«Sandra» – nytt kapittel (7)

«Sandra» er forteljinga om ei jente  (Sandra) og foreldra hennar som får greie på at dottera har muskelsvinn. Dette vert naturleg nok eit sjokk for dei, men dei prøver etterkvart å gjera det beste ut av det. Det same gjer vesle Sandra, på sitt forunderlege vis. Me føljer ho framover i livet. I oppveksten med barnehage, skule og seinare på Universitet, reiser, politisk medvit, kjærleik og mangt anna. Dette er kap. 7. Kap. 1, 2, 3, 4, 5 og 6 vart publisert 15. juni – 4. juli 3. august – 27. september6. november

og 4. desember

Utdrag, kap. 7:

LEGG NED HEILE SPETAKKELET! Og bygg opp ein ny rettferdig pengeorganisasjon styrt av FN og ikkje av USA og Vesten. Ironisk nok er tre av dei landa som no er råka av kanskje den verste svoltkrisa på 60 år i Afrika, Somalia, Etiopia og Kenya, hardt tilpassa IMFsine strukturtilpassingsprogram. Ein skal passe seg vel for å tale med fleire tunger: først kutte så det skrik etter, så gje stakkarane naudhjelp, for til sist å vera like rik og hovmodig som alltid her i nord. IMF og Verdsbanken er våre leiketøy i den kapitalistiske sandkassa, og med dei kastar me sand i augene på dei små i staden for å la dei bygge noko sjølve. Me spring så heim att til pappa kapital, stolte og dobbeltmoralske!

Sandra sat i eigne tankar rundt dette ei stund, mens ho såg tropesola gå ned over Java. Brått for ein litt uklar skygge over ansiktet hennar. Det var noko som ikkje heilt stemte omkring den noverande økonomiske krisa og venstresida sine alternativ og utfordringar. Klart me har klare løysningar på den etterkapitalistiske epoken, prøve ho å fortelje seg sjølv, men vart ikkje heilt overtydd. Kampen vert hard, om endringar, men også før den tid, om velferda, som vert rasert dag for dag av kapitalistane og bankane. Og kvar gong kapitalismen kjem i ein av sine sedvanlege kriser, sånn i gjennomsnitt kvart 30 år, altså ein generasjon, eller oftare, så er svaret innstrammingar og sentralisering. Bort sett frå Rooseveldt-tida under 1930-åra sin depresjon. Då vart det sprøytt inn midlar for å stimulera til arbeid for folk og dermed litt meir pengar å leve for, som i sin tur fekk økonomien til å svive att. Slik som eurolanda har stelt seg, tenkte ho, var det stikk motsette av den såkalla keynesianske politikken. Det er då me på venstresida må kome med truverdige alternativ, slo Sandra hardt fast. Sidan krisa er menneskeskapt, me kan liksom ikkje klandre marekattane eller sjimpansane for elendet, så må me som vesen også kome med nye løysningar.

 

Gå inn på sida «Bok – Sandra» i menyen, eller klikk her

God lesing – Ivar Jørdre

About ivarjordre

painter, activist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under Bok – Sandra, Kvinne- og jentekamp, Vår globale verd og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: