«Sandra» – nytt kapittel (9)

«Sandra» er forteljinga om ei jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 9. Kap. 1 – 8  vart publisert 15. juni – 4. juli 3. august – 27. september6. november – 4. desember  – 19. desember

og 16. januar

Utdrag, kap. 9:

Tidleg-tidleg neste natt sette dei i gong att med å lage i stand måltidet til gjestene kom i sju-tida om morgonen. Tradisjonen på Borneo og i Indonesia elles er slik at om ein ikkje gjev eit måltid til naboar og slekt som ikkje vert med på brudlaupsfesten, nokre vert med begge stader, så vert det rekna for usselt på folkemunne, og sladderen går. Sjølv kor fattig ein er så må ein stille opp med eitkvart om enn lite. Det er ikkje få porsjonar, ris til kyllingsuppe med drikke, som vart servert i dette høvet. Dei telte opp 191 skeier og sikkert like mange tallerknar også, etter oppvasken og som skulle leverast attende til den næraste moskeen som lånte slikt ut for slike høve. Ikkje rart då at jentene og kvinnene hadde mykje å gjere med å servere og vaske alt dette, mens mennene koste seg og skravla gjekk. Så vart då eldste systera til brudgommen heilt utsliten og måtte ta seg ein tablett mot litt feber. Etter dette litt «kaotiske» måltidet med ungar som fauk hit og dit med serveringa i eit visst tempo, kom dei seg etter kvart av garde til landsbyen til brura. Staden der brudlaupsfesten skulle haldast. Og for nokre vegar ein for dit på! Eit helvetes dårleg vegdekke mange stader, synes Sandra, men heldigvis med lange gode periodar med asfalt.

 

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Kvinne- og jentekamp, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: