Anthropocenane og den globale kapitalismen sin tidsalder

Klimaendringar-torke_utah-2014 Torke i Utah, USA. Klimaendringar aukar frekvensen av ekstremvær. energiogklima.no Foto: Anthony Quintano

I året 2015 sette arten «mennesket» endå ein rekord, og endå ein svert farleg rekord! Den førre rekord i klimasamahang kom i 2013. Både i 2016 og i 2017 vart det sett globale varmerekordar aldri før registrert. Me er på veg mot 1,5 grader snart. Les om dette i artikkelen: Klimaet, kapitalismen og menneska

…og nettartiklane på energiogklima.no

og abcnyheter.no

Det er ikkje slike rekordar menneska treng å vera stolte av i grunnen!

For første gong har den globale gjennomsnittstemperaturen overstege 1 grad sidan målingane byrja. Frå januar til september i 2015 hadde temperaturen allereie kome til 1.02 grader over gjennomsnittet mellom 1850 and 1900. Temperaturane held seg som førespeigla ut 2015 vil det vart det første året over denne grensa. Verda er då halvvegs mot det såkalla 2 gradersmålet, «grensa» for ei farleg  og «løpsk» oppvarming. Desse siste fakta er m.a. frå Met Office i Storbritania.

Klimaendringar-628x418Ny forskning visar at havet i Arktis fangar meir energi frå infraraud stråling enn tidlegare trudd. Noko som truleg bidreg til oppvarminga av polklimaet. Foto frå: newscenter.lbl.gov

Saman med metangass (metangass er av dei farlegaste klimagassane og 22 gonger meir effektiv enn CO2) og vassdamp bremser CO2 varmestrålinga frå kloden vår og ut i rommet att. Hadde det ikkje vore for desse «drivhusgassane» ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore ca. 33 grader lågare. Men no går det andre vegen! Målet om å halde den globale temperaturstiginga på om lag 2 grader er me allereie på veg vekk frå. I følgje det tyske Potsdam-instituttet for klimainnverknad kan me gå mot ei auke på 4 grader innan 2060. FN sitt klimapanel har sagt noko liknande i sine rapportar. Potsdam-instituttet skriv i sine  rapportar frå 2013 og frå 2015 m.a. at det er usikkert om verda kan tilpasse seg ei 4 graders auke. Eit døme på temperaturauken er at sommarisen i Arktis smeltar fortare enn venta og havområdet er allereie nesten isfritt frå 2015-18. Dette er 85-88 år tidlegare enn det FN sitt klimapanel rekna ut i 2007! Verda er framleis sterkt avhengig av fossil energi. Kol og olje er dei dominerande energikjeldene, med gass på tredjeplass (energiogklima.no). Etter mange mislukka klimakonferansar var det Paris sin tur hausten 2015. Ein ny global klimaavtale vart det rett nok, men kva det vert ut av dette, i Anthropocenane og den globale kapitalismen sin tidsalder, veit ingen. Det vil visa seg! Les meir om 1 gradersauka på:

Anthropocenane og den globale kapitalismen sin tidsalder

Karbonplanet, oljemåleri og aske, Ivar Jørdre, sjå også Galleri

Svolt og fattigdom er noko denne planeten har nok av. Ifølge FN døyr 17 000 barn av svolt kvar einaste dag. I 2001 hadde 1,1 milliardar menneske mindre enn 1 dollar og 2,7 milliardar menneske mindre enn 2 dollar å leva for om dage, ifølge Verdsbanken. Denne banken er sjølv med på å halde den enorme ulikskapen oppe. Samstundes er sløsing med ressursar ein valdsam kontrast til dette. Produksjonskjeder i dag er lineære og mesteparten av ressursane me brukar endar som avfall i staden for å resirkulerast. Målet i systemet er sjølvsagt maksimal profitt – og ikkje varigheit eller bærekraft.
Heller ikkje, ikkje-fornybar energi er i ferd med å dramatisk endre seg. Verda er framleis lenge avhengig av fossile energikjelder. I 2010 STEIG ENERGIFORBRUKET MED 5 PROSENT. Dei siste 40 åra har verdas energiforbruk i gjennomsnitt auka med ca. 1,7 prosent årleg (Store norske leksikon). Dersom dagens forbruk tømmer ei ressurs på 100 år, vil forbruk med 5 prosent årleg vekst gjera det på 36 år (exponential growth).
Grunna mykje urettferd er verda sosial ustabil. Forsking basert på FN-data tyder på at større grad av relativ økonomisk ulikheit fører til større grad av sosiale og helsemessige problem (equalitytrust.org). I eit samfunn der knappheit legg premissane for menneska sine handlingar, vil ein alltid ha krig og kriminalitet. Knappheita i vårt samfunn skapast av trongen for økonomisk lønsemd, ikkje av ressursmangel. Når krig ikkje lenger skapar profitt, forureining ikkje løner seg og å hjelpe menneske ikkje kostar pengar, først då vil me sjå verkeleg endring er nokons meining (thezeitgeistmovement.com).
Anthropocene er ein uformell kronologisk geologisk term som markerar prov på eit slikt omfang av menneskeleg aktivitet at det har global påverknad på Jorda sine økosystem. Dette omgrepet vart skapt i 1980-åra av økologen Eugene F. Stoermer, men enno ikkje offisiell term. Slik som skreve over har me det altså i det eg kallar anthropocenane sine dagar. Vil me nokon gong kome ut av denne tilstanden, eller vert me berre sjølvskapt geologisk sediment?

Anthropocene, undervasskulptur, Jason deCaires Taylor.

Les også:

Gaia – our world!

 – Slike temperaturer har aldri før vært målt på planeten

Klimaframtida på vår klode Tellus! (Har den globale temperaturstigninga flata ut? av Erik Plahte)

 

Sluttar desse artiklane med ei kort, men sterk historie om dagens situasjon, pr. 31.05.2018 frå ein «klimahaukkolllega», Karsten Johansen (Med i aksjonen «Karbonavgift til fordeling», KAF, kaf-aktivist@lists.copyleft.no :

Den pågående nordeuropeiske hetebølgen og tørken er svært ekstrem og minner ubehagelig om de to ekstreme hetebølgene som rammet Sentraleuropa juli 2003 og det vestlige Russland og Ukraina 2010, pluss lignende i California 2007-2011 og flere seinere år, vestlige Canada i fjor osv., begge de to første vurdert av forskning til å være knytta til global oppvarming fordi slike begivenheter under normale forhold ikke skulle inntruffet oftere enn med tusenvis av års mellomrom. Flere forskere mener at den pågående tørken i California og Midtvesten i USA ikke har fortilfeller de siste rundt 1500 årene (altså ikke siden vår jernalder!)

Skogbrannslokkingsbudsjettet på latterlig lave 5 millioner er allerede brukt opp etter bare kort tids hete og tørke. Det er kun snaut to uker siden vårflomvarsler og ekstremnedbør og kommer etter en vinter med rundt det dobbelte av normal snømengde på sørlige deler av Østlandet og Sørlandet – dette viser hvor ekstremt dette er.  Det sier litt om i hvor liten grad politikerne skjønner alvoret i klimatrusselen og at det forlengst er her, at de helt åpenbart ikke har sett at en slik situasjon kan oppstå når som helst i nåværende klimautvikling. De fleste av dem og offentligheten ellers er totalt bevisstløse vedr. klimaendringene. Man tror det hele ordner seg med noe hyping av bagatellmessige symbolvedtak som straks er glemt, hvoretter alt durer på som før. Den pågående ekstreme værsituasjonen kan f.eks. meget lett fortsette en måned til eller mer, og det vil kunne få alvorlige konsekvenser for jordbruk (høstutbytter) og skogbruk, fyllingsgrad i vannmagasiner, vannforsyning lokalt mv. Det er viktig å følge godt med og være klar til å ta opp denne debatten.

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Kapitalisme, Klima, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.