«Sandra» – nytt kapittel (8)

Nytt år – og nytt kapittel

«Sandra» er forteljinga om ei jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 8. Kap. 1, 2, 3, 4, 5, 6 og 7 vart publisert 15. juni – 4. juli 3. august – 27. september6. november

4. desember  og 19. desember

Utdrag, kap. 8:

Det var ein bustad lik dei andre langs «hovudgata», men med ein vesentleg skilnad: nymåla i svak rosa og med flotte rutete vindauge med grøne karmar. Det var til og med råd å kome rett inn med rullestolen, såg ho, ulikt mange hus det også. Ho rulla inn og såg ei kvinne som kunne vera mor til jenta, stelle med eit kvart borte i eit hjørne av rommet. Det såg ut som ho bar på noko, kva det no var? Etter å ha vendt seg litt meir til det dimme ljoset, såg ho det. Det var eit barn, eit spedbarn. Ja, ho ville nok vise Sandra at ho hadde fenge ei lita søster, ein liten bror, tenkte Sandra og smilte. Likevel var det noko som fortalde ho at ikkje alt stemte. Var det noko med måten mora såg på ho på? Det same gjaldt den unge jenta? Ho fekk brått ei litt uggen kjensle. Men det var slett ikkje slik ho førestilte seg at det kunde vera. At barnet hadde noko form for funksjonsnedsetjing eller noko, nei, ho fekk eit sjokk etter at jenta fortalde at ho var…og at ho ikkje…Ikkje det at Sandra hadde problem med barn fødde utanfor ekteskap, heller ikkje var ho sjokkert over at det hende i Indonesia.

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Kvinne- og jentekamp, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: