JON MICHELET til minne!

SISTE SEILAS: I «Skytteren», siste bok i trilogien og livsverket «En sjøens helt», skreiv Jon Michelet om tankskipa som frakta flybensin til det britiske flyvåpenet i 1940. Det var ein ekstremt farleg seilas. FOTO: ANNIKEN C. MOHR

 

 

Forfattar, journalist, redaktør, sjømann og forlagsmann Jon Michelet døydde laurdag, 73 år gammal.

– Raus og eineståande

Jon Michelet er død etter lang sjukdom. Dei siste åra skreiv han livsverket sitt, «En sjøens helt».

Ved vegs ende

– Jon Michelet levde eit utruleg fargerikt og mangfaldig liv, og han fekk utretta mykje. Som ilandgått styrmann var han med å losa Oktober forlag gjennom omskiftelege farvatn i dei tidlege åra, fortel tidlegare forlagssjef, Geir Berdahl.

Krim og krigsseglarar

Frå 1975 var Jon Michelet også ein av dei viktigaste forfattarane for forlaget.

– Thygesen-bøkene fornya norsk krim med å gjera han sosial og politisk, Jon gjorde også personskildringar minst like viktige som krimplottet. Seinare kom bøkene frå fotball-VM, som Jon tok initiativ til og som han skreiv saman med Dag Solstad. Dei er ei historie for seg. Til sist skreiv han «En sjøens helt», bøkene som er livsverket hans. Jon hadde røynslene og språket til å skriva historia til krigsseglarane, men han trengde alderen for å realisera verket, seier Berdahl, som meiner Jon Michelet var ein eineståande mann.

– Måten han møtte lesarane på, korleis han hugsa og hadde omsorg for alle, alt det ville og artige han gjorde og var med på. Han var eineståande.

Admiralen på avisskuta

Jon Michelet, eller Jon M., har hatt stor tyding for Klassekampen, og spelar ei viktig rolle i Alf Skjeseths bok «Sykle på vatnet. Historia om Klassekampen».

– Alt før han vart forlagsmann, var Jon med på det journalistkurset som skulle bli til Journalistskolen, fortel Skjeseth.

Michelet sette sitt preg på Klassekampen i to epokar.

– På 1970-talet var han spaltist. «Slik vi ser det» gjekk i årevis og gav humor og farge til ei grå og streng, politisk avis. I 1978 vart han saman med Dag Solstad tilsett av eigarane i AKP, for å berga dagsavisa. Ingen av forfattarane var begeistra for det harde og politisk styrte oppdraget. Jon vart lengst, og bidrog med god og skarp reportasje- og avsløringsjournalistikk.

Det viktigaste han gjorde, gjorde han likevel før han vart tilsett, meiner Skjeseth.

– Svalbard-engasjementet hans gav avsløringane av den sovjetiske helikopterbasen på Kap Heer. Reportasjen førte seinare til bok- og filmsuksessen «Orions belte».

Etter over femten års fråvær, der han blant anna var aktiv politikar for Raud Val­allianse nasjonalt og lokalt i Østfold, kom Jon i 1997 tilbake til avisa. AKP hadde kasta Klassekampens redaktør og innleidd det største avis­dramaet i ny, norsk historie.

– Jon trudde han også no skulle bli møtt som bergingsmann, men – impulsiv som han var – hadde han ikkje gjort heimeleksa si. Motstanden han møtte frå journalistane og frå tidlegare vener var eit sjokk. Men da viste Jon ein av sine mest karakteristiske eigenskapar: Rausheita. Han ville ta vare på både aviseigarane og dei som slutta i avisa, dei som avviste han og dei nye journalistane som kom inn. Alle som i ulike periodar har arbeidd saman med Jon, har mykje å takka han for, jamvel om det støtt «gjekk ei kule varmt», som han sa, seier Skjeseth.

Som redaktør var han «admiralen» på avisskuta. Ingen andre norske redaktørar og leiarskribentar kunne ha møtt tusenårsskiftet med å henta fram eit lyrisk minne om synet av Stillehavet sett frå munningen av Panama­kanalen.

– Jon Michelet er ein av dei store personlegdommane i Klassekampens historie.

Han var redaktør i Klassekampen i fem år, frå 1997 til 2002. Og det var «fem harde år i norsk presse», som Skjeseth oppsummerer det.

– Redaktørgjerninga tok på både helse og venskap, men Jon gjekk av med æra i behald då han overlét roret til Bjørgulv Braanen.

Jon Michelet (1944–2018):

• Fødd i Moss, budde på Larkollen. Sjømann, forfattar, journalist, Klassekampen-redaktør frå 1997 til 2002, forlagsmann i Oktober, RV-politikar.

• Skreiv krimsuksessar som «Jernkorset» og «Orions belte» i tillegg til ei rad internasjonalt orienterte romanar. Skreiv storverket om krigsseglarane, «En sjøens helt», i seks band.

• Jon Michelet døydde laurdag kveld etter lang tids kreft­sjukdom.

POLITIKAREN: På 1980-talet var Jon Michelet aktiv i RV og listetopp for eit raudgrønt samarbeid. FOTO: JØRN H. MOEN

FORNYAREN: Forfattaren vann Rivertonprisen i 2001. På 1970-talet gjorde han norsk krim politisk. FOTO: THOMAS BJØRNFLATEN, NTB SCANPIX

FOTBALL: Michelet initierte populære bøker om fotball-VM, som han skreiv saman med Dag Solstad. FOTO: HENRIK LAURVIK, NTB SCANPIX

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Noreg - Norway, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.