha eit regimeskifte, til eit vestvenleg eitt. Med økonomiske midlar og hjelp til organisering av endringsvillige miljø (då meiner eg ikkje dei radikale og sosialistiske rørslene i Ukraina, dei fekk ingen hjelp frå Vesten), fekk dei til slutt oppstanden til å virke og dermed endringa i jan/feb 2014. Midt oppe i dette annekterte Russland Krim og helvete var i gong. Ei lang historie med Ukraina som barken mellom Aust og Vest toppa seg.

No er økonomiske og politiske sanksjonar mot Russland for lengst gjennomført og ny kald krig etterkvart eit faktum. Om det også endar med ein «varm krig» sett i høve til seinare tids opptrapping og gjennomføring av militærøvingar, kan mange ulike faktorar avgjere. Ein ting er Russland sitt problem med si eiga interessesfære i regionane, ein annan ting er Vesten sitt svar på det og dobbelmoralen i høve det å intervenera på sine premiss som i Ukraina i 2014.

Noregs medverknad til å eskalera ei konflikt

Atomvåpenproblematikken og NATO er som eit par, tett knyta til kvarandre i avskrekkingsterror, trugsmål i førstegangsbruk og milliardbeløp i vedlikehald og fornying av atomvåpna. Dette gjer også at motpartane Russland og Kina opprettheld og rustar opp sine arsenal. I tillegg er India og Pakistan med sine atomvåpen ein farleg miks som kan smelle av under potensielle eskaleringar.

Noregs medverknad til å eskalera faren for storkrig i Europa, i kjølvatnet av Ukrainakonflikta, er også med i dette biletet. Også Nord-Korea sitt atomvåpenpotensiale må det forhandlast om gjennom FN, og ikkje truge dei med militærøvingar og økonomiske strupetak. Det er då det kan gå riktig gale! Alt dette understrekar viktigheita av at den norske regjeringa sluttar seg til FN-resolusjonen om ein internasjonal konvensjon mot atomvåpen.

For Noregs del tyder det at inntil vi melder oss ut av NATO, må Noreg arbeide for at NATO endrar sin atomdoktrine og avstår frå førstebruk av atomvåpen og frå at NATO sin atomvåpengaranti skal gjelde for Noreg. Noreg må også arbeide for at USAnske atomvåpen ikkje skal vera stasjonert i Europa, heller ikkje i samband med rakettskjoldprosjektet eller dei krigsfremjande tiltaka NATO har iverksett, m.a. i Ukraina.


Den internasjonale kampanjen for forbod mot atomvåpen (ICAN) fekk Nobels fredspris i 2017. I staden for meir krigshissing må den norske regjering skrive under på denne kampanjen. Internasjonal konvensjon mot bruk av og forbod mot atomvåpen, NO!

Noreg er heilt knyta opp til USA. Dette visast tydeleg ved val av F-35 kampfly som ei rekke våpenanalytikarar meiner er dårleg tilpassa forsvaret av Noreg. Og det er endå meir tydeg i vår puddelsvinging i det siste. Den sokalla «rullerande» usanske troppetilværet i Noreg er tull og manipulering frå ende til annan. Det har lenge vore frykta av mange at dei soldatar som ifølge den blå-svarte regjering berre skulle vera på Værnes i korte periodar, no vert her permanent. Det liknar veldig på ein byrjande usansk minibase. Basepolitikken til Noreg, som har vore fast i over 70 år og forankra i ingen utanlandske basar på norsk jord, står i alle fall på spel, om ikkje for fall i det heile. Det er omlag 350 usanske soldatar som til ei kvar tid er på Værnes. No føreslår regjeringa i tillegg utstasjonering av usanske soldatar i Troms. Tal? Omlag 350 det også. Om ikkje dette er å gå lenger vekk frå tidlegare basepolitikk enn nokon gong, ja, så veit ikkje eg kva opptrapping og spenning er!

Her er endå eit døme på kva Noreg gjer for å terge Kreml og tekkast vår addiksjon til Washington:  I månadsskiftet oktober-november 2018 arrangerer NATO ei stor militærøving i Midt-Noreg. Truleg med så mange som 35 000 soldatar, tusenvis av køyrety og 150 fly og 70 skip. Denne gigantøvinga kalla Trident Juncture 18 vert den største øvinga i Midt-Noreg på minst 15-20 år. Ein mindre del av øvinga skal gå føre seg i Sverige, Finland, på Island, og i Austersjøen. Noreg er altså vertsnasjon.

Militariseringa av Skandinavia og Norden er i full gong og dermed spenningsdrivande!

Mens me naive nordbuarar ser og kosar oss med Fotball VM i Russland, tenkjer dei militære strategar sitt. På begge sider for berre å presisera det. Mens me naive nordmenn burde prøve å forstå og å verte litt klokare på Russlands historie, kultur, mentalitet og korleis russarar oppfattar verda generelt og ser på vestleg aggresjon spesielt, ja, så vert det ofte ingenting ut av den øvinga. ME SØKK BERRE DJUPARE OG DJUPARE NED I FJERNSYNSTOLEN, MENS ME SER FOTBALL VM OG GLEFSER I OSS FEITE SAKER OG DRIKK OSS VEKK, OFTE.

Er det eit håp for at den «vesle istida» mellom Russland og Vesten tinar, om ikkje med det første? Ja, det er det, men då lyt minst halvparten, eg sa minst halvparten, av vestlege leiarar og folkevalte bytast ut, og det straks, med avspenningsvenlege politikarar som forstår seg betre på Russland. Og så lyt minst halvparten og meira til av folket kreve dette, velje nye og tenkje at det er mykje, mykje betre å snakke med vår store nabo i aust, vera i dialog og lage venskap, enn det er å terge, tie ihel og konfrontera naboen. Det er berre å håpe dette hender før noko alvorleg inntreff. For å vera oppmerksame på dette har me alle eit ansvar.

Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Europa, Imperialisme, Kapitalisme, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Historia om «den iskalde tid» med Russland – Og om dette endar med konflikt?

  1. USA er fullstendig beredt til å ofre Europa i en Konflikt med Øst (Russland, Kina, Iran, Syria..).
    Europa er en melkeku for USA, NATO og diktaturer på den arabiske halvøy går jevnt ut i krigseventyr sammen, og kjøper våpen fra USA. Uten våpenindustrien ville den amerikanske økonomien bryte sammen, inkludert den amerikanske union (USA).

  2. ivarjordre seier:

    Takk for kommentaren. Heilt einig med deg!
    No er propagandaen frå statsministeren i halvårstalen i dag sjølvsagt også å auke forsvarsbudsjettet i Noreg opp til 2 prosent som «krigsleiaren» i Nato krev.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.