Lenin og den Russiske Revolusjon – Eit tidsskilje

Tariq Ali:

The Dilemmas of Lenin – terrorism, war, empire, love, revolution

Verso Books, London, 2017, s. 384

Den Russiske Revolusjon var ei viktig hending som fekk store innverknader på det 20. århundre. Mange bøker har vore skreve om han, både gode og dårlege. Ei ny bok er nyleg komen i høve dei 100 år sidan revolusjonen i 1917. Ho tek føre seg Lenin, hans dilemma, historiske hendingar før, rundt og etter 1917, i Russland så vel som i Europa elles. Boka er skreve av den kjende skrivaren Tariq Ali.

«The Dilemmas of Lenin» tek i stor grad opp det som tittelen tilseier. Dilemmane og vala Lenin måtte ta dei knappe 5 åra han leia partiet (Det russiske sosialdemokratiske arbeiderpartiet (bolsjevikane) (1912–1918)
Det russiske kommunistpartiet (1918–1924, Wikipedia), stod i kø. Både innan- og utanlands gjorde hendingane sin inngripande lagnad det vanskeleg for det nye sosialistisk prosjektet. Mange faktorar, inkludert eigne feil i partiet, førte til at «revolusjonen» vart byråkratisert, autoritær og gjekk i feil retning. Dette såg Lenin og prøvde å gjera noko med det, men det vart for seint. Lenin døydde av slag i 1924.

Europa stod i brann. Russland var rekt inn i 1. verdskrig med begge beina. Eit korrupt, autoritært og inkompetent tsarregime prøvde å pynte på fasaden for å møte folk si aukande misnøye. Fattigdom, svolt, krig og elendig økonomi. Alt låg til rette for revolusjon!

Tariq Ali skriv at Lenin, leiaren av Oktoberrevolusjonen, er ein av dei mest misoppfatta leiarane i det 20. århundre. Mange i hans samtid, sjølv motstandarar, akseptere hans fulle intellektuelle og politiske kapasitet. Dette meiner Ali har vorte mista i mistolkingar og at verka til Lenin sjeldan vert lest.

Tariq Ali utforskar i denne boka Lenin sine to viktigaste påverknader i hans tenking: Den turbulente tsarrussiske historie og starten på den internasjonale arbeidarrørsla. Ali forklarar godt Lenin sine måtar å arbeide med sine dilemma på. Dilemma som framleis i vår tid kastar sin «skuggar»: Er terrorisme ein farbar strategi? Er Støtte til imperiale krigar nokon gong rettferdiggjerande? Kan politikk verte utforma utan eit parti? Dette er spørsmål Lenin strevde med og som i høve det, gjer «Lenin sine dilemma» også for oss i dag aktuell i vår streven med våre dilemma.

Boka er delt opp i fem hovuddelar (seksjonar) med underkapittel. Seksjon 1 handlar om terrorisme og utopia, Seksjon 2 om internasjonalisme, sosialisme, imperia og krig. Seksjon 3 (1917-1920: STATES AND REVOLUTIONS er den største og tek føre seg revolusjonsåret 1917 og etterspelet og borgarkrigen. Seksjon 4 om kvinnene før, under og etter revolusjonen, og Seksjon 5 om den siste tida til Lenin og problema som han prøvde å løyse. Epilogen er Lenins eigen korte tekst: «On Climbing a High Mountain”, skreve i februar 1922 og først trykt i Pravda i april 1924, etter hans død.

Introduksjonskapittellet gjev ei god oversikt og innsikt i kva Ali vel å ta opp og setje ljoset på i boka. For eit val er det og slik vil det alltid vera i store tema.

-Noko av det sentrale Ali tek opp er at Lenin er ein av dei mest misoppfatta leiarane i det 20. århundre. Arva etter han har vorte tapt i mistolking. Lenin har vore heidra, men nesten ikkje lest.

-Kvifor skrive om Lenin, spør Ali og svarar nesten lakonisk: Lenin-kulten var ei katastrofe for tenkinga hans (og den må kome fram saman med historiske fakta, min merknad).

Kva påverka Lenin og kva var han oppteken av

-Jacobinarane sitt nederlag i 1790-årra og Parisarkommunen rett under eitt århundre seinare, var viktige historiske lærdomar for Lenin. Studiar av dette var noko han vende attende til, gong etter gong. «Kommunen» sitt nederlag er sterkt forklara av den eminente skrivaren Prosper- Olivier Lissagaray ( s. 105).

-Oppløysing av Den første internasjonale i 1873. Splitting, nye sosialistiske parti i Europa og USA, den skarpe motstanden mellom Marx og Bakunin, osb., var sentrale ting som påverka Lenin.

-I motsetnad til andre land, var det vanskeleg med massemobilisering i Russland (borgarskapet og bønder var makteslause på kvar sin måte), difor måtte ein, meinte Lenin, ha eit praktisk reiskap som var slik: Eit sentralisert, framskote parti av profesjonelle revolusjonære, var naudsynt for å få til ein revolusjon (s. 124).

-Grunnane til og bakgrunnen for Lenin si «harde line» om kven som kunne verte medlem eller ikkje, og som er mykje av grunnen til splittinga i Bolsjevik og Mensjevik, er godt forklåra av Ali (ss. 125-27).

-Friedrich Engels og hans førevarsel om ein komande europeisk storkrig. Lenin, Luxemburg og Martov si kunngjering om «forventa» komande storkrig, og arbeidarklassen med deira leiarar sitt ansvar og plikt til så langt råd er hindre krig. Og skulle krig likevel bryte ut; prøve å korte ned krigen og ta makta frå den herskande kapitalistklassen (2. Internasjonale, Stuttgart, 1907).

-Her er Lenin si «Imperialismen, det høgaste stadie i kapitalismen», eit fundament i forståing av m.a. imperialistmaktene og 1. verdskrig, skriv Ali (s. 134).

-Det tyske sosialdemokratiske partiet sin «kapitulasjon» for sin støtte til krigsdeltaking ved leiarskapet og leiaren Karl Kautsky. Dette forbausa Lenin sterkt og Rosa Luxemburg argumenterte kraftig mot dette sviket (s. 137).

-Lenin sin pamflett «Sosialistar og krig», skreve etter møtet i 2. Internasjonale, som reaksjon på at dei ikkje klarte å oppretthalde sin eigen tidlegare «antikrigsresolusjon». I skrivet refererar Lenin m.a. Clausewitz si maksime om «krig som ei fortsetting av politikk med andre midlar» (s- 138).

-Clausewitz si bok «I krig» klargjorde Lenin sine eigne tankar om kompleksitetane i den revolusjonære prosess (s.139).

-USA sitt inntog i 1. verdskrig og konsekvensane av audmjukinga av Tyskland seinare, og «imperialistkongen» Wilson sitt grep på Europa og hans store «imperialistmistak» (s. 143-5).

-Det tredje rike sin ekspansive imperialistmodell for Europa, var ein «blåkopi» av Monroe-doktrina til USA for «full kontroll» over Latin Amerika (s. 145).

Den Raude Arme, borgarkrig og militære «filosofar».

I kap. 11 skriv Ali om at Lenin ville ha fredsforhandlingar med den gamle tsar-armeen si leiing på alle frontar, men dei nekta, og til slutt storma raude arme folk det militære høgkvarteret og armeen vart etter kvart heilt øydelagt. Fleire av dei avsette generalane flydde sørover og prøvde å etablera ein kontrarevolusjonær styrk med støtte frå Entente (allianse m.a. mellom Frankrike og Storbritannia, min merknad), for å prøve å vinne attende landet. Det gjekk mot ein stygg borgarkrig (s. 217).

«Dei kvite» bygde seg opp og Lenins revolusjon fekk kjenne på press både innanfrå og utanfrå. Den Raude Arme pressa Dei kvite attende på mange frontar og stod til slutt langt inne i Polen og kunne også ha hjelpt den tyske revolusjonen. Men ei kjempetabbe (eller var det det?, min merknad) forårsaka av Stalin og to andre generalar si ordrenekt i sørkommandoen, ovanfor den høgstkommanderande og dyktige Tukhachevsky, gjorde at presset glapp. Ei fatal opning i fronten oppstod og Bolsjevik revolusjonen vart verande innanfor sine grenser (s. 220).

-Den brilliante generalen Tukhachevsky i Trotsky sin Raude Arme, held fram i ulike postar etter borgarkrigens slutt og vidare etter Lenins død. Riktig nok diskreditert og med fiendar, men var m.a. leiar for Militærakademiet i Moskva. Han vart til slutt konspirert mot med forræderi og avretta av Stalin, saman med andre i 1937 (s. 222).

-Ali skriv at mykje litteratur er skreve om sjølve Oktoberrevolusjonen, men veldig lite spesifikt om borgarkrigen. Og ein ting Ali peikar på er at den verkelege historia av klassekamp på død og liv som ville avgjera lagnaden til den russiske revolusjon, byrja ikkje i oktober 1917, men i mars 1918. Når den sokalla tsjekkoslovakiske legion byrja sin «kvite» kontrarevolusjonære kamp langs elva Volga. Tre øydeleggande år bestemte etter kvart den endelege form på revolusjonen mykje meir enn starten året før, skriv Ali, og borgarkrigen vridde revolusjonen til den forma som seinare vart stalinismen (s. 222). Dette spennande temaet og problemstilling, kunne Ali godt ha skreve meir utdjupande om. Elles skriv han ein del om «militære filosofar» og strategar, både i den russiske borgarkrigen og seinare i 2. verdskrig. Dette er interessant lesing, men for omfattande til å kome inn på det her.

Kvinner før, under og etter revolusjonen

-Eit av dei beste delane i boka er om dei radikale kvinnene, i seksjon fire. I kap. 12 skriv Ali om «den første bølga». Sosialismen var den første politiske straum som forstod og diskuterte undertrykkinga av kvinner meir grunnleggande. Noko som franskmannen Charles Fourier skreiv om allereie i 1808. To viktige tekstar av Friedrich Engels og August Bebel vart skreve om dette (Engels angra seinare på at han ikkje gav meir oppmerksemd til teksten til Fourier i sitt arbeid). Lenin tok ofte opp i sine talar orda til Fourier om at lakkmustesten på eit samfunns sosiale framgang er kor lagt kvinnene si stilling og fridom er komen (ss. 243-44). Den først bølga var kvinner frå borgarskapet som vart medlemmer av «Folkets vilje» som med vald/terror ville endre samfunnet, motivert av liberale idear (litt uforståeleg for oss, kanskje, skriv Ali), og særs aktive var dei også.

Desse kvinnene var i ein historisk tradisjon i å prøve frigjering frå patrialkalsk undertrykking, familiært, seksuelt, økonomisk og politisk. Her nemner Ali dømer på organiserte grupper frå mellomalder til den franske revolusjon (s 258).

Det var ikkje for ingenting at Lenin kalla «Folkets vilje» for «liberalarar med bomber», skriv Ali (s. 259). Fleire av kvinnene i denne gruppa var dei som leia og utførte drapet på tsar Alexander II i 1881: Vera Figner, Vera Zasulich, Sofia Petrovskaya, m.f. Petrovskaya var hovudorganisatoren, vart teken, tiltalt og hengt i 1883. Lenin fekk laga ei statue av henne i 1918.

-Det konkrete arbeidet med å endre samfunnet var det derimot «Oktober-kvinnene» som gjorde (kap. 13). Kvinnene deltok i stor grad i begge revolusjonane i 1917, og i mykje større grad enn i 1905. Faktisk var det kvinnene sin streik i tekstilindustrien som uløyste februaropprøret. Dei sende appell til metallarbeidarane om støtte og raskt (same dag) demonstrerte 50 000 arbeidarar i gatene. Husmødre slutta seg til marsjen mot Dumaen, med krav om brød.

-Men, i sentralkommiteen til bolsjevikane var det berre to kvinner i 1917: Alexandra Kollontai (seinare ambassadør i Noreg) og Elena Stasova. Eit år etter kom Varvara Yakovleva (seinare utdanningsminister), s.263.

I alle høve var kampen for likestilling og frigjering av kvinner noko Lenin stadig fronta. Dei gamle ekteskapslovene frå tsar-tida vart erstatta med nye, avkriminalisering av homoseksualitet kom (sjølv om ikkje mykje anna kom ut av det), og eit nytt departement. Zhenotdel (Dep. for arbeid blant kvinnelege arbeidarar og bønder), som hadde som viktigaste oppgåve likestilling på alle plan. Russiske kvinner var på denne tida mykje lenger komne og meir opplyste enn sine europeiske søstre, skriv Ali. Men haldningar og fordomar eksisterte då og gjer det enno i det russiske samfunn.

-I kap. 14. skriv Ali om Lenins mange dilemma i kjærleiken. Hans to største kjærleikar ved sida av partiet var Nadya Kropskaya, som gifte seg med han, og Inessa Armand (fødd i Paris), Lenins andre store kjærleik. Mangt og mykje om Lenins privatliv er det ikkje skreve særleg om. Noko av grunnen til det skuldast biografar sin «kanonisering og glorifisering av han, skriv Ali. Då vart ikkje slike ting noko som passa seg i dei store ovasjonar kring Lenins liv og virke. Det var truleg eit veldig kjenslevarmt tilhøve mellom Lenin og Armand. Ho var den han kunne vende seg til og snakke med om alt mogleg, skal han ha sagt. Dette tilhøvet både kjenslesett og politisk var noko som gjorde han heilt knust når Inessa døydde av tyfus i 1920. Ho vart gravlagt i Moskva.

Same kveld etter gravferda gjekk Lenin attende til kontoret sitt i Kreml og held fram med arbeid. Han måtte berre gjere oppgåvene som stod i kø og å prøve å kome litt vekk frå den kjempetunge sorga som då tynga han så valdsamt. I tida frametter skulle kona Nadya vera ei viktig støtte for Lenin både menneskeleg og politisk.

Slutten og den bitre kampen

I siste seksjon 5 – den sist kampen, kap. 15 – til siste slutt og kap. 16 – vener og uvener, forklårar Tariq Ali godt kva Lenin stod ovanfor av utfordringar i borgarkrigen og mot slutten av sitt liv: Korleis kunne dei hjelpe Tyskland i deira revolusjonsforsøk? Korleis skulle dei stå imot det stadig aukande presset utanfrå, med boikott, økonomiske sanksjonar og militær støtte til kontrarevolusjonen? Ville dei vinne over dei kvite? Etter tre lange år vann, vann di raude, men det kosta. 3 millionar russarar var drepne, store deler av ein generasjon, flest bønder, var borte. Korleis skulle dei få bygd opp landet etter dette? Og så var det Julius Martov då. Venen og sosialdemokraten som hadde vorte hans uven. Kva kunne han gjere med det? Det var for seint, Martov døydde, i 1923, åtte månader før han sjølv døydde.

Lenin tenkte og konsoliderte, og skreiv. Men til kva nytte, synes han sjølv. Problema tårna seg opp. Indre splid gjorde at all opposisjon mot den etter kvart einsretta lina forsvann frå partiet. Lenin såg denne feilen i mangel på demokratisk sinnelag , men det var for seint. Han var døyande, det var partiet også, skriv Ali. I ein alder av 52 fekk Lenin sitt første slag i 1922. Det var altfor mykje å gjera og altfor liten tid, kreftene tok slutt. Ei tid etter sitt andre slag døydde Leni, 21. januar 1924.

Hans verste føresjåingar slo til: Kulturen (hegemoniet som Antonio Gramsci kalla det) i partiet var forsteina i gamle spor, byråkratiseringa, innstraminga av meining og det autoritære auka. Idolisering og «helgendyrking» av Lenin byrja. Mot hans og kona Nadya si vilje, vart han balsamert, etter vedtak av Stalin og politbyrået. Og innan få år vart Lenins idear «balsamert» også, skriv Ali. Ei anna retning enn det Lenin og folka hans såg for seg utvikla seg, i den totalitære stat, og som det heiter, resten er historie.

Bokmelding av Ivar Jørdre, trykt første gong i tidsskriftet «Gnist», nr. 4, 2017

 

TARIQ ALI har skreve meir enn 20 bøker om verdshistorie og politikk. Av dei siste kan nemnast «The Clash of Fundamentalisms», «The Obama Syndrome» og «The Extreme Centre». Han har også skreve bøker i sitt prosjekt, Islam Quintet og tekster for teater og film. Han er lang tids medlem av redaksjonskommiteen i New Left Review. Han er busett i London.


Lenins imperialismeteori

Utdraget nedanfor er henta frå V.I. Lenin: Udvalgte værker, bind 6, Tiden, København 1947. Til norsk ved Gunnar Bureid.

Oppgave

  1. Hvilke argumenter bruker Lenin for å knytte imperialismen til kapitalismen?
  2. Hva menes med påstanden om at imperialismen er kapitalismens monopolistiske stadium?
  3. Hvilke kjennetegn mener Lenin må knyttes til en definisjon av imperialisme?
  4. Hvilke innvendinger kan reises mot Lenins teori?KildeImperialismen som et eget stadium av kapitalismen

    Vi må nå forsøke å trekke visse slutninger og sammenfatte det vi hittil har sagt om imperialismen. Imperialismen har vokst fram som en videreutvikling og direkte fortsettelse av kapitalismens grunnegenskaper. (…) Det økonomisk fundamentale i denne prosessen er at de kapitalistiske monopolene avløser den kapitalistiske frie konkurransen. Den frie konkurransen er selve kjennemerket på kapitalismen og vareproduksjon overhodet. Monopolet er den frie konkurransens direkte motsetning, men den frie konkurranse selv begynte for øynene på oss å forvandle seg til monopol, idet den skapte storindustrien, fortrengte småbedriftene, erstattet store virksomheter med enda større, kort sagt brakte konsentrasjonen av produksjon og kapital så vidt at monopolet oppstod og stadig oppstår: karteller, syndikater og truster dannet med assistanse av kapital fra et halvt snes milliardbanker. Vi ser også at monopolene ikke fjerner den frie konkurransen som de har vokst ut av, men består ved siden av og over den, og på den måten skaper en rekke svært krasse og skarpe motsetninger, gnisninger og konflikter. Monopolet er overgangen fra kapitalismen til en høyere ordning.

    Skulle en komme med en så kort definisjon av imperialismen som mulig, så måtte det være at imperialisme er kapitalismens monopolistiske stadium. Denne definisjonen ville inneholde hovedsaken: På den ene siden er finanskapitalen den bankkapital som er smeltet sammen med de monopolistiske industrisammenslutningenes kapital, og som er konsentrert i noen få monopolistiske storbanker. På den andre siden er verdens oppdeling overgangen fra en kolonipolitikk som uhindret kunne bre seg over strekninger som ingen kapitalistisk makt ennå hadde besatt, til en kolonipolitikk som består av monopolistisk beherskelse av en klode som allerede er ferdig oppdelt.

    Altfor korte definisjoner er nok praktiske å ha i den forstand at de oppsummerer det viktigste, men likevel utilstrekkelige så snart en vil utlede spesielle og vesentlige trekk ved det fenomenet en skal definere. Derfor må vi – uten å glemme at alle definisjoner bare har betinget og relativ betydning, fordi en definisjon aldri kan omfatte alle de mangfoldige sammenhengene som finnes ved en fullt utviklet foreteelse – gi en definisjon av imperialismen som inneholder følgende fem av dens viktigste kjennetegn:

    En konsentrasjon av produksjon og kapital som har nådd et så høyt
    utviklingstrinn at den har skapt definitive monopoler i verdensøkonomien.
    Bankkapitalen er smeltet sammen med industrikapitalen, og på basis
    av denne «finanskapitalen» er det skapt et finansoligarki. 1)
    Kapitaleksport, til forskjell fra vareeksport, får spesielt stor
    betydning.

    Det oppstår internasjonale monopolistiske kapitalistsammenslutninger som deler verden mellom seg.

    Jordens territoriale oppdeling mellom de kapitalistiske stormaktene er avsluttet.
    Imperialisme er kapitalisme på det utviklingstrinn der finanskapitalens og monopolenes herredømme er skapt, der kapitaleksporten har fått framtredende betydning, der verdens oppdeling mellom de internasjonale trustene har begynt, og oppdelingen av jordens samlede territorium mellom de kapitalistiske landene er avsluttet.

    1) oligarki, fåmannsstyre


Desse lenkene viser meir og viktige ting om Den russiske revolusjon:

Rosa Luxemburg om Den russiske revolusjon, skreve i 1918 (dansk tekst)

Lenin the Dictator and The Dilemmas of Lenin review – a revolution twisted?

Store norske leksikon – Den russiske revolusjon

 

Advertisements

About ivarjordre

painter, aktivist, writer, revolutionary, human
Dette innlegget vart posta under communism, Europa, Fagrørsle og kamp, Politikk, samfunn, Vår globale verd og merkt , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.