Norsk Dobbelmoral og Profitt – Våpen til Israel!

ALARM! Norske våpen hamnar i Israel

Norske myndigheiter seier at dei ikkje sel våpen til Israel. Korleis endar då norske våpen i det israelske militæret? Sjå film her!

Kjelde: Fellesutvalget for Palestina

Sjå lenka: Norsk våpeneksport til Israel

Følg norske våpendelar frå Noreg til dei hamnar i det israelske militæret.

Dette meiner Fellesutvalget om norsk våpeneksport til Israel

Ifølge eksportmeldinga for 2016 har Noreg avslått søknad om eksportløyve til Israel. Likevel har norske våpendelar og ammunisjon hamna i Israel.

Høyringsinnspel til Meld. St. 5 (2017- 2018): Eksport av forsvarsmateriell frå Norge i 2016, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingsarbeid

Sjå innlegget i Forsvars- og utanrikskomiteen her.

I årets eksportmelding står det at ”denne regjeringen er opptatt av å hindre at norske våpen kommer på avveie. Det har så langt vi kjenner til heller ikke skjedd.”

Samtidig veit vi at norske våpenkomponentar og ammunisjon endar i det israelske militæret og vert nytta til å støtte opp om folkerettsstridig busettingsverksemd som fører til systematiske og grove brot på palestinske menneskerettar og at norske våpen har vorte nytta i israelsk krigføring mot Gaza. Når norske våpen hamnar her, så hamnar dei på avvege.

Eksportmeldinga seier at ”dersom det fastslås at et lands styrker ikke opptrer i tråd med krigens folkerett, for eksempel gjennom systematiske brudd på humanitærretten, vil salg av våpen og ammunisjon til landet være utelukket.” Etter førre krig mot Gaza kom uavhengige FN-forskarar med ein rapport kor det stod at Israel gjorde seg skuldig i grove brot på internasjonal humanitærrett som kan tilsvara krigsforbrytingar. Det er difor naturleg at Israel er eitt av landa det er oppgjeve i eksportmeldinga for 2016 at det er avslått eksportlisens til.

Likevel hamnar våpen med norske komponentar og ammunisjon i det israelske militæret. Det skjer gjennom at våpen produsert i norskeeigde fabrikkar i utlandet og våpensystem med norskproduserte delar vert seld til landet. Dette understrekar behovet for betre kontroll over faktisk sluttbruk for å sikre at norsk eksportregelverk faktisk sikrar at norske våpen ikkje bidreg til folkeretts- og menneskerettsbrot. Sluttbrukarerklæring fungerer berre som ein kontrollmekanisme dersom den og gjeld for norske våpenkomponentar etter at dei er eksportert ut av Noreg. Norske myndigheiter bør difor krevje re-eksportklausul for alt krigsmateriell som eksporterast, inkludert komponentar, kor mottakar av det norske krigsmateriellet må garantere for at desse strategiske varene ikkje hamnar i land kor Noreg har avslått eksportlisens.

Norsk eksportregelverk bør og gjelde for norskeigde fabrikkar i utlandet. Når Noreg avslår direkte eksportlisens til Israel bør det og reknast i norsk interesse at norske våpeneksporterande selskap i utlandet følgjer det same regelverket.

Det er bra at det årleg kjem ei eksportmelding frå den norske regjeringa, men informasjonen som kjem fram er ikkje tilstrekkeleg. Det kjem ikkje fram i eksportmeldinga kva tiltak som faktisk gjerast for å sikre at norske våpen ikkje hamnar i land på tvers av norsk eksportregelverk. Det vert heller ikkje oppgjeve kva kontrollmoglegheiter som finst og kor ofte dei har vorte nytta. Dersom ein skal sikre openheit og innsyn om vurderingar og omsyn som vert tekne når lisenssøknadar vert handsama, må det og offentleggjerast kvifor det vert opna for eksport til nye land, kvifor det vert gjeve avslag på lisenssøknadar og kva kriterium som ligg til grunn i dei enkelte tilfella. Berre slik kan ein sikre at det norske eksportregelverket vert overhaldt. Når det er gjeve avslag på eksportlisens til Israel og andre land er det ikkje oppgjeve kvifor og etter kva kriterier. Det svekker høvet Stortinget og sivilsamfunnet har til å kontrollere at norsk eksportregelverk vert handheva.

Fellesutvalget for Palestina oppfordrar komiteen om å be regjeringa om å:

  • Stanse all eksport av militært materiell til Israel.
  • Sikre at norske våpen- og våpendelar må seljast med sluttbrukarerklæring slik at ein kan hindre at andre land sel norskproduserte våpen vidare til land som Noreg har eksportforbud til.
  • Norske våpenfabrikkar i utlandet bør underleggast same eksportregelverk og krav til eksportforbud som fabrikkar i Noreg
  • Offentleggjere grunngjevingar for avslag og tilslag på eksportlisens og gjere greie for kva kriterier som har vore gjeldande ved kvart høve.

Frå: palestina.no (Fellesutvalget for Palestina)

Publisert
27.11.2017

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Palestina, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.